Branislava Susnik.

Ho rømde frå komunismen og krigen i Europa, 
og fann ro i sinnet  i Paraguay.


Biletet eg fekk til minne.
Den som kom til å få mest i seia for meg personleg og antropologistudiet mitt i Paraguay, var Branislava Susnik.   Ho vart fødd 28 de mars de 1920 i Medvode, Slovenia, og døydde i Asuncion 28 de april de 1996.

Ho kom frå ein overklassefamilie og vart sendt mellom anna til Italia for å studer. Hadde fått sin doktertittel i historie og ”prehistorie”[i] før ho forlet Europa, hadde vore med på arkeologiske utgravingar,  og skrive om etnohistoriske tema og språk i Vesle-Asia og på Balkan. 

Omveltingane i Europa med mellom anna kommunismen sitt inntog i aust, gjorde henne heimlaus. Kommunistane tok alt! Etter 2. verdskrigen kom ho til Buenos Aires i ein flokk immigrantar[ii] frå heimlandet. Personleg høyrde eg aldri at ho fortalde om denne delen av livet sitt, men ho sa: ”Eg vart fødd på nytt i Latin-Amerika”.
Biletet Susnik tok (Foto: B.Susnik.)
Ho hadde arbeidt med toba-indianarar i Argentina før ho kom til Asuncion. Som nye misjonærar ville misjonærflokken at kona og eg budde nær hovudstaden fram til  november 1971, og at me skulle bruka første tida til å studera språk. Ei stund før me skulle overta arbeidet mellom Ava Guarani-indianarane i Paso Cadena nær grensa til Brasil, oppsøkte eg Museo Barbero for å få meir kunnskap om folket me skulle arbeida mellom. Der møtte eg for første gong Branislava Susnik. Forunderleg sette ho av tid til å prata med meg. Ville vita både kven eg var og kva eg skulle gjera i landet. Til slutt måtte ho gå for å ha ei førelesing på Universitetet. Men eg ser henne endå føre meg der ho stod inngangsdøra på museet og prøve å overtala meg til å stogga i Asuncion. ”Ver her hjå meg eitt år, så skal eg læra deg om indianarar. Då vil du gjera eit mykje betre arbeid enn du no vil greia!”.

Biletet eg tok mange år seinare. (C)I.BJ.
Ho hadde rett. Hadde eg hatt det studieåret ho tilbaud meg, trur eg mykje hadde vore annleis både med mitt arbeid og med utviklinga av arbeidet i Paso Cadena. Men arbeidet i skogen venta på nokon som kunne overta, og derfor reiste me. Først mange år seinare fekk eg høve til å studera. Då levde ho endå og kunne gjeva meg nyttige råd og vink.

Etter at Branislava var død, overlet sekretæren hennar og då leiar for museet, Lic. Adelina Pusineri,  meg nokre bilete av Ava Guarani-indianarar.  Branislava hadde eit rom på museet med ei enkel seng og personlege ting. Der hadde dei funne ein del glasplate-negativar. Desse hadde museet no fått kopiert. Ein av indianarane, Seberiano Benitez, var næraste granne og medhjelparen  min i Paso Cadena. Han var då død, men eg innbaud indianarane til eit møte på skulen i Paso Cadena. Museet prøvde å finna ut kven personane på bileta var. Som Seberiano, var dei nok av denne stammen, men dessverre kunne ingen kjenna dei andre att.
Bilete av Ogua.(C)IBJ. Froskane som lærde å flyga.
Branislava hadde nokså tidleg i tida si i Paraguay reist for å studera Ava Guarani-indianarane eller ”Chiripa-indianarane” som ein sa den gongen. På ein militærpost på Palomare[iii] presenterte dei henne for Saberiano, og han vart hennar reiseleiar. Han fortalde meg dette under eit prøveprosjekt på å hjelpa indianarane å laga seg kulturelle lesebøker på sitt språk.[iv]
Han fortalde at ho kom åleine. Kapteinen på militærposten hadde kalla han inn og bad han hjelpa henne[v]. ”Ho hadde revolver, og eg like det ikkje”, fortalde han. 5 dagar var ho saman med han, og ho let han ta vare på revolveren! Eg reknar med ho såg at dermed slappa han meir av, og ho kunne studera fritt!  

 Ein katolske hjelpeorganisasjonen i Paraguay, “La Caridad”, driv og eig det etnografiske museet kalla oppatt etter ein Dr. Andrés Barbero (1877 - 1951). Han var leiar for organisasjonen av paraguayiske forskarar og gav museet den første samlinga av etnografiske ting. Den tyske forskaren, Prof. Dr. Max Schmidt, leidde og organiserte muset. Han studerte indianarane i Chaco og var den som inviterte Branislava Susnik til Paraguay då ho studerte Toba-indianarane i Argentina.
Etter han leidde overtok Susnik som budde i og leidde museet. Hadde ho ikkje undervisning eller ho var ute og åt middag, ville du finna henne ved arbeidspulten sin. Alltid bøygd over bøkene sine og med blyant og papir klar til å notera, - og sigaretten innan rekkevidde. Ofte såg me henne  når ho åt middag  på Bar San Roque eit par kvartal frå museet. Der ho hadde sitt faste bord der ho alltid sette seg, til vanleg åleine.
Bilette av Ogua. (C)IBJ. Fugl flyttar ungane til elva.

For den som vil studera etnografi eller antropologi i Paraguay, er  Museet ”Andres Barbero”, i Spania 217,  Asuncion, eit godt utgangspunkt. Der  er lesesal, eit gammalt men verdifullt bibliotek og viktige samlingar. Der vil ein og få knyta kontakt til det antropologiske miljøet i Paraguay, noko som er viktig om ein skal arbeida med eller studera indianarar. Også for misjonærar. 

Branislava las mykje og skreiv mykje. Ingen annan i Paraguay har så allsidig produksjon og kunne så mykje om indianarane i landet generelt, både deira historiske bakgrunn, kulturen deira og situasjonen deira i dag. Ho laga til dømes skisse over korleis indianarane hadde vandra i ”prehistoria”. Ho har store mengder informasjon lese ut av gamle dokument og notatar frå då ”historia” starta, dvs. frå spanjolane tok til å skriva informasjon om land og folk.[vi]
Branislava som ung forskar.

Midt oppe i forskinga si, såg ho og menneskje. På ei av reisene sine til Chaco møtte ho ein indianar som lika så godt å teikna. Ho oppmuntra han og fekk sendt fargeblyantar oppover til han. Denne indianaren, Ogua. Han laga bilete med bakgrunn i sitt folks folk kunnskap og segner.  Seinare lærde han opp born og barneborn, og dei fører tradisjonen vidare.

For mange år sidan, og før Ogua vart ”kjend”, møtte eg han på museet. Han var då sjuk og ville så gjerne selja meg to bilete for å kjøpa medisin.  Det eine viser ein fugl som klekker ut ungane sine inne i det tørre Chaco, men flyttar dei til elva når dei er store nok til det. Fuglane bit seg fast i mødrene og vert på den måten flytte til vatnet. Det andre er frå eit segn om korleis paddene som lærde å flyga.
Leon Cadogan. 
Chase Sardi. "El Gato".
Branislava Susnik viste at sjølv om ”verda går under”[vii], går det an å reisa seg  og finna nye horisontar og nytt innhald i livet.  Ho var eit døme på dette, samstundes som ho var eit føredøme med sitt harde arbeid og sin enorme flid. Som takk for sin store innsats, vart det oppretta ein pris, ”Susnik-prisen”,  for å stimulera antropologiske studier:
Saman med to andre av dei mest kjende antropologane i Paraguay, irsk-australianske Leon Cadogan og paraguayaren Miguel Chase-Sardi[viii]  vart Branislava Susnik heidra ved utgjevinga eit eige frimerke i


Det er forbudt i kopiera stoff eller bilete frå denne bloggen
 uten skriftleg løyve frå forfattaren.

[i] Kva ”prehistorie” står for i denne samanhengen, veit eg ikkje, men til dømes i latinamerikansk historie omhandlar  ”prehistoria” soga før kontinentet vart oppdaga. Ein del forfattarar ser ut til å meina at med denne oppdaginga gjekk ”sola opp” over kontinentet. For urfolka har tida etter i ikkje liten grad vore ein lang og vond ”solnedgang”. Den søramerikanske ”prehistoria” har berre nokre få skrivne kjelder, notatar frå mellom anna prestar som fylgde med oppdagarane. Utanom det finst berre enkelte arkeologiske funn  først og fremst i Andesfjella. Klimaet til dømes i Paraguay gjer at få andre ting enn stein, bein og ting av leir eksisterer endå..
[ii] 27 år gammal kom til Buenos Aires som del av ein flokk immigrantar som kalla seg “Frie Slovenarar”. http://www.museobarbero.org.py/dra.htm  26.02.13
[iii] På Palomare låg ein kvegfarm der misjonen i Paso Cadena hadde ein av sine aller første utpostar.
[iv] Det står i prøveboka ”Yvytu omombe’u” og seinare i første boka me laga for Ava Guarani-indianarane: ”Ava Guarani Ayvu”,  Universidad Evangélica del Paraguay, Facultad de Lenguas Vivas, Asuncion, 2000, side 15 og utover.
[v] Då dei tre norske misjonærdamene, Gunnvor Johansen (seinare gidt Iversen), Bergljot Normoen (seinare gift Nordheim) og Ruth Kjellås kom for å starta norsk pinsemisjon sitt arbeid i Paso Cadena i 1957, vart og Seberiano bedt (av same kapteinen?) om å reisa dit og hjelpa dei! Frå då og til sin død, budde han ”på misjonen”.
[vi] I dag stiller me store krav til kjeldeoppysningar. Tidlegare tider hadde andre krav, og det svake punktet med til dømdes skissene hennar  er: Kvar har ho funne opplysningane? Kvar kan eg gå for å sjekka denne informasjonen og kanskje finna ting som ut frå min studievinkel er meir relevante, men som ikkje var det for deg?
[vii]  I hennar  tilfelle var det ikkje så langt frå sanninga. Familien vart drepen og kommunistane tok alt.
[viii] Chase-Sardi, kjend som ”El Gato” i antrolologimiljøet, er ein av dei få paraguayiske antropologane. Dyktig og frittalande. Han vart fengla og torturert for sine politiske meiningar under Stroessnerregimet og levde i eksil mange år før han kom tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar