søndag 7. april 2024

Lever eg i Lala-land?

Eg visste det ikkje før TV2 fortalde meg det. Når eit så stort konsern gjev spalteplass til slik, er det vel sant?  (Journalist Hilde Gran skreiv, og fotojournalist Tom Rune Orset tok bileta til artikkelen eg las 30.03.24.)

Ikkje visste eg kva «lala-land» betydde heller. Så ignorant kan ein vera i dette Herrens år 2024! Geografi har eg alltid likt, men det stod ingen ting om «Lala-land» i dei bøkene eg las då eg var liten. Og ikkje dei eg fekk seinare heller. Men, som alltid, allvitande Hr. eller Fr. «Nettet» auste ut av si skattkiste til det gjekk over hovudet på meg. Eg måtte berre roa ned og minna meg på dei saktmodige orda frå ein gammal sunnmøring (i): «Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til. Ei Tru maa stydja upp-under.» 

Han sa det den gongen datamaskinene ikkje var påtenkte ein gong! Kva kloke ord ville han ikkje ha sagt i dag om han hadde levt? Eg, som er fødd 40 år og 37 dagar etter hans dødsdag, kunne ha sete på steingarden i lag med han og brukt akkurat dei same orda!

Skjermdump frå TV2 sin nettartikkel 30.02.24.

Kva er så Lala-land?

Cambridge Diccionary seier «det å bu i lala-land» eller «tru på lala-land» er å tru på det umogelege i staden for å innsjå korleis realitetane i livet er. (ii) Slang Diccionary seier at «Lala-land» er noko som ikkje har rot i det verkelege livet, enten på grunn av «bliss» (iii) eller fordi ein fornektar realitetane.(iv)  

Elles var nettet fullt av biletet av to som dansa i ein blå sommarkveld. Byen eg skimta nedom åsen, var Los Angeles. «Lala-land» er brukt om LA, eller kanskje mest om bydelen Hollywood?

Ein dag i Lala-land

Kristeleg Kringkastingslag hadde gjeve meg eit stipend til å studera opptaks-teknikkar ved Gospel Recordings i Los Angeles nokre veker. Ein eldre misjonær eg kjende, skulle tala i Independent Pentecostal Church i downtown den søndagen, og eg  reiste dit. 

Me hadde eit godt møte. Det var kjekt å treffa att denne dama som hadde kome over frå Brasil og vitja oss i Paraguay. På møtet var nokre av hennar gamle kjenningar frå ei tid ho hadde hatt møte i Sverige. No var ho misjonær i millionbyen Sao Paulo, og dei var leiarar for eit av dei meste kjende svenske industriselskapa si avdeling i USA.  Ho vart invitert til middag hjå dei, og eg vart bedt med.

På vegen fekk me omvising i  Hollywood der store kinoplakatar og berømte bygningar krangla om plass og glamour. Kjende og ukjende stjerner med verdskjende filminnspelingar som var gjort der eller der, då eller då, fekk me høyra.

Det gjekk høgt over hovudet på meg, for det er få ting eg har mindre interesse for enn film. På vegen opp til huset deira i Beverly Hills fekk me vita at der budde den eller den berømte stjerna. Det var stort set namn eg hadde høyrt, men som sa meg ingen ting!

(Skjermdump frå same artikkel)
Men steiken med etterfylgjande dessert, kaker og kaffi var ein stjernekokk verdig. Vertsfolka førsteklasses menneske og så langt eg kan seia. Dei til og med køyrde meg tilbake til internatet eg budde på desse vekene. All ære og takk til dei for alt saman! 

Men eg, eg kjende meg fortapt midt oppi alt. Dette var ikkje den verda eg høyrde til i. Og det var vel noko slikt Ayelet Shaked meinte å seia?

------

TV2 hadde altså eit intervju med tidlegare justisminister og innanriksminister i Israel, Ayelet Shaked. Eg las det i nettutgåva deira. Der sa denne fritt-talande israelske ex-politikaren at me norske lever i eit «lala-land». Ja, heile Europa for den del. Høyr berre kva som stod i artikkelen:

«Det er bare hykleri. Jeg forstår hva som foregår i Europa. Dere lever i et lala-land. Dere har ikke terrorister på grensene deres, sier Shaked til TV2»

Eller: «Hamas bruker egen befolkning som menneskelige skjold. Hamas er de eneste som kan klandres» 

 
Eller: « - Vi gjør alt i vår makt for å forhindre at sivile blir drept. Vi bønnfaller dem om å dra til humanitære soner, sier Shaked.

(Tv2’s journalist): - De blir bombet også i  disse såkalte trygge sonene. 

Nei, det gjør de ikke. Og vet du hva? Hamas kan få en slutt på denne krigen på to timer. Bare gi oss alle gislene våre tilbake. – Det var Hamas som startet denne krigen. Dere burde rette kritikken mot Hamas, ikke Israel, sier Shaked.»

Ei slik fredeleg gate kan på ein augneblink verta ei drapssene

Så langt frå artikkelen. Resten finn du på TV2 sine sider om du leitar.

Eg vil takka TV2 for at dei gav Ayelet plass til å seia oss desse sanningsorda. For det var det ho gjorde. Me burde hatt meir av slikt og mindre frå Hamas og sympatisørane deira som stadig kjem med støtte-erklæringar i media!

Og framtida?

Kva skal me gjera når liva våre i lala-land vert lik den israelske kvardagen? For det er det Israels fiendar lovar oss. Ein av Iran sine leiarar seier rett som det er at dei kjempar mot «den små Satan» som er Israel, og mot «den store Satan» som er USA og Euro-Amerika.

Eit anna utsagn som kjem med jamne mellomrom frå radikal islam, er: «Først skal me ta laurdagsfolka. Etterpå søndagsfolka». Altså jødane først, og så dei kristne. 

Og målet? Heile verda skal inn under Sharia-lover, slike som folket i Iran og Pakistan med fleire lever under. Om ikkje vert det terror slik Israel opplever til dagen…

Er det rart at Ayelet Shaked seier me lever i lala-land?

................
(i) Ivar Aasen skreiv diktet «Vit og tru». Vart publisert i «Symra» i 1875.
(ii) Mi omsetjing av  Cambrigde Diccionary: «be/live in la-la land / to think that things that are completely impossible might happen, rather than understanding how things really are.»
(iii) Bliss betyr «ekstase» eller noko i den dur.
(iv) Mi omsetjing av: Slang dictionary: «lalaland or La La Land [lah lah land] / Lalaland is a colloquial term for “being out of touch with reality,” usually due to bliss or ignorance. /As La La Land, it is a nickname for Los Angeles, California.»

----------------- 

Nedste biletet har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar