fredag 28. januar 2022

 Difor, alt det de vil at menneska skal gjera mot dykk, skal de og gjera mot dei i)


Ei av bøkene som gjennom åra har enda opp i bokhylla mi, er «Den rødgrønne terrorøya» av Ivar Fjeld, Kolofon Forlag, 2013. Boka er lita og lett, men forfattaren dokumenterer eit felt i norsk politisk historie, og i verda, som er det stikk motsette: Tungt, sårt og leitt.

Slik ser framsida på boka ut.

Soga til Utøya fekk me nett på nært hald att då terroristen søkte om å få sleppa ut or fengselet, ein rett han har etter norsk lov. Rettssaka fekk mykje merksemd, og det vekte mange vonde kjensler, ikkje minst hjå dei som miste sine kjære i ugjerninga, og dei mange ungdomane som framleis slit med fysiske og psykiske skader. Mange tårer har vorte felte på grunn av det som hende. Sorga og såret 22. juli 2011 kjenner sikkert dei fleste i landet vårt på, endå år har gått. Det bør me takka Gud for, for empati er medisinen mot slike ugjerningar, enten det er i vårt land, eller ute i verda. I alle fall slik eg ser det.


Rettssaka om Bering Breivik, eller Fjotolf Hansen, skulle sleppa ut or fengselet eller ikkje, var knapt ferdig før me les at ein del politikarar vil endra denne delen av straffeloven. Målet er å ta frå han den retten han, som alle med tilsvarande dommar har fått av Stortinget. Kvifor? Fordi han bruka denne retten til å få merksemd og koma til orde. Den retten vil dei ta frå han!


Men kva med våre  relasjonar til terroristar? Det er det «Den rødgrønne terrorøya» handlar om. For dei som vart ynskte velkommen på Utøya både av partiet Rødt og Det norske Arbeidarparti, var terroristar på linje med Bering Breivik, - eller mykje verre. Men der vart terroristane ynskte velkomne og brukt til «opplæring» for venstreradikal ungdom! Dei var velkomne, omfamna og hylla av Støre, Stoltenberg, Raymond Johansen og alle dei andre. Også Anniken Huitfelt står fram som terroristvenen som kjempa mot jødane og Israel, og for terroristane.

Og slik er bakside-omtalen.

Journalistikkens første regel at det nære er det viktigast for lesarane. Det nære i tid og avstand, geografisk som kulturelt, er det som fangar lesarane si interesse. Me har nett sett det: Terroristen frå 22. juli 2011 har fått enorm spalteplass, for det galt «oss», landet «vårt», ungdomane «våre», og så vidare. På lik linje med alt som har vore skrive og sagt om det grufulle hendinga. 


Det skulle berre mangla. Men, og her er eit stort MEN: Er dei norske ungdomane som vart drepne eller skadde for livet, meir verd enn til dømes jødane desse terroristane leiarane i Rødt og Arbeidarpartiet hegna om og æra, drap eller øydela for livet?

Den som har lese bloggen min ei tid, veit at eg er oppteken av jødar og jødisk soge, ikkje minst det vonde som hende her i Noreg under andre verdskrig. Ei tid vart det snakka ope om ei klassi-fisering av menneskje, også i vårt land før tyskarane og krigen kom.


Eit samfunn der menneske av forskjellege rasar ikkje har same verdi, kan ikkje kallast eit demokrati eller ein rettsstat.  All politikk blir berre «spel for galleriet» som før eller seinare får «etterspel». 


Terroristorganisasjonane som vart ynskte velkomne på Utøya, arbeidde – og arbeider framleis - for å få bort einaste demokratiet i Midtausten, Israel, og kallar dei heltar dei som drep og eller skadar jødar.
Lat oss be om landet vårt vert spart frå vald og terror, slik me ber for fred for Israel og andre statar og område der terror og krig er ein del av kvardagen. 


Lat oss og be for offera, - for dei er norske Utøyaungdomane, og jødar, arabarar og andre som også er offer for slike grufulle hendingar.

----------------------
i) Den gyldne regel, Matt. 7, 12a. Bibelen utg. nyn.1995, frå Norsk Bibel as.
---------------

Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar