lørdag 1. oktober 2022

 Offeret i den jødiske tempeltenesta

Då første året av øydemarksvandringa var over, fekk jødane ny instruks om påska og påskelammet (Numbers / 4. Mos. 9). Her er det interessant å merka seg at også ikkje-jøden som budde mellom dei og ville vera med om påskelammet, skulle ta del i feiringa på lik linje med jødane. «Ei og same ordning skal gjelda for dykk, både for innflyttaren og for den som er fødd i landet». (v.9b).i

Det skulle vera eit årsgammalt lytelaust lam...
I Leviticus (3. Mos.) har Gud gjennom Moses forklart gudstenesta og ofringane knytt til Tabernaklet, ei ordning som vart vidareført i den perioden jødane hadde eit tempel å gå til. Her finn me ordninga for den store soningsdagen, «I den sjuande månaden, på den tiande dagen,…» (16,29b).

Her er det ikkje eit lam som vert ofra, men to bukkar som vart skilde ved loddkasting. Den eine «syndebukken» vart ofra etter at øvstepresten hadde ofra ein «syndofferokse» for seg og sine. Etterpå vart den første bukken slakta og blodet bore inn i heilagdomen «til soning». Då måtte øvstepresten vera den einaste inne i heilagdomen. Han gjekk åleine inn i det høgheilage til paktskista og nådestolen og gjorde soning for syndene til heile folket.

Den andre «syndebukken», skulle sendast ut i øydemarka til Asasel ii. Men først skulle øvstepresten «leggja begge hendene på hovudet til bukken og sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira. Han skal leggja dei på hovudet til bukken. Så skal han la ein mann som står ferdig, senda han ut i ørkenen». (v.16,21)

Det skal vera «ei evig ordning» for både jødane og innflyttarane (v.29). Og det sentrale i alle desse ofringane, var blodet. Det var nok derfor og at Gud nedla totalt forbod mot å eta blod. (Levitikus / 3. Mos 7,26 og Ap. 15, 28-29).

Den eine vart ofta, den andre sende ut..
Korleis kan me forstå dette?

Som ikkje-jøde er det eit hav av ting eg ikkje veit eller forstår. Men Det nye Testamentet gjev meg visse indikasjonar: 

Først er øvstepresten eit bilete på Jesus. Hebr.9,7 viser til den store soningsdagen, og i kap. 7 vert Jesus omtalt som øvsteprest i eit evig prestedømme, og : «Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, først for sine eigne synder og så for syndene til folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv». (v.27).

Forfattaren av brevet til hebrearane seier Jesus var både øvsteprest og offer. Det er nok og forklaringa på øvstepresten måtte vera åleine i tabernaklet  / templet på den store soningsdagen, for i Det nye testamentet står Jesus som den einaste av alle menneske som kunne skaffa syndarane tilgjeving: «Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.» (Apg 4:12).

Men kva då med «syndebukken» som vart send ut i øydemarka?

Kanskje svaret ligg i «utsendinga» av bukken. Jesus sende ut sine representantar (læresveinane), og sa «Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!» (Matt 10:16).

Etter tre år i Jesu nærleik, måtte det verkeleg vera å koma ut i «øydemarka» når dei skulle greia seg åleine! Paulus, som lærde å kjenna Jesus på eit seinare tidspunkt, vart og utsend av Jesus (Ap.9,15). Han forklarar sitt tilhøve til Kristus for galatarane slik: 

«19 Ved lova døydde eg bort frå lova, så eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.» (Gal 2:19-20).

Kan forklaringa på utsendinga av «syndebukken» vera at Gud på den måten ville visa at syndene var tilgjevne ved blodet til den bukken som var død? At denne andre «syndebukken» fekk leva fordi den første alt var død? 

Då kan me forstå at Paulus reiste og vitna om at Kristus var død for han, og no levde han eit nytt liv i Kristus: « ..i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.» (v. 20c).

Dreg eg teksten «for langt», synest du? 

Ikkje veit eg. Det eg veit ut frå det Gud sjølv viser oss i sitt ord, er at innhaldet i Det gamle testamentet heng uløyseleg saman med det som står i Det nye testamentet.

Det skulle og berre mangla. GT var då den Bibelen Jesus og apostlane bygde læra si på!



i Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

ii I Talmud vert ordet omsett med «ulendt fjellområde», men i forteljartradisjonen er det ein fallen engel eller øydemarksdemon. (Asasel – Store norske leksikon (snl.no)

---------------


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar