tirsdag 18. januar 2022

 Eileen Bjørnson

Det 16. kapitelet i boka startar slik:

Dette fortel baksidereklamen om boka...
I mai 1942 henvendte 74 år gamle Erling Bjørnson seg til justisminister Sverre Riisnæs. Han ville diskutere spørsmålet om brorens enke, som ikke hadde «blods-draapen av slektsrett», virkelig hadde rett på en andel av arven etter hans far: dikteren og forfatteren Bjørnstjerne Bjørnson, som døde i 1910. 

Bror til Erling, skodespelaren og teater-sjefen Bjørn Bjørnson, var død ein månad tidlegare, og no sat enkja hans, den jødiske skodespelaren Eileen Cohn Bjørnson, med rett til ein del av inntektene av Bjørnsons forfattarskap.
Sverre Riisnæs svara mellom anna slik:


Du vil se at jødinnen Eileen Cohn som enke har juridisk rett til en del av hva Bjørnstjerne Bjørnsons åndsverker utbringer. For min del synes jeg at det anstendigvis ikke går an at en jødinne profiterer av vår store nasjonale og germanske dikterhøvdings verk.


33 års ekteskap med Bjørn Bjørnson og så mange år som ein del av ein av dei mest kjende familiane i Noreg, sparde heller ikkje henne for den forfylginga både einskilde personar og statsapparatet sette i gang. For Erling Bjørnson og familien vart målet å sikra at verdiane vart verande i familien si eige, noko dei til ein viss grad greidde.

 

Eileen rømde til Sverige der ho døydde i 1944. Kista vart i 1946 ført tilbake til Noreg og sett ned på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Men før ho reiste hadde ho, innkalla på eit møte hjå justisministeren i august 1942, «erklært … seg ‘villig til å gi avkall på sin andel av inntektene’ etter verkene til hennes for lengst avdøde svigerfar». (s. 189).


Den 26. oktober 1942 vart den endelege loven der jødane vart fråtekne alle normale juridiske og menneskelege rettar vedteken. Denne loven startar slik (s. 231):


§ 1. Formue av enhver art som tilhører jøde som er norsk statsborger, eller jøde uten statsborgerrett som oppholder seg her i landet, inndras til fordel for statskassen. Det samme gjelder formue tilhørende jødenes ektefelle og barn.


Dermed hadde ikkje berre jødane sjølve noko å leva av, men og ikkje-jødiske ektefeller og deira born. Hivde ut av hus og heim, i mange tilfelle med mann og far i fengsel, var både den psykiske og den fysiske nauda enorm. 


Dei skal ha all ære dei som stod med jødane i denne tida og hjelpte med både husrom og mat. Ein del som Eileen Bjørnson fekk og hjelp til å rømma landet. Men dette var berre preludiet til det som skulle koma…
--------------
Det er vanskeleg å vera ferdig med ei bok som denne. Eg skal derfor berre ta med eit punkt til. Etter at Donau og Gotenland med god hjelp av norsk politi og embetsverk hadde ført dei fleste av jødane i Noreg til tortur og død i Tyskland, held «jødejakta» fram her til lands. Kapittel 41, «Bastardspørsmålet» s.  413-444 handlar om dette.
 

s.414-415 fortel om ei ung jente som slapp meldeplikt ved å lata seg sterilisera, noko som skulle gjerast som «en frivillig beslutning frå hennes verge». To jødiske menn som var gifte med ariske kvinner, hadde og vorte steriliserte, alt for å unngå raseforurensing….


Det var først og fremst heil- og halvjødar som vart tekne. Dei som var berre kvart jøde, slapp. I tillegg var det mange som kunne ha ein familiebakgrunn eller ytre kjennemerke (som brunt hår og brune auge), som var vanskelege å klassifisera.


Det vart vedteke at «registreringen av jøder i Norge utelukkende skulle foregå gjennom Innenriksdepartementet». Her var folkeregistera naturleg nok ei viktig kjelde til informasjon, i tillegg til offentlege og private «informantar» over heile landet. 


At stoff som dette er ein del av soga til landet vårt, kan ingen nekta på. At stoffet og vart underkommunisert eller tagt i hel i etterkrigstida, må me vel og vera einige om. Det er derfor all grunn til å takka dei som tek arbeidet med å dokumentera det som føregjekk, og som me som vaks opp i skuggen av krigen, aldri fekk vita noko om.


Samstundes, i alle fall i mitt hovud ligg ein vond tanke og arbeider:


Kan dette skje på nytt i Noreg? 

----------------------------------- 

 Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar