tirsdag 18. januar 2022

«Historien om holocaust i Norge og jakten på jødenes eiendom» 

Eg fekk høyra om denne boka då ho kom ut, og det lokale biblioteket var så snilt at dei kjøpte inn eit eksemplar. Vonar dei ikkje er leie på meg, for eg måtte forlengja lånetida to gonger! Det er noko eg sjeldan gjer… 

Synne Corell har gjeve lesarane sine ei imponerande bok. Her er mykje informasjon som tr
eng å «fordøyast», og det var vanskeleg å gjera seg ferdig med stoffet i ei handvending. 

Eg trur om meg sjølv at eg er ein nokon lunde «gjennomsnitts nordmann». Fødd i siste krigsåret vaks eg opp i ei tid då informasjon om det som hadde hendt, var ein del av kvardagen. Og – det og trur eg er typisk for dei fleste av mine landsmenn, der var ingen jødar av kjøt og blod i vår omgangskrins. «Jødane» lærde me om i Bibelsoga, i andaktane både på skulen og elles, og i soge og geografi. 

Min «Jesus» var den lyshåra mannen på biletet over senga, han som drog lammet opp av bergkløfta nær avgrunnen, eller – på eit anna bilete – han som vakta barnet der «vannet var dypt og bunnen glatt». Den første «ekte jøden» møtte eg i Sør-Amerika 25 år gammal, etter at me hadde kome til Paraguay ! 

Med ein slik bakgrunn tek det tid å fordøya opplysningar som den boka Corell la i handa mi. Hadde eg ikkje hatt ein heil del informasjon på førehand, hadde eg truleg sagt at «dette kan ikkje vera sant!» 

Eg tenkjer på lovendringar som vart gjort for å merka og «likvidera» det jødiske nærværet i landet. Her er stemplinga av jødane sine papir med «J», registreringa av jødane, kva dei åtte og kven dei var, og så innføringa av «jødeparagrafen». Det gjekk forunderleg nok ganske smertefritt føre seg på alle nivå, på regjeringsnivå, i offentleg administrasjon og ned til «vanlege nordmenn» som var «informantar», og seinare klare til fordela det jødane etterlet seg. 

Det er denne sida av likvidasjonen denne boka handlar om. Den andre sida, den fysiske likvidasjonen av alle heil-jødar og halv-jødar, ligg likevel som eit mørkt bakteppe, side etter side…. 

No kunne mange skulda på «tyskarane» og ei lite gruppe «stygge nordmenn», dei eg i oppvoksteren fekk læra var «einøygde» eller «grønkledde». Som sikkert dei fleste i landet, hadde mi slekt og folk på begge sider. Og – dette skal vera det vanlegaste synspunktet for oss som er slektningar til tidlegare nazistar: «Våre» var av «dei snille» som «ikkje gjorde så mykje gale». Dei andre var mykje verre! 

Kapittel 10 (side 112 og utover) fortel Corell at «NS-ministrene begynte å virkeliggjøre sin andel av den ‘felleseuropeiske jødelovgivningen’ forsommeren 1941». Vestlendingen Sverre Riisnæs, jurist, statsadvokat og seinare justisminister, sa det slik:

Bilet er frå jødisk fest før krigen øydela alt
 «Nasjonalsosialistens frihets- og æresfølelse bunner i bevisstheten om at han får leve – får ha sin plass – i et folkefellesskap der alle hører sammen. Der det felles blod, den felles jord og det felles ansvar binder alle uløselig sammen». I det heile fylgde norske styresmakter den tyske førebiletet: Ingen jøde kunne eiga jord, dei vart nekta å ha visse yrke med meir, til alt vart teke frå dei. Og dei som ikkje hadde klart å rømma, vart til slutt samla som «kveg» av trufaste politimenn for eksport til dødsleirane på kontinentet. Alt dette utan at fleirtalet av dei som deltok frå «norsk» side vart straffa for det dei gjorde. 

Ein annan jurist og politikar frå same fylket, Arnvid Vassbotn, samarbeidde med Riisnæs for å få det norske folket til å innsjå at opphevinga av «jødeparagrafen» hadde vore eit misstak, og at Wergeland hadde vorte «lurt». 

Begge desse lovendringane gjekk glatt gjennom. Ein kunne sitja att med inntrykket av at det berre var nokre få i krinsen rundt Quisling om det ikkje var for opplysningar som dette: 

«Fylkesmennene henvendte seg til sorenskriverne i distriktene og byskriverne i byene. Noen steder i landet – i forstadskommunen Aker rundt Oslo, på Toten, på Voss, på Fosen i Trøndelag, i Vesterålen og i Malangen i Troms – sendte sorenskriverne forespørselen videre til de lokale lensmennene». (s. 118). 

Det var nok unnatak, men hovedinntrykket er at det meste av det norske statsapparatet heilt ned på lokalt plan, stilte lydige og pliktoppfyllande opp «på dugnaden» for å «rensa» landet for jødar! 

Alan Paton skreiv i si tid boka: «Gråt mitt elskede land»i) Med eg las «Likvidasjonen», har eg hatt noko av same kjenslene som då eg las «Gråt mitt elskede land». 

Me har sanneleg mykje å gråta over, både me og dei i Sør-Afrika…. 

---------------

i) Gyldendal forlag, Oslo, 1986.

------------------- 

Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar