fredag 23. september 2022

 Bibelsk bakgrunn for endetida

Før me går inn på profetiane om endetida, til dømes Opb.6, er det viktig å ha det historiske perspektivet i tankane. Mange spør «Korleis kan ein kjærleg Gud vera så hard og gjera så mykje vondt?»  

Kva er svaret?

For min del går det tilbake heilt til Exodus (2. Mos). Jødefolket hadde vakse frå å vera ein liten nomadisk stamme, til eit folk på rundt rekna to millionar. Det me veit om livssituasjonen og lidingane deira, finn me i dei tre første kapitla i den boka. Dei hadde ropt til Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, og han hadde høyrt deira rop. No hadde han stige ned for å fri dei ut.

På same måte som eksempla i den førre bloggen, stod både jødane og det egyptiske samfunnet framfor eit klimaks som Exodus skildrar for oss. Farao, gav ordre om at alle gutebarn skulle drepast. Han prøvde på den måten å hindra at folket skulle veksa og verta sterke. 

I kapittel 3 får Moses eit møte med Gud i ein klungerbusk som ikkje brenn opp: 

Påskelammet var eit årsgammalt lam frå saueflokken.
"7 Og Herren sa: Eg har så visst sett nauda til folket mitt i Egypt. Eg har høyrt klageropa deira over slavefutane, og eg veit kva dei lid. 8 No har eg stige ned for å fri dei ut or egyptarhanda. Eg skal føra dei opp frå dette landet til eit godt og vidt land, eit land som flyt med mjølk og honning." (v.7-8b).i

Etter alle plagene Gud sende, kjem så det store klimaks i kapittel 12. For å hjelpa jødefolket, forklarar Gud nøye korleis dei skal gå fram for å verta frie. Først skal dei slakta eit lam for kvar husstand, og så kjem to viktige ting:

1: Dei skulle gjera seg reiseklare: "På denne måten skal de eta det: Med belte om livet, med sko på føtene og med stav i handa. Og de skal eta det i hast, det er påske for Herren». (v.11)

2: Dei skulle halda seg bak blodmerkte dørar: «Så skal dei ta av blodet og stryka på begge dørstolpane og på den øvste dørbjelken på dei husa der dei et det.» (v.7)

Den same natta gjekk dødsengelen gjennom Egypt. I alle hus der blodmerket mangla, vakna dei opp til sorg og død, uansett om dei var jødar eller ikkje, og uansett kva argument dei hadde brukt for ikkje å lyda. Dei som hadde innretta seg etter den beskjeden dei hadde fått, var både reiseklare og trygge.

Guds dom over Egypt

Det Exodus (2. Mosebok) teiknar for oss her, er ei domsscene på linje med syndefloda og øydelegginga av Sodoma og Gomorra. No heldt Gud dom over Farao og folket hans, og over dei gudane egyptarane trudde på og sette sin lit til. (v.12,12). Som på dei andre stadane der Bibelen viser oss slike domsscener, skjer det ut frå den uforanderlege sanninga: Gud som skapte alt og heldt alt oppe med si kraft, gjev sitt Ord for at dei som trur og innrettar seg etter det, skal vera trygge og ha framtid  og von.

Og som alltid: Gud heldt det han lovar. Det fattige jødefolket som hadde vore underlagt tvang og misbruk, reiste ut frå Egypt med store rikdomar i bagasjen. Då dei litt seinare stod på andre sida av Raudehavet, kunne dei takka Gud fordi Farao og hans hær var utraderte. Gudane han og egyptarane hadde sett sin lit til, var makteslause i møtet med den levande Gud!

Deretter starta det me gjerne kallar «øydemarksvandringa». Sanninga er at opplevinga på Sinai og erfaringane gjennom lange år og vanskelege kår, sveiste folket saman. Frå då og i all framtid vart dei Toraens eller Lovens folk, paktsfolket framfor alle andre på denne jorda. Den pakta gjeld også i Johannes’ openberring! 

Det som frelste  den natta i Egypt                    

Påskelammet!  Det var slakta, og dei lydige gjorde som Gud hadde sagt.  Derfor vakna eit reiseklart folk bak blodmerkte dørstolpar. Oppskrifta er den same som for Abraham: «Han trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd.» (Gal 3:6b). Så enkelt var det.

Alle andre vakna til sorg og død fordi dei ikkje hadde teke på alvor det Gud hadde sagt. Farao og folket hans kunne ha bøygt seg for det Gud sa dei gjennom Moses, men dei gjorde det ikkje. No var det for seint….

Kva er svaret på spørsmålet eg innleidde dette innlegget med?

Gud skapte menneska og gav dei sin  stad å vera der dei hadde det godt på alle måtar. Han forklarde og korleis dei skulle kunna leva lukkelege der. Men, som me veit, valde Adam og Eva å gjera mot Guds vilje, og som resultat kom liding, ulukker og drap inn i verda.

Men Gud snudde ikkje ryggen til og tenkte "Til pass åt dei...". Han viste - og viser oss som lever i dag,  korleis me kan sleppa unna dei straffedomane som må koma over jorda. Svaret er det same som for jødane den natta i Egypt: 

Tru det Gud seier, og innretta seg etter det...

-----------

i Eg brukar bibelsitat frå «Norsk Bibel», nynorsk utgåve.

---------------


Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar