fredag 25. oktober 2019


Eugenikk - Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?


Del 4:

Eit spørsmål kan vera når interessa for eugenikk starta. Eg har nemnt Sir Francis Galton, 1822-1911, som opphavsmann, i alle fall for begrepet "eugenikk" i moderne forstand. Ser me på dyrkinga av den ariske rasen, den delen av eugenikken som vart dominerande fram til og med andre verdskrigen, så er det snakk om siste tiåra av 1800 og fram til 1945.
Skiltet under Fridtjof den Frøkne-statuen

I Tyskland vaks nasjonalromantikken fram rundt 1800. Til Noreg kom han litt seinare. Tydelegast rundt og etter 1814. Det "typisk" norske med sine sagaer, eventyr, bondetradisjonar og stavkyrkjer kom i fokus. Engelske "fin-folk" klatra i fjella våre, fiska i elvane og skreiv om land og folk.
Så kom keisar Wilhelm II med sine 23 turar til Noreg frå 1889 til 1914. For oss som er eks-vangsnesingar, står keisaren som "toppen av kransekaka". Der kjøpte han jord av oldefar til kona mi for 1000 kroner i 1912. Der reiste han statuen over vikinghovdingen Fridtjof den frøkne. Den største statuen i Noreg utanfor byane, reist som symbol på den norske - og nord-germanske - rasen[1].
Det "ekte norske" stod i fokus til og med på menyane på keisarbåten. Nasjonalromantiske maleri med budeier i bunad, fossar og fjell og kven veit kva. På staven sin hadde keisaren eit målband. Med den likte han å rekna ut kor tjukke trestammane var. Mellom anna. For her var naturen vakker og vill, kvinnene lyse og fagre, og rasen reinast. På tjukkaste bondebygda sjølvsagt.

Kva har så dette med eugenikken å gjera? Jau, rasemessig var me mindre oppblanda enn andre folk, og dermed sterkare. Trudde dei. Den gode Mjøen brukte eit kart over Noreg som viste kvar det var minst tuberkulose i ein viss periode. Der det var færrast tilfelle av tuberkulose, var folket sterkast, rasen reinast og livet på landsbygda minst smitta av skadeleg påverknad kulturelt, rasemessig og  anna "forurensing", meinte han.

Så kom andre verdskrigen. Tyskarane marsjerte inn i landet 9. april 1940. Etter ein del meir eller mindre sporadiske kampar, rådde dei over landet i 5 år. Det gav dei gode hamner, tilgang til etterlengta industri - og tilgang til eit folk av stor interesse. I eugenisk tyding.

"Lebensborn" - rasemessig særleg verdifulle born - var eit ord som dukka opp etter kvart. Naturleg nok starta ikkje denne statistikken i 1940 sidan born treng 9 månader for å koma til verda[2]. Med dei som vart fødde etter krigen, kjem talet langt over 12 000.

Også om dette finn ein både bøker og stoff om på internett og elles. Ei av dei kjeldene som tek dette opp[3], skriv:

"For nazistane representerte Noreg eit verkeleg eldorado med tanke på genetisk materiale. Det førde til start på eit stort prosjekt i dette landet, eit prosjekt der mødre som valde å støtta rasen sin reinleik, fekk hjelp." (Omsett her).

Ein av dei stadane keisar Wilhelm II hadde vitja og likte godt, Stalheim hotell, vart ein av desse heimane for "lebensborn". Der var andre i Oslo, Dr. Holms hotell på Geilo, Høsbjør Hotell i Brumunddal, Klekken turisthotell og barneheim i Bærum og Moldegaard i Bergen. Nokre born vart sende til Tyskland for å veksa opp der.

Dette var altså ikkje berre det at norske jenter forelska seg i unge tyske soldatar. Det var ein plan frå den tyske hærleiinga på same måten som drapa på sigøynarar, jødar og andre. Det var rasemessig "foredling", men og erstatning for dei tusenvis tyskarar som låg att på slagmarkene, eller kom heim øydelagde av krigen.

Eg skal ikkje brodera dette meir ut. Me kjenner altfor godt korleis desse kvinne vart hundsa og mishandla både under krigen og endå meir etter at tyskarane var jaga frå landet. Og typisk nok, først når dei alle fleste var døde og borte, fekk dei offisiell orsaking frå landet vårt. Det same hende med Nortraship-sjøfolka, dobbeltspionane som ofra liv og framtid for å skaffa norske styrkar "innside information" frå den tyske hærmakta, og andre.

Etterkrigstida vart eit tid for dyrking av heltar, men også ei tid då djup urett vart gjort. Mange vart bevisst eller ubevisst tilsidesett og gløymde, trass i heltemodig og oppofrande innsats. Og tyskarjentene og deira born hundsa og forfylgde.

Uansett:    Det var ikkje borna si skuld at dei var fødde. Likevel laut dei lida både på skulen og elles. Truleg har mange som meg ting me angrar på og gjerne skulle bedt om tilgjeving for. Me var ikkje snille med dei...

Det finst utan tvil eit hav av u-fortalde forteljingar om alle som leid vondt, mishandla og forakta. Dei fekk inga hjelp av sin glorifiserte ariske rase og eugenikkens "grensesprengjande" framsteg.

Dette eg her har teke opp her, er ting som dei fleste har skrive i "gløymeboka" eller lagt i "gøyme-skuffa".  Men eg trur det er for viktig til å verta liggjande der i all framtid....

For nokre år sidan var eg på Stalheim hotell og hadde lyst å vita meir om "Kinderheim Stalheim". Eg hadde mellom anna høyrt om ei av kvinnene som ikkje greidde meir. Ho hoppa utfor stupet og tok livet sitt. Men der var det ingen "som visste noko om" slikt. Det kom klårt fram at eg hadde trakka over ei grense eg ikkje hadde lov å kryssa.

Kva rettferdiggjer at eg brukar tid og plass til noko som høyrer fortida til? Kvifor opnar eg opp for ting dei fleste ynskjer gøymt og gløymt?

Som historikarane seier: Om me ikkje kjenner fortida, står me i fare for å gjera same feilane som dei før oss.

År tilbake var det mykje snakk om kloning. Det gjekk til rykte om rike menneskje som hadde fått "klonar" av seg sjølve. På same måten som den berømte engelske sauen "Dolly".

Med teknikkane i dag  kan ein klona menneske - med eller utan - dei genane som dei rådande i "vitskapen" meinar er riktige. Slik eugenikkarane planla gjennom si "slektshygiene".

Eller som Scharffenberg sa det: "Fremtiden får vise om man kan finne midler til å påvirke kjønnscellene i vår retning og således bringe bedre slekter".

Det er der forskinga er i dag, eller held på å koma. Genmanipulering - som så mykje anna i denne verda - kan brukast både til det som er godt, og det som er gale. Eugenikken såg mot ei tid då dei kunne få fram den ideelle mennesketypen gjennom avl, og samstundes nekta  dei mindreverdige, uverdige og uynskte til å forplanta seg.

Kan dagens genforsking føra til det same?
Eller politikken?

-------------------------------------
 
Eg har i dette innlegget bevisst ikkje brukt bilete korkje av borna eller stadane der dei vaks opp. Den som vil vita meir, kan leita på internett eller andre stader
der denne informasjonen finst.
EG valde derimot å illustrera med blomster, vakre blomster. For vakre born var dei som vaks opp trass i at dei fekk karrige kår både under og særleg etter krigen. Nokre av blomstrane er "typisk norske". Andre importerte. Men alle vitnar dei om liv og framtid, slik born skal gjera i eit fritt samfunn.
-------------------------------------------------------

Det er ikkje lov å kopiera heile eller delar av denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.

--------------------------------------------------------------------------------


[1] Han reiste ein liknande i Austerrike for den sør-germanske rasen.
[2] Den første registrerte graviditeten med ei norsk mor og ein tysk far, var notert i juli 1940, skriv Wikipedia.
[3] https://www.warhistoryonline.com/war-articles/aryan-children-operation-lebensborn-norway.html, okt. 2019.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar