søndag 4. september 2022

         Kva kan profetiane seia oss som lever i dag?

På eitt eller anna bedehus - eg hugsar ikkje kvar, fann eg eit ark med ein kopi frå bladet «Evangelisten» av oktober 1997. Artikkelen var så interessant at eg tok vare på han.

Forkynnaren Emanuel Minos (E.M.) kjende eg frå eg kom med i pinserørsla. Han var ein markant predikant og oppteken med Bibelen, - særleg det som var før, og det som skulle koma (profetiane). 

Artikkelen handlar om eit syn ei dame frå Valdres fekk i 1968, og det ho fortalde til E.M. som der og då kom med innvendingar mot ting som verka for utruleg på den tida. «Evangelisten» har gjeve meg lov å bruka artikkelen. Eg har laga nokre ekstra avsnitt for at teksten ikkje skal verta for kompakt i dette mediet, og mine merknader er skrivne med mindre bokstavar for skilja dei ut. Direkte sitat har eg og sett i kursiv.

Mykje av det kvinna fortalde, er oppfylt og me veit at det ho sa, var sant. Derfor kan me lita på at det som står att av profetien, kjem i si tid....

Slik er headingen av bladet i dag. Det er eit upartisk evangelisk blad som kjem ut med 20 nummer for året. Redaksjonen heldt til på Brattholmen, Sotra.



                                                                                                                                                                                            Her er artikkelen:

«Emmanuel Minos hadde møte der ho (dvs. den eldre dama frå Valdres.) budde. Han fekk treffe henne, og ho fortalde det ho hadde opplevd. Han skreiv det ned, men tykte det høyrdest så uforståande ut at han la det i ein skuffe. Men no, nesten 30 år seinare, såg han på det og då forstod han at han måtte dela det med andre. Dette er skrive av frå ein kassett som vart teken opp på eit møte på Sunnmøre 1995. 

Valdresdama var ein vaken og sannferdig kristen som hadde eit godt vitnemål av alle som kjende henne. Ho fortel:

«Eg fekk sjå verda i ein slags globus. Eg såg Europa – land etter land like før Jesus kjem att – like før den siste ulukka bryt laus over menneskeslekta, ei ulukke som me aldri før har opplevt maken til».

Ho nemnde fire bolkar:

    1) Like før Jesus kjem att og alvoret bryt laus, vert det ei avspenning som me aldri før har hatt. Det vert fred, og freden kjem til å vara ei tid. I denne fredsperioden vert det avrustning i mange land, også Noreg, og me er ikkje førebudde denne gongen heller når det kjem. Den tredje verdskrigen kjem til å starta på ein måte som ingen hadde venta – og frå uventa hald.

    2) Det kjem til å oppstå ei lunka haldning utan sidestykke blant kristenfolket, eit fråfall frå sann og levande kristendom blant dei kristne. Kristne kjem ikkje til å vera opne for ransakande forkynning like før Jesus kjem att. Dei vil ikkje som før høyre om synd og nåde, lov og evangelium, bot og betring. I staden kjem eit surrogat. Lukkekristendom. 

På veg mot mørkare tider....
Det gjeld å bli vellukka. Det gjeld å nå fram. Det gjeld materielle gode, ting som Gud ikkje har lova oss på denne måten. Kyrkjer, bedehus og frikyrkjelokale vert meir og meir tomme. I staden for forkynninga som me har vore vante til gjennom generasjonar – som å ta krossen sin opp og fylgja Jesus – vert det underhaldning, kunst og kultur som overtek kyrkjer, bedehus og lokale der det skulle vore vekking, naud og botsmøte. Det kjem til å skje i sterk grad like før Jesus kjem att – og ulukker bryt laus over oss, og folk kjem til å sova i si ånd.

    3) Det vert ei moraloppløysing som gamle Noreg aldri har opplevd maken til. Folk vil leva som gifte utan å vera det (Dette var i 1968, og eg trur ikkje at omgrepet «sambuar» fanst på den tida. E.M.) Ureinskap før ekteskapet og utruskap i ekteskapet kjem til å verta det naturlege, og ein kjem til å orsaka det på alle hald. Det kjem til og med å snikja seg inn i kristne krinsar, og me dullar med et – også synd mot naturen. 

    4) Like før Jesus kjem att, kjem det til å verta TV-saker som me aldri tidlegare har opplevd. Fjernsynet kjem til å vera fullt av vald, ein vald så grusom at det kjem til å læra folk å myrda og øydeleggja kvarandre og det vert utrygt å gå i gatene våre. Folk kjem til å ta etter. 

Det vert ikkje eitt tilbod på TV, det vert fullt av tilbod, (ho såg dette med fleire kanalar allereie i 1968, E.M.). Det kjem til å verta akkurat som me har det på radioen der me kan ta inn eine stasjonen etter den andre, og det kjem til å fyllast med vald.  

Folk kjem til å ha det som underhaldning – dei verste scener av mord og øydeleggingar av kvarandre – og det kjem til å spreia seg i samfunnet. På TV kjem det og til å vera samlivsscener. Dei mest intime tinga som føregår i eit ekteskap kjem til å verta viste på skjermen.

Dette var i 1968 og eg (E.M.) protesterte med at me har paragrafar som forbyr den slags. Då sa den gamle dama:

«Det kjem til å henda og du får sjå det. Alle tinga me har hatt før, kjem til å brytast ned, og det vert det mest usømelege for augo våre

    5) «Folk frå fattige land kjem til å strøyma til Europa. (I 1968 hadde me ikkje innvandring. E.M.) Dei kjem også til Skandinavia og Noreg. Det vert så pass mange av dei at folk kjem til å mislika dei og vert harde mot dei. Dei vert handsama slik som jødane under krigen. Då er målet for syndene våre nådd».

Eg protesterte også på det med innvandring. Eg forstod det ikkje (E.M.).

Då strøymde tårene ned på den gamle dama. «Eg får ikkje sjå det», sa ho, «men du for sjå det. Då brått kjem Jesus att og den 3. verdskrigen bryt laus. Det vert ein kort krig (ho fekk sjå den). Alt av krig eg har opplevd før, er berre leik i forhold til denne, og den kjem til å verta avslutta med atombombe. 

Lufta kjem til å verta forureinsa slik at ein ikkje kan pusta i den. Det kjem over fleire kontonent: Amerika, Japan, Australia – og dei rike landa. Vatnet kjem til å verta øydelagt. Me kan ikkje dyrka meir på jorda. Resultatet vert at berre ein leivning vert att. 

Og leivningen i dei rike landa vil freista å rømma til dei fattige landa, men dei vert like harde mot oss når tida er inne som me var mot dei. 

Eg er så glad eg ikkje får sjå det, men når tida nærmar seg, må du ta mot til deg og seia dette. Eg har fått det frå Gud. Ingenting av dette strir mot det Bibelen fortel. Sjå Op. 6 (det kapitelet eg nemnde i bloggen av 05.08.22.IBJ) og utover. 

Men den som har fått synda si tilgjeven og har Jesus som Frelsar og Herre, er trygg».»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar