søndag 14. desember 2014

Adventstankar



Me lever i ei tid der det vert snakka og skrive om mobbing lokalt og nasjonalt, frå grasrota til regjerings- og stortingsnivå.  I mi lærartid hadde me slagordet: «Ikkje mobb kameraten min».  Etter det media i dag fortel, var kampanjen då - og mange andre seinare, til liten eller inga nytte.
Ordet kjem som kjent av  det engelske substantivet  «mob»,  som tyder «(folke)masse, (folke)mengde; flokk, gjeng; pakk; mobb». Det tilsvarande verbet tyder «1. flokke seg om,  stimle saman om, 2. angripe /storme ( i flokk), 3. mobbe»[i].  

I mi tid sa me «erting» eller «plaging» når det berre var ein som stod for handlinga. Mobbing vart det først når det var fleire som stod saman mot ein. No ser eg at ordet også inkluderer tilhøvet mellom to einskilde individ. «Han mobbar henne», eller «Ho mobbar han». Ein innovasjon.

Mobbing er upassande åtferd både på individuelt nivå, og på gruppenivå. U-etisk. Ei skam og ein udåd i tradisjonell etikk. Går ein til den kristne etikken, den som var grunnlaget for vår euro-amerikanske kultur, er mobbing synd.  

Mobbaren eller mobbarane ser ikkje han «Per» eller ho «Kari» som menneske med same kjensler og ynskje som dei sjølve. I mobbaren si tankeverd er mobbeobjektet ein figur, - eit bilete dei har inne i seg. Det kan vera laga av dei sjølve, men truleg oftare laga av «dei vaksne» når det er snakk om mobbing mellom born. «Figuren» eller «imagen» kan og vera skapt av media, eller av dyktige politikarar slik me såg det til dømes i dei tyske politiske storsamlingane rundt Hitler eller Mussolini.

Den mest typiske mobbefiguren  er «jøden». Du ser han teikna med krokete nase, pengegrisk, og kva meir karaktertrekk som har vorte tillagt han både i vår tid og før. «Senteret for studier av Holocaust og livssynsminoriteter» hadde eit prosjekt om ««Jøden» som kulturell konstruksjon i norsk offentlighet 1814 – 1940». [ii]

Uttrykket ««Jøden» som kulturell konstruksjon» gjev i seg sjølv grunn til ettertanke.  I eit slikt oppkonstruert bilete er individuelle eigenskapar, rettar og plikter utviska eller minimiserte.  Individet blir tillagt ansvar for handlingar han ikkje har noko som helst personleg ansvar for. Ting han eller ho aldri har hatt høve til å gjera noko med. Mobbaren ser berre det tenkte bilete av mobbe-objektet han har inni seg. Fordomsskapande og fordømmande.

«Jøden» er ikkje eit individ. Det er ei generalisering av tillagde kriterier. Fysiske som psykiske.  I fleirtal,  når me seier «jødane»,  vert dei tillagde eigenskapane berre multiplisert. Det oppstår eit samlebegrep som legg si klamme hand om eit heilt folk.

Dei reelle jødane er ei samlinga av levande menneskje som du og eg. Kanskje er jødefolket samansett av individ med mykje meir ulikskapar og kulturelle særdrag enn noko anna folk på jorda. Å vera spreidd ut over verda gjennom fleire tusen år, har sett sine spor. Mange lever framleis i Afrika, Asia, Amerika, Europa eller kvar dei har slege seg ned. «You name it!» 

Jødane har vorte slakta, brende[iii], forfylgde, hundsa og utnytta. Dei er finst mellom alle slags hudfargar, - er fattige og rike, kriminelle og lovlydige, umoralske og strengt etiske, vantruande og fanatisk religiøse. Ein del  har vendt heim til sitt opphavlege land. Romarane gav området namnet «Palestina».  Jødane hadde kalla det «Lovnadslandet», -seinare delt i «Juda» og «Israel» . Dei heimattkomne kallar landet sitt Israel.  Der utgjer dei eit konglomerat av hudfarge, språk, kulturtrekk og politiske meiningar. Men framleis ser det ut til at mange i vårt land berre ser «jøden» og «jødane».
Gustav Wentzels teikning av jøden den stormfulle julenatta

Me hadde jødeparagrafen i Grunnloven av 1814 og mange år etterpå.   Altfor mange. Henrik Wergeland tok striden opp mot det oppkonstruerte jødebiletet, og mot dei styrande sin motvilje mot å fjerna paragrafen. Han gjorde det i både ord og teikning. Det siste er det vel få som er klar over.
Min generasjon las i Nordahl Rolfsens Lesebok soga om jøden som låg ute julenatta. Me såg for oss den gamle, utslitne jøden som klumheldt eit barn under frakken for å gjeva det livd mot snøstormen. Han stavra seg fram til stova i skogen og bankar på:
-          "I Jesu navn, hvem der i slik en natt?"
-          "Den gamle Jakob. Kjenner I mig ei? Den gamle jøde?"
-          "Jøde" skrek forferdet en manns- og kvinnerøst. "Da blir du ute. Vi eier ingen ting å kjøpe for      og  blot ulykke vil du bringe huset i denne natt da han ble født du drepte."

Dei skulle ikkje ha nokon jøde inn i sitt hus, - og sende dermed han i døden. Dei skulle bruka kvelden til å minnast at Frelsaren, - jøden Jesus, vart fødd. Den gamle Jakob  var for dei ein «Kristus-drepar». Dei gav han skulda for eit drap gjort 2 000 år før på ein heilt annan stad på kloden. Ein stad han aldri hadde vore og heller aldri kom!

Det dei to ikkje visste, var at dei på denne måten tok livet av sitt eige barn. I mitt  barnesinn låg tanken: «Til pass åt dei!».  Men det kunne eg ikkje seia høgt. Me lærde både på skulen og heime at me måtte vera snille….

«Jøden»  Wergeland skriv om, var gammal mann i ein vond livssituasjon. Han kjempa for sitt eige liv og for livet til eit lite barn han ikkje hadde noko ansvar for. Eit han hadde plukka opp av omsorg og ynskje om at det måtte få leva. Dei innanfor døra såg ikkje mennesket. Berre den kulturelle konstruksjonen, «jøden». Til si eiga ulukka og skam.

Verda i vår tid fordømer «jøden» som vågar å forsvara seg mot rakettar og freistnader på å drepa dei.  Gasa er det landområdet dei gav frå seg då slagordet var «Land for fred!» Det dei fekk, då dei gav etter for presset frå norske og utanlandske regjeringar,  var «Land for terror, drap og trugsmål om total utrydjing».  Men då tagde både den norske regjeringa (som tok æra for «Oslo-avtalen»), FN, EU og alle andre som hadde vore med og «forsikra regjeringa i Jerusalem» at dette var vegen til fred….

Då Israel forsvara seg mot rakettar og angrep gjennom tunellar under grensa,  ropa til og med mange norske prestar og religiøse lekfolk opp og fordømde det jødane gjorde. Dei såg berre «jøden» i samtidsbiletet.  Dei såg han i kontrast til «dei stakkars palestinarane». Eit like oppkonstruert bilete. Like langt frå det reelle bilete av menneskja i Gasa. Like usant på godt og vondt.

Det Hamas gjorde med sivile som skjold, lagring av våpen og krigsutstyr i skular og hospital, vart lite og ikkje nemnt i media. «Jøden», karikert og stigmatisert,  stod så lagleg til for hogg. «Dei stakkars palestinarane» derimot…   Ja, du veit resten.


Wergelands juledikt er like aktuelt i dag som i 1814.  Hans teikning og.
Adventstida me er inne i, burde vera ei tid til ettertanke. Tid til å sjå alle som reelle menneskje. Til å elska. Til å hjelpa. Uten alle imaginære og kulturelle konstruksjonar. Sterke menneskje. Svake menneskje. Trengjande menneskje. Gråtande menneskje. Jublande menneskje.

Med - Menneskje.
--------------
Så ei «jule-nøtt» til deg som eventuelt kjem til å lesa dette: 

Tenk deg Wergeland si forteljing tilpassa vår aktuelle situasjon. Me opplever ei kompakt fordømming bore til torgs av både lekmann og prest. Ei fordømming av «jøden».  Ein repetisjon av det dei to der i gangdøra gjorde julekvelden i 1814.
Men kven eller kva er «det kjære barnet vårt» som me også dømer til døden i vår «stormfulle vinternatt»?  
Kven «frys i hel» utanfor vår dør?  
 -------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Vangsnes, advent 2014.12.14. Ibj.

Det er forbode å bruka stoff frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå forfattaren.


[i] Frå Cappelens Engelsk-norsk ; Norsk – engelsk ordbok 2009.
[ii] Understreking gjort av underteikna.
[iii] «Holocaust» er eit gresk ord for noko som vert brent opp. Ordet kan i den samanheng relaterast til brennofferalteret i den jødiske gudstenesta.

mandag 10. november 2014

Det julianske syndrom




Ferielektyren min 2014 var «Keiser og Galilæer» av Henrik Ibsen.  Eit spennande verk. Ibsens viktigaste, meinte han sjølv. Hitler skal ha likt dette dramaet, men om «Det tredje riket» vart kalla opp etter det Ibsenske, veit vel ingen. Andre og har brukt namnet. Men Ibsens kritiske fokus på storpolitikk og trua på «Galilæeren», - jøden, var kan henda spesielt interessant for han som ville skapa ei verd utan jødar.
Ibsen var i si samtid kjend både som samfunnskritikar og menneskekjennar. Me har nett feira eit grunnlovsjubileum. Som Ibsen sa det: «Firehundreårignatten ruget tungt på apekatten»[i]. Ingen kunne tvila på korleis Ibsen såg på dansketida!
For meg er det ikkje politikken som interesserer, men forfattaren sitt fokus på det åndelege. Ibsen er spesiell i sitt fokus av religion og etikk. «Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme», skreiv han i Villanden (1884). Ibsen inviterer ikkje lesaren eller tilskodaren til å seia si meining. Nei, han sler det fast som eit faktum. Så får me sjølve vurdera om me er einige, eller for den del om me er slike «gjennomsnittsmenneske» han skildrar. Villender, - kan vera.
I ”Peer Gynt” (1887) spinn Ibsen på sin måte vidare på same tråden: Mangelen på samsvar mellom sjølvoppfatning og realitetane i verda. For Peer var kompromisset leveregelen. Å nyta og utnytta menneskje, religion og materielle ting utan å ta reelt ansvar, var prinsippet.  I fjerde handling seier Peer: ”Er man skapt til nydelse, skal men nyde”.

Eberhofs spør han om ”frigjort åndsbetraktning og verdensborgerdomsforpaktning” og kvar fenomenet er.

Peer svarar: ”Så er den funnen. Det er fordi jeg ei er gift. Ja, mine herrer, ganske klar er tingen. Hva skal mannen være! Seg selv; det er mitt korte svar. Om seg selv og sitt skal han kjære. Men kan han det som pakk-kamel for andres ve og vel?”

 Så kom ”Brand” (1866), den djupt religiøse presten frå ein trong fjord på Vestlandet. Her  teiknar Ibsen den kompromisslause truande sin kamp både mot verdsleg og religiøs praksis og tru. Sjølv i møtet med hans eigen prost kunne han ikkje fira:
Prosten: -”I himlen? Nei, det er just tingen at helt til himlen rekker ingen….”. 
Brand:  ”Til himmels rakk dog Jakobstigen; til himlen rekker sjelens higen”.
Prosten: ”På den maner! Ja, Gud bevares! Derom all videre snakk spares. Naturligvis er himlen lønn for velført levnet, tro og bønn. Men ett er liv og tro et annet; Det skader begge om de blir blandet; -” seks dage skal ens gjerning gjøres, den syvende skal hjertet røres; sto kirken åpen hele uken, var det forbi med søndagsbruken….. De trygt kan idealer se fra prekestolens hellige le, - men legg det av med prestekjolen så fort de kommer ut i solen.”

I sluttscena endar Brands jordiske kamp i eit snøras: Brand «(krymper seg under det styrtende skred og sier oppad):
Svar meg, Gud, i dødens slug; - gjelder ei et frelsens fnug manneviljens qvantum satis[ii]- ?!  (Skredet begraver ham; hele dalen fylles.)
En røst (roper gjennem tordenbrakene): Han er deus caritatis[iii]

Presteskikkelsen som Ibsen brukte som førebilete, var Gustav Adolf Lammers i Ibsen sin eigen heimby, Skien. Mora og to av syskena[iv] til Henrik, var med i den vekkinga, og det er skrive at dette skapte ei kløft i familien. Som Ibsen kom i diskusjon med mor si om åndelege ting,  let  han «Brand» gjennomgå det same.
Lammers, presten som tok si gudstru så alvorleg at han gjekk ut av statskyrkja for å praktisera sann kristendom, hadde mykje «Brand» i seg. Som hovudpersonen i dramaet, streid også Lammers med tvil på sine eldre dagar. Han gjekk tilbake til statskyrkja og vart av ein del sett på som ein svikar.  «Brand» stod fast, men gjekk under.

Keiser og Galilæer” (1873) startar med ein lovsong i kyrkja medan folket ventar på den kristne keisar Konstanzios. Her ser me fyrsten Julian som møter med den heidenske visdomslæraren som kallar han «Galilæer».
Fyrst Julian: Hvorfor galilæer? Kva er mitt galilæermerke?
Visdomslæreren: Hoffkledningen.
 Fyrst Julian: Jeg er visdomsvenn[v] innenfor; ti jeg bærer en såre grov skjorte.»
Dermed er han heilgardert: Utanpå kristen, men inni heidning og gresk filosof. Etter mykje om og men endar Julian som keisar. Nidkjær for den greske filofosien og dei greske gudane,  forfylgjer han dei som trudde på Jesus, «Galilæeren».
Men i møtet med ein tidlegare ven, den kristne læraren Kyrillos, vert reaksjonen ein annen enn det keisaren venta:
(En delings soldater fører læreren Kyrillos mellem seg).
Keiser Julian: Ah. Min gode Kyrillos, - du er ikke fullt så kjepphøy som sist, ser jeg.
Læreren Kyrillos: Har du kanskje i et dyrs eller en fugls innvolle utfunnet hva jeg har å si deg?[1]
Keiser Julian: Nu, jeg tenker at jeg, uten varsler, tør tro du er kommet til fornuft, at du avstår fra dine villfarelser om Galilelæerens makt, og at du erkjenner både keiserens og våre guder for å være større enn han.
Læreren Kyrillos: Bill deg ikke slikt inn. Dine guder er maktesløse; og holder du fast ved disse stenbilder, som hverken kan se eller høre, så vil du snart være likeså maktesløs som de.
Keiser Julian: Kyrillos, - er dette hva du har å si?
Læreren Kyrillos: Nei, jeg kommer for å takke deg. Før skalv jeg for deg og dine pinsler. Men i kvalens stund vant jeg åndenes seier over det forkrenkelige. Ja, Keiser, da dine leiesvenne tenkte jeg hang i vånde under fengselstaket, - da lå jeg, salig som et barn, i min frelsers arme; og da mine bødler tyktes at de flengte strimler av mitt legeme, da strøk Herren med sin lindrende hånd over sårene, tok tornekronen bort og satte på meg livsens krone.
Derfor takker jeg deg; ti intet menneske har vist meg en så stor velgjerning som du.
Og på det skal du ikke tro jeg frykter deg herefter, så de – (han slår kappen til side, sønderriver sine sår og kaster stykker for keiserens føtter). –se, -se; -mett deg med mitt blod, som du tørster efter! Men om meg skal du vite at jeg metter meg av Kristus Jesus. (Skrik av forferdelse høres blant mengden).
Flere stemmer: Dette fører ulykke over oss alle.
Keiser Julian (som er veket tilbake): Hold den vanvittige, at han ikke forgriper seg på oss!
(Soldater omringer Kyrillos og sleper han …..)

 For å motbevisa Jesu profeti om Jerusalem, gjev keisaren ordre om å byggja opp att byen som hadde vorte øydelagt i år 70. Men idet soldatane har rudd ruinane og alt er klart til oppattbygginga, kjem jordskjelv og storm som spreier alt utover. I tillegg vert mange soldatar drepne.
Krigsøversten gjev keisaren rapport med desse orda: Ved deg ble det ord til fullendt sannhet: ikke sten på sten skal lates tilbake.
Menn og kvinner: Galilæeren har seiret over keiseren! Galilæeren er større enn Julian!
Julian vert rasande og lovar å laga «et skrift mot Galilæeren».  Innsjå realitetane, ville han ikkje.
 I siste akt møter me keisaren langt inne i det som er Irak – Iran i dag. Han har vorte hylla som ein gresk gud og trur han er usårleg. Etter falske råd gjev han ordre om å brenna flåten som både kunne sikra forsyningane og berga dei om striden vart for hard. Åndsforvirra og skremd av syner kastar han seg inn i siste slaget, men vert såra av ein lanse i sida.[vi] Julian sig saman med orda: «Du har seiret, Galilæer».  Omvender seg, gjer han ikkje.
Kanskje andre enn eg vil seia at dette skodespelet er nesten profetisk! Både den norske og den euro-amerikanske kulturen og politikken hadde ei meir eller mindre klår kristen forankring i utgangspunktet. I dag ser han ut til ikkje berre å vera på villspor.  Åndeleg sett vel ikkje folk bort berre Gud,  men gjer i tillegg sitt beste for å brenna den «flåten» som er berginga når alt anna slær feil: Erkjenninga av ei større og mektigare makt i denne verda enn me sjølve.
Som trollet i Asbjørnsen og Moe's «Norske folkeeventyr[vii]» ropte: "Tvi, tvi! Her lukter kristenmanns blod og bein i mitt hus», vert det i alle media ropt mot kristendom i lovane, i skulen, mot krossen i flagget og så vidare.  Eit juliansk syndrom, - ei sjukleg utvikling på same måte som den Ibsen viser oss i dramaet, om du vil...
Heng dette syndromet saman med «livsløgnen» Ibsen fokuserte på i «Villanden»?  Gjeld det berre «gjennemsnittsmenneske» som meg sjølv? Må eg ha ei livsløgn å klamrar meg til?
Eit eksempel på «det julianske syndrom» og på «livsløgnen», er utviklingslæra som vert dosert frå barnehagen og til høgaste universitetsnivå. Darwin hadde berre ei fingerbjørg kunnskap om livet samanlikna med det hav av kunnskap vår tid sit inne med. Naturen og universet viser ein intelligens og ein variasjonsrikdom langt ut over det noko menneskje kan produsera[viii]. Det er slett ikkje ein tilfeldig og ikkje viljestyrt prosess[ix]  eller noko «Big Bang».  Motstanden mot denne konklusjonen og måten folk reagerer på, er empiriske bevis på eit bakanforliggjande syndrom.

Til slutt ordet syndrom: Det vert brukt om sjukdomsformer som viser seg gjennom ytre tegn og utviklingsmønster. Gjennom observasjonar vert syndroma klassifisert og gjeve kriteria. I ein del tilfelle er årsaka kjent (t.d. genetisk) medan det i andre tilfelle ikkje har vore råd å finna årsaka.
«Det julianske syndrom» viser seg som ein fobi og eller motvilje til å erkjenna eller godta tanken på at det finst ein Gud har skapt alt og som veit alt betre enn oss menneskje. I utagerande tilfelle viser syndromet seg i målretta kamp for å fjerna alt som har med Gud og «Galilæeren» å gjera, eller motbevisa at det Gud har sagt er sant. I dag endå klårare enn i Ibsens samtid!

Vangsnes, august 2014.



Det er ulovleg å kopiera eller bruka noko av dette materialet 
uten skriftleg løyve frå forfattaren!


[1] Det var ein vanleg måte i romartida å spå framtida ved å studera innvollar av dyr og fuglar dei slakta.


[i] K. Mykland skriv ein artikkel ut frå dette i «Historisk Tidsskrift», https://tidsskrift.dk/index.php/historisktidsskrift/article/viewFile/33584/64896
[ii] «Qvantum satis» eller tilstrekkelig mengde. Forkortes q.s. Uttrykket brukes på resepter». Store medisinske leksikon, https://sml.snl.no/quantum_satis
[iii] «Deus caritatis», tyder «kjærleikens gud». Med andre ord: Til frelse gjeld ikkje god vilje eller kompromisslaus tru, uten Guds kjærleik åleine.
[iv] Bror til Henrik, Ole Paus Ibsen, gjekk lenger enn mora og søstra Hedvig. Han kom med i den meste radikale delen av Lammers-rørsla og tok «gjendåp».
[v] I samanhengen refererer uttrykket «visdomsvenn» seg til den som elskar den greske – og av dei kristne kalla heidenske visdommen.
[vi] Soldaten Agathon hadde kasta lansen med orda: «Romerlansen fra Golgata». Paralellen til lansen i Jesu side er klar.
[vii]  Biletet er henta frå «Norske folkeeventyr» («Dei tre kongsdøtrene i berget det blå»), Asbjørnsen og Moe.  Interessant og at Ibsen henta mykje av materialet i «Peer Gynt» frå P. Chr. Asbjørnsens: «Norske Huldreeventyr og Folkesagn». http://snl.no/Peer_Gynt  (Store norske leksikon).
[viii] Jamfor Salme 8, 2-10  og Salme 19, 1-7.
[ix] For meg er ikkje det at ein ikkje har funne «det manglande mellomleddet» mellom apeslekta og menneskeslekta,  problemet. Verda er stor. Men dersom 1 av 10 000 i tiende potens var det manglande mellomleddet forskarar har leitt etter i alle desse åra, burde me ikkje leva på ein søppelhaug av mislukka mutasjonar -1?  Kvifor finn med ikkje dei omkring oss over alt?