søndag 28. april 2024

Skjermdump frå Jerusalem Post, 26.04.24
 Påska 2024 snart forbi…

No meinar eg ikkje vår tradisjonelle, «norske» påskefeiring, men den jødiske «pesach» som etter vår kalender går frå 22. til 30.04. På jødisk kalender varer festen frå 15. - 22. nisan 5784, og vert rekna i dagar som startar ved solnedgang.

 «Pesach» vert feira til minne om jødane sin utgang frå Egypt, skildra i våre Biblar frå starten av 2. Mosebok eller Exodus. (i) Dette hende for om lag 3500 år sidan. Det hebraiske namnet «Pesach» betyr «forbigang» til minne om at dødsengelen gjekk forbi husa til folket som hadde trutt det Moses sa, og hadde vore lydige.

I nytestamentleg samanheng vert slaktinga av påskelammet og dei merkte dørkarmane med blod frå lammet, åndeleggjort og overført til Jesus gjennom til dømes Johannes døyparens ord: «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!» (Joh 1,29b). Evangelisten Johannes, som skreiv ned døyparen sine ord, understreka det same i det første brevet sitt: «Jesu, hans Sons blod reinsar oss frå all synd.» (1.Joh 1,7c).

Begge desse hendingane er knytte til tru. Berre dei som trudde Moses’ ord og gjorde etter det, slapp å få dødsengelen på besøk den natta. Det same er avgjerande i nytestamentleg samanheng, slik evangelisten skriv det: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Joh 3,16).

Trist påskefeiring

Skjermdump frå Jerusalem Post 27.04.24
Med 07.10.23 og det som har hendt både i Israel og for jødar elles i verda, er dette utan tvil ei heilt spesiell høgtid. Mange miste nokre av sine under Hamas- og Islamsk Jihad-massakren i Sør-Israel. Terroristane tok dessutan med seg mange tilbake til Gaza. Og så er det alle dei familiane som saknar sine fordi dei er utkommanderte i krigen, eller i verste fall, er skadde eller drepne.

I tillegg har me alle dei som ikkje kan bu i heimane sine fordi husa er øydelagde eller er under stadige angrep frå Hizbollah i Libanon. Mange har gjennom lang tid vore utan arbeid, og eg har lese at aldri har det vore så mange fattige i Israel som ikkje visste kva dei kunne setja på bordet til det tradisjonelle Seder-måltidet.

Mange jødiske heimar hadde tomme stolar ved festbordet. Stolane minte om dei som skulle ha vore der, men som på grunn av terroristane sine grufulle handlingar og eller krigen, var fråverande.

Frå tomme vogger til tomme stolar
Restar av krematgoriet i Auswitch

Bakteppet for utgangen frå Egypt, var slavearbeid og undertrykking, og i siste instans tomme vogger. Boka om utgangen frå Egypt, Exodus, starta med vilkåra jødane levde under den gongen då soga om Josef og det han gjorde for landet, var gløymt. Dei 70 jødane som kom til landet (ii), hadde på det tidspunktet vorte eit så stort folk at Farao var redd dei (iii). Først gjorde han jødane til trælar. Då det ikkje hjelpte, påla han dei jødiske jordmødrene å drepa alle guteborn som vart fødde (iv).

Men jordmødrene lydde ikkje farao, og då ei kvinne av Levi stamme fekk ein gut, gøymde ho han i tre månader. Då kunne ho ikkje gøyma han heime lenger. Deretter fortel Exodus heile soga om Moses frå han vart «dregen opp or vatnet» (v), til han stod framfor Farao med oppdrag frå Israels Gud. Og så starta ein lang og vanskeleg prosess fram til den natta påskelammet vart slakta og sette utvandringa i gang. 

I det avsnittet les me at Farao sjølv bad folket fara og ta med seg alt dei åtte. (vi) Gud hadde sagt gjennom Moses at folket skulle be egyptarane om gåver den natta. Når me ser alt folket hadde av verdiar då dei seinare skulle reisa tabernaklet, forstår me at trælefolket frå Pitom og Ra’amses vart grunnrike den natta (vii). Og tabernaklet vart reist etter at Moses hadde knust kalven av gull til støv, og kasta gullet i vatnet! (viii)

Er utgangen av Egypt eit førebilete på endetida ?

Eg har i tidlegare bloggar vore inne på teikn i tida som viser at me lever i det som vert kalla «Endetida» eller «Dei siste dagar». Jesus sjølv gav oss teikn me skulle sjå etter.

Eg undrast på om endetida vert ein prosess liknande den Moses og jødefolket måtte gjennomgå med farao i Egypt? Den gongen «hersa» (ix) farao med jødane gjennom hardt arbeid og drap av guteborn. 

Frå Gamlebyen i Jerusalem.
Er det den same ånda som rår i FN og i mange statsleiarar? Dei hersar med Israel, klandrar og kritiserer, men teier stilt om Hamas og dei andre arabiske terroristane sine ugjerningar!

Ein stat kalla «Palestina»  inne i Israel, og med folk som ynskjer alt «Frå elva (Jordan) til havet (Middelhavet)», er meir omfattande enn barnedrapa i Egypt. Faraos mål var å få slutt på jødane sin framgang i landet. Vår statsminister, våre siste utanriksministrar og fleirtalet av verda sine leiarar arbeider for noko mykje verre enn drap av jødiske guteborn. Tanken bak «Eit fritt Palestina» er for meg og mange andre ein freistnad på å redusera Israel sin framgang i Midtausten - og i verds-samanheng. Det er ein tanke Israels fiendar jublar over. Dei ser på det som ei støtte i arbeidet deira med å drepa jødane og få sletta Israel av kartet!

Guds Ord står fast!

Gud fridde ut folket sitt slik han hadde lova. Han held dom over Egypt den gongen, og det vart slutten på Farao og heile hans hær. (x) Siste boka i Bibelen skildrar det som skal skje når den noverande verdensordninga er til endes. Då står jødane og Israel framleis i fokus. Den enorme hæren som går til krig mot Israel då, vert utsletta slik Egypts hær gjorde det for 3500 år sidan, og verda sine mektige menn og kvinner går til grunne med den.

Er det utviklinga mot dette me ser framfor oss? 

------------------ 

(i) «Exodus», som betyr «Utgang», er det rette navnet på andre Mosebok. Luther endra namnet på dei fem første bøkene i Bibelen til «Mosebøkene» og nummererte dei kronologisk.
(ii) 1. Mos. 46,27.
(iii) 2. Mos.1, 8-10.
(iv) 2.Mos. 1,15-16.
(v) 2. Mos. 2,10.
(vi) 2. Mos.12, 29-33.
(vii) 2. Mos. 12, 35-36.
(viii) 2.Mos.32,20.
(ix) «Herse: kommandere, husere, bruke seg, bråke. Døme: Herse med tenarane sine».(Nynorskordboka, Det norske Samlaget,1986).
(x) 2.Mos. 12,17-30.

Merk: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Skjermdumpane frå Jerusalem Post vonar eg skal få lesarane av bloggen til å lesa JPost dagleg og slik få eit reelt bilete av det som skjer i Israel. Dei to andre bileta har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar