søndag 31. mars 2024

At det går an!

Barnelærdommen min sa at me er skapte i Guds bilete (i), men, som me veit, varde ikkje idyllen lenge. Den vakre hagen Gud hadde laga for oss menneskje, - der me skulle leva eit trygt og godt liv, vart ruinert på ein einaste dag. Likevel ser vitenskap og teknologiske nyvinningar ut til å bryta grensene for det som tidlegare generasjonar trudde var råd. Kunnskapen og kjennskapen har nådd utenkjeleg langt både i verdensrommet og inn i cellene me alle er bygde opp av. 

Mentalt ser det derimot ut som om me står «På stedet hvil» som dei sa i linjegymnastikkens glanstid.

Kven av oss har ikkje sagt: «At det går an!» eller «Det får no vera grenser!» når me har opplevt ting som verka for utrulege?

Antisemittismen kastar lange skuggar - også i dag
Frå «Hosianna» til «Krossfest»

Det som har gripe meg i denne påsketida, er ikkje den tradisjonelle påskebodskapen, eller dei herlege sanningane knytt til denne festen både i Tanakh (GT) og NT. Derimot har eg undra meg over kor ustabile og skiftande menneskja rundt Jesus var. 

Eg tenkjer på folket i Jerusalem den påska rundt år 33 i vår tidsrekning. På palmesøndag ropa dei «Hosianna» og ville kruna Jesus til konge. Då blomstra draumen om å hiva romarane ut og rydja plass til det lova og etterlengta Davidsriket. Jubelen ville ingen ende ta der nasarearen reid på eslet inn mot Guds by: Jerusalem.

Og så, berre nokre få dagar etterpå, stod – så langt me forstår - dei same menneskja framfor den romerske stathaldaren Pilatus (ii) og ropte «Krossfest han!». (iii)  Ropet var sikkert like sterkt som då dei ropte «Hosianna» palmesøndagen. Stemninga som rådde på vegen til Jerusalem, var på plassen framfor Pilatus endra til hat og død.  Er ikkje det utruleg? Og på så kort tid?

Lukas skriv at denne skrikande folkemengda «pressa» Pilatus med ropinga si, «- og skriket deira fekk overtaket.» (iv)

«Hald opp med å stola på mennesket …» (v)

Profeten Esajas som skreiv så mykje vakkert og som har eitt kapittel for kvar bok i Bibelen vår, skreiv dei orda eg siterer over. Då hadde han profetert om det komande Messiasriket, men og påpeika folket sitt fråfall frå sin pakts Gud. Kapitlet spenner frå eit herleg syn om ei lysande framtid, til den mørke og tunge i samtida: «Mennesket er bøygd, kvar mann er fornedra. Tilgjev dei ikkje!» (vi)  Korleis kan slikt gå an?

Monumentet som viser då Herzl møtte keisar Wilhelm.
Kva med oss i 2024?

Eit retorisk spørsmål frå den tida då eg gjekk på skulen, var: «Kva har de lært?» Då hadde me kome til oppsummeringa av eit avsnitt, og læraren venta at me skulle bruka det me hadde lært i møte med nye pedagogiske utfordringar!

Det er uro og krig i Israel og Europa, og nyheitene om dette opptek sinn og tankar heile tida. Eg tenkjer på vårt land, Noreg, og set «her og no» opp mot «det som var». 

Særleg på eitt område er det mentale skiftet like uforståeleg som det som hende den påskeveka for lenge sidan. Eg tenkjer på Einar Gerhardsen og arbeidarrørsla han representerte etter krigen. Han var statsminister for landet då eg vaks opp, og vart til tider titulert «Landsfader». Ein verdsett person og politisk leiar både i Israel og her heime. Han skriv frå turen sin til Israel:

«Ved avreisen som tilfeldigvis – og jeg vil si uheldigvis – kom til å foregå så tidlig som klokka seks om morgenen, hadde vi på forhånd gjort det vi kunne for å hindre at statsminister Ben-Gurion og andre offisielle representanter skulle reise den lange veien fra Jerusalem til flyplassen ikkje langt fra Tel Aviv for å si farvel med oss, men det hjalp ikke. De var på plassen, og det er lett å regne ut når på natten de hadde stått opp og tatt fatt på ferden til Tel Aviv for å kunne si adjø! – Da vi reiste derfra, hadde vi en følelse av at vi tok farvel med gode venner». (vii)

Når eg les det han skriv, er det som eg høyrer palmesøndaggleda og jubelen over det han hadde opplevt og sett der nede. Men det var den gongen då Israel og bibelsk kristendom var inne i varmen på den sida i vårt politiske landskap. Det er lenge sidan.

I dag høyrer det norske arbeidarparti og deira medspelar LO til mellom Israels fiendar. No er det «krossfest-ropa» som høyrest. Me høyrer og ser dei under 1. mai-marsjane kvart år, i utanriks-ministeren og statsministeren sine utsagn i samband med Gaza-krigen, og elles i aviser og andre media. 

Herzl såg "gjennom" og lenger enn keisaren
For meg føl arbeidarrørsla og venstresida i norsk politikk Hamas sin scenografi til punkt og prikke. Der er ingen eller minimal kritikk av det som skjedde i Israel 07.10.23, - terroren regjeringa nekta kongen å uttrykkja si sorg over. Der er heller ingen kritikk mot Hamas som bevisst brukar uskuldige sivile som ammunisjon i propagandaen sin. Derimot, når det gjeld Israel, finst der tydelegvis ingen grenser for fordømminga.

«At det går an?»

Det er ikkje Israel eg er bekymra for. For jødane står Guds lovnad til Abraham og hans etterkomarar støtt. (viii) Dommen kjem derimot over Noreg som nasjon, og alle dei landa som ein gong skal samlast og få si straff i «Dommens dal» (ix), - om ikkje før. 

Einaste måten å sleppa unna Guds dom på, er det som Jonas’ bok fortel om. (x) Profetien Jonas kom med, skapte omvending og bøn om Guds nåde. Som svar på bøna og angeren, vart Ninives eksistens forlengd med omkring 100 år. 

Bønnevegen står framleis open, og me burde alle be om nåde og tilgjeving - for oss sjølve, og for vårt land og folk. Det er det Bibelen lærer oss.(xi) Bønne- og frelsesvegen står open med eg skriv dette blogginnlegget. Vonaleg også når du les det eg har skrive. Men me veit er at frelsestilbodet er datostempla. Datoen kan skrivast som ??. ??. ????

Gud åleine veit kva tal spørjeteikna skal bytast ut med. (xii) Ein dag – på Guds fastsette dato, finn me ikkje lenger dette tilbodet. Då er «hylla» tom.

I dag er «nådens dag» – både for jødar og ikkje-jødar. Morgondagen kjenner ingen.

-------------
(i) 1. Mos.1,26.
(ii) Pontius Pilatus var romersk stathaldar i provinsen Judea frå 26-36.
(iii) Matt. 27,22-23.
(iv) Luk. 23,23.
(v) Jes.2,22a. Han levde om lag 700 år før Jesus vart fødd.
(vi) Jes.2,9
(vii) Dette er 3. avsnitt på side 4 i helftet: «Statsminister Einar Gerhardsen: Inntrykk frå en reise i Israel.
Utgitt av Foreningen Norge – Israel»
(viii) 1. Mos. 12, 3 og 1. Mos. 28,14.
(ix) Joel 3, 19. (For meg er det ikkje klart om dette refererer seg til slaget som skal koma før tusenårsriket eller det etter, men i begge tilfelle er det nasjonane mot Israel, og nasjonar vert dømde og går til grunne.) Det same scenariet er det vel Jesus teikna for oss i Matt. 25, 31-46.
(x) Jona 3,10.
(xi) 1. Tim.2,1.4.
(xii) Ap. 1,7. 

----------
Merknader: Som vanleg er bibelsitata frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. 

Bileta har eg teke sjølv og er frå den første jødiske jordbruksskulen nær Tel Aviv. Keisar Wilhelm vitja Herzl der, men Herzl såg lenger og forbi orda keisaren kom med der han sat stolt på sin høge hest. Den same evna treng Israels leiarar i dag i møte med Noreg og andre land sin forvridde Midtaustenpolitikk.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.
-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar