søndag 28. august 2022

 

Fjellparti som dette glir sakte men sikkert mot fjorden. Loenulukka fortel oss kva me kan venta vil skje når det ein dag rasar...

  

 


                                 Profetisk presedens?

    I sist blogg nemnde eg Jesu endetidsprofeti slik Matteus ordlegg seg: «Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal slett ikkje forgå. Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje eingong englane i himmelen, men berre Far min.  Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera når Menneskesonen kjem .» (Matt. 24, 35-37) Her vert det evige sett opp mot det forgjengelege. Måten Jesus seier det (heile kapitelet), indikerer ein presedens: Slik var det den gongen, og slik vert endetida.

    I offentleg forvaltning finst noko dei kallar «presedens». Prinsipielle avgjerder eller tidlegare praksis blir til eit førebilete for vedtak og reaksjonar i liknande saker og situasjonar. I jus vert dette kalla «prejudikat». Ordet indikerer at dommar i liknande saker frå tidlegare, og tolkinga av paragrafane som vart lagd til grunn då, kan ein venta brukt også i den nye saka.
    Grunnlaget for desse reaksjonsmåtane (presedens og prejudikat), er samanfallande trekk i sakene som er oppe. Der var Jesus klår: Som på Noas tid, slik vil endetida verta.

Brutalt?

    Ein rettferdig dommar avseier dommen ut frå føreliggjande fakta, aktuelle lovparagrafar og eventuelle prejudikat. Om ikkje loven er endra, er det naturleg å venta same dom for same lovbrot.
Guds lov er, som Jesus sa, evig og uforanderleg. I teksten først i dette innlegget seier Jesus at «mitt ord skal slett ikkje forgå», som om det var hans eiga meining. Evangelisten Johannes derimot gjev oss eit vidare innsyn: «I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud.  Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til». (Joh.1,1-3). Som Guds Ord, var Gud og var hjå Gud. Dette vil seia at han er personleg både Loven og Ordet om nåden. Han er 
personleg til stades på Noas tid som i dommen over tida du og eg lever i.
    Syndefloda var det mest brutale verda fram til Noas tid hadde opplevd. Hadde me ikkje meir opplysningar om bakgrunnen for det som hende, kunne me tru syndefloda som ei ugjerning på grensa til det utilgjevelege.

Kva er så sanninga?

Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar.      Luk 21:28

    For å få heile sanninga, må me til Genesis (1.Mos) 5,28 og utover. Namnet Noa fekk han fordi faren meinte han skulle verta til trøyst for dei på den jorda som hadde vorte forbanna for synda si skuld.
Neste kapittel fortel om at synda og villfaringa hadde vorte så stor at «Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og hjarta hans var fullt av sorg». (Kap.6,6). Menneska levde slik at Skaparen angra på at han hadde skapt dei, og vurderte på utrydja alt liv.
    «Men Noah fann nåde for Herrens augo». (Kap.6,8). Og: «Noah var ein rettferdig mann, ulastande mellom dei som levde på same tida. Noah vandra med Gud.» (v.9b).
    Ut frå dette, valde Gud ein annan utveg, og Noa fekk både ein profeti og ei personleg oppgåve. (v.13-21). «Han gjorde i eitt og alt slik Gud hadde gjeve påbod om det.» (v.22b).
    Den vidare forteljinga som kjem etter desse versa, kan du lesa i dei neste kapitela. Der kan me lesa både om dommen over synda, og frelsa for dei som gjorde etter Guds råd og ord.

Avklarande tilleggskunnskap

    Bibelen gjev oss i tillegg desse opplysningane om kva Gud gjorde den gongen: «Han sparde heller ikkje den gamle verda, men heldt si hand over rettferdsforkynnaren Noah – sjølv den åttande – den gongen han førde flaumen over ei verd av ugudelege.» (2. Peter 2,5).
    Noa var ikkje berre ein som bygde ein båt, men han forkynte samstundes rettferd for dei han levde i mellom! Han gjorde det Gud hadde pålagt han, - arbeidde og forkynte heilt til Gud sa «Nok!».
Eg reknar med at folk forvitne den gongen som no. For eit «show» det var at ein mann bygde eit svært skip langt inne på land! Og så sa han at Gud skulle lata vatnet stiga så den enorme båten skulle flyta fritt!
Regna gjorde det sikkert mange gonger i heile byggeperioden. Men kven kunne tenkja seg ein flaum som skulle dekkja heile jorda? Det var for utruleg til å vera sant, reknar eg med folk sa seg imellom. Men så kom dagen. Alle dei lydige - endå til villdyra, var komne inn. Arbeidet var fullført, Guds time var komen, og Gud sjølv let att døra.
    Trur ikkje du og at folk glodde på dyra som hadde gått inn par om par, utan å gjera skade eller eta kvarandre opp? Kven kunne tru slikt? Eller kanskje enkelte tenkte:  Kanskje det var noko i det den galningen sa likevel?
    Uansett kom regnet. Dag etter dag. Elvane steig, dalane vart fylte og til slutt var det berre inne i den bek-kledde arka, det var råd å overleva!
    Folket opplevde det dei hadde nekta å tru. Banka dei på døra og bad om hjelp, var det for seint. Guds time var komen, døra var stengd og dei gjekk under.

«……slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem». (Matt.24,39)

-----------------
i Me snakkar her om Guds »evige presens».(Exodus / 2. Mos. 3,14)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar