søndag 10. mars 2024

 Guds Ord, - det sikraste i heile verda

Profeten og rabbien Jesus frå Nasaret, sa det slik: «For sanneleg seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå, før det har hendt alt saman.» (Matt 5,18) (i).

I gamle dagar stod det at ikkje ein «tøddel» skulle forgå. Då lærde me at «tøddelen» Jesus snakka om, var det hebraiske alfabetet sin minste bokstav, kalt «yod». Guds namn står i ruta oppe til høgre. «Tøddelen» eller bokstaven «Yod» står lengst til høgre og er første bokstaven i Guds namn. (ii)

Menoraen franfor Knesset, eit symbol på Guds Ord
Profeten Jeremias snakka om naturlovane som Gud skapte ved sitt Ord. (iii) Salmisten uttrykte det slik: «For han tala, og det skjedde, han baud og det stod der.» (Sal 33,9). Så enkelt var det, og så innvikla at framleis brukar vitenskapen det meste av si tid og sine ressursar på å forstå det, - ute i himmelrommet så vel som inni cellene me alle er laga av!

Naturen med sol og måne, straumar i luft og vatn og alt anna som gjer denne joda vår leveleg, starta då han «sa» det, og vil halda fram til Han seier «Stopp»!

Derfor skreiv Jeremias: «Dersom desse lovene ikkje lenger står ved lag for åsynet mitt, seier Herren, då skal òg Israels ætt halda opp med å vera eit folk for mitt åsyn alle dagar. 37 Så seier Herren: Dersom ein kan mæla himmelen der oppe og granska grunnvollane til jorda der nede, då skal òg eg vraka heile Israels-ætta for alt det dei har gjort, seier Herren.» (Jer. 31,36-37)

Lovande i naturen har derfor ikkje nokon «utløpsdato» (iv). Ikkje profetiane om jødane og Israel heller. Dei gjeld til Guds tid og time kjem. Me veit ikkje når ting skal skje, eller detaljane i hendingane profetane gav oss glimt av, men at det vil skje, er det ingen tvil om!

Frå daude bein til ein veldig hær…

Esekiel, den tredje av dei store profetane, skreiv ein slik profeti. Han fekk sjå ein stor dal med døde bein spreidde vidt utover.(v) Gud bad han seia til dei døde beina at dei skulle høyra Herrens Ord og verta levande att. Han gjorde det, og dermed starta ting å skje, og det vart mykje «støy». Beina samla seg i skjelett, sener og kjøt vaks ut, og til slutt var dalen full av menneskje!

Så skulle profeten be Anden blåsa liv i dei, og: «Eg profeterte slik som han hadde bode meg. Og Anden kom i dei, og dei vart levande og reiste seg på føtene – ein stor, ein overlag stor hær.» (Esek 37,10). Guds forklaring på dette er at desse beina symboliserte «Israels hus» som Han ville føra «til Israels land». (v.11-12).

På bønneturen i 2012 fekk me koma inn i ein militærleis og kjøpa mat og be for IDF
«Dette har hendt i mi levetid»

Eg er så gammal at eg kan seia det som står i overskrifta. Eg var om lag fire år då Israel vart fødd «på ein dag» etter Guds Ord. Eg visste ingen ting om det då, men som teksten seier, var det både «lyd» og «larm», - då som no. (vi)

England svikta det dei hadde lova i 1917 med Balfour-deklarasjonen. Dei gjorde det dei kunne for at jødane ikkje skulle få landet dei var lova. Arabarane prøvde å drepa felst mogeleg og hindra at den nyfødde staten skulle overleva. Det held dei på med enno. FN og medlemsstatar som Noreg støttar dei, sjølv om sanninga er gøymt i fine ord om «å spara palestinske lidingar», det som no skjer i Gaza. Tek me i tillegg med mediastøyen som fyller alle kanalar kvar dag, forstår me kva profeten både såg og høyrde…

Men trass alle krigar og all terroren Israel har opplevt, har dei i dag truleg den mest moderne hæren i verda. Gjennom dei 70 år landet har eksistert, har larmen og jordskjelvet ikkje stilna, og framleis ser det ut til at ikkje alt i profetien er oppfylt: «Og de skal kjenna at eg er Herren, når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk, folket mitt, stiga opp or gravene.» (Esek 37,13).

Slik eg (og mange med meg) forstår profetien, går denne delen på at jødane som endå bur spreidde utover i verda, skal «stå opp»  og  «gå opp»  (= gjera alyiah)! Det vil seia flytta til Israel…

Men kva vil det seia at dei «skal stiga opp or gravene sine», spør du kanskje. Ikkje veit eg, men det som er sikkert, er at jødane framleis kan gjera alyiah og flytta til Israel. Kanskje den dagen kjem snart då dei ikkje lenger kan  reisa. (vii)

Israel har i år fått ein velsignelse med regn..
Under krigen i Gaza har Israel utvikla ein ny måte å driva krig på, vert det sagt. Utfordringar dei møter med Hamas som bevisst brukar sivile som skjold og som gjennom sine tunellar har flytta seg frå plass til plass, har tvinga dette fram. Striden føregår i urbane strøk der sivile og normalt freda institusjonar har vorte utnytta av terroristane til å gøyme seg i og angripa frå. Enno er mykje av erfaringane Israel har gjort, ukjende for verda, men dei har kunnskap som hærleiarar verda over uten tvil vil ha stor interesse av. Til dømes at dei radiobylgjene som verda i dag brukar til kommunikasjon, ikkje er så godt eigna som alle har trudd. Dei lange radiobylgjene som vart brukte før, når lenger og gjev betre kommunikasjon under jorda og i / mellom store betonghus i ein moderne by!

Og fasiten?

Eit gamalt lesarordtak, er: «Les som det står og tru som det står». Slik det ser ut i dag, har største delen av dei som kallar seg «truande» jødar og ikkje-jødar, forlate denne tanken. Men nærare sanninga enn den me finn i Guds Ord, kjem me aldri.
-------
(i) Når ikkje anna er nemnt, er alle bibelsitata tekne frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.
(ii) Hebraisk vert lese frå høgre mot venstre: Yod He Waw He (JHWH).
(iii) 1 Mos. 1, v. 3, 6, 9, 11, 14 og 20.
(iv) Ordboka seier at det tilsvarande nynorske ordet, er «forfallsdato», men for meg betyr det noko heilt anna!
(v) Då eg var liten høyrde me stundom folk snakka om denne verda som ein «jammerdal». For jødane, som har hatt om lag ein pogrom kvart hundreår og den verste i det tjuende århundre, kan åra i eksil sanneleg seiast å ha vore ein «jammerdal».
(vi) vers.7. Dei messianske jødane si bibelomsetjing, (Holy Scriptures. Tree of Life Version),  brukar: «.. there was a noise, and behold, an earthquake.»
(vii) Den messianske bibelæraren Eliasim Eiahu, viste til det som skjedde i Tyskland før siste verdenskrig. Mange sa til jødane at dei måtte reisa for ting i tida viste at det snart kunne verta farleg for dei å bu der. Men dei fleste tyske og europeiske jødane ville ikkje. Dei «ville bli der dei var!»  Og, som Eliahu sa, det fekk dei – som oske.

Når ikkje anna er oppgjeve, er bileta mine eigne.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skiftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar