mandag 7. oktober 2019

Det er spennande å sjå inn i fortida!

 Det vart for nokre år sidan snakk om dei som reiste til Amerika, men som kom heim att og slo seg ned i «gamlelandet». Andre kom heim på besøk og reiste att. I begge tilfelle påverka dei miljøet her heime med idear og med økonomisk støtte. Og – meinte nokre fagfolk – det er for lite forska på det denne re-migrasjonen betydde for landet vårt. Eg vart utfordra til å sjå etter døme der eg budde.
Kona og eg budde då i Sogn, og eg tok tak i Sivert V. Ulness si soge. Han reiste til Amerika som Sjur Sjurson Ølnes, og kom att som Sivert V. Ulness. Med seg hadde han ei ung og velutdanna kone, Lillian fødd Burt, og Fri-Metodistane sin glade bodskap. Dei to, Lillian og Sivert, var utsende som «Pentecost Band» nummer 12. Det første pentekostale bedehuset i Noreg vart innvigd i Sogndal 1. januar 1892. Seinare vart første pentekostale kyrkjelyden i landet grunnlagt i Vik i Sogn 27. november 1895.

Vel, kva er «pentekostal»? For mange av oss er det å verta fylt av Den heilage Ande, gledes-jubel, tungetale og bruk av nådegåver. Med andre ord Apostelgjerningane kapittel 2 «i vår tid».

Sett frå Amerika, høyrde fri-metodistane til «holyness-bevegelsen». Pentekostalismen oppstod for mange i USA først i 1906-07 i Azusa Street, Los Angeles. Det var der til dømes T. B. Barratt fekk opplevinga. Men i vårt land hadde korkje Metodismen eller «holyness-rørsla» noko stort gjennombrot. Metodismen var komen til Noreg då Ulness kom, men korkje dei eller Fri-Metodistane fekk det store gjennombrotet hjå oss som over i England og USA.
Derimot kom pentekostalismen, ikkje som eit uver som i Los Angeles, men som ei lang utvikling der Gud gjorde sitt verk i enkeltmenneskje og i små flokkar lenge før 1900. Både i Lestadianismen, i Haugerørsla og andre kristenflokkar finst døme på pentekostale opplevingar. Mitt største ynskje er som denne songen uttrykkjer det: «Ennå er det ei slutt! Pris skje Gud!»
 
I 2018 vart boka «Ild-Tungen. Norsk pentekostalisme 1890 til om lag 1910», lansert i Sogndal. Det var der Ulness var frå, og der dei starta arbeidet. Seinare var det lansering i Vik der altså første pentekostale kyrkja i Noreg låg.

Boka vart gjeve ut på eige forlag (Ursidae Forlag) og fekk dermed ikkje den PR som store forlag kan gjeva. Likevel, ein del sal har det vore og er enno. Ei bokhandlarkjede i Tyskland bestelte to bøker til kundar der. Ei bok vart bestelt frå England, og i USA sende Free Methodist Church sitt historiske senter ut denne omtalen:

 

 

Skulle nokon vera interessert i å kjøpa boka, så skriv til inge@bjornevoll.no. Boka kostar kroner 258,-. pluss frakt og eventuelt andre utlegg ved sending.

 ------------------------------
 

Det er forbode å bruka dette innlegget heilt eller delvis uten skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.

   -----------------------------

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar