søndag 16. oktober 2022


 Me går ei vond tid i møte

Me har all grunn til å verta redde når me les det Bibelen fortel om «endetida». Naturen skal verta øydelagt, men og dei politiske og mellom-menneskelege systema som verda vår byggjer på. Aldri, heilt frå skapinga, har jorda vår opplevt slike katastrofar som dei som Bibelen teiknar for oss.

Sjå opp!
(Statue i kyrkje i Trondheim)
Kven kan me setja vår lit til?

Som me har lese, så profeterte Jesus om endetida, og han sa mellom anna til sine: 

«Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.» (Luk 21:28).

Med dette minner han oss om at det som kjem, også er starten på noko nytt og betre! Han samanliknar og endetida med ein fødsel. Med andre ord: Det vert lidingar og prøvingar, men etterpå glede og lukke. Etter det som vert kalla «den store trengsel», kjem først tusenårsriket. Etter ein domsperiode, lovar Herren sine ein ny himmel, ei ny jord og eit nytt Jerusalem der sorg og død ikkje finst.

Jesus styrer utviklinga i endetida

Svaret er enkelt. Apostelen Johannes på øya Patmos, fekk sjå inn i himmelen. Han skriv:

«Då såg eg ein mektig engel som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla?» 3 Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne.» (Op 5:2-3).

Då gret Johannes sårt, men ein av dei eldste sa: «Gråt ikkje! For løva av Juda-stammen, Davids rotskot, har sigra og kan opna boka med dei sju segla. 6. Og eg såg eit lam som stod midt på trona, mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, og det såg ut som lammet var slakta. Det hadde sju horn og sju auge, og auga er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.» (Op 5:5b-6)

Jesus Guds lam
Lammet
(Moderne kunst i Nidarosdomen).

Apostelen Johannes hadde sjølv skrive ned det døyparen Johannes vitne: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!» (Joh 1:29b). Apostelen skreiv og til dei truande i Korint: «For vårt påskelam er slakta, Kristus.» (1Kor 5:7b).

Og no, som fange på Patmos, fekk han sjå Jesus som den som til slutt skal styra utviklinga, både endetida for denne jorda vår, og det kjem etterpå!

Men Jesus er mykje meir enn offerlammet

Johannes såg Lammet, men og mykje meir. Jesus er oppfyllinga av Guds lovnader til jødefolket: Han er løva av Juda stamme og Davids rotskot, med andre ord den Messias som jødane har venta på gjennom fleire tusen år! Som ein fullkomen perfekt slipt diamant, står Jesus fram i Bibelen sine bøker under mange namn. Som kvar fasett i diamanten har sin eigen glans, viser alle Jesu namn forskjellege sider av han og gjerninga hans. Johannes ser ikkje lenger den enkle læraren frå Galilea som dei hadde vandra saman med i tre år. Nei, alle dei eigenskapane og namna Jesaja nemner i jule-teksten (Jes.9): Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste, han som har herreveldet over jorda og styrer ut frå Davids tru ne, og med fleire. I han er oppfylt, ikkje berre alle lovnadane til jødane, men og dei til oss ikkje-jødar!

Den himmelske lovsongen

Det er derfor ikkje rart at livsvesna og dei eldste fell ned for han og syng: «Verdig er du til å ta imot boka og bryta segla på henne. For du vart slakta, og med ditt blod har du frikjøpt for Gud menneske av alle stammar og tungemål, av alle folk og folkeslag.» (Op 5:9).

Og englane stemmer i: «Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk.» (Op 5:12)

Ein ny tidsepoke

Med dette har ein ny periode starta, og den gjeld både i himmelen og på jorda. Jesus hadde sagt at ikkje-jødar skulle trø ned Jerusalem inntil «deira tid var ute»(Luk.21,24). Og når det gjeld frelsa, så skriv Paulus til dei truande i Roma, at det er sett eit tal på kor mange ikkje-jødar som skal verta frelst (Rom,11,25).

Dei omlag to tusen åra som har gått sidan Jesus døydde og stod opp att, vert av mange kalla for «nådetida». Det vil seia at kven som vil kan koma til Gud, erkjenna syndene sine og verta frelste ved Jesu blod.

Tida som kjem etter det me les i openberringsboks sitt femte kapittel, kan me samanlikna med perioden regnet i syndefloda trong til vatnet dekte heile jorda. Me kan og samanlikna det med tida som gjekk frå Moses gjekk til Farao med bodet til Gud, til Farao og heile hæren hans låg drukna i Raudehavet.

---------- 

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Merk: Det er forbudt å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar