søndag 30. oktober 2022

Ryttaren på den kvite hesten

Det sjette kapitelet i openberringa Johannes fekk på Patmos, viser til hendingar som skjer nede på jorda. Oppe i himmelen ser han Lammet bryta segl etter segl, og i det dei fire første segla vert brotne, høyrer han «ei røyst som toreslag» som ropar «Kom!» Men dei som kjem, og det dei gjer, er knytt til jorda her nede hjå oss.

Lite truleg at han reid på ein norsk fjording?



Dei tre siste er lette å kjenna. Der dei rir fram, spreier dei krig, svolt, pest og død. Men desse ulukkene har fylgt menneskeslekta heilt frå skapinga. Det Johannes fekk sjå, er derfor ikkje noko nytt i hans samtid, og heller ikkje i vår. Derimot er det naturleg å tru at i endetida vil alt det vonde koma i sterkare grad enn før. Bibelen samanliknar utviklinga med fødselsvear. Og sjølv me karane veit at rier startar svakt, men aukar meir og meir både i styrke og frekvens heilt til barnet er født.

Sidan dei tre siste ryttarane skaper liding og død, så det er naturleg å sjå på dei som vonde, demoniske krefter som får meir og meir makt i verda vår.

Men kva eller kven symboliserer ryttaren på den kvite hesten?

Hestar har vore viktige både i krig og fred!
Berre i eitt enkelt vers (kap.6,2) skriv Johannes om han. Som før nemnt, er det mektige menn som i kunsten vert representert som ryttarar på kvite hestar. I tillegg står det at han fekk «ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra»(Op 6:2c), noko som understrekar  inntrykket.
Johannes fortel at denne ryttaren «hadde ein boge». No er ikkje bogen i seg sjølv farleg, men han gjer ryttaren i stand til å senda ut drepande pilar. I motsetning til sverd, øks og spyd, opererte bogeskyttarane på avstand frå det eller den dei skaut på! Ja, den dei sikta på, var kanskje ikkje ein gong klar over at dei vart angripne!
Men sidan Johannes her ser inn i den åndelege verda, er det naturleg å sjå korleis «pilar» vert omtalt biletleg i Bibelen



«Pilen» som symbol

I bibelsk symbolbruk er pilar våpen som både Gud og den vonde har i sine kogger, og det vert omtalt tre slag: «vanlege» pilar, giftpilar og brannpilar. Her er nokre eksempel på korleis Gud brukar sine «pilar»:


5. Mos.(Deut.) 32,23 viser til Guds straff for dei ugudelege: «Eg vil la ulukker hopa seg opp om dei og bruka opp pilene mine mot dei».
    Job klagar over lagnaden sin og seier: «Piler frå Den veldige sit i kroppen, gifta deira tek mi kraft; redsler frå Gud samlar seg mot meg.» (Job 6:4).
    David skriv i den sjuande salmen: «Dersom nokon ikkje vender om, vil han (Gud) kvessa sverdet, spenna bogen og sikta, gjera sine drepande våpen klare og setja fyr på sine piler. (v. 13-14. «Gud» sett inn her for å visa samanhengen).


Tilsvarande bruk av «pilar» finn me og frå dei og den vonde (Djevelen):
 

David seier: «For sjå, dei lovlause spenner bogen og legg si pil på strengen; i mørkret vil dei skyta på dei ærlege av hjartet.» (Sal 11:2).
    Og: «Gøym meg for banden av valdsmenn, for hopen av dei som gjer urett. 4  Dei kvesser si tunge som eit sverd og siktar inn pilene, dei beiske orda. 5  Frå bakhald vil dei skyta den skuldlause. Brått skyt dei han, dei er ikkje redde.» (Sal 64:3-5).
    Ein annan stad står det: «Herre, berg meg frå lepper som lyg, frå tunger fulle av svik! 3  Kva skal han gje deg, du svikefulle tunge, kva meir skal han la deg få? 4  Stridsmannens kvasse piler og brennande kol frå gyvelbusken!» (Sal 120:2-4).


Til slutt Paulus si oppfordring til dei truande i Efesus:  «

Golvmosaikk i Nidarosdomen er "ryttaren" er ytstyrt med tysk hjelm!
Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. 14 Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15 og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16 Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. 17 Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.» (Ef 6:13-18). (Uthevinga gjort her).
 

Desse sitata viser at både dei gode kreftene i livet, dvs. Guds side, og dei vonde kreftene, dvs. Djevelen si side, brukar piler som våpen. Og då ryttaren på den kvite hesten rir først i eit fylgje som spreier død og liding, rir han utan tvil på Djevelen si side den åndelege striden som me – og alle menneskje – er ein del av enten me vil eller ikkje…


Slik i alle fall eg forstår det….

--------------------- 

Merk: Alle sitata frå Bibelen er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

------------ 

Det er ikkje lob å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.







 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar