søndag 31. desember 2023

Så fort tida går!

Motiv frå Cornwall?
Det har du kanskje sagt, du og? 

Etter som me vert eldre, går tida fortare og fortare, endå dagane går i same takt som før. Klokka tel like mange timar, minutt og sekund som i  gamle dagar, enten ho tikkar godsleg eller berre glor dumt på meg frå kroken sin. Gauken, som kom ut av huset og Ko-Ko-a til meg, er daud for lenge sidan. Han vart sliten og skranta med åra. Han og. 

Kva med deg? Du er kanskje like ung og sprek som den gong då…? Det prøver eg å innbilla meg sjølv rett som det er.  Helst når ryggen ikkje klagar! (Desse hersens moderne sofaane vert lågare og tyngre å koma seg opp att or….)

Det er på merkedagar som jul og nyttår eg helst tenkjer at «Tida går». Resten av året puttar eg slike tankar ned i den sekken som heitte «Selektiv glemsel» då eg las «pyskologi». (i)

Årsskifte

Snart har 365 dagar sildra ned gjennom Vårherre sitt store timeglas. Når du les det eg no sit og skriv, er kanskje timeglaset snudd, og året har fått nytt nummer: 2024.

Det året har ein dag meir enn det som gjekk. «Skot-år» vert det kalla, men kven som skaut kva, kven eller når, veit ikkje eg. Nokon må det ha vore. Det høyrest i alle fall alvorleg ut. Men, takk og lov, for ein gongs skuld kan ingen klandra jødane for skytinga. Dei har sitt på det tørre med både ein annan kalendar og ein annan måte å dela året på. 

Litt Noreg i England
Største endringa for meg i 2023, er «Dagsrevyfasta» eg påla meg sjølv for nokre månader sidan. Det starta då eg merka at den negative Hamas- og palestinapropa-gandaen til NRK, gjorde meg deprimert.
Litt etter flytte eg for ei tid til Sogn der husfolket ser spansk TV. Deira «dagsrevy» var fylt av krangel i spansk politikk. Israel fekk mindre plass, og informasjonen var meir avbalansert enn i NRK . 

Denne jula er eg hjå ei av døtrene mine i England. Her og er nyheitene meir avbalanserte i mine øyre.  Viktigaste informasjonen får eg gjennom «Jerusalem Post», ILTV og andre som har nytt frå Israel på engelsk, veit du.

Vekk-kasta tid

Som du ser av bloggen, brukte eg dagsrevytida til å brodera ferdig små bilete barneborna mine hadde starta på. Yngstejenta mi, som er av det kreative slaget, fann på å laga nåleputar av broderia. Dermed vart det nåleputar på heile familien denne jula!

Eg leitar i bruktforretningar etter nye sybilete. I Cornwall fann eg eit fiskebåtbilete. Kanskje det vert Dagsrevy-erstatninga i 2024?

Den dagen åt me middag på «Norway Inn» i Perranarworthal. Eg hadde lese om puben som var ein samlingsstad for norske sjøfolk for nokre hundre år sidan. Dei kom med norsk tømmer som vart brukt til å stiva opp gangane i gruvene. I dag er både gruvene og sjømennene borte.

På eigedomen finst ein gammal, overgrodd ovn der dei i gamle dagar brende kalk. Der hadde dei eit «fuglebur» for flagermus. Kanskje det er ei norsk oppfinning som har gått i gløymeboka der heime?

Sirkus eller høgtid?

Jul i Wells...
I nærleiken av domkyrkja i Wells var reklame for «Julesirkus»! Eg tok bilete av plakaten og tenkte at dei trefte spikaren på hovudet! 

«Julesirkuset» i Noreg starta med «Jul i oktober» og slutta med NRK sitt juleprogram for born (som eg vart invitert til å sjå). Eit sirkus utan like, spør du meg!

Jul med åndeleg verdi

Exeter har ein imponerande katedral. Kvart år innbyr dei til julenattsgudsteneste med mykje fin musikk og gammal anglikansk liturgi.

Eg prøvde å rekna, og meinar me var mellom 4 og 500 menneskje på gudstenesta. Dei fleste deltok aktivt i liturgien både med song og bøn. Siste del av messa var nattverd. 2/3 gjekk til nattverd som vart servert med oblat og mange felleskalkar framme og bak i det veldige rommet. Tenarar stod i midtgangen. Stilt og verdig sende dei stolrekkje etter stolrekkje framover eller bakover til dei som serverte.  

Presten starta talen med å fortelja om ei julenatt han stod og song i Fødselskyrkja i Betlehem. Arafat var død litt før. Brått kom Mahmoud Abbas og palestinske soldatar inn og stilte seg opp framfor alle dørane. Situasjonen vart spent og truande heilt til i enkel damestemme tok opp ein enkel julesong. Då gav spenninga seg, og dei fekk gå roleg ut. Presten kommenterte ikkje hendinga noko vidare, men gjekk over til bodskapen både i songen og evangeliet.

Dette minte meg om første turen min til Jerusalem. Då vitja me ein gammal pastor i Aust-Jerusalem. Han er død no, men var før pastor i ei evangelisk kyrkje i Betlehem. Den kyrkja øydela palestinarane. Han måtte røma fordi han ikkje ville «gå deira ærend». I Jerusalem fekk han  og familien leva trygt takka være israelsk politi.

Forsamlinga i katedralen frå der me sat

 Til slutt ei helsing til deg og meg frå Salmane:

«Gud vere oss nådig og velsigne oss, Gud la sitt andlet lysa for oss! Sela.
3  Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag. 4  Folka skal prisa deg, Gud, alle folk skal prisa deg!
 5  Lat folkeslag gleda seg og jubla, for du dømmer folka med rettferd og leier folkeslaga på jorda. Sela 6  Folka skal prisa deg, Gud, alle folk skal prisa deg!
 7  Jorda har gjeve si grøde. Gud, vår Gud velsignar oss. 8  Gud skal velsigna oss! Heile jorda skal frykta han!»
(ii)

Ha eit velsigna år 2024!

----------

(i) Det var «pyskologi» me sa heime på Strilelandet då eg var liten. Eg var nokså stor før eg lærde at det heitte psykologi!
(ii) Sal 67:2-8. Frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

----------------- 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 24. desember 2023

Fred på jord?

Me som er så gamle at me lærde bibelsoge på skulen, hugsar at englane song «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneske». (Luk 2;14) Men kvar vart det av den freden dei song om? 

Slik likar me å pynta heimane våre i jula...

Når du og eg ser ut over verda no, er det krig og terror på alle kontinent. Der er krig mellom statar som Ukraina – Russland, og krig mellom statar og terroristar som Israel – Hamas. Opprørarar drep og øydelegg folk i sine eigne land, slik me ser i Congo og andre stader i Afrika. Og så vidare.

Krigsindustrien, som produserer våpen både til angrep og forsvar, arbeider under høgtrykk for å skaffa alt det som alle vil ha. Her heime er det snakk om  minka oljeproduksjonen for klimaet sin del, men auka våpenproduksjonen for «freden» sin del. Forsvaret er på etterskot både med fly og våpensystem, stod det i avisa. Me må «rusta opp» for å sikra oss mot krig!

Drøym om fred!

Då eg var liten, fortalde far at før andre verdskrigen snakka folk om at me ikkje trong noko forsvar. Første verdenskrigen var over, nasjonane hadde teke til å snakka saman (i), og det var nok å «planta norske flagg» langs grensa. Alle var krigstrøytte og lengta etter fred, - varig fred. Men det dei drøymde om og spådde, var løgn.

Det minner om Esekiels ord: «Synene deira var fåfengd, og spådomane deira lygn, dei som seier: Så seier Herren! – endå Herren ikkje har sendt dei. Og så vonar dei at orda deira skal verta stadfeste.» (Esek 13;6). 

Den gongen Esekiel levde, var det «profetar» som lova fred i Guds navn, men alt var løgn og bedrag. Det same gjeld dei store orda om Folkeforbundet / FN som garantist for fred på jord. Trass krig og vald verda over, teier FN still eller kjem med «resolusjonar» som ikkje er verd papiret dei vert skrivne på. Unnantaket er Israel - «hakkekyllingen» - som dei aldri gjev fred.  

Fredstankar

Jeremias, ein av dei store profetane, skreiv: «For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von». (Jer 29;11). Slik viser han oss Guds plan for denne jorda, og den freden englane song om på Betlehemsmarkene.

Då patriarken Jakob låg for døden, profeterte han om eit «kongespir for Juda» og ein «Fredsfyrste» som skulle koma. Profeten Jesajas peikar ut Fredsfyrsten for oss: 

Me minnest det som hende; - også englesosngen
«For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans skulder, og han skal kallast med namnet Under, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste». (Jes 9;6).

Lukas, han som skreiv juleevangeliet, minner om denne profetien (Luk.1.30-33). Han seier det er Jesus dei profeterte om.

Korleis kan det gå an?

Israel har ikkje hatt nokon konge på to tusen år, og den siste kongen var romersk. Jesus døydde på Golgata i år 33 (ii), korleis kan han då vera konge?  Det kan likevel ikkje vera tvil om at Lukas og dei andre meinte at det vesle barnet i krubba julenatta var den venta Messias, Davids rotskot, Fredsfyrsten og den lova kongen på Davids truna.

Svaret ligg i Gud sjølv som eksisterer utanfor tid og rom. Ein dag for han er som tusen år for oss. (2. Pet 3;8). Hans Ord og lovnader står fast sjølv om tidene endrar seg og generasjonane skifter. Medan me tolkar alt ut frå vår tid og den situasjonen me er ein del av, er han til stades i notid, fortid og framtid, - alt på ein gong.

Guds plan og vilje for og med oss menneske, er det englane song om, trass i at her på jorda herjar Guds og vår fiende, Djevelen. Jesus kalla han «Tjuven» (iii) som gjer alt han kan for å drepa og øydeleggja.
Han er den som står bak angrepa på Israel. Kan Israel slettast frå kartet (slik som Hamas og arabarstatane vil), vert ikkje profetorda oppfylt. Då er Bibelen ei løgn-bok!

Detalj frå menoraen ved Knesset.

Den krigen djevelen fører, skal vara heilt fram til Antikrist si tid er over. Då kjem Messias med sine hærar og tek herredømet på jorda. Då først kjem det fredsriket som er kalla «Tusenårsriket». Då først vert Messias, Davids rotskot, synleg konge på denne jorda, og Jerusalem vert sentrum for heile verda.
Som Gud er evig, er hans Ord evig. Alt vert oppfylt i si tid. Enten me er jødar eller ikkje, kan me takka Gud for englesongen og alle dei andre lovnadane han har gjeve oss i sitt Ord. Ein gong vil englesongen få si fulle oppfylling. Om det er krig i verda no, kan me som trur, sjå framover, - først mot eit tusenårig fredsrike her på jorda, og så ei ny verd utan krig, sjukdom og tårer.

Hjartefred

Paulus skreiv: «Trøysta kvarandre med desse orda». Paulus skreiv dette og minna lesarane om at «Jesus kjem snart

Men me kan oppleva Guds fred no, om me ber om tilgjeving for syndene våre og ber Han frelsa oss. Han, Fredsfyrsten, vil då ta hand om våre urolege hjarte, og vår redsle for framtida.

Staten Israel er eit bevis på at Guds Ord er sant. Me som har teke i mot hans nåde og frelse, kan vitna om det same, endå me kan vera både redde og triste mange gonger. Og alle som trur Guds Ord og let Jesus vera Herre i livet, har barneretten og kan be frimodig: «Far vår, du som er i himmelen…

Det Gud seier og lovar, er ein realitet, uansett om det ligg langt inne i framtida. 

«Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneske», er derfor mi helsing i dag.

Må Guds fred og signing vera både i deg og hjå deg i jula og i året som kjem!

------------------
(i) Det var samtalane som seinare resulterte i FN.
(ii) Dette årstalet er usikkert. Ofte vert det snakka om ein feilmargin på rundt 4 år,  jamført med kong Herodes sin død.
(iii) Joh. 10;10.
---------------

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

søndag 17. desember 2023

«Fordømmende nasjoner»

Dette er overskrifta på leiarartikkelen til Arthur Berg 18.12.75. (i)  Han skriv:

«FN har vedtatt en fordømmelses-resolusjon mot Israel. Denne gang beskylder man staten Israel for en serie brudd på folkeretten. Resolusjonen ble vedtatt med 87 mot 7 stemmer. Både resolusjonens innhold og stemmetallene viser at FN for alvor biter hodet av all skam.
----
Mot 7 stemmer har de Fordømmende Nasjoner (FN) vedtatt at Israel bryter folkeretten. Blant flertallet befinner seg nok de kommunistiske statene, f. eks. Russland. Men kommuniststatene retter seg jo selv slett ikke etter folkeretten. Hvis Russland skulle slippe ut alle fanger som sitter i fengsel i strid med folkeretten, ville landet få alvorlige problemer.

Og hvis levende og døde jøders vitnesbyrd om lidelser, trakasseringer og forfølgelser mot jøder i arabiske land i de senere år, kunne publiseres, ville selv FN kanskje ha fått vansker med å godta denne tåpelige resolusjonen. For det er tåpelig den er.»

Dette vart altså skrive for nokså nøyaktig 48 år sidan. Det kunne vore skrive i dag. No har nemleg «Fordømmende Nasjoners generalsekretær» teke i bruk Artikkel 99 for å tvinga Israel til å stansa krigen mot Hamas. Israels utanriksminister, Eli Cohen, seier at Antonio Guterres sine handlingar støttar Hamas, og at han på denne måten godtek terroristane sine drap, bortføring av born og valdtekt av kvinner.

Israel sin ambassadør til FN, Gilad Erdan, seier at FN treng ein generalsekretær som støttar krig mot terroristar, og ikkje ein som handlar i samsvar med den rollen som Hamas har tildelt han. (ii) Same ambassadøren har sagt at Guterres burde gå av på grunn av si tydelege anti-Israel-haldning.

Ein organisasjon uten etikk?

Faksimile frå den omtalte artikkelen
På dei 50 åra sidan denne artikkelen vart skriven, har Berg si treffande skildring av FN vorte godt bevist. Eg tenkjer då på utallege anti-israelske resolusjonar, og alt press som er lagt på dette einaste demokratiet i Midtausten. Brot på folkeretten i Russland, Iran, Nord-Korea o.s.v., vert stadig neglisjert eller stillteiande godteke. Gjeld ikkje «likskap for loven» i FN?

For FN gjeld tydelegvis ikkje vedtaka dei arva frå San Remo-konferansen, eller retten til å forsvara seg mot terror som den Israel opplevde 07.10.23.

«Israels lange kamp med FN»

Dette er overskrifta på side 9 i «Et ord frå Jerusalem», nr. 11/23 frå den Internasjonale Kristne Ambassade, Åsgårdstrand. Artikkelen byggjer på ei bok Torkil Åmland har skrive om tilhøvet mellom Israel og FN gjennom tidene. 

Det grovaste dømet på FN sine misgrep mot jødane, er truleg det som hende etter Yom Kippurkrigen i 1973. Då vedtok FN at «Sionisme er rasisme». Vedtaket var resultat av eit forslag frå Idi Amin, støtta av Fidel Castro og Mohamed Gadafi! Ein fin bukett av statsleiarar, synest ikkje du det og? Desse brutale diktatorane fekk FN med på å fordømma jødane og deira arbeid for å ha sin eigen stat! Dette vedtaket vart oppheva i 1991, står det i artikkelen, men likevel har generalforsamlinga framleis vore sterkt anti-israelsk.

På same måte som Idi Amin, Fidel Castro og Mohamed Gadaffi den gongen, får no Hamas FN si generalforsamling å fylgja sine politiske ynskje.

«Skal Israel ut or SN?» (iii)

Faksimile frå artikkelen
«Utanriksministrar frå 40 arabarland krev no at Israel skal støytast ut or SN. Framlegget er ei blank fornærming av verdsorganisasjonen som for få år sidan skipa og garanterte Israel. Likevel er det ikkje umogeleg at framlegget kjem opp i SN. Og det verste er at ein ikkje kan kjenna seg viss på at det vert nedrøysta heller. Ei forsamling som klappa og jubla ein væpna terroristleiar velkomen til seg, kan finne på å bita hovudet av all skam ein gong til.

Det er ikkje mange åri sidan SN gjorde vedtaket om å skipa staten Israel, og garantere statens eksistens. Men seinare har SN stort sett gløymt både vedtaket, garantiane og si eiga ære. Og det same har store delar av heimsens ny-radikaliserte papegøyar gjort». (iv)

Når melder Israel seg ut av FN?

Min kontakt i Israel har fleire gonger stilt spørsmålet om det ikkje snart er på tide å gå ut av FN. Kanskje Guterres sitt utspel no gjer at Israel seier «Nok er nok!» 

Kva vil eit slikt brot få å seia? For FN ingen ting. Dei vil nok framleis lata seg leia - slik dei gjorde då Idi Amin, Fidelo Castro og Muhamed Gadaffi arbeidde for å skada jødane.

"Sjå på liljene på marka...."
 

Men vil Israel få det betre?

Dette er hovudspørsmålet både menneskeleg og bibelsk. At Gud ein gong skal dømma nasjonane, veit me ut frå Bibelen. Derom er det ingen tvil. 

Kanskje Guds helsing til Israel anno 2023 er den same som då syrarkongen Sankerib angreip Juda? Då vart det sagt: 

«Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og ottast ikkje kongen i Assyria og heile den hæren han har med seg! For det er ein større med oss enn med han. 8 Med han er ein arm av kjøt, men med oss er Herren vår Gud. Han skal hjelpa oss og føra krigane våre.» (2.Krøn 32;7-8.) (v)

Me kan lesa om korleis det gjekk den gongen, - og kvifor det gjekk som det gjekk. Kvifor skulle ikkje det same kunna skje i dag om Israel vender seg til Gud og ber om hans hjelp mot sine fiendar?

----------
(i) Eg refererer framleis frå boka «Med Israel i kamp for fred».
(ii) «The UN needs a Secretary-General who supports the war on terror and not a Secretary-General who acts according to the script written by Hamas». (Sitat frå Jerusalem Post på internett,  07.12.23).
(iii) Dette er tittelen på leiarartikkelen til Arthur Berg 19.07.75. Denne er skrive på nynorsk, og SN er forkortinga av Sameinte Nasjonar (SN), eit namn som me sjelden høyrer i dag.
(iv) Terroristen han sikta til, var nok Yasir Arafat som fekk tala til FN si generalforsamling. Om dette skriv NRK (https://www.nrk.no/urix/arafat-i-midtostens-historie-1.585068)
:   1974:  Arafat taler i FN «med en olivengren og en frihetskjempers våpen». Han ber at verdenssamfunnet ikkje må tvinge han til å la fredssymbolet olivengren falle».
(v) Bibelsitatet er frå Norsk  Bibel, nynorsk utgåve.

---------------

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

søndag 10. desember 2023

La Israel leve

Solnedgang over Middelhavet
Dette var overskrifta på Arthur Berg sin leiarartikkel 31.10.73. Yom Kippur-krigen som starta 6. oktober 1973, var over etter 19 dagars krig mot egyptiske, syriske og andre arabiske lands soldatar. Den gongen inntok Israel Gazastripa og Sinai, den såkalla Vestbredden og Golanhøgdene. Det var ein siger som vitnar meir om Guds støtte til Israel, enn Israels forsvarsevne. Men straks krigen var over, prøvde Israels «venner» (i) å pressa landet til å gjeva frå seg dei områda dei hadde teke. Då var det Berg skreiv dette:

«Det gikk som vi trodde det skulle gå: Da Israel fikk overtaket på slag-markene, grep stormaktene og FN inn for å stanse krigen. Nå skal forhandlinger og stormaktspress oppnå det som de arabiske våpen ikkje oppnådde. Nå skal Israel presses til å gi tilbake det landet de vant i denne krigen og det meste av det de erobret i 6-dagers-krigen. På Israels side står bare USA igjen. Men USA er tappet for kraft og kan bli tvunget til å svikte. Man vil atter tvinge Israel tilbake til grenser som det er nesten umulig å forsvare. Og man vil avspise dem med «garantier». Derfor har Israel nå bare ett å gjøre og det er å stå der de står, til arabere, russere og amerikanerene går med på anstendige freds-vilkår for Israel»
.

Etter 50 år, status quo

Me er midt oppe i ein ny krig, ikkje mot arabiske statar, men mot valdsmenn som brukar born og andre sivile som skjold. Arabarlanda har late terror-organisasjonar som Hamas byggja opp enorme våpenarsenal og gøyma seg i og under sjukehus, skular og andre institusjonar på Gaza og den såkalla Vestbredden.

Kvar er «garantiane» Israel har fått gjennom alle desse åra? Dei er ikkje-eksisterande som alltid!
USA ser ut til å halta til bege sider. Vår regjering ser på seg sjølv som framtidig «fredsmeklar», - godt
plassert mellom Israels fiendar. 

Eg les i avisene at utanriksmininsteren vår samanliknar Israel med Russland, - som angripande part i krigen. Putin gjekk inn i eit land som levde i fred, for å innta det. Israel prøver å forsvara seg mot terroristar som drap sivile i deira land. Hamas gjekk til angrep og drap, valdtok og tok med seg så mange dei greidde tilbake til Gaza, og det er noko heilt anna!  Er utanriksministeren blind?

Gislane vart fordelte og gøymde både under og over jorda. ILTV fortel at ein lærar lønna av UNRWA, hadde ansvar for i alle fall ein jøde. Det same hadde ein dokter ved eit av sjukehusa, noko som beviser at dei er med i Hamas.

Negev blomstrar der jødane får fred til å arbeida!
Ein «Dagsrevy-test»

Etter ein og ein halv månad med Dagsrevy-faste, såg eg 02.12 dagsrevyen for første gong. Var der teikn på at statskanalen gjev eit reelt bilete av det som skjer? Som venta, dessverre. Alt var som før. NRK viste villig terroristane sine velredigerte videoar der høflege overgrepsmenn overleverte israelske born og kvinner til Raude kross-personalet. Fangane fekk til og med vassflasker med på vegen, såg me. Alt redigert for at me skal tenkja: «Sjå kor snille terroristane er!»

No hadde eg sett dei same bileta på ILTV opp til fleire gonger, i ILTV sine program.  Repostasjen er frå Hamas sitt propagandaopplegg, og har som mål å gjeva verda eit falskt bilete av kven dei er.

Betre var det ikkje då NRK sin midtaustenkorrespondent viste og forklarde om ein bestefar som hadde fått to barneborn drepne. Sjølvsagt fekk Israel skulda. I god Hamas-stil og -regi, fekk me nærbilete av borna både levande og døde. Alt dette er bevisst gjort for å påverka sjåarane og få dei til å tru løga framfor sanninga. Ikkje eit einaste bevis på at dei verkeleg var omkomne under eit israelsk angrep, eller om dei hadde opphalde seg i eit av dei områda Israel har sagt folket måtte røma frå. Innlegget vart dessuten tilrettelagt og forklart av NRK sin reporteer som «er ein av dei». (ii)

Eg er av dei som ser på dette som ein religionskrig meir enn ei territorial konflikt. Bakgrunnen er ein kombinasjon av jødehat, enten me kallar det antisemittisme, anti-israelisme, anti-sionisme eller noko anna, i tillegg til muslimsk intoleranse.


Utsyn over Jerusalem frå Scopus-høgda.

Eit bevis på dette er utsagnet: «Først skal me ta laurdagsfolket (= jødane), og så søndagsfolket (= dei kristne)».  Terrorist-ane, både religiøse og territoriale, har som mål å leggja verda under seg, det veit me.  

Framleis «Dagsrevy-faste» for meg

Ved sida av den faste lesinga av Jerusalem Post og anna engelsk informasjon på nettet, er det frå ILTV eg får min daglege Israels-dose.(iii)  Stundom går eg vidare på Youtube til både arabiske, amerikanske og andre engelsk-språklege kanalar. 

Det er som med sunn og usunn mat. På same måten som me må ta varte på kroppen vår, skal me og ta vare på sjela. Og der – i alle fall slik eg ser det, høyrer Dagsrevyen og deira reportarar til i «fy-kategorien». Dei serverer mykje helseskadeleg «mat» for oss mediakonsumentar!

Kva om eg var jøde?

Har du lese blogginnegga mine, veit du at eg ikkje er jøde. Eg har heller ingen kontakt med jødar i mitt daglege liv. (iv)  Men hadde eg vore jøde, hadde eg rømt til Israel! Der finst i alle fall militære og politi som gjer sitt beste for å forsvara innbyggjarane sine. 

Jerusalem frå Scopus ei roleg vårnatt.

Eg tenkjer på korleis jødehatet bygde seg opp før 1940. Det same skjer rundt oss i dag med NRK, FN, «Leger utan grenser» og andre si trufaste hjelp.

Jødane på slutten av 30-talet i Noreg sa at «Dette vil gå over», og at norsk politi og militære ville forsvara dei om noko alvorleg skulle skje. Men norsk politi og militære var berre lytige tenararar for dei som styrde landet. Dei samla jødane så godt dei kunne for å senda dei til Tyskland og Polen! 

Eg er redd det same vil skje på nytt med den utviklinga me ser i dag i Noreg og Europa. Ja, i heile verda for den del.

Ein av dei messianske jødane eg har hatt gleda av å høyra, er Eliahu Ben-Haim. Ut frå sin veldige kunnskap frå Bibelen, både GT og NT, arbeidde han av alle krefter for «alyiah». (v) Han snakka og skreiv om jødane i Tyskland som ikkje ville forlata landet  trass i alle signal dei fekk under fram-voksteren av nazismen. Det kom sionistar til Tyskland og bad jødane reisa, men dei ville ikkje. Dei hadde arbeidet sitt og eigedomane sin som dei var knytte til! Slik eg hugsar det, sa Eliahu Ben-Haim: «Det var dei som kasta stein på sionistane som bad dei røma med dei kunne, for dei ville bli verande! Og det fekk dei, - som oske».

Kva framtid har jødar i eit Noreg med sterkt aukande antisemittisme, med ei regjering som er tydeleg anti-Israel og som til og med nektar kongen å kondolera jødane etter 07.10.23? (vi) Slik eg ser det, - inga….

Gjer «aliyah» no, - med de kan!   

-------------                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                         
(i) Etter Barth-Eide sitt utsagn, er Noreg eit «vennleg» land på linje med dei arabiske landa, Russland, Venesuela, Kina, Sør-Afrika og alle dei andre som stemde for resulosjonen som nekta Israels rett til sjølvforsvar.
(ii) Eg tenkjer relgiøst sett. Som muslim, og religonen er ein viktig del av denne konflikten, er det logisk at han støttar og arbeider for «sine». Men kvifor skal han få driva anti-israelsk og pro-Hamas-propaganda betalt av mine skattepengar?
(iii) Med unnantak av laurdag og søndag, har dei faste nyheiter frå Israel på engelsk og spansk.
(iv) Min kontakt med jødar er mest frå nokre turar til Israel, og så høve eg har hatt til å vitja dei jødiske senter i Exeter og Trondheim. Eg har endå ikkje hatt gleda av å få vitja det mosaiske samfunnet og synnagogen i Oslo.
(v) Ordet betyr «å stiga opp», og vert brukt for jødar som vender heim til Israel.
(vi) Kongen sin stilling skal vera upolitisk og «for heile folket», uansett kva politisk parti som regjerer. I dette tilfellet hindra regjeringa kongen i å kondolerta Israel etter terroren 07.10.23! Dermed vart kongen ein representant for dei anti-israelske kreftene i Noreg, og ikkje for meg og alle Israelsvenene som bur i dette landet!

-------

Det er forbudt å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 3. desember 2023

Med Israel i kamp for fred

Eg nemnde boka «Med Israel i kamp for fred» i innlegget mitt sist. Det er ei bok som Lunde Forlag og Bokhandel A/S gav ut i 1979. Steinar Hunnestad samla stoffet og tok initiativet til å få det i bokform. Carl Fr. Wisløff skreiv føreordet. Innhaldet er leiarartiklar i «Dagen» frå 1967 til 1979, samt ein lengre artikkel han skreiv om Israelsprofetiane i GT og NT.

Kven var Arthur Berg?

Framsida av boka er siterer frå
Han var fødd i Vestfold i 1916, og døydde i Bergen i 1998. Han studerte først filologi, og var kjend som ein markert nynorskmann, men han brukar både bokmål og nynorsk i denne boka. 

Frå filologi gjekk han over til teologi ved Menighetsfakultetet, men braut og starta på befalskulen der han var ferdig dagen før krigen braut ut i 1940. I 1942 samarbeidde han med Per Faye Hansen og Hans Chr. Mamen og fekk 25 norske jødar over til Sverige. Dit måtte han sjølv rømma i 1943. Han vart feltprest for dei norske politistyrkane der borte. Seinare, etter kongeleg resolusjon i den norske regjeringa i London, vart han kombinert feltprest og stridande offiser under felttoget i Finnmark 1944-45.

Saman med Carl Fr. Wisløff og Thoralf Gilbrant starta han omsetjing av Bibelen til moderne norsk etter skriftprinsippet. (i) Det resulterte i «Norsk Bibel» som kom med første utgåva (bokmål) i 1988. Nynorskutgåva, som eg brukar i bloggen min, kom i 1994.

Leiarartikkelen frå 10.12.74 har som tittel: «Israel som Guds folk». Han skriv om endringar i synet på jødane og Israel, og skriv:

«Når situasjonen er så meget betre i Norge enn i det fleste andre europeiske land (bortsett fra Holland) kommer det blant annet av at så mange av stortingsrepresentantene har tatt uttrykkelig avstand fra hetsen og har våget å tale Israels sak. Uten det initiativet som «Israels venner» på Stortinget har tatt, ville det avgjort ha sett meget verre ut enn det gjør.

Men ellers er det i kristenfolket (og en meget stor del av «den gamle arbeiderbevegelsen») Israel har hatt sine beste venner og sin beste støtte». (s.85.) (ii)

Slik ser Gerhardsens skrift ut
Sosialistisk anti-israelisme  (iii)

Eg har lært eit nytt ord: Israelisme. Ordet vart brukt som eit «fy-ord», vinkla opp mot den «ugjerninga» det er å støtta Israel no for tida. Eg hugsar ikkje nøyaktig samanhengen det vart sagt i, men eg koplar det til spørsmålet om kongen kunne skriva til Israel og uttrykkja si medkjensle med jødane etter 07.10.23! Det passa seg ikkje! Dersom Kongen uttrykte si medkjensle, kunne det verta oppfatta som israelisme!


Kanskje det då kan vera på tide å bla litt bakover i soga?

Mellom Israelstoffet mitt er ein brosjyre skrive av Einar Gerhardsen: «Inntrykk frå en reise i Israel» (iv). Her er nokre sitat frå hans penn.

Om den gongen då Noreg var eit føregangsland i Europa: «Jeg er både glad og stolt over at det kom til å falle seg slik at jeg ble den første statsminister fra et europeisk land som har avlagt et offisielt besøk i Israel». (s. 3).

Bilete frå boka
Om folket Gerhardsen møtte: «De vi møtte i det frie Israel, var høyreiste, fribårne og selvbevisste mennesker – neppe sorgløse, mange av dem bar preg av lidelser de hadde bak seg, og de var seg bevisst at dagene de hadde foran seg, ville møte dem med mange vanskeligheter og store oppgaver, men de hadde mot og vilje til å gå på oppgavene og til å sette noe inn på å få dem løst». (s. 3)

Bilet frå boka
Kong Haakons skog: «Vi avla et lite besøk i Kong Haakons skog, som ligger et lite stykke utenfor Jerusalem. Et stort dalsøkk er nå dekket av nåletrær. Jeg tror det var om lag 100 000 trær… Det var faktisk allerede blitt litt av en skog som var vokst opp og bar navnet Kong Haakons skog» (s.10-11).

 Om Israel og landa omkring: «La meg til slutt få si et par ord om forholdet mellom araberstatene og Israel. Det er fortsatt et spent og vel nærmest et fiendtlig forhold. Araberstatenes isolering og boikott av Israel fortsetter. Ben-Gurion sa om dette forholdet: «Vi i Israel har ikke noe høyere ønske enn å få konflikten med araberstatene løst og å komme i et vennskapelig forhold til våre nabostater. Men det vil ta tid og vi må være tålmodige. Men med tiden vil det nok ordne seg».

Jeg vil si det er synd for begge parter at det skal være slik. Israel vil kunne sette mer inn i fredens byggende arbeid om det kjente seg sikkert i forholdet til sine naboer. Jeg vil tro at araberstatene, hver enkelt av dem som er nabostat til Israel, vil kunne ha meget stor nytte av et vennskapelig samarbeid med Israel. Vi (v) skal naturligvis også prøve å forstå araberstatene, men det ville vel være godt om de òg gjør seg fortrolig med at her er ingen vei tilbake. Israel vil bestå som en selvstendig stat og som jødenes land». (s.14).

Ben-Gurion takka for invitasjon til Noreg: «Jeg håper at han kan komme, og at han helst kommer hit en lys sommer. … Vi har bare en mening om hva han har betydd for sitt land og sitt folk. Han har en gang skrevet eller sagt: «Den som ikke tror på mirakler, er ingen realist.» Og det gjøres mirakler i dagens Israel av mennesker som er lutret gjennom årelange lidelser og som nå fritt kan utfolde det de har av skapende fantasi og evne ved oppbyggingen av et fredens og frihetens land.» (s. 16)

Og: «Da vi reiste derfra, hadde vi en følelse av at vi tok farvel med gode venner.» (s.4).

Fasksimile frå "Norge i dag"
Kontrasten til Aps tidligere Israel-støtte er blitt veldig stor.

Dette var overskrifta på side 17 i «Norge i dag» 24.11.23. Stykket og biletet viser til at Ap-veteranen Jan Thorsen har forlate Arbeidarpartiet (Ap) på grunn av den dreiinga dei har gjort frå å vera positivt og Israel-vennleg parti, - det som Einar Gerhardsen representerte, til den negative og Israel-fiendtlege partiet me møter både i Ap og LO i dag. 

Kanskje det er på tide at kristne i Arbeidarpartiet (og for den del i andre sosialistiske parti), stiller seg spørsmålet: Quo vadis ?

-----------------
(i ) Dette vert og kalla «ord-for-ord-prinsippet» eller konkordant bibelomsetjing.
(ii) Understrekinga har eg gjort.
(iii) Som alltid når eg møter noko nytt og interessant, prøver eg å finne noko meir. Og, sjølvsagt, på internett  fann eg det eg leita etter. Ordet er ei avleiing av det engelske ordet  «israelism».Vil du vita meir, sjekk Israelism (2023) - IMDb
(iv) Brosjyren er utgjeven av «Foreningen Norge – Israel», utan årstal og utgjevingsstad. Men brosjyren vart til etter at Gerhardsen hadde hatt eit kåseri i «Foreningen Norge – Israel» i desember 1961- Han vart då oppfordra til å presentera stoffet skriftleg. Det gjev grunn til å tru at brosjyren vart utgjeven i 1962.
(v) Med dette «Vi» meinar han vel landet vårt og den regjeringa som han representerte?

--------- 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.