tirsdag 16. august 2022

 Kva, når og korleis

Djupt i deg og meg ligg tanken: Korleis vil framtida verta? Kva vil henda? Når? 

Eg trur Adam og Eva tenkte på same måten etter syndefallet i Genesis (1. Mosebok) 3. Frå eit trygt og sorglaust liv vart dei kasta ut i kampen for å overleva. Bibelboka seier dei hadde fått «opne auge» (v.7), og såg mot ei framtid med sveitte og slit, bekymring for kva dei skulle eta, vanskelege fødslar og i tillegg vissa om at ein dag ville livet enda med døden. «Med sveitte i andletet skal du eta brødet ditt, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken. Mold er du, og til mold skal du venda attendei." (v.19).

Alvorlegaste resultatet av synda var likevel ynsket om å gøyma seg for Gud. I staden for å stå ope og ærleg fram, vedgå det som var gjort og be om tilgjeving, gøymde dei seg så Gud ikkje skulle finne dei. Då det ikkje gjekk, prøvde dei å bortforklara synda med gode argument. 

Bibelen seier ingen ting om kva frukt dei åt...

Til og med Gud hadde litt av skulda, meinte Adam: «Kvinna du gav meg til å vera saman med, ho gav meg, og eg åt». (v.12). Deretter prøvde han å gøyma seg bak Eva, for så til slutt å minimisera si eiga gjerning: «…eg åt». 

Eg, om eg var Adam, hadde sikkert sagt «…eg berre åt». Dermed vart skulda endå litt mindre, ikkje sant? 

Bibelens første profeti

Den kom Gud med. Den er knytt til «slangen» eller Djevelen, og er profetien om frelse for syndarar:
«Og eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal krasa hovudet ditt, og du skal krasa hælen hans.» (v.15). Ein profeti om at Djevelen si evne til å føra vill, ein gong skal ta slutt.

I Guds Ord finn me profetiar som Gud gav direkte, til dømes lovnaden til Abraham som og er ein profeti for oss ikkje-jødar: «Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort, og du skal verta til velsigning. Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, vil eg forbanna. Og i deg skal alle ætter på jorda velsignast.» (Genesis 12,2-3)

Gud brukte profetar som han sjølv valde ut. Det same gjorde Djevelen. Hjå Jeremias kan me lesa om – og studera fylgjene av - både sanne profetiar og løgnprofetiar. 

Men det stogga ikkje i gamaltestamentleg tid. Apostelen Johannes skreiv til kristne i hans samtid: «Mine kjære! Tru ikkje kvar ei ånd, men prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.» (1Joh 4:1). Situasjonen er sikkert den same også no.

Ein sann profeti har liv...
Kven er profet?

Det hebraiske ordet «nabi» vert omsett med «profet». Jødane kalla profetane sine «sjåarar». Dei såg inn i framtida og kunne fortelja - frå Gud -det som kom til å skje. Mange fekk eit eige kall til denne tenesta slik som Jesaja og Jeremias. I det nye testamentet skriv Paulus om profeti som ei nådegåve, det vil seia ei overnaturleg evne Den heilage Ande kan gjeva den som trur på Jesus Messias. (1. Korintarbrev 12,10). Dette opnar for at Gud, når han vil, kan senda profetar til oss i vår eiga tid. 

Men sett i historisk perspektiv, har det vore og er få profetar frå skapinga fram til vår tid. Kvifor er det berre Gud sjølv som kan svara på.

Profeti versus prognose

Me som ikkje er profetar eller har profetisk nådegåve, prøver å tenkja oss korleis framtida vil verta, ut frå tidlegare erfaring og den informasjonen me har til ei kvar tid. 

Etter same prinsippet lagar datamaskiner «prognosar» for oss, og som media serverer oss i samband med prisen på straum, rentenivået i banken, matforsyninga i verda, eller prognosar knytt til val og politisk maktbalanse i vårt land og ute i verda.

Men i tillegg til «handfaste data», spelar kjensler og ynskje inn på konklusjonane me som individ kjem fram til. Datamaskiner derimot ikkje er «menneskje» og burde gjeva oss prognosar utan emosjonell feilmargin. Men nei: Dei gjev svar ut frå data som vert valde ut og tasta inn av menneskje med ynskje og prioriteringar, bevisst og ubevisst. Det innsamla materialet er aldri 100 % av den reelle situasjonen maskina skulle arbeida ut frå. Feilmargin er også der uunngåeleg.

Hjå Jeremias, til dømes i kapittel 27 og 28, finn me både sanne og falske profetiar. Jeremias forkynte i ord og føredøme det Gud hadde å seia folket, men Hananja svara med å bryta åket Jeremias har lagt på seg, og lova siger og framgang. Bibelen og verdssoga fortel med klåre ord at profetiane til Jeremias vart oppfylte. Hananja derimot «døydde same året» (v. 28,16), og det han profeterte, viste seg å vera løgn.

Ein sann profeti vert alltid oppfylt i si tid...

i Alle bibelsitat et frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

--------------------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller anna frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar