fredag 25. oktober 2019


Eugenikk - Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?


Del 4:

Eit spørsmål kan vera når interessa for eugenikk starta. Eg har nemnt Sir Francis Galton, 1822-1911, som opphavsmann, i alle fall for begrepet "eugenikk" i moderne forstand. Ser me på dyrkinga av den ariske rasen, den delen av eugenikken som vart dominerande fram til og med andre verdskrigen, så er det snakk om siste tiåra av 1800 og fram til 1945.
Skiltet under Fridtjof den Frøkne-statuen

I Tyskland vaks nasjonalromantikken fram rundt 1800. Til Noreg kom han litt seinare. Tydelegast rundt og etter 1814. Det "typisk" norske med sine sagaer, eventyr, bondetradisjonar og stavkyrkjer kom i fokus. Engelske "fin-folk" klatra i fjella våre, fiska i elvane og skreiv om land og folk.
Så kom keisar Wilhelm II med sine 23 turar til Noreg frå 1889 til 1914. For oss som er eks-vangsnesingar, står keisaren som "toppen av kransekaka". Der kjøpte han jord av oldefar til kona mi for 1000 kroner i 1912. Der reiste han statuen over vikinghovdingen Fridtjof den frøkne. Den største statuen i Noreg utanfor byane, reist som symbol på den norske - og nord-germanske - rasen[1].
Det "ekte norske" stod i fokus til og med på menyane på keisarbåten. Nasjonalromantiske maleri med budeier i bunad, fossar og fjell og kven veit kva. På staven sin hadde keisaren eit målband. Med den likte han å rekna ut kor tjukke trestammane var. Mellom anna. For her var naturen vakker og vill, kvinnene lyse og fagre, og rasen reinast. På tjukkaste bondebygda sjølvsagt.

Kva har så dette med eugenikken å gjera? Jau, rasemessig var me mindre oppblanda enn andre folk, og dermed sterkare. Trudde dei. Den gode Mjøen brukte eit kart over Noreg som viste kvar det var minst tuberkulose i ein viss periode. Der det var færrast tilfelle av tuberkulose, var folket sterkast, rasen reinast og livet på landsbygda minst smitta av skadeleg påverknad kulturelt, rasemessig og  anna "forurensing", meinte han.

Så kom andre verdskrigen. Tyskarane marsjerte inn i landet 9. april 1940. Etter ein del meir eller mindre sporadiske kampar, rådde dei over landet i 5 år. Det gav dei gode hamner, tilgang til etterlengta industri - og tilgang til eit folk av stor interesse. I eugenisk tyding.

"Lebensborn" - rasemessig særleg verdifulle born - var eit ord som dukka opp etter kvart. Naturleg nok starta ikkje denne statistikken i 1940 sidan born treng 9 månader for å koma til verda[2]. Med dei som vart fødde etter krigen, kjem talet langt over 12 000.

Også om dette finn ein både bøker og stoff om på internett og elles. Ei av dei kjeldene som tek dette opp[3], skriv:

"For nazistane representerte Noreg eit verkeleg eldorado med tanke på genetisk materiale. Det førde til start på eit stort prosjekt i dette landet, eit prosjekt der mødre som valde å støtta rasen sin reinleik, fekk hjelp." (Omsett her).

Ein av dei stadane keisar Wilhelm II hadde vitja og likte godt, Stalheim hotell, vart ein av desse heimane for "lebensborn". Der var andre i Oslo, Dr. Holms hotell på Geilo, Høsbjør Hotell i Brumunddal, Klekken turisthotell og barneheim i Bærum og Moldegaard i Bergen. Nokre born vart sende til Tyskland for å veksa opp der.

Dette var altså ikkje berre det at norske jenter forelska seg i unge tyske soldatar. Det var ein plan frå den tyske hærleiinga på same måten som drapa på sigøynarar, jødar og andre. Det var rasemessig "foredling", men og erstatning for dei tusenvis tyskarar som låg att på slagmarkene, eller kom heim øydelagde av krigen.

Eg skal ikkje brodera dette meir ut. Me kjenner altfor godt korleis desse kvinne vart hundsa og mishandla både under krigen og endå meir etter at tyskarane var jaga frå landet. Og typisk nok, først når dei alle fleste var døde og borte, fekk dei offisiell orsaking frå landet vårt. Det same hende med Nortraship-sjøfolka, dobbeltspionane som ofra liv og framtid for å skaffa norske styrkar "innside information" frå den tyske hærmakta, og andre.

Etterkrigstida vart eit tid for dyrking av heltar, men også ei tid då djup urett vart gjort. Mange vart bevisst eller ubevisst tilsidesett og gløymde, trass i heltemodig og oppofrande innsats. Og tyskarjentene og deira born hundsa og forfylgde.

Uansett:    Det var ikkje borna si skuld at dei var fødde. Likevel laut dei lida både på skulen og elles. Truleg har mange som meg ting me angrar på og gjerne skulle bedt om tilgjeving for. Me var ikkje snille med dei...

Det finst utan tvil eit hav av u-fortalde forteljingar om alle som leid vondt, mishandla og forakta. Dei fekk inga hjelp av sin glorifiserte ariske rase og eugenikkens "grensesprengjande" framsteg.

Dette eg her har teke opp her, er ting som dei fleste har skrive i "gløymeboka" eller lagt i "gøyme-skuffa".  Men eg trur det er for viktig til å verta liggjande der i all framtid....

For nokre år sidan var eg på Stalheim hotell og hadde lyst å vita meir om "Kinderheim Stalheim". Eg hadde mellom anna høyrt om ei av kvinnene som ikkje greidde meir. Ho hoppa utfor stupet og tok livet sitt. Men der var det ingen "som visste noko om" slikt. Det kom klårt fram at eg hadde trakka over ei grense eg ikkje hadde lov å kryssa.

Kva rettferdiggjer at eg brukar tid og plass til noko som høyrer fortida til? Kvifor opnar eg opp for ting dei fleste ynskjer gøymt og gløymt?

Som historikarane seier: Om me ikkje kjenner fortida, står me i fare for å gjera same feilane som dei før oss.

År tilbake var det mykje snakk om kloning. Det gjekk til rykte om rike menneskje som hadde fått "klonar" av seg sjølve. På same måten som den berømte engelske sauen "Dolly".

Med teknikkane i dag  kan ein klona menneske - med eller utan - dei genane som dei rådande i "vitskapen" meinar er riktige. Slik eugenikkarane planla gjennom si "slektshygiene".

Eller som Scharffenberg sa det: "Fremtiden får vise om man kan finne midler til å påvirke kjønnscellene i vår retning og således bringe bedre slekter".

Det er der forskinga er i dag, eller held på å koma. Genmanipulering - som så mykje anna i denne verda - kan brukast både til det som er godt, og det som er gale. Eugenikken såg mot ei tid då dei kunne få fram den ideelle mennesketypen gjennom avl, og samstundes nekta  dei mindreverdige, uverdige og uynskte til å forplanta seg.

Kan dagens genforsking føra til det same?
Eller politikken?

-------------------------------------
 
Eg har i dette innlegget bevisst ikkje brukt bilete korkje av borna eller stadane der dei vaks opp. Den som vil vita meir, kan leita på internett eller andre stader
der denne informasjonen finst.
EG valde derimot å illustrera med blomster, vakre blomster. For vakre born var dei som vaks opp trass i at dei fekk karrige kår både under og særleg etter krigen. Nokre av blomstrane er "typisk norske". Andre importerte. Men alle vitnar dei om liv og framtid, slik born skal gjera i eit fritt samfunn.
-------------------------------------------------------

Det er ikkje lov å kopiera heile eller delar av denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.

--------------------------------------------------------------------------------


[1] Han reiste ein liknande i Austerrike for den sør-germanske rasen.
[2] Den første registrerte graviditeten med ei norsk mor og ein tysk far, var notert i juli 1940, skriv Wikipedia.
[3] https://www.warhistoryonline.com/war-articles/aryan-children-operation-lebensborn-norway.html, okt. 2019.

torsdag 24. oktober 2019

  Eugenikk - Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?


Del 3.  
Ein av grunnbøkenen for norsk rasehygiene


Kor stor plass fekk eugenikken ved norske undervisnings- og forskingssentra?


Svaret var ein heil del. Av det eg fann, valde eg ut to bøker eg ville lesa. Den første var "Rasehygiene" av biologen Jon Alfred Mjøen[1]. Mjøen var utdanna og hadde doktorgrad frå Leipzig, fekk Vitskaps-selskapet sin gullmedalje i 1899 og fleire stipend og utmerkingar. Han var og redaktør for bladet "Den Nordiske Race - Tidsskrift for racebiologi og folke-forskning".

Boka eg las, kom ut så seint som i 1938, og hadde føreord delvis på tysk av Ernst Rüdin, Herman Nilsson-Ehle, Hans Virchow og Torsten Sjøgren. J. A. Mjøen hadde før skrive boka "Det norske program for rasehygiene" i 1932, året før Hitler kom til makta.

Idealet for "eugenisk avl" ?
I føreordet i "Rasehygiene" (s. 13-19) står mellom anna dette?  Ein grunnregel er:

"I enhver sammensatt befolkning, som f. eks. det menneskelige samfund, spiller utvalget - seleksjonen - en avgjørende rolle. Jo strengere seleksjon, desto bedre vil arten holde seg". (s.15).

Som ein naturleg konsekvens av dette, kjem spørsmålet: 


"Hvem er den "ideelle" type? Hvem er det som skal forplante slekten?"

Innleiinga går ikkje så langt som den tyske eugenikken, men seier: "Har den humane tidsalder lært oss at intet liv er så verdiløst at det ikke bør beskyttes, så har rasehygienen lært oss noe nytt: Å skjelne mellom retten til å leve og retten til å gi liv".

Dette var den "vitskaplege" grunnen til tvangs-sterilisering av psykisk sjuke, kriminelle, urbefolkning og andre som samfunnet meinte ikkje burde ha lov å få barn.

Kortfatta lærebok - for kven?
Den som vil, kan låna boka sjølv. Mjøen var ein pådrivar innan denne "vitskapen", og sentral i "Den konsultative norske komité for rasehygiene" der arbeidarparti-politikaren og journalisten Alfred Eriksen var med, statsadvokat Haakon Løken, professor Nordal Willie, historikar Wilhelm Keilhau, formann i den norske legeforening Jørgen Berger og prof. dr. med Kalus Hansen mellom andre.[2]

Den andre boka eg valde ut, var frå Det norske arbeiderpartis forlag: "Hovedpunktene i arvelæren", utgjeve av "Arbeidernes oplysningsforbund" i 1932. Ei mykje mindre bok både i volum og luftige teoriar.

Scharffenberg var psykiatar og kriminolog mellom anna. Etter det Wikipedia skriv[3], hadde han i Arbeidarbladet i 1933 diagnostisert Adolf Hitler som "paranoid psykopat, profet på grensa til sinnsjukdom"!  Det var året etter denne boka kom ut.

På nytt vil eg oppfordra dei som vil vita meir, om å låna boka. Eg tek berre med avslutninga på side 109-110.

 

Dette er Scharffenberg sin slutt-konklusjon!




 
JoAnn's undervisningsmateriell seier:  
"På utsida av Edens hage, er vi alle ei herleg blanding".
 
Dette erkjende eugenikarane og.
Men målet deira var - gjennom styrt avl - ein dag å kunna
dra opp av sekken det perfekte menneske......
"Rase-mennesket!"
 

 

----------------------
Det er forbudt å bruka heile eller deler av denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.




[1] Han hadde kontakt med eugenikkmiljøet i Minnesota og Tyskland.
[2] https://nordnorskdebatt.no/article/hvem-var-alfred-eriksen, okt.2019.
 
[3] https://sv.wikipedia.org/wiki/Johan_Scharffenberg, okt.2019.

Eugenikk - Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?


Del 2   

Vert rasemessige studier teke alvorleg i dag? 


Dette er siste av to hefte om emnet

Nokre år av livet har eg studert antropologi ved sida av arbeidet. Ikkje sosialantropologi slik som her heime[1], men anvendt antropologi tilrettelagt for katolske misjonærar og prestar. Ein av dei ting som forundra meg, var kor viktig studiet av karakteristiske rase-trekk var for 100 -150 år sidan. Antropologar reiste rundt, målte og studerte fysiske særdrag både her til lands og ute i verda. Og tok bilete sjølvsagt.

Her kan nemnast to samar som vart halshogne etter sameopprøret i Kautokeino i 1852. Skallane deira vart oppbevarte av universitetet i Oslo "som vitskapleg materiale". Først no i vår tid har samane fått gravleggja hovuda, trass i at slektningane har bedt om å få gravleggja dei alle desse åra. Svaret frå universitetet var "Nei". Først  no var tida moden. Var det fordi denne type forsking er gått av mote, eller at dei ansvarlege i Oslo har vorte meir humane i sin tankegang?

Vel, slik forsking er ikkje heilt gått av mote. Det finst dei som driv på med det heilt inn i "vår" tid.

Vikingar i Paraguay?
Desse "runene" var skrive over figuren av Odin!

Før og litt etter at familien vår kom til Paraguay i 1970, kom restane av ein til då nokså ukjent indianarstamme ut or jungelen. Dei vart då kalla "guayaki"  som betyr noko slikt som "skog-rotter". Desse vart sjølvsagt "forska" på. Ei gruppe "forskarar"  kom frå "Instituto de Ciencia del Hombre" - eller "Institutt for menneskeleg forsking" i Buenos Aires. Dei studerte stadane der denne stammen hadde opphalde seg, og dei fysiske karaktertrekka. Nett slik antropologane gjorde for 150 år sidan.

Funna var sensasjonelle. Først fann dei helleristingar med runer, strek som likna vikingskip og dyr slik me kjenner frå norske teikningar i berget. Til og med Odin fann dei, står det i ei av skriftene deira.

Endå meir interessant var studiet av dei fysiske måla deira, - det vil seia kor lang armen var i høve til kroppen, handa i høve til armen, og så vidare. I tillegg hadde dei det me alle kunne sjå: Einskilde har frodig skjeggvekst, noko som er uvanleg mellom indianarar, og nokre miste håret oppe på hovudet. Dei fekk "måne" med andre ord. Alt dette, sum a summarum, samstemde med informasjonen om "den nordiske rasen". Ja, "alt" stemde fann dei ut.

Vikingane hadde - etter det dei hevda - same høgda og same proporsjonane mellom kroppsdelane. Utstyrde med skjegg og måne, var dei "bevisleg" etterkomarar av folket som bygde i Vinland på den tida Eirik Raude levde. Vinlendarane måtte ha fortsett nedover kysten på Amerika og slege seg ned midt inne på kontinentet.

No er dette ein indianarstamme me som familie har kjent i 40 år. Eg har ikkje problem med å godta dei som både slekt og venner. Kjære venner. I vår familie har me ikkje problem med å inkludera dei. Men at me skal ha same forfedre? Nei, den var for dryg....

Problemet for den gode Jaime Maria de Mahieu, er at få andre trudde på teorien hans. Heller ikkje på hans vitskaplege forsking på Atlantis, UFO-ar og andre raritetar som har interessert han. Derfor - så langt eg kjenner til - finn du dette materialet på botn av nedste skrivebordskuffa hjå dei fleste. I "gøyme-skuffa".


Dette er boka
 

Nordmann på indianar-jakt...

Ei anna bok i "gøyme-skuffa" er Yngvar Martens bok "Blant tropenes  tigere og på vidda her hjemme". Saman med broren arbeidde han i Sør-Aust-Paraguay der dei hogg tømmer. Som tittelen indikerer, fortel han soger om jakt heime og ute. Og mellom dei han jakta på, var desse indianarane som Mahieu meinte var slektningane våre, guyakiane, eller "guajaki" som Martens kallar dei.
Martens jakta på dei "i vitskapen sitt namn". Han, hundane og medhjelparane hans greidde å fanga ein "villmann" dei hadde funne oppe i eit tre. Her er skildringa:

 
 


 Han fortel elles om ein  annan indianar som var hangande etter handa oppe i eit tre. Han hausta honning medan han stod på ein lian. Då han oppdaga "dei siviliserte", miste han fotfestet og vart hangande att etter handa han hadde i bi-holet. Der hang han til han døydde.

Martens fortel dette som noko sjølvopplevt, men under antropologistudiene fann eg same forteljinga i to andre bøker, ei frå Paraguay og ei frå Misiones, Argentina. Rart, ikkje sant?

Det same gjeld biletet der han slest med ein "tiger". Det dyret som vert kalla "el tigre" i Sør-Amerika, er jaguaren. Han er flekkete, ikkje stripete som denne Martens teiknar. Dermed kan ein lura på om jaktsogene hans er berre bløff...

Kva som meir kan seiast om Yngvar Martens, er at han var aktiv og vel kjend nazist under krigen.

Kanskje hans "vitskaplege" interesse for guyakiane hadde eit eugenisk opphav?





[1] Under eit heimeopphald i Bergen fylgde eg sosialantropologistudiet på universitetet, men reiste ut att før eg kunne ta eksamen.
----------------------
Det er ulovleg å bruka heile eller deler av dette innlegget utan skriftleg løye frå Inge Bjørnevoll.
---------------

Eugenikk - Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?

Del 1


Alle i vårt samfunn veit kven Charles Darwin var, kva han gjorde og korleis hans idear har endra trua på korleis livet på jorda har utvikla seg. Men få minnest søskenbarnet hans. Dette trass i at hans teoriar fekk endå meir å bety for både vitskap og politikk i det hundreåret som ligg bak oss.

Sir Francis Galton.
Sir Francis Galton, 1822-1911, var ein føregangsmann i studiet av miljø og arv. Frå han kjem frasene "Natur versus natur" og "Eugenikk" (på norsk: "rasehygiene")

På slutten av livet skreiv han ei bok om eit utopisk samfunn der dei hadde utvikla ein metode for å få fram meir intelligente og friskare menneskje. Brutalt sagt no i ettertid: Ei oppskrift på rasemessig menneskeavl etter same prinsipp som vert brukt i forskinga på dyr.

Når det gjeld dyr, er det denne styrde "kryssinga" som har gjort at NRF (Norsk raudt fe) har dei ettertrakta genetiske eigenskapane som dei er vide kjende for. Elles er samfunnet omkring oss fullt av slike rasemessige "super-produkt" som rasehundar, rasekattar, rasehestar osv.

No har du sikkert lukta lunta? - for sprengstoff var det i teorien han kom med. Eg kan berre nemna Holocaust så har du biletet for deg. Men er du som eg, så dukkar det spørsmål opp ein eller annan stad inne i skallen: Korleis kunne ein vitskapleg teori få så mykje å seia for ei heil verd?

Svaret er like enkelt som det er umogeleg å finna svara på.

Amerikanske studier

På tur i USA møtte eg eit spennande menneskje, JoAnn, som har brukt livet på å undervisa om jødar, jødisk historie, holocaust, og å byggja bru mellom jødar og kristne. Av norsk-svenske røter, men planta i Midtvesten (USA) sitt landskap og miljø. Frå hennar materiale har eg lært mykje, og fått inspirasjon til å "grava" etter opplysning om emnet i vårt vesle land....

Chr. Davenport

Men lat meg starta i USA med hennar undervisningsmateriale:


Charles Davenport, 1866-1944.


Charles F. Dight
 var ein framståande amerikansk biolog og drivkrafta bak eugenikken (rasehygiene-bevegelsen) i USA. Var direktør av "Cold Spring Harbor Laboratoriet i 1910", der han grunnla "Kontoret for registrering av eugeniske data".
Charles Freemont Dight arbeidde ved University of Minnesota.

Dight ønskte ei reform av samfunnet bygd på rasemessige studier og prinsipp. Han var grunnleggaren av "Minnesota Eugenics Society", og hans arbeid var ei viktig grunn til loven (1925) som tilrettela sterilisering av "mentalt svake" til dømes.

I juli 1941 overlèt han sin store formue til eit legat ved Universitetet for at det skulle arbeida vidare med studiet av eugenikken.

I august 1933 skreiv han dette brevet til Hitler:

"Kanslar Adolf Hitler.

Berlin, Tyskland.
 

Æra Kanslar;

Eg legg ved ein kopi utklipt frå "Journal of Minnesota", USA, i samband med din plan om å utrydja mentale svakheiter i det tyske folk, noko som her vert sett på som svært positivt.

Eg lit på at du vil ta mot mitt ærlege ynskje om at din innsats på dette området vil verta ein suksess, og vil føra til framgang av eugeniske rørsler i andre land slik som i Tyskland,

Med stor respekt,

C.F.Dight. M.D.

President av "Minnesota Eugenics Society".

(Underskrift med blå skrift. Omsetjinga er mi).

 

Eugenikk i Tyskland
Under dette symbolet fekk eugenikken fritt spelerom


Tyskarane, med sin perfeksjonisme og sitt system, fylgde opp, og JoAnn skriv:

"Loven for å forhindra fødslar av barn med foreldre som hadde arvelige svakheiter, kom 14. juli 1933. Den påla alle dokterar å registrera alle tilfelle av arvelege sjukdommar dei fann i sin praksis.

Nazistane brukte vitskapelige metodar og tekniske studier gjort i USA til føremål som ingen til då hadde tenkt var råd".


Å gå nøye inn på den vitskaplege og politiske utviklinga i Tyskland, tek for mykje plass. Studiet eg fekk, gjev eit resymé av den historiske utviklinga der slik at årstal og hendingar kan setjast inn i sin rette samanheng:

1933: Hitler vart kanslar. (Same året skreiv Dight brevet til han).

1935: Nürenberg-lovene identifiserte og isolerte jødane.

1938: 09.11. var "Krystallnatta" med massiv anti-jødisk opprør og vald.

1938: Angrep på Austerrike.

1939: Invasjon av Polen.

1940: Invasjon av Noreg.

1942: Vansee-konferansen med detaljplanlegging av masse-drap.

1940-42: Oppbygging av dødsleirane.

1945: 6 000 000 menneske drepne i Holokaust.

 

Merk: Nazismen var VERDSLEG, ikkje KRISTEN, men dei fleste nazistane var trufaste medlemmer i kristne kyrkjer.

-------------
Det er forbode å bruka heilt etter delvis det eg her skriv utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.

 


mandag 7. oktober 2019


Det er spennande å sjå inn i fortida.                     Del 3.

Noko med det mest spennande med boka «Ild-Tungen. Norsk pentekostalisme frå 1890 til om lag 1910», er alle reaksjonane eg har fått frå lesarane. Den rørsla Ulness kom med i på sine eldre dagar, vart mellom anna kalla «Universalistane». Det var dei sjølve som tok i bruk namnet «Frie venner».

Slik er det når ein ikkje veit betre. Men som eg skreiv i Del 2 av dette innlegget, så er der ivrige og interesserte lesarar som har teke kontakt både frå Sunnmøre, Kristiansand, Flekkefjord og andre stader i landet. Tusen og endå fleire takk til dei alle.
Det er ikkje mange att som hugsar Sivert V. Ulness og flokken rundt han. Men nokre er det, og dei fleste var born i heimar der Ulness og dei «Fri-Frie» hadde møte og var velsedde gjestar. Dei fortel om opplevingar som sette spor, både positive og negative. Det var ikkje lett å vera born av dissentarar – sekteristar - den gongen heller.


"Guds lille Per" på sine eldre dagar.
Elles var det mange namn på desse kristne. På Sunnmøre snakka folk om «Jublarane» eller dei «Fri-Frie», på Jæren «Nævlandsflokken», i Kvinesdal «Espelandssekta» og så vidare for å nemna nokre her vestpå. Alt dette namn som dei utanfrå sette på dei. (I Førre sitt blad ser eg dei omtalar seg sjølve som «Frie venner»). Dei fanst over heile landet. Også i Oslo, på Austlandet og i Nord-Noreg.
 

Her er ein nokre sentrale personar eg leitar etter informasjon om:

 
P. Wedell. Syskenbarn til Kong Haakon som sa frå seg tittelen som greve i Danmark og ville folk skulle kalla han «Guds lille Per».
 

Nævland på sine eldre dagar.

Hans Nævland, læraren som tok dåp som truande og vart avsett. Han var førebiletet til Garborgs i drama «Læraren».
 
Johan Fosse.
 
Johan Fosse. Ein annan av lærarane som miste arbeidet sitt då dei tok dåp som truande. Det er hans nummer av "Ild-Tungen" som Nasjonal-biblioteket fekk hand om og som er ein vesentleg del av dokumentasjonen av starten på den pentekostale rørsla i Noreg.


Knut Røhr-Staff.
Knut Røhr-Staff. Det vert fortalt at han ofte sat og «klunka på gitaren», likte å syngja og skreiv mange fine songar. «Et liv jeg nå eier som aldri kan dø» mest kjend i dag, men det var mange av hans songar som var i bruk for hundre år sidan. Då han kom med mellom «Frie Venner» (her er namnet rett brukt), vart dei plukka or songbøkene litt etter kvart. I mange år stod han heller ikkje som forfattar av denne songen som bedehus-kristne i alle leirar har sunge med glede.


Chr. Madsen.
Chr. Madsen. Ein annan danske som reiste mykje i Noreg og bad for sjuke. Særleg godt kjend i Nord-Noreg, men reiste landet over.


Sofie Nielsen.
Sivert V. Ulness. Han er sentral i boka mi. Men eg er på jakt etter alt stoff som finst om han.

Ingvald Førre. Stortingsmann for Arbeiderpartiet, men gjekk ut på grunn av sitt pasifistiske livssyn. Gav ut bladet «Det frie Ord».

Sofie Nielsen. Songarinne og songforfattar.


    Ulrik Dahle. Han var frå Helgeland. Ved sida av forkynnargjerninga
Ulrik Dahle.
 
 dreiv han sykkelfabrikk og la inn elektrisitet på øya der han budde.

 
Desse er nokre av dei personane som har dukka opp og som eg gjerne skulle vita meir om.

Men der er mange fleire. Derfor, om du har informasjon du trur kan interessera, eller veit nokon som har det, skriv til inge@bjornevoll.no eller finn meg på telefonen.
 
«På førehand takk». Slik dei skreiv på søknadane i gamle dagar. Og ting som hende i gamle dagar, er det eg prøver grava fram.  Det er det eg ber lesarane om hjelp til.....

På førehand takk!

--------------------------------
 
Bileta i dette innlegget er frå forskjellege publikasjonar. Eigarane av desse blada har gjeve meg lov å bruka deira materiale i arbeidet mitt.
 
---------------------------------------- 
 
Det er ikkje lov å bruka heile eller deler av dette innlegget uten skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.
 
-------------


 


Det er spennande å sjå inn i fortida!                               Del 2.


Å skriva ei bok tek både tid og krefter. «Ild-Tungen. Norsk pentekostalisme 1890 til om lag 1910» tok tre år til innsamling av stoff, skriving og trykking. Eller rettare sagt: tre pensjonist-år. Eg gjorde så godt eg kunne, sjekka, dobbeltsjekka og fekk andre til å lesa gjennom manus, men det vart feil likevel.

Feilane vart opphav til ei rekkje gledelege innspel. Velvillige lesarar tok kontakt og fortalde at der eller der burde det stå slik og slik. Og det skal dei ha inderleg takk for. Den interessa og det engasjementet dei har vist, er bonus for meg som forfattar. Eg hadde treft folk heime!

Her er rettingane eg har fått inn per dags dato:

1. Side 72. Fødselsår for Lillian May Burt. Det finst fleire fødselsår nemnt i boka. Det frå registreringa i USA er nok det rette. (Merknad innsendt frå Vik lokalhistoriske kontor).

2. Side 104, fotnote. Har fått vita at der er Ynnesdal fleire stader i Sogn og Fjordane, t.d. på Veitastrond og i Sunnfjord. Ynnesdal i Gulen er derfor berre ein av dei mogelege stadene der Ulness sin medarbeidar i Sogndal kunne vera frå.

3. Biletet side 105. Lokalet Ulness bygde, er ikkje det små huset på postkortet frå Sogndal slik eg skriv, men eit lite hus som vi så vidt ser til venstre i biletet. Det står med endeveggen inn mot plassen. Dette har lokalkjende folk slege fast ut frå fjella i bakgrunnen.
Eigar av dette postkortet er Jan Talsethagen,Sogndal. Han har meg lov å bruka det.

4. Side 153, fotnote. Skrivefeil. På 5. siste linja skal det vera « … og Gud har forherliget Sit navn gjennem ham.»

5. Side 171, 3. avsnitt. Beulah Ulness, dotter til Ulness som vart stroke over i utreiseprotokollen i Vik då dei andre flytte, reiste 20.11, altså ein månad etter resten av familien.
I dette huset på Vikøyri vart første pentekostale kyrkjelyden i Noreg starta. Ulness-familien budde her til dei flytte til Oslo.
Bilete tilhøyrer Vik lokalhistoriske kontor som har gjeve meg lov å bruka det.

6. Side 234. Den danske greven P. Wedell kjøpte aldri jord i Noreg, men var ofte i Gjesdal og omland. Han fekk minst ei av bøkene sine trykt i Noreg. (Opplysningar frå L.F. i Flekkefjord).

7. Side 234-235. Hans Nævland vart fødd i 1840 på garden Nevland i «Egersund Landssogn», no ein del av Eigersund kommune. Der er Nevland-gardar i Gjesdal, men han var ikkje derifrå. (Opplysning ved E. T. E. som skreiv eit stykke om Nævland i «Ætt og heim» si årbok 2010).

8. Side 66, fotnote. Gurid Nilsdotter, var ikkje tanta til Sivert som heitte Guri. Ved Høgskulen i Sogndal er det gjort eit studium rundt livet til Gurid Nilsdotter. Den ansvarlege for det arbeidet kunne slå fast at dette er to forskjellege personar som budde i same delen av bygda. (Opplyst på lanseringa av boka i Sogndal).

9. Fleire stader i boka: Då eg kom med mellom pinsevennene, var det vanleg å snakka om «De Frie Evangeliske Forsamlinger» som «Frie venner». Den første som retta meg i dette, var leiaren for deira kyrkjelyd i Volda. Namnet eg brukte var misvisande, sa han, og eg burde ha brukt deira offisielle namn.

Grunngjevinga var at rundt Ulness med fleire utvikla det seg ei ny pentekostal retning som mange stader vart kalla «Dei fri-frie». Dei bruke sjølve namnet «Frie venner». Deira lære meinte både «De Frie Evangeliske Forsamlinger» og «Pinsebevegelsen» var ubibelsk.

Kort sagt: Det er berre å seia seg lei for desse feilane. Og så ynskjer eg at gamle og nye lesarar får med seg dette så feilane ikkje øydelegg for det eg har ynskt å gjeva dei: Eit glimt inn i ei del av norsk soge som ingen til no har teke tak i….

 
-----------------------------
 
Det er ikkje lov å bruka innlegget heilt eller delvis utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.
 
----------------------------------------