mandag 1. november 2021

Perfekt mål og vekt.

Meteren vart laga i Paris 22. juni 1799. Då vart ein gamal draum oppfylt: Å skapa ein sams målestokk for heile verda. Som utgangspunkt for eininga «1 meter», brukte dei jorda som utgangspunkt:

«Lengda på den nye målestokken var rekna som ein ti-milliontedel av jorda sin sirkel frå nordpolen til ekvator. Meteren hadde med andre ord vokse ut av sjølve den uforanderlige jorda og realiserte dermed den moderne verda sin draum om ei evig og måleeiningar som fanst». (Omsett frå svensk her).[i]

Viktige instrument for den som vil byggja...

No var dette berre halve sanninga. Den franske nasjonalforsamlinga hadde i 1791 godteke eit forslag frå det franske vitskapsakademiet om å skapa eininga «1. meter» ut frå dei krava som er nemnt over. I 1799 laga dei så den første prototypen i platina. Likevel var det først i 1889 at den første internasjonale prototypen vart laga, og då i ei legering av platina og iridium.

20. mai 1875 kom «Meter-konvensjonen»  som ein internasjonal teknisk-vitskapeleg traktat mellom forskjellege land. Noreg, ved kongeleg resolusjon og etterfylgjande samstemt stortingsvedtak 26. mai 1875, gjekk inn for det same: 1. meter = det franske førebiletet dei laga – og tok vare på – i Paris.

Nyare forsking har gjort at definisjonen av meteren har endra seg, mellom anna i 1906, 1960 og 1983, men lengda på original-meteren er og skal vera uendra!

Den siste definisjonen byggjer på avstanden lys tilbakelegg i vakuum på 1: 299 792 458 sekund! Dette vart vedteke av den 17. generalkonferansen for mål og vekt.[ii]

Ein perfekt, uforanderleg og fysisk meter, er det mogeleg?

Svaret er «Nei». Den perfekte meteren er teoretisk, og berre det. For alle stoff forandrar seg om dei vert utsett for svingingar i temperatur, atmosfærisk trykk osv. Desse skilnadane er umogelege å oppdaga utan svært spesialisert utstyr, og dei spelar ingen rolle i det praktiske livet. Original-meteren er låst inn under spesielle tilhøve der  endring av temperatur og anna ytre påverknad, er eliminert så langt det er fysisk mogeleg. Det er det nærast ein fysisk storleik kan koma til sitt teoretiske ideal.

Og namnet?

Jau, det kjem frå fransk «Metre», som kjem frå gresk «metron». Enkelt og greitt «mål» eller «måle-eining».

Hårek og meteren                                  

Hårek den Hardbalne er ein av dei teikneseriane eg gjerne les. Han hadde bygt seg nytt skip, og skulle få det på sjøen. Men då Kark målte storleiken på døra og storleiken på båten, såg han at det ikkje gjekk. Hårek, glup som han er – eller var  – knekte eit stykke av målestaven og sa: «Prøv no!» Dermed hadde han løyst problemet. Trudde han…

Me ikkje-vikingar veit at det ikkje hjelper korkje å bryta av meteren eller klippa av målbandet. Realiteten møter oss bokstaveleg tala i døra slik han gjorde for Hårek.  Skulle han få båten på sjøen, måtte meir radikale tiltak til enn juksa med målbandet.

Er me som Hårek – etisk sett?

I etikk og moral er det og snakk om ting som kan mælast. Ikkje som fysiske storleikar, men som god eller dårleg åtferd, gode eller dårlege intensjonar, og gode eller dårlege resultat av våre handlingar. Resultatet verkar inn på oss på kort eller lang sikt, avgjer livskvaliteten og vår psykiske evne til å møta både den «grå kvardagen» og livet elles.

I motsetning til den perfekte og uforanderlege «meteren», ser det ut til at den etiske «meteren» er utan noko standard alle andre mål er rekna ut i frå.

Har du fylgt med i bloggen min, veit du at dette har hendt med spørsmålet om abort. Det som ein gong var eit lovbrot, er i dag – bortsett frå i visse tilfelle, ikkje berre lovleg, men eit stats-støtta og fritt angrep på landet sine framtidige innbyggjarar.

Her har etikken gjennomgått ein heilt uforståeleg prosess. Reulstatet er handlingar som skader både folket og landet. Slik eg ser det…..

Finst det nokon perfekt etisk målestokk?

Briller er nyttige, men berre om me vil sjå?
Eg les med ettertanke 2. Kongebok 21,13 der Gud seier: Eg vil spenna same mælesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektlodda som mot Akabs hus. Eg vil tørka bort Jerusalem, slik ein tørkar av eit fat og snur det opp ned når ein har tørka av det.  (Norsk Bibel, nyn. 1988).

Først hadde Samaria synda mot Gud, og vart straffa for det. Så var det Juda og Jerusalem sin tur. Resultatet veit me: Krig med enorme lidingar, eit utal døde, og til slutt deportasjon av dei fleste som hadde overlevt sverd og svolt. Att låg eit land i ruinar. Grunnen? Dei hadde gjort «motbydelege ting», og synda mot Guds lov.

No er det ikkje uvanleg å høyra at «Dette høyrer Det gamle testamentet til. I dag lever me under nåden, ikkje loven.» Men Jesus, Frelsar og den rabbien me byggjer vår tru og lære på, forkynte det som stod der. GT var hans Bibel, og han la ikkje fingrane imellom når det galt kva som var rett og gale.       

I Matteus 7,1-2 seier han: Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! For med den dommen de feller, skal de sjølve dømmast, og med det målet de mæler med, skal de sjølve målast.

Og vers 12: Difor, alt det de vil at menneska skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei! For dette er lova og profetane. (Frå same Bibel som over).

Er det ufødde barnet eit «menneskje»? 

Me har fått tuta øyrene fulle med «celleklumpen» og «mora sin eigen kropp», men kan nokon nekta for at det ufødde barnet er eit sjølvstendig og eige individ, også på fosterstadiet?

Om me – du og eg - var barnet i mors mage, ville me ikkje valt å leva?

Som den jødiske rabbien Hillel sa: Det du ikkje vil at andre skal gjera mot deg, det skal heller ikkje du gjera mot andre. Dette er heile jødedommens essens.[iii]

Dette gjeld ikkje berre jødane. På same etiske fundamentet byggjer også kristen etikk og moral.

 ---------------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg!