søndag 18. september 2022

 Ein ny start

Syndefloda markerte slutten på noko som hadde vore, og starten på noko nytt. 

Noa hadde arbeidd og forkynt gjennom ein lang byggeperiode. Han forkynte sikkert og med han samla for til alle dyra, fekk stua stort og smått på kvar sin plass, og fram til Gud stengde døra. (2. Pet.2,5). Dermed vart ein epoke i verda si soge avslutta.

Etter flaumen starta folketalet å gå opp att. Alt hadde starta med to, Adam og Eva. No vart det å starta på nytt med åtte. Frå dei skulle alle kontinent fyllast.

Det store spørsmålet

Hadde menneska lært noko av katastrofen som Gud sende over jorda? Svaret er enkelt: Nei! Synda  overlevde og breidde seg i kvar ny generasjon og i kvart nytt område. For all ettertid skal regnbogen i stå i skya med sine sju, lysande fargar, sa Gud. Sju er Bibelen sitt tal for det fullkomne, og regnbogen er eit vitnemål om den Allmektige og Guds fullkomne vilje.

Eit nytt initiativ

Gud vil gjeva oss og verda ein ny start...













Så kjem dagen då Gud tek endå eit initiativ for å frelsa den ulydige og villfarne menneskeslekta. Han valde ut Abraham og knytte seg sjølv til ein person, ei slekt, eit folk og eit land. Det finn me i Genesis (1. Mos.) 12:

 «1 Og Herren sa til Abram: Drag bort frå landet ditt og ætta di og frå farshuset ditt til det landet som eg vil syna deg. 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort, og du skal verta til velsigning. 3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, vil eg forbanna. Og i deg skal alle ætter på jorda velsignast.» (12:1-3).ii

Som Noa og hans familie fekk ein ny start,  fekk Abraham ein ny start i eit nytt område. Deler av det heiter i dag Israel. Gud slo fast at han skulle få eit stort namn, verta velsigna og i tillegg verta til velsigning. 

Gud såg dermed forbi Abraham og etterkomarane hans. For oss ikkje-jødar opna han ein veg til velsigning og til forbanning, nett som han i Edens hage hadde gjort det klart for menneska kva som var rett og kva som var gale. Det nye valet no stod mellom velsigning og forbanning: «Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, vil eg forbanna. Og i deg skal alle ætter på jorda velsignast.» (12,3).

Adam og Eva, og alle me som lever i dag, må velja mellom rett og gale. Genesis 12 tvingar oss til å velja vår relasjon til Abraham og hans etterkomarar. Der er berre to alternativ, velsigning eller forbanning. Som med synd og nåde, er det ikkje spørsmål om kva me meinar eller trur. Me, som menneskje, har berre retten å velja. Premissane har Gud lagt fast. Me må innsjå at rett val, fører til det som godt er. Feil val, til det motsette. Eller som Paulus skriv: «Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta! Det eit menneske sår, det skal han òg hausta». (Gal. 6:7).

Ein som gjorde eit feil val

Det går mot natt..
Genesis /1.Mos fortel om at Abraham tok med seg brorson sin, Lot, då han forlet familien for å dra til landet Gud hadde lova han. Kanskje det var ein feil Abraham gjorde, ikkje veit eg. Men det førde til eit punkt der dei to måtte skilja lag. Me finn det i Genesis (1. Mos.) 13. Lot fekk  første valet. 

Abraham sa: «Dreg du til venstre, så dreg eg til høgre. Dreg du til høgre, så dreg eg til venstre». (13:9c).

Og Lot valde det som materielt såg best ut. Nedre delen av Jordansletta var «som ein Herrens hage», flatt, fint og med rikeleg vatn. Der ville han bu og lata buskapen auka og breia seg utover. I dag hadde me sagt at det var «som å vinna i Lotto». 

Han fekk sjansen, tok han og vart både velståande og mektig. Han fekk makelegare dagar enn å gjeta sauer og andre dyr i tørre halvørkenområde. No var han fri villdyr og vanskeleg terreng som var ei utfordring både dag og natt. 

Men korleis gjekk det med han? Eg reknar med du veit svaret. Det står i Genesis (1. Mos.) 19.

Når det gjeld endetida, - vår nære framtid, så viser ho oss eit panorama som overgår alt det som verda til no har gjennomlevt. Me går mot ein katastrofe både for  menneske og for kloden me bur på. Men som i Noas tid, har Gud ein plan og ein ny start klar:  Først kjem tusenårsriket, og så ein ny himmel og ei ny jord. Med andre ord ein ny start både for oss menneske og verda.

Eg har lyst å vera med der. Det vil verta det mest spennande eg nokon gong har opplevt! Det er mitt val. 

Og ditt?

.................. 

i For tida er det på moden med eit fleirfarga flagg som ofte vert kalla «regnbogeflagget». Det har berre 6 fargar. Seks (6) er Bibelens tal for er mennesket utan Gud, ofte skrive som «sex» og knytt til seksualitet slik som dette flagget.

ii Frå Norsk Bibel, nyn. oms.

----------------------------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar