lørdag 10. september 2022

Profetiar syner oss vegen inn i framtida

Korleis viser Gud oss det som skal skje?

I dei siste blogginnlegga mine har temaet vore profetiar. Først Jesu endetidsprofetiar i Matteus 24, og sist det Gud viste den eldre kvinna frå Valdres. Begge to er profetiar om framtida («når-tid»), og fortel om ting som ikkje nødvendigvis ville skje samtidig.

Jesus profeterer om Jerusalem og øydelegginga av tempelet år 70 (v.1-2), men då læresveinane spurde om når dette skulle henda, kjem det fram ting som endå ikkje har hendt. «Himmel og jord skal forgå» (v.35) ligg ei tid etter at Jesus har henta inn sine frå denne jorda, medan valdreskvinna snakka om «Når Menneskesonen kjem» i # 4), det vil seia når Jesus kjem for å henta sine. Når alt dette skal skje, og kor lang tid det skal gå mellom dei forskjellege hendingane, veit berre Gud (Matteus 24,36).

Valdreskvinna fekk sjå ting som skulle skje «like før Jesus kjem att». Ho nemner mange ting me alt ser oppfylte i dag. Kyrkjer og bedehus står tomme, forkynnelsen har vorte meir og meir kulturell og mindre og mindre Guds evige sanning (Matt. 24,35). Gamle etiske grenser er utraderte både i media og mellom folk generelt, osv.

Valdreskvinna såg og innvandringa frå forskjellege stader i verda. No har me innvandrarar rundt oss over alt her i landet, og stort sett til velsigning.

Men Noreg ligg langt mot nord. Me merkar lite av Sør-Europa og USA sin kamp for å avvisa millionar av menneskje som prøver å koma inn, lovleg eller ulovleg.

Men valdreskvinna såg vidare: Den komande tredje verdskrig og det som står i Johannes si openberring kapittel 6, vil snu migrasjonen. Då vil me i «i-landa» prøva å rømma frå øydeleggingane som har kome over oss, men verta avviste som dei som me avviser i dag. (Det er ei oppfylling av Matteus 7,12).

«Men dette er det som er sagt gjennom profeten….»

Dette sitatet frå Apostelgjerningane 2.16 syner at  Peter kjende profetiane og såg at han stod midt oppe i oppfyllinga av noko Joel hadde sett.

Me kan seia det same om ting som både Jesus profeterte i Matteus 24 jamført med Noas tid, og det Gud viste kvinna frå Valdres. Me lever i ei tid med same karakteristiske trekk som desse to profeterte om. Me – du og eg – må berre erkjenna at dette skjer rundt oss i dag, og innsjå at enden på denne tidsepoken i verdenshistoria er nær.

Profetisk perspektiv

Jødane kalte profetane for «sjåarar» (1. Samuels bok 9,9). I tråd med dette let Gud enkelte utvalde «sjå» det som skulle skje på ein måte som har vorte kalla «eit profetisk perspektiv».

Valdreskvinna, som Jesus, «såg» hendingar som låg lenger framme i tid, men dei fekk ikkje noko datering på når dei forskjellege hendingane skulle skje. I desse profetiane, som i så mange av profetiane i Bibelen, kan får me inntrykk av at ting skal skje om lag samtidig. Men «med tida» - når me som Peter kjenner att hendingane ut frå det som var profetert, ser me at profetien inneheld element som ikkje er oppfylte endå.

Det profetiske perspektivet syner oss "høgdepunkt" i tida

Profetisk perspektiv  vert samanlikna med å sjå ut over eit landskap. Du ser toppar og åsar, den eine bak det andre, men ikkje dalane mellom fjella, og heller ikkje avstanden frå eine høgda til den andre. 

Men ettersom me reiser innover, får me sjå på nært hald det som før berre kunne skimtast langt vekke. Dalen me ikkje såg, opnar seg framfor oss, samstundes som bak den, ser me nye høgder me vil koma til etter kvart.

Kva er du og eg i dette?

Me menneskje er vandrarar i tid og rom på same måten som når me vandrar i naturen. Me har profetiske «toppar» bak oss medan andre står me kanskje midt oppe på, og me kjenner att landskapet frå det som vart profetert. Framfor oss ligg eit  «landskap» med det som «vil verta oppfylt i si tid». 

Men alt kjem etter som dagane går, det Gud har valt å lata oss få eit lite glimt av. Me kan ikkje velja vår «jordiske» framtid, og me kan heller ikkje hoppa av. Denne verda me vart fødde inn i, går mot sin undergang. Der er det profetiske ordet klårt. Endetida går sin gang. Det Gud har sagt skal skje, vil skje.

Har me ikkje noko val?

Jau, Guds plan er ikkje ein uunngåeleg «skjebne» me er bundne hjelpelause fast til. Den same Bibelen som fortel oss om det som kjem, gjev oss eit val alle må gjera personleg. Dette valet fører oss ikkje utenom det som vil skje med denne verda, men fører gjennom prøvingane.

Når det aller verste avsnittet i soga kjem, har han lova å korta ned lidingstida «for sine». Det vil seia for dei som har teke mot det frelsestilbodet Jesus gjorde ferdig på Golgata. Ved å motta nåde og tilgjeving for våre synder slik Han tilbyr oss, vert me del av eit utvalt folk som Han sjølv har lova å ta hand om.

Og kven er Han?

Han er den som døydde for alle menneskje, «offerlammet» (Johannes 1,29) som me møter att i Openberringsboka 5,6-7. Han er den som har oversikta og styrer det som skal skje i dagane som ligg framfor oss.

Spennande, ikkje sant?

---------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bileta eg  brukar i denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar