lørdag 20. august 2022

 Bibelen, viktigaste boka i verda

Det vert sagt og skrive at ikkje noko bok er seld i så mange eksemplar som Bibelen. Like rett er det at ikkje noko anna bok har hatt så mykje å seia for verda si utvikling, som Bibelen. 

Gud har skapt alt frå dei minste partiklane mennesket har greidd å oppdaga, til det enorme, endelause himmelrommet. Alt har han laga, og ingen ting er utan føremål og plan. Kongen over jødane, David, uttrykte det slik: «Når eg ser din himmel, verket av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der ..» (Salme 8,4). i Han, som fleire andre poetar, brukte Guds skaparverk som utgangspunkt for sin lovsong.

Som du veit, er vår «kristne» Bibel delt i to: Det gamle testamentet (GT) og det nye testamentet (NT). Den Bibelen Jesus og dei andre i NT hadde og refererte til, var den jødiske, delt i 1. Toraen eller Loven, 2. Neviim eller Profetane, og 3. Ketuvim eller Skriftene. Alt var nedskrive og kjent fleire hundre år før Jesu fødsel. 

Innhaldet i «vårt» GT, er det same som i jødane sin Bibel, men rekkefylgja bøkene kjem i, er annleis.ii  Seinare, gjennom nokre tiår rundt år 70, vart bøkene og breva som utgjer NT, skrivne ned og fekk sin plass i det nokre kallar «de, kristne Bibelen».

Opphavleg deling av GT

TLV-versjonen hjelper oss å forstå mange ting
relatert til Bibelen sitt jødiske opphav.
Den tradisjonelle todelinga i GT og NT skaper eit skilje i Guds-openberringa som eg personleg ser på som svært uheldig. NT har av den grunn fått ein alt for dominerande stilling i dei fleste kristne kyrkjer. Utan GT ville NT vore meiningslaust, og først når me kjenner Guds ord i GT, kan me sjå heile Guds frelses-plan. 

GT fortel korleis Gud førde jødane i gamaltestamentleg tid. Gjennom det og den vidare avdekkinga av Guds plan i NT, står heile Guds plan fram som noko som gjeld alle, enten me er jødar eller ikkje-jødar. Openberringa av Guds vilje utgjer ei samanhangande linje som får sitt klimaks i tusenårsriket. Då skal verda for første gong oppleva tusen år med fred, med Jerusalem som sentrum i verda og med Davids rotskot, Jesus Messias, som konge.

Det er i GT at det kjem klårast fram at Gud er heilag, kva som er Guds vilje med Loven, og korleis han reagerer når menneska vel å gå sine eigne vegar bort frå Han. I heile Guds ord er jødane eksempelet Gud har gjeve oss, - både på det gode og det vonde. På den bakgrunnen får frelsa og profetiane om det som skal koma over verda, sitt rette perspektiv. 

Jødane vart utvalde av Gud for at verda skulle få ein frelsar, fødd som menneskje i ein nasjonal og kulturell samanheng. Deira soge frå starten og fram til vår tid, er eit føredøme på Guds vilje for alle han skapte, og på korleis det går når menneska vel sine eigne vegar, og ikkje Guds.

På denne bakgrunnen får Jesu offerdød si endelege meining. Då er Jesus Messias øvsteprest og offerlam, konge og tenar, den lidande som vert gjort til synd for oss, og dommaren som me alle ein gong skal stå til ansvar for. 

Bibelen, vår viktigaste profetiske kjelde

Jesus Messias, ved sida av alt han var og er, var ein klår endetidsprofet. Hans profetiar og døma han gav, bygde på ting Gud hadde sagt og gjort i GT. Endetida, - den du og eg lever midt oppi – hadde sin parallell i GT slik profet-kapittelet Matteus 24 viser:

«Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 For liksom dei åt og drakk i dagane før vassflaumen, tok til ekte og gav til ekte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og dei ikkje visste av det før vassflaumen kom og tok dei alle, slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.» (v.37-39)

Slik var det i Noa si tid, slik er vår samtid: Me er opptekne med vårt, våre eigne lyster og planar. Me har bytt ut Gud og hans Ord med humanistiske tankar og idear, og me ser ikkje at undergangen er nær! 

Opb.22 frå NT og Salmane, utgjeve av
Bibelselskapet i 1882.
Kva er så profetien sin misjon?


Målet er ikkje, som mange seier, å «skremma folk til Gud», men gjeva opplysning om det som skal skje. Så må dei sjølve gjera sine val, slik Bibelen sitt siste kapittel seier:

 11 Lat den som gjer urett, framleis gjera urett, og lat den ureine framleis verta verande urein! Og lat den rettferdige halda fram med å gjera rettferd, og lat den heilage framleis verta helga! 12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som tvettar kjortlane sine, så dei må få rett til livsens tre, og til å gå gjennom portane inn i byen. (Op. 22:11-14)

Derfor, når alt kjem til alt, må eg og du gjera våre eigne val uansett om me er jødar eller ikkje-jødar. 

«Det står skrive», ikkje for at me skal berga vår livsstil eller vår rikdom eller ære, men våre liv….

-----------------

i Bibelsitata eg brukar, er frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

ii Eit unnatak er “Holy Scriptures. Tree of Life Version”, (TLV), utgjeve av Baker Books, Michigan. Denne er laga av The Messianic Jewish Family Bible Society, og brukar I tillegg ein heil sentrale og på hebraisk. Dette er ein Bibel eg personleg har vorte svært glad i…

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar