lørdag 9. november 2019


Eugenikk - Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?


Del 5:        Kvar finn me rase-mennesket?

Idealbiletet av arisk kvinne.
Svaret er kort og brutalt: Ingen stad. Når det gjeld mennesket, har JoAnn rett i at me er alle ei herleg blanding. Saga-helten Fridtjof den Frøkne som keisar Wilhelm II laga statue av på Vangsnes, fanst han? Kanskje som historisk person. At han såg slik ut og hadde dei våpna som statuen er utstyrt med, er svært usannsynleg.

Nei, både Fridtjof den Frøkne og andre "super-menn" er noko menneske har skapt inne i sine eigne hovud. Der oppstod "ideala" eugenikkarane og nazistane dyrka. Ut frå det dei såg inni seg sjølve, bestemte dei til dømes kven som skulle få retten til "å føra slekta vidare", eller verta steriliserte, kastrerte eller kremerte. (Bla tilbake i bloggen min og sjå tidlegare eksempel).

Kva synest du om han som vart "prislønna i norsk konkurranse" som Nordisk rase-type eg tok med i ein tidlegare blogg? Eg ser like lite "typisk nordisk" i han som at Fridtjof den Frøkne-statuen viser ein typisk norsk viking. Kva meinar du?

"Alt kjem an på auga som ser", seier eit gammalt ordtak. Eit anna: "Ingen er så blind som den som ikkje vil sjå". Men meir om desse overgrepa kan du lesa både i bøker og på internett (Fotnote 1).


Steriliseringsloven av 1934

Eugenikken førde med seg lover som skulle hindra "uønskte individ" å ha etterslekt. Noreg hadde ein lov som tillèt sterilisering av kvinner som av medisinske grunnar ikkje burde bli gravide. Loven av 1934 innførde sterilisering for å få "en øket kontroll med mindreverdige individers forplantning av slekten". Slike "mindreverdige" var "sinnsjuke", "åndssvake", "omstreifere" og dei folk kalla tatarar, sigøynarar og andre omreisande og/eller heimlause. I alt 2123 "mindreverdige" vart steriliserte i samsvar med denne loven. Elles vart 922 steriliserte etter at foreldre eller verge hadde bedt om det. Dessutan vart 125 omstreifarar tvangs-steriliserte, og minst 230 andre under "frivillig tvang": Om ikkje dei let seg sterilisera, ville borna dei alt hadde, verta tekne frå dei!


Kven eller kva gav dei rett til å kalla andre menneske "mindreverdige"?
I tillegg til desse overgrepa var tvangs-internering av born på barneheimar og internat, noko som gjekk ut over både "om-streifarar" og andre. "Omskolering" slik totalitære regime har gjort verda over. Pådrivarar, ved sida av forskjellege eugenikkarar og staten som lovgjevande makt , var m.a. "Norsk misjon blant hjemløse" og legen Johan Scharffenberg som eg har omtalt i ein blogg tidlegare.

Ny steriliseringslov av 1942

Vidkun Quisling og dei andre "venene" til tyskarane, førde loven vidare. Dei sa loven trongst for å skapa god slektshygiene, og vera eit tiltak mot "arvemessig degenerasjon av folket (det til seia øydelegging arvepotensialet i vårt folk langt vart "smitta" av mindreverdige rasar). Eit mål dei kalla "arvehygiene". Ein tanke som hadde levt i landet vårt lenge før 1940.

Kastrering

Det føregjekk også kastrering. Det vil seia at både eggstokkar og testiklar vart fjerna ved større kirurgiske inngrep. Dette vart særleg praktisert på psykisk sjuke og seksualforbrytarar. Tanken var då at desse individa skulle verta rolegare, og samstundes sikra at dei ikkje kunne føra sine "negative gener" vidare. Same tanken låg bak kastrering av oksar, hingstar og galtar i jordbruket. Der skjedde det etter at dei verdfulle avlsdyra er tekne ut, sjølvsagt. Korleis dei hadde tenkt utvalet av menneske, veit eg ikkje.

Slike lovar vart vedtekne i mange euro-amerikanske land, for ikkje å snakka om Tyskland der nazismen gjekk mykje lenger.

Stort sett meinar vel alle i dag at dette var brutale overgrep mot individ og grupper?

Korleis kunne det skje?

Det vitskaplege grunnlaget for "forskinga" var både tynt og useriøst. Bevisføringa for teoriane var stort sett fråverande. Likevel vann påstandane fram, fekk støtte i folket og sette vanlege menneskerettar ut av spel. Dermed var det "fritt fram" for sterilisering og kastrering, ikkje berre av sjuke, men og sunne og friske menneske frå kulturar som romfolk og urbefolkning.
Pene jenter, men eugenikken gløymde at "skinnet kan bedra". Det ytre fortel ikkje
korleis menneskje er på innsida, - at dei vert gode mødre - og fedre - , har medkjensle med andre, osv.....

Det kan her visast til at både lovgjevande og utøvande makt hjå oss og i andre land, forlèt grunnprinsippet om "likskap for loven" og at alle skulle ha dei same rettane til liv og utvikling. Medmenneske vart dømde i tråd med det som var "in" i tida. For nokre var det fritt fram. For andre å møta veggen. "Den brune bylgja", nazismen, bøygde folkeviljen med sine nasjonalistiske talar, sine store oppmarsjar og til sist med sine våpen. Dei som ikkje gjekk med dei, vart straffa. Fangeleirar, torturkammer og til slutt krematoriet.

Bak den utviklinga stod menneskje - som du og eg. Dei arbeidde for sine idear, eigne interesser og fordelar. Og dei var villige til å gå over lik.

Undervisningsinstitusjonane, politikken, styresmakter synest gav fritt spelerom for eugenikkarane og rasedyrkarane, men motarbeidde og øydela dei som ikkje passa inn. Dei "brune" slagorda kom først: "Ikkje kjøp i jødiske forretningar", "Støtt våre eigne......", osv. Så kom "krystall-natta" med øydelegging, drap og brann. Til slutt ein verdskrig. Den verste fram til no.

Og biletet desse som tok makta ville visa verda? Som alltid at det var ein krig mellom det "gode" mot det "vonde". Verdiar dei sjølve definerte og som stod over all dialog med meiningsmotstandarar.

Det var dette eugenikkarane og arie-forkjemparane ynskte: At dei sjølve- og berre dei - kunne definera kva som var "godt" og "vondt", "positivt" og "negativt" målt med deira eigen nasjonalistiske og rasehygieniske målestokk. Då var ingen pris for høg.

---------------- 
 
(1) Her er ein del av opplysningane henta frå https://howlingpixel.com/i-no/Tvangssterilisering okt.2019.

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar