søndag 27. november 2022

Humanisme og menneskesyn

Slik ser boka ut.
Etter bøkene om evolusjon og mennesket sin plass i universet, lånte eg to bøker av Humanist forlag, eit forlag eigd av Human-Etisk Forbund i Noreg. Første boka er Richard Norman: «Humanisme». Boka er oversett av Kåre A. Lie. (Humanist forlag Oslo. 2007). Richard Norman har vore førelesar ved universitetet i Kent, og er ein av Storbritannias med populære humanistar, står det bakpå boka.
Etter eit sitat frå Hamlet kjem eit retorisk spørsmål som utgangspunkt for forfattarens utlegging om kva humanisme er. Lesaren vert deretter ført gjennom «Hvorfor vitenskapen undergraver religionen», «Hva er det som er så spesielt med mennesket?» og «Moral i en gudløs verden». Alt dette vert knytt opp til humanismens forståing av vitskap og gudstru, pluss ein etikk bygd på at «Gud er død».


Kapittel to omhandlar spørsmålet om Gud som skapar, og han siterer Paley (s.36) si alternative forklaring på livet på jorda der det mellom anna står: «…et hvert organisk legeme vi kan se, bare er noen få av tilværelsens mulige varianter og kombinasjoner som er blitt til gjennom umåtelig lange tidsrom, at nåtidens verden er en levning av denne variasjonsbredden, at millioner av andre kroppsformer og andre arter har gått til grunne fordi de hadde en oppbygning som ikke satte dem i stand til å overleve eller føre sine arter videre».


Darwin og hans samtid leitte etter «the missing link» mellom apene og menneskja. Seinare tider har vist at det manglar «missing links» i overgangen mellom dei forskjellege artane også.


Forfattaren kallar endringar innan ein rase, det eg ser på som ein type evolusjon, for «varianter», og skriv: «Det er intet klart skille mellom «varianter» og «arter», og den gradvise akkumuleringen av modifikasjoner kan skape former som ikkje bare er nye varianter, men nye arter». Beviset meinar han finst i genetikken, ikkje i restane av overgangsformer som aldri er funne. 


Realiteten er at mellomledd mellom artane, heilt frå dei minste former for liv, til dei største, er fråverande til no. Det går an å driva avl, eller styrt evolusjon om du vil, slik NRF (norsk rødt fe)  er utvikla med gode eigenskapar for både kjøt- og mjølkeproduksjon. Derimot er det ikkje i praksis råd å kryssa forskjellege arter, til dømes mellom katt og hund, eller ku og hest. Darwins «Om artenes opprinnelse gjennom det naturlige utvalg, eller de begunstigede rasers bevarelse i kampen for tilværelsen», kunne ikkje visa til evolusjon over artsgrensene.


Forfattaren i nemnde bok hevdar derimot at dette ikkje er eit problem, og angrip Guds Ord. På side 85 siterer han Genesis 1,26 og skriv så: «Fremveksten av vitenskapelig forståelse har styrtet mennesket ned fra denne høye tronen og ødelagt dette smigrende bildet


I det siste kapitlet i boka, «Mennesker og andre dyr», set humanisten mennesket inn i ein evulosjonistisk samanheng. Han har tidlegare (s.95) sitert Aristoteles’ ord om mennesket som «sosialt dyr». Som «sosiale dyr» i ei verd der «Gud er død» (i), er komplekse spørsmål om til dømes «dødshjelp og abort» (undertittel s.120) enkle, hevdar han.  Side 118: «Jeg mener at en rasjonell moral ikke trenger å baseres på religiøs autoritet…» og så skriv han om «fellesmenneskelige verdier basert på menneskets natur»….. «Religiøs moral binder gjerne disse fellesmenneskelige verdiene opp til en god del «rask», og humanismen vil gjerne få dette «rasket» vekk

«Verdier og verdighet. Tanker om det humanistiske livssyn»

Dette er tittelen på den andre boka eg lånte på Biblioteket, med Didrik Søderlind (red.) og utgjeve på Humanist forlag, Oslo, 2007. Frå dei forskjellege forfattarane, har eg valt ut dette:

Baksida har bilete av forfattarane


Lars Fr. H. Svendsen skriv om humanismens filosofihistorie, og startar med informasjon om korleis humanisme vert omtalt i forskjellege land. Sjølv vel han «antroposentrisme» (ii) som utgangspunkt, altså ei lære med mennesket som sentrum.  

Kirsti Bergh skriv om «Når siste ord skal sies. Om å være humanistisk gravferdstaler». Ho ynskjer å halda tale om «menneskets del av naturens store kretsløp, om livet – og om døden». (s. 81). «Vissheten om dødens endelighet gjør ikke den humanistiske gravferden til en følelsesløs, byråkratisk affære. Her er det kanskje i større grad rom for følelsesladet musikk, emosjonell sørgestemning og høystemt hyllest til livet. Her er det åndelighet – uten religiøsitet». (s.83).
 

Bernt Hagtvet skriv om «Forskjellighetens fellesskap. Menneskets rettigheter og humanismens moral». På side 119 har han undertittelen «Humanismens fiender», og held fram: «I forrige hundreår har særlig tre ideologiske posisjoner vist at humanismen og menneskerettens grunntese om at mennesket har verdi ikke på noen måte er en selvfølgelighet. Den tyske nasjonalsosialismen, den sovjetiske stalinismen og nasjonalistisk eller religiøs fundamentalisme i alle former (kristen, muslimsk, hinduistisk eller jødisk) har krenket menneskeverdet på det groveste

Hagtvedts utsagn er nok det eg vil hugsa......

Hagtvet skriv om FN: «Ikke tilfeldig oppstod det moderne menneskerettssystemet i FN fra 1945 til 1948. Dette var rett etter det dypeste sivilisasjonsfallet i moderne tid, den andre verdskrigen, med nazistenes folkemord mot jødene og Stalins slaveleirer som bunnmål». Kristen, jødisk og andre sin religiøse «fundamentalisme» er slik forfattaren ser det,  på lik linje med Hitlers utrydding av seks millionar jødar, og Stalins valdsregime. (iii)

Levi Fragell har termaet «Internasjonal humanisme. Om humanistbevegelsens feiltrinn og framganger». Han startar med at livssynet humanisme fekk sin eigen verdsorganisasjon i 1952. «Det ble i løpet av 50-årene akseptert av FN og andre overnasjonale organer som et livssyn med samme status og rettigheter som verdensreligionene. I denne sammenheng var det til god hjelp at bevegelsens lederskikkelser omfattet FN-gründere som UNESCOs Sir Julian Huxley og FAOs Lord Boyd Orr.» 


Dette sitatet frå Fragell, og Hagtvet sitt utsagn om religiøse fundamentalistar, var det som sette seg mest fast hjå meg. Grunnen? FN har markert seg med resolusjonar og fordømming av jødane år etter år, medan folkemord og overgrep andre stader i verda, vert «sopte under tepper» gong etter gong. Men eit høve til å dømma – og fordømma – jødane, let FN aldri gå frå seg. Beviset ligg i talet på FN-resolusjonar mot Israel samanlikna med andre land!


Denne boka sluttar med «Norsk humanistisk manifest 2006» som er interessant lesing. Der står mellom anna: «Tilværelsen har ingen forutbestemt mening; vi er frie til å skape mening og finne mål for våre liv.» Og «Vi tar avstand fra totalitære religiøse og politiske ideologier og tenkemåter».
----------------
Etter å ha lese side opp og side ned, sat eg att med inntrykket: Humanismen set altså likskapsteikn mellom «totalitære religiøse … ideologier og tenkemåter» og systematisk drap av menneske slik Hitler og Stalin gjorde det! Kan det stemma?  Med dette utgangspunktet er det lett å forstå at både FN – og alle som deler dette humanistiske synet, gjer alt dei kan for å fjerna tanken om Gud, og få bort frå jorda si overflate alle «religiøse fundamentalistar»! (iv)

 
Vil dette vera Antikrist si regjeringsplattform når han stig fram?

----------------------
(i) Sitatet er frå Nietzsche (1844-1900), var truleg ikkje sagt med tanke på at Gud hadde levt, men no var død (fysisk). Tanken var heller at i hans tankeverd var Gud ikkje-eksisterande og «død». «Vi er alle Guds mordere», er eit anna sitat som vert tillagt Nietzsche.
(ii) Personleg likar eg og best «antroposentrisme» av den enkle grunn at det liknar på «egoisme». Eg synest begge –ismene har mykje til felles.
(iii) Eit slik utsagn er så sjokkerande at eg spør meg sjølv: Er dette humanisme?
(iv) Teksten klårgjer ikkje kriteria for klassifieringa «religiøs fundamentalist».  Kanskje det er der eg høyrer heime?

Det er forbode å bruka bilete eller andre ting frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.




 

søndag 20. november 2022

 Eit nytt menneskesyn voks fram…

Eg har i dag lyst å trekkja fram to populærvitskaplege bøker som viser korleis synet på mennesket har endra seg siste hundreåra. Som både du som lese dette, og eg sjølv, kjenner uttrykk som Darwinismen eller utviklingslæra. 

I motsetning til det tradisjonelle kreasjonistiske menneskesynet, vert det no forkynt at mennesket stammar frå «apene» eller «primatane» som mange i dag føretrekkjar å seia. Me er alle «dyr»….

To populærvitskaplege bøker:

Den første heiter «Darwins verden» av Dag. O. Hessen.(i) På baksida står at forfattaren er professor i biologi og har mellom anna skreve forordet i den nye norske utgåva av «Om artenes opprinnelse», Darwins mest kjende bok. (Den alltid hjelpsame bibliotekaren viste meg den nye utgåva av Darwins bok. Han sa at sjølve boka er tung å lesa, men at «forordet er mykje lettare å forstå!»)

Faksimile frå boka

Til alle som spør «Hvordan?» og «Hvorfor?»

Denne undertittelen understrekar forfattaren sin «misjon» med boka. Som alle andre slike bøker, har heller ikkje denne det endelege beviset på at teori og realitet samsvarar.

På side 77 er ein velkjend karikatur av Darwin frå 1871. På same sida står eit sitat av Darwin som startar med «Når det gjelder det teologiske … så piner dette meg».  (Av andre kjelder kan ein finna ut at han, som dei andre i hans samtid, var kreasjonist og til sin dødsdag såg med sorg på at den læra hans hadde vore med å breia ut, vart sett opp som «beviset» som avsette ein Gud som skapar av mennesket i sitt bilete.)

Derimot fortel forfattaren frimodig om «Vår første forgjenger blant pattedyrene (dyr som ammer og har pels) var en liten spissmusaktig skapning som opplevde å se de store dinosaurene streife omkring». Om så kjem den utviklingsteorien me alle kjenner så godt og som «beviser» at me eigentleg er å rekna som dyr, ikkje menneske skapt av Gud.

Faksimile frå boka
Den andre boka eg vil ta fram, er «Evolusjon. Den spennende fortellingen om livet på Jorden» av Daniel Loxton.(ii) Eg tek med denne boka for å visa kor universell innprentinga av utviklingslæra som gjer mennesket til eit dyr, er. Som den først nemnde boka, slær også denne kategorisk fast at mennesket er eit dyr som berre har «utvikla» seg meir enn andre dyr.

Side 32 startar med overskrifta: «Men hva med oss?»  Svaret kan ikkje vera klårare – og meir misvisande sett ut frå eit bibelsk og kreasjonistisk synspunkt: «Ja! På same måte som alle andre levende vesener, har det moderne mennesket gjennomgått en evolusjon fra de tidligere artene…».


Er dette menneskesynet bakgrunnen for tittelen «Dyret» i profetien til Johannes i Openberringsboka?

Det er i alle fall nærliggjande å tru det. Over heile verda finn me denne læra proklamert frå lærebøker i førskulen til dei som vert dosert på universiteta. 

Som me alle veit, er «the missing link» framleis «missing»! I tillegg har vitskapen enda opp med mange fleire uløyste spørmål rundt og bevis for utviklingslæra. Så mange at mange forskarar har gått over til teorien om at bak utviklinga må det finnast ein overordna intelligens. Ein slags «skapar», om du vil. 

Med bakgrunn i dei bøkene eg her har nemnt – og sikkert mange fleire, er det rimeleg å tru at den personen som står fram i verda som Antikrist (les: Anti-Krist), også vil rekna seg som eit produkt av evolusjon i dyreriket.

Å erkjenna at «han», «ho» eller «hen» er ein skapning laga i Guds bilete, reknar eg med vil vera utenkjeleg. 

Kanskje var det det Jesus ville fortelja då han kalla «Antikrist» «Dyret»?

------------------ 

(i) Utgjeve på Pax Forlag a/s, Oslo, 1998.

(ii) Denne boka er frå Canada og vart gjeve ut under tittelen «Evolution» av Kids Can Press, Toronto, Canada 2010 og utgjeve på norsk av Libretto forlag i 2012.

------------------------ 

Det er forbode å bruka bilete eller anna frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 13. november 2022

Om dyr med stor og liten førebokstav

Eg vil starta dette blogginnlegget med ei åtvaring til deg som føl bloggen min fast, eller er tilfeldig lesar. Eg er ikkje teolog eller trur eg har svaret på dei tinga eg tek opp i skriveria mine. Målet mitt er ikkje å få «tilhengjarar» som det heiter i internett-språket for tida. Det eg driv med, er min måte å tenkja gjennom ting på, og – om nokon finn det interessant, kan ha glede eller nytte av å leika med same tankane.

Det at Bibelen presenterer det mennesket som er leiande i denne verda sine siste år for «Dyret», er både tankevekkjande og skremmande. Og som eg har skrive før: Du som les dette, gjer det på eige ansvar. Ikkje skuld på meg om du skulle koma på ville vegar! 

Bibelens mange dyr 

Gud skapte dyr før han skapte menneske (Genesis 1-2). Seinare gav han jødane lovar og reglar om reine og ureine dyr, og at dei ikkje skulle laga bilete av dyr for å tilbe dei. Offertenesta var knytt til reine dyr, og då først og fremst kveg, geit og sau. 

I det heile har dyr ein stor plass gjennom heile Bibelen, både som fysiske dyr, og som «dyr» i overført betydning. Frå Johannes’ openberring har eg alt skrive om «Lammet» som er eit bilete på Jesus, han som styrer endetida fram til denne himmelen og denne jorda er borte. Som motsetning til «Lammet», stig så andre «dyr» fram, særleg frå Johannes openberring kapittel 13 og utover. 

Det første «dyret» 

Profeten Daniel hadde sett dyr i sine profetiske syn, og då som bilete på komande verdsrike (Dan.7). I openberringsboka ser Johannes først eit dyr stiga opp av «havet» (13,1). Dette dyret er ein kombinasjon av leopard, bjørn og løve (v.2), og fekk si makt frå Draken eller Djevelen.

Den vanlege tolkinga, så langt eg kjenner til, så vert «havet» tolka som folkehavet. Det samsvarar med v. 4 som fortel at folk tilbad draken, og dei tilbad dyret og sa «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Me les at dette første dyret skal få makt over heile jorda, og det skal spotta Gud og himmelen. Det skal og føra krig mot «dei heilage», vinna over dei og få makt over «alle stammar og folk, tungemål og folkeslag».

Det er ein vanleg å forstå dette som at dette første «dyret» er bilete på eit politisk-religiøst system som skal breia seg ut over heile jorda. Dette er då ein parallell til det riket Djevelen tilbaud Jesus då han vart freista i Matt. 4,8-9. Truleg har det og samanheng med den første ryttaren med bogen, han som «vart gjeve ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra». 

Sjølv om Bibelen ikkje seier noko konkret om det, trur eg personleg at dette dei vonde makter sitt verdsrike, er eit resultat av den første ryttaren på ein kvit hest sine mange sigrar.

Det andre «Dyret» - Antikrist
Moderne kunst-bilete av "Lammet" i Nidarosdomen

Dette «Dyret» steig opp av jorda, hadde to horn og såg ut som eit lam, men snakka som ein drake. Det får si makt frå det første dyret (dvs. Draken), og brukar makta si så folka på jorda tilber Draken eller Djevelen (v.11-12). Men kvifor dette stig opp av jorda og ikkje av havet som det første, forstår eg ikkje.

«Dyret» vert tilbedt og får ei biletstøtte som kan snakka. Dei som ikkje vil tilbe denne, vert drepne. Det tvingar og alle, fattige og rike, til å ta «Dyrets merke» på høgre handa eller på panna, og ingen kan kjøpa eller selja noko utan å ha dette merket på seg.

Når me les heile kapittel 13, endar det med talet for dette «Dyret», som og talet for «eit menneske». Det vil seia at «Dyret» er eigentleg eit menneske. «Dyret» i liknar dessutan på eit lam, og er dermed motstykket til «Lammet» eller Kristus. Det er det ordet Antikrist betyr.

Nokre tankar rundt dyr sin plass i religionen gjennom tidene

Å tilbe dyr er ikkje noko nytt. Bibelen har mange døme, ikkje minst i samband med Egypt der oksen Apis og andre dyr var sentrale i egyptarane si gudstru. Jødane tok denne tanken med seg og fekk laga gullkalven ved Sinai til dømes. Men så langt eg kjenner til, var det gjennom alle tider eit klårt skilje mellom menneske og dyr. Dyr har gjennom tidene vore «dyr», og menneske alltid vore «menneske». I alle fall så langt eg forstår.

Rett nok finst det kombinasjonen av menneske og dyr i t.d. egyptisk og gresk religion, men då gjerne som ein kombinasjon av menneske- og dyre- eller fuglekropp. Bileta viser klårt kva som er frå dyr eller fugl, og kva som er frå mennesket. Der er ei heilt klår grense mellom delane.

Fleire stader finn me derimot religiøse overleveringar om gudar som fekk menneskeborn. Dei var då maktpersonar her nede på jorda. I slike «gudeætter» finn me både kongar eller keisarar, og dei vart tilbedne som gudar. 

Kva er så skilnaden mellom vår tid og tida då Bibelen vart skriven?


søndag 6. november 2022

 Ein annan ryttar på kvit hest

I Johannes openberring kapittel 19 møter me endå ein ryttar på ein kvit hest:
«Og eg såg himmelen open, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, heiter Trufast og Sannferdig, for han dømmer og strider med rettferd. 12 Auga hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han har eit namn innskrive som ingen kjenner utan han. 13 Han er kledd i ei kappe som er dyppa i blod, og namnet hans er Guds Ord.» (Op 19:11-13).


Ut frå desse versa og det som kjem etter, så er det klart at denne ryttaren er Jesus eller Yeshua the Messaiah som dei truande jødane kallar han. Bak han kjem «himmelhærane» kledde i kvit lin, noko som indikerer at det her er snakk om dei som har vorte frelste då dei levde her på jorda. Dette forstår eg ut frå versa 6-8 om den himmelske festen som vert kalla «Lammets bryllaup». Gud brukar fleire stader uttrykk knytt til forloving og ekteskap for å forklara sin relasjon til jødefolket.
    Jeremias (kap. 2,2) skildrar folket si vandring i øydemarka med orda: «Gå og rop i øyra på Jerusalem: Så seier Herren: Eg hugsar din ungdoms truskap, din kjærleik som brur, då du følgde meg i ørkenen, i eit land der ingen kan så».
    Hoseas i kapittel brukar same biletet, og omtalar dei avgudsdyrkande jødane som ei hore som lever i si synd. Men ein dag skal «ho» venda om, og Gud seier:
«Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn. 20 Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna Herren.» (Hos 2:19-20).

Mange vil tru at "Dyret" er eit "kosedyr"
Lammets bryllaup i openberringsboka startar med ein lovsong:

«-og det er gjeve henne (brura) ei drakt av skinande reint lin.» Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage». (Op 19:8). «Brura» er då eit bilete på alle dei truande, og no er dei kledde i kvit lin som viser deira truskap mot sin Gud. 
    Tidspunktet for «Lammets bryllaup» er nett før Kristus og hans hær rir ut over jorda for å gjera ende på alt det ugudelege i denne verda. «Dyret» saman med den falske profeten vert fanga og kasta i eldsjøen. Til slutt vert så den siste av den djevelske treeininga fanga og bunden (kap. 20,1-3) for tusen år. Med det startar tusen år med fred, «tusenårsriket».

Dyret, kven er det?    

Johannes skriv: «Og eg såg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans». (Op 19:19).
    «Dyret» møter me først i kap. 11,7 og 13,1ff. Det vert karakterisert ved at det kjempar mot Guds vitne, mot «dei heilage» og alt som har med Gud og Kristus å gjera. «Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader. 6 Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet hans og bustaden hans og dei som bur i himmelen. 7 Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over alle stammar og folk, tungemål og folkeslag.» (Op 13:5-7).


Dette samsvarar med det som tidlegare bøker i Bibelen har skrive om eit menneske som står fram som motstykket til Jesus Kristus. Dyret eller Antikrist er «mennesket» i den djevelske treeininga, motstykket til Jesus som er «menneske» i det guddommelege treeininga.

Men det er eit "rovdyr" (Golvmosaikk i Nidarosdomen).

Antikrist stig fram i det som vert kalla «endetida»

Det er Johannes, som både skreiv eit evangelium, tre brev og openberringsboka, som brukar namnet «Antikrist», dvs. «mot Kristus». Personleg likar eg å seia at han er det «stikk motsett av Kristus»!
«Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida.» (1.Joh 2:18).
    Paulus brukar mykje av 2.Tess.2 på same personen, men no som «motstandaren» han kallar «den lovlause». Han skal  setja seg over «alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.» (2.Tess 2:4) Og: «Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.» (2.Tess 2:9). Desse sitata og resten av DET Paulus skriv, er det same som Johannes sakriv om.
    Uttrykket «den lovlause» må forståast ut frå den bibelens eigen samanheng. Den som bryt Guds lov, er «lovlaus». Gud gav loven (dei ti boda) på Sinai, og i tillegg alle reglar og påbod som Toraen (dei fem Mosebøkene) lærer oss. Desse reglane vert seinare forenkla for dei ikkje-jødiske truande av apostelmøtet i Jerusalem (Ap. 15) og då forenkla i samsvar med det Jesus hadde undervist og praktisert. Derfor står det: «For Den heilage ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk noka anna bør enn dette som er nødvendig». (Ap. 15:28)

Kva med dei jødiske mesias-truande?

Gjennom lange periodar hadde jødane ikkje noko tabernakel eller tempel. Dermed bygde dei synagogar der dei hadde religiøse samlingar. Etter år 70 e.Kr. då det siste tempelet vart øydelagt, har dei ingen ofringar av dyr eller rituelle handlingar knytte til tempeltenesta. Dermed er den «ytre», fysiske gudstenesta uråd å gjennomføra. Den «indre», det vil seia etiske delen av Toraen, står derimot ved lag. Det er derfor naturleg for dei både å omskjera borna sine, halda sabbaten og fylgja dei religiøse festane me les om i Toraen eller Mosebøkene

Vil jødane snart  byggja eit nytt tempel i Jerusalem?

Kveldssol Jerusalem (frå Scopushøgden).

Profetiane tyder på det. Paulus seier (2.Tess.2,4) at Antikrist skal setja seg i «Guds tempel». For at den profetien skal oppfyllast, må dei ha eit tempel. Eg kan ikkje forstå dette på nokon annan måte.
Står det om Antikrist i GT?
    Fleire tekstar i det gamle testamentet ser ut til å peika mot ein politisk leiar som motarbeider Gud og alt det han står for. Daniel har fleire tekstar som vert tolka som profetiar om Antikrist. I Daniel kap. 7, 3-25 og 11, 21-45 finn me dei tydelegaste. Daniel 11,31 fortel at tempeltenesta skal verta hindra og tempelet gjort ureint. Dette skjedde under Antiokus Epifanes (215 – 164 f. Kr) som var konge i det hellenistiske riket som rådde over Jerusalem. Han, og den greske innverknaden på jødisk gudsliv og kultur, var svært stor. Først under makkabearopprøret vart landet frigjort på nytt og tempelet reinsa. Hanukkah-feiringa er til minne om det.
    Jesus refererte til denne profetien (Matt. 24,15) som profeti både om øydelegginga av Jerusalem (år 70), og endetida som me lever i. Dermed passar profetien både på  Antiokus Epifanes (ca. 150 år f. Kr), og Antikrist (år ?? e.Kr).

----------- 

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

------------------ 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!