mandag 7. oktober 2019

Det er spennande å sjå inn i fortida!                               Del 2.


Å skriva ei bok tek både tid og krefter. «Ild-Tungen. Norsk pentekostalisme 1890 til om lag 1910» tok tre år til innsamling av stoff, skriving og trykking. Eller rettare sagt: tre pensjonist-år. Eg gjorde så godt eg kunne, sjekka, dobbeltsjekka og fekk andre til å lesa gjennom manus, men det vart feil likevel.

Feilane vart opphav til ei rekkje gledelege innspel. Velvillige lesarar tok kontakt og fortalde at der eller der burde det stå slik og slik. Og det skal dei ha inderleg takk for. Den interessa og det engasjementet dei har vist, er bonus for meg som forfattar. Eg hadde treft folk heime!

Her er rettingane eg har fått inn per dags dato:

1. Side 72. Fødselsår for Lillian May Burt. Det finst fleire fødselsår nemnt i boka. Det frå registreringa i USA er nok det rette. (Merknad innsendt frå Vik lokalhistoriske kontor).

2. Side 104, fotnote. Har fått vita at der er Ynnesdal fleire stader i Sogn og Fjordane, t.d. på Veitastrond og i Sunnfjord. Ynnesdal i Gulen er derfor berre ein av dei mogelege stadene der Ulness sin medarbeidar i Sogndal kunne vera frå.

3. Biletet side 105. Lokalet Ulness bygde, er ikkje det små huset på postkortet frå Sogndal slik eg skriv, men eit lite hus som vi så vidt ser til venstre i biletet. Det står med endeveggen inn mot plassen. Dette har lokalkjende folk slege fast ut frå fjella i bakgrunnen.
Eigar av dette postkortet er Jan Talsethagen,Sogndal. Han har meg lov å bruka det.

4. Side 153, fotnote. Skrivefeil. På 5. siste linja skal det vera « … og Gud har forherliget Sit navn gjennem ham.»

5. Side 171, 3. avsnitt. Beulah Ulness, dotter til Ulness som vart stroke over i utreiseprotokollen i Vik då dei andre flytte, reiste 20.11, altså ein månad etter resten av familien.
I dette huset på Vikøyri vart første pentekostale kyrkjelyden i Noreg starta. Ulness-familien budde her til dei flytte til Oslo.
Bilete tilhøyrer Vik lokalhistoriske kontor som har gjeve meg lov å bruka det.

6. Side 234. Den danske greven P. Wedell kjøpte aldri jord i Noreg, men var ofte i Gjesdal og omland. Han fekk minst ei av bøkene sine trykt i Noreg. (Opplysningar frå L.F. i Flekkefjord).

7. Side 234-235. Hans Nævland vart fødd i 1840 på garden Nevland i «Egersund Landssogn», no ein del av Eigersund kommune. Der er Nevland-gardar i Gjesdal, men han var ikkje derifrå. (Opplysning ved E. T. E. som skreiv eit stykke om Nævland i «Ætt og heim» si årbok 2010).

8. Side 66, fotnote. Gurid Nilsdotter, var ikkje tanta til Sivert som heitte Guri. Ved Høgskulen i Sogndal er det gjort eit studium rundt livet til Gurid Nilsdotter. Den ansvarlege for det arbeidet kunne slå fast at dette er to forskjellege personar som budde i same delen av bygda. (Opplyst på lanseringa av boka i Sogndal).

9. Fleire stader i boka: Då eg kom med mellom pinsevennene, var det vanleg å snakka om «De Frie Evangeliske Forsamlinger» som «Frie venner». Den første som retta meg i dette, var leiaren for deira kyrkjelyd i Volda. Namnet eg brukte var misvisande, sa han, og eg burde ha brukt deira offisielle namn.

Grunngjevinga var at rundt Ulness med fleire utvikla det seg ei ny pentekostal retning som mange stader vart kalla «Dei fri-frie». Dei bruke sjølve namnet «Frie venner». Deira lære meinte både «De Frie Evangeliske Forsamlinger» og «Pinsebevegelsen» var ubibelsk.

Kort sagt: Det er berre å seia seg lei for desse feilane. Og så ynskjer eg at gamle og nye lesarar får med seg dette så feilane ikkje øydelegg for det eg har ynskt å gjeva dei: Eit glimt inn i ei del av norsk soge som ingen til no har teke tak i….

 
-----------------------------
 
Det er ikkje lov å bruka innlegget heilt eller delvis utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.
 
----------------------------------------

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar