søndag 24. mars 2024

Palmesøndag – ein viktig dag


Kanskje Jesus kom ridande over desse stgeinane?

Dagen i dag har fått namnet «Palmesøndag». Ute i verda er det vanleg at truande flettar palmegreier som dei svingar og minnest då Jesus reid inn i Jerusalem og vart hylla som konge.
At hendinga var viktig den gongen og, kan me sjå av at hendinga er omtalt i alle fire evangelia.

Matteus (i) fokuserer på asenfolen som var lånt, oppfyllinga av Jeremias’ ord om Frelsaren som skulle koma, og Sakarias som «såg» folkehopen som jubla over kongen: «Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole». (Sak 9,9).

Markus (ii) opplevde det same, men knyter hendinga til profetiar frå Salmane og det komande Davids rike. Kanskje tenkte han på det som hende då Salomo vart innsett som konge. (iii) Salomo vart då sett på kong Davids eige muldyr og folket spelte fløyte og jubla så sterkt «at jorda rivna av ropa»!

Til minne om noko som var....
Lukas (iv) såg det som hende både med ridedyret og folket sin jubel, men og den lidande Messias som gret over Jerusalem og det folket skulle gjennomgå fordi dei ikkje held den pakta dei hadde gjort med Gud. Englane song om «fred på jorda blant menneske Gud har glede i» til hyrdingane på julenatta. Og no jubla folket over «fred i himmelen» og «ære til den høgste», dvs. Adonai eller Herren. 

Johannes (v) refererer til same hendinga, men tek med at læresveinane ikkje forstod det som hende den dagen. Først etter at Jesus hadde sått opp att frå dei døde og reist til himmelen, forstod dei at det som hende denne dagen, var oppfylling av profetiar. 

Bruken av palmeblad og greiner av lauvtre og piletre, var knytt til første dagen i lauvhyttefesten. (vi) Det var ein gledesdag då folket skulle eta frukt av «edle tre» og bu i lauvhytter i sju dagar. Det skulle minna dei om vandringa i øydemarka, og om den Gud som hadde ført dei ut frå Egypt og inn i det lova landet.

Lovnaden til David

Ved sida av Moses, er nok David den viktigaste helten i jødane si soge. Han er omtalt både i Samuelsbøkene, Kongebøkene og Krønikebøkene og elles mange stader i både det gamle testamente (= Tanach) og i det nye testamentet.

Då David omsider sat som konge i Jerusalem og hadde fred med fiendane sine rundt omkring, sende Gud profeten Natan til han. Det gjaldt først og fremst at det var sonen hans Gud hadde utsett til å byggja templet i Jerusalem, og som skulle fylgja etter han på trona. Dette veit me vart oppfylt med Salomo.

Men lovnaden gjekk mykje lenger: «Ditt hus og ditt kongedøme skal stå fast til evig tid for mitt andlet, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid.»  (2. Sam 7,16).  Denne lovnaden går mykje lenger enn til eit rike på denne jorda, sjølv om det var det jødane naturleg nok knytte profetien til. Gud brukte orda «til evig tid». Det er med andre ord eit kongedøme som skal eksistera også etter at denne jorda og vårt noverande univers har gått til grunne. Tid er ein del av skapinga og har dagar og månader, men David vart lova ein etterkomar som vil vera konge når dagar, månader og år ikkje er til meir!

a
Gammal mosaikk frå Israel som viser David spelar harpe
«Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»

Apostelgjeringane startar med eit møte mellom læresveinane og den oppstadne Jesus. Gjennom nokre veker hadde dei opplevt at han som vart nagla til krossen og vart gravlagd, brått stod levande midt imellom dei. Dermed var spørsmålet eg refererer over, heilt naturleg. Han som hadde vorte hylla som konge på Palmesøndag, stod no levande der. Kvifor skulle ikkje dette vera tida då lovnaden til David om ein evig konge av hans slekt skulle oppfyllast?

At han var ein av Davids etterkomarar og slik oppfylte lovnaden, hadde både slektstavlene og den romerske folketeljinga slege fast. (vii) På det området var alt i orden. Men tida var endå ikkje komen. Gud som rår over tid og rom, er den som avgjer når ting skal skje. 

Lære-sveinane fekk derimot kallet til å vera Guds og Jesu vitne på jorda, og fekk lovnaden om kraft ved den heilage Ande. Alt det andre ligg i Guds hand.

Det komande Davidsriket

Vona om riket låg i læresveinane sitt spørsmål på himmelfartsdagen (Apgj.1). Det er like viktig i dag som då. Så langt eg forstår, kjem det når Jesus står på Oljeberget. Då skal jorda gå inn i ein fredsperiode på tusen år, og Messias sitt kongedøme skal gå ut frå Jerusalem.(viii).

---------------

PS. Jødane feirar i desse dagar «Hanukkah». Dei feirar at templet vart innvigd på nytt i år 164 f. Kr. Det er ein gledesfest midt oppi krig og vanskar. Må Gud velsigna både dei i Israel og elles i verda og gjeva dei sann og evig glede og fred.  

Må Han, Adonai som har skapt alt, retta ut sin sterke arm og gripa inn!

--------------
(i) Matt. 21,1-11 med sitat frå Jer. 62,11 og Sak.9,9.
(ii) Mark. 11,1-11.
(iii) 1. Kong. 2,33-40.
(iv) Luk. 19,28-44. (Jmfr. Luk. 2,14.)
(v) Joh 12, 12-18.
(vi) 3. Mos, 23,40.
(vii) Luk. 2,4, Luk. 3, 23-38 og Matt. 1, 1-17.
(viii) Opb. 20 og Sak. 14 m. fl. 

Bibelsitata er som normalt frå "Norsk Bibel", nynorsk utgåve. Bilete har eg teke sjølv.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar