søndag 24. desember 2023

Fred på jord?

Me som er så gamle at me lærde bibelsoge på skulen, hugsar at englane song «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneske». (Luk 2;14) Men kvar vart det av den freden dei song om? 

Slik likar me å pynta heimane våre i jula...

Når du og eg ser ut over verda no, er det krig og terror på alle kontinent. Der er krig mellom statar som Ukraina – Russland, og krig mellom statar og terroristar som Israel – Hamas. Opprørarar drep og øydelegg folk i sine eigne land, slik me ser i Congo og andre stader i Afrika. Og så vidare.

Krigsindustrien, som produserer våpen både til angrep og forsvar, arbeider under høgtrykk for å skaffa alt det som alle vil ha. Her heime er det snakk om  minka oljeproduksjonen for klimaet sin del, men auka våpenproduksjonen for «freden» sin del. Forsvaret er på etterskot både med fly og våpensystem, stod det i avisa. Me må «rusta opp» for å sikra oss mot krig!

Drøym om fred!

Då eg var liten, fortalde far at før andre verdskrigen snakka folk om at me ikkje trong noko forsvar. Første verdenskrigen var over, nasjonane hadde teke til å snakka saman (i), og det var nok å «planta norske flagg» langs grensa. Alle var krigstrøytte og lengta etter fred, - varig fred. Men det dei drøymde om og spådde, var løgn.

Det minner om Esekiels ord: «Synene deira var fåfengd, og spådomane deira lygn, dei som seier: Så seier Herren! – endå Herren ikkje har sendt dei. Og så vonar dei at orda deira skal verta stadfeste.» (Esek 13;6). 

Den gongen Esekiel levde, var det «profetar» som lova fred i Guds navn, men alt var løgn og bedrag. Det same gjeld dei store orda om Folkeforbundet / FN som garantist for fred på jord. Trass krig og vald verda over, teier FN still eller kjem med «resolusjonar» som ikkje er verd papiret dei vert skrivne på. Unnantaket er Israel - «hakkekyllingen» - som dei aldri gjev fred.  

Fredstankar

Jeremias, ein av dei store profetane, skreiv: «For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von». (Jer 29;11). Slik viser han oss Guds plan for denne jorda, og den freden englane song om på Betlehemsmarkene.

Då patriarken Jakob låg for døden, profeterte han om eit «kongespir for Juda» og ein «Fredsfyrste» som skulle koma. Profeten Jesajas peikar ut Fredsfyrsten for oss: 

Me minnest det som hende; - også englesosngen
«For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans skulder, og han skal kallast med namnet Under, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste». (Jes 9;6).

Lukas, han som skreiv juleevangeliet, minner om denne profetien (Luk.1.30-33). Han seier det er Jesus dei profeterte om.

Korleis kan det gå an?

Israel har ikkje hatt nokon konge på to tusen år, og den siste kongen var romersk. Jesus døydde på Golgata i år 33 (ii), korleis kan han då vera konge?  Det kan likevel ikkje vera tvil om at Lukas og dei andre meinte at det vesle barnet i krubba julenatta var den venta Messias, Davids rotskot, Fredsfyrsten og den lova kongen på Davids truna.

Svaret ligg i Gud sjølv som eksisterer utanfor tid og rom. Ein dag for han er som tusen år for oss. (2. Pet 3;8). Hans Ord og lovnader står fast sjølv om tidene endrar seg og generasjonane skifter. Medan me tolkar alt ut frå vår tid og den situasjonen me er ein del av, er han til stades i notid, fortid og framtid, - alt på ein gong.

Guds plan og vilje for og med oss menneske, er det englane song om, trass i at her på jorda herjar Guds og vår fiende, Djevelen. Jesus kalla han «Tjuven» (iii) som gjer alt han kan for å drepa og øydeleggja.
Han er den som står bak angrepa på Israel. Kan Israel slettast frå kartet (slik som Hamas og arabarstatane vil), vert ikkje profetorda oppfylt. Då er Bibelen ei løgn-bok!

Detalj frå menoraen ved Knesset.

Den krigen djevelen fører, skal vara heilt fram til Antikrist si tid er over. Då kjem Messias med sine hærar og tek herredømet på jorda. Då først kjem det fredsriket som er kalla «Tusenårsriket». Då først vert Messias, Davids rotskot, synleg konge på denne jorda, og Jerusalem vert sentrum for heile verda.
Som Gud er evig, er hans Ord evig. Alt vert oppfylt i si tid. Enten me er jødar eller ikkje, kan me takka Gud for englesongen og alle dei andre lovnadane han har gjeve oss i sitt Ord. Ein gong vil englesongen få si fulle oppfylling. Om det er krig i verda no, kan me som trur, sjå framover, - først mot eit tusenårig fredsrike her på jorda, og så ei ny verd utan krig, sjukdom og tårer.

Hjartefred

Paulus skreiv: «Trøysta kvarandre med desse orda». Paulus skreiv dette og minna lesarane om at «Jesus kjem snart

Men me kan oppleva Guds fred no, om me ber om tilgjeving for syndene våre og ber Han frelsa oss. Han, Fredsfyrsten, vil då ta hand om våre urolege hjarte, og vår redsle for framtida.

Staten Israel er eit bevis på at Guds Ord er sant. Me som har teke i mot hans nåde og frelse, kan vitna om det same, endå me kan vera både redde og triste mange gonger. Og alle som trur Guds Ord og let Jesus vera Herre i livet, har barneretten og kan be frimodig: «Far vår, du som er i himmelen…

Det Gud seier og lovar, er ein realitet, uansett om det ligg langt inne i framtida. 

«Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneske», er derfor mi helsing i dag.

Må Guds fred og signing vera både i deg og hjå deg i jula og i året som kjem!

------------------
(i) Det var samtalane som seinare resulterte i FN.
(ii) Dette årstalet er usikkert. Ofte vert det snakka om ein feilmargin på rundt 4 år,  jamført med kong Herodes sin død.
(iii) Joh. 10;10.
---------------

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar