søndag 6. november 2022

 Ein annan ryttar på kvit hest

I Johannes openberring kapittel 19 møter me endå ein ryttar på ein kvit hest:
«Og eg såg himmelen open, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, heiter Trufast og Sannferdig, for han dømmer og strider med rettferd. 12 Auga hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han har eit namn innskrive som ingen kjenner utan han. 13 Han er kledd i ei kappe som er dyppa i blod, og namnet hans er Guds Ord.» (Op 19:11-13).


Ut frå desse versa og det som kjem etter, så er det klart at denne ryttaren er Jesus eller Yeshua the Messaiah som dei truande jødane kallar han. Bak han kjem «himmelhærane» kledde i kvit lin, noko som indikerer at det her er snakk om dei som har vorte frelste då dei levde her på jorda. Dette forstår eg ut frå versa 6-8 om den himmelske festen som vert kalla «Lammets bryllaup». Gud brukar fleire stader uttrykk knytt til forloving og ekteskap for å forklara sin relasjon til jødefolket.
    Jeremias (kap. 2,2) skildrar folket si vandring i øydemarka med orda: «Gå og rop i øyra på Jerusalem: Så seier Herren: Eg hugsar din ungdoms truskap, din kjærleik som brur, då du følgde meg i ørkenen, i eit land der ingen kan så».
    Hoseas i kapittel brukar same biletet, og omtalar dei avgudsdyrkande jødane som ei hore som lever i si synd. Men ein dag skal «ho» venda om, og Gud seier:
«Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn. 20 Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna Herren.» (Hos 2:19-20).

Mange vil tru at "Dyret" er eit "kosedyr"
Lammets bryllaup i openberringsboka startar med ein lovsong:

«-og det er gjeve henne (brura) ei drakt av skinande reint lin.» Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage». (Op 19:8). «Brura» er då eit bilete på alle dei truande, og no er dei kledde i kvit lin som viser deira truskap mot sin Gud. 
    Tidspunktet for «Lammets bryllaup» er nett før Kristus og hans hær rir ut over jorda for å gjera ende på alt det ugudelege i denne verda. «Dyret» saman med den falske profeten vert fanga og kasta i eldsjøen. Til slutt vert så den siste av den djevelske treeininga fanga og bunden (kap. 20,1-3) for tusen år. Med det startar tusen år med fred, «tusenårsriket».

Dyret, kven er det?    

Johannes skriv: «Og eg såg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans». (Op 19:19).
    «Dyret» møter me først i kap. 11,7 og 13,1ff. Det vert karakterisert ved at det kjempar mot Guds vitne, mot «dei heilage» og alt som har med Gud og Kristus å gjera. «Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader. 6 Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet hans og bustaden hans og dei som bur i himmelen. 7 Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over alle stammar og folk, tungemål og folkeslag.» (Op 13:5-7).


Dette samsvarar med det som tidlegare bøker i Bibelen har skrive om eit menneske som står fram som motstykket til Jesus Kristus. Dyret eller Antikrist er «mennesket» i den djevelske treeininga, motstykket til Jesus som er «menneske» i det guddommelege treeininga.

Men det er eit "rovdyr" (Golvmosaikk i Nidarosdomen).

Antikrist stig fram i det som vert kalla «endetida»

Det er Johannes, som både skreiv eit evangelium, tre brev og openberringsboka, som brukar namnet «Antikrist», dvs. «mot Kristus». Personleg likar eg å seia at han er det «stikk motsett av Kristus»!
«Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida.» (1.Joh 2:18).
    Paulus brukar mykje av 2.Tess.2 på same personen, men no som «motstandaren» han kallar «den lovlause». Han skal  setja seg over «alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.» (2.Tess 2:4) Og: «Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.» (2.Tess 2:9). Desse sitata og resten av DET Paulus skriv, er det same som Johannes sakriv om.
    Uttrykket «den lovlause» må forståast ut frå den bibelens eigen samanheng. Den som bryt Guds lov, er «lovlaus». Gud gav loven (dei ti boda) på Sinai, og i tillegg alle reglar og påbod som Toraen (dei fem Mosebøkene) lærer oss. Desse reglane vert seinare forenkla for dei ikkje-jødiske truande av apostelmøtet i Jerusalem (Ap. 15) og då forenkla i samsvar med det Jesus hadde undervist og praktisert. Derfor står det: «For Den heilage ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk noka anna bør enn dette som er nødvendig». (Ap. 15:28)

Kva med dei jødiske mesias-truande?

Gjennom lange periodar hadde jødane ikkje noko tabernakel eller tempel. Dermed bygde dei synagogar der dei hadde religiøse samlingar. Etter år 70 e.Kr. då det siste tempelet vart øydelagt, har dei ingen ofringar av dyr eller rituelle handlingar knytte til tempeltenesta. Dermed er den «ytre», fysiske gudstenesta uråd å gjennomføra. Den «indre», det vil seia etiske delen av Toraen, står derimot ved lag. Det er derfor naturleg for dei både å omskjera borna sine, halda sabbaten og fylgja dei religiøse festane me les om i Toraen eller Mosebøkene

Vil jødane snart  byggja eit nytt tempel i Jerusalem?

Kveldssol Jerusalem (frå Scopushøgden).

Profetiane tyder på det. Paulus seier (2.Tess.2,4) at Antikrist skal setja seg i «Guds tempel». For at den profetien skal oppfyllast, må dei ha eit tempel. Eg kan ikkje forstå dette på nokon annan måte.
Står det om Antikrist i GT?
    Fleire tekstar i det gamle testamentet ser ut til å peika mot ein politisk leiar som motarbeider Gud og alt det han står for. Daniel har fleire tekstar som vert tolka som profetiar om Antikrist. I Daniel kap. 7, 3-25 og 11, 21-45 finn me dei tydelegaste. Daniel 11,31 fortel at tempeltenesta skal verta hindra og tempelet gjort ureint. Dette skjedde under Antiokus Epifanes (215 – 164 f. Kr) som var konge i det hellenistiske riket som rådde over Jerusalem. Han, og den greske innverknaden på jødisk gudsliv og kultur, var svært stor. Først under makkabearopprøret vart landet frigjort på nytt og tempelet reinsa. Hanukkah-feiringa er til minne om det.
    Jesus refererte til denne profetien (Matt. 24,15) som profeti både om øydelegginga av Jerusalem (år 70), og endetida som me lever i. Dermed passar profetien både på  Antiokus Epifanes (ca. 150 år f. Kr), og Antikrist (år ?? e.Kr).

----------- 

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

------------------ 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar