søndag 30. juli 2023

Polsk skilt frå andre verdenskrig
Ein trist dag

Eg sit i Søraust-England og skriv dette innlegget til deg i dag. Det er den 27.07.23 på min kalendar, eller «Tisha B’av» - «den niande dagen i månaden Av», på den jødiske kalendaren. Ein tradisjonell sørgje- og fastedag, spesielt viktig for ortodokse jødar. 

Det verste av alt som har hendt på denne dagen, er øydelegginga av templa i Jerusalem: - det Salomo bygde i år 586 f. Kr., og det som stod på Jesu tid, i år 70 e. Kr. Jødane gjorde eit nytt opprør 60 år etter at det siste tempelet var øydelagt. Dei siste av desse vart drepne på denne datoen i år 133. På same datoen vart jødane utviste frå Spania i 1492, osv.

Etter det eg las i Jerusalem Post i dag tidleg, er det mange ikkje-religiøse jødar og som fastar i dag. Dei fastar for folket og landet som no er så splitta at enkelte samanliknar det med delinga etter Salomos død for vel 2 951 år sidan. Den gongen vart motsetninga mellom den nye regenten på Davids kongsstol, og folket, til ulukke for dei alle. Likskapane er skremmande:

«Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret: «Kva for del har vi i David? Vi har ingen lut i Isai-sonen. Heim til telta dine, Israel! Syt no, David, for ditt eige hus!» (1.Kong 12:16). 

Den gongen snudde ti stammar ryggen til han som hadde arva kongedømmet i samsvar den pakta heile folket hadde gjort med Davids hus (2.Sam, 5,1-3). Dei laga seg eit nytt rike etter «sine eigne premissar», og Samaria vart deira hovudstad.

I dag er Netanyahu statsminister i ei lovleg valt regjering med eit demokratisk valt fleirtal bak seg. Dei som tapte valet, gjer opprør. I staden for å sjå fram mot neste val der dei sjølve kan få fleirtal, ser det ut til at dei berre vil godta eit landet styrt slik dei meinar det er best.

Som den gongen for omlag 3000 år sidan, har ei deling av landet vore nemnt av nokre av desse «opprørarane».



Ikkje Samaria, men Tel Aviv ny hovudstad?

Den som føl med i israelsk politikk og samfunnsliv, ser det store skilje det politisk og kulturelt er mellom Jerusalem og Tel Aviv. Tel Aviv er venstresida og dei «moderne» israelarane sitt sentrum. Høgresida og dei ortodokse er derimot mest knytte til Jerusalem.

Dei som snakkar om ei deling av dagens Israel, ser ei «naturleg» deling av landet om lag som den gongen: Jerusalem (Judea) og områda sørover mot Negev for seg, og kyststripa sør for Tel Aviv og nordover (i lag med det Samaria og Galilea m.m.) som «Det nye Israel».

Som ikkje-jøde, men ein som trur på Herren (= Adonai) som min og «Israels Gud» (i), finn eg ikkje noko teikn i Bibelen på at landet skal delast på nytt. Det som derimot kan henda, er ein situasjon som den i 1948 då Ben Gurion stod fram og proklamerte Israels nye fødsel. 

Dei som skulle forsvara dette nyfødde landet, var ei samling av delvis bitre fiendar. Verst var vel tilhøvet  mellom Hagannah og Irgun, men dei tradisjonelle religiøse leiarane, var heller ikkje nådige! Dei ynskte heller å leva under England eller «vennlege arabarar», enn i eit fritt Israel! Det skulle ikkje skje før Messias kom, sa dei.

Og løysinga?
Som så mange gonger før, vart mobilisering mot felles fiendar utanfrå det som tvinga folk til å samarbeida. Slik var det i Israel i 1948, og slik er eg redd det må verta no og.

Vil Iran, med sine terrorist-greiner i Libanon, Gaza, Jenin og andre stader, vera dei som bergar Israel frå deling og undergang?

Ting å angra på

Eg har mangt eg angrar på. Det er ting eg burde ha sagt, men let vera, og ting eg ikkje skulle ha uttalt meg om. Kanskje det eg no skriv om Israels politiske situasjon, og burde vore usagt? 

Ein av dei ting som gjorde mest inntrykk på meg i Schindlers fabrikk-museum, var ein granittrull som sakte dreia rundt sin eigen akse. På den var det hogge inn ting forskjellege menneskje hadde sagt eller skrive under dei vonde åra under andre verdenskrig.

«Eg kunne ha hjelpt, men eg gjorde det ikkje», var bodskapen i fleire av tekstane. Dette er ikkje noko nytt. Den gamle Forkynnaren i Tanakh (ii) seier det slik: «Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt. Ingen ting er nytt under sola.» (Fork 1:9).

Martin Niemöller (iii) skreiv diktet «Først kom de…» om det å angra. Som eit refreng kjem «Men jeg var ikke….», og så nemner han kommunistane, fagforeiningsleiarane, sosialistane og jødane som nazistande fengsla ein etter hin, uten at han protesterte. Då nazistane vende seg mot dei i kyrkja som ikkje ville fylgde deira politikk, vart han sjølv teken: Då var det ingen att som kunne protestera! (iv)

Livet må gå vidare

Soga til jødane er spesiell. Sjølv etter Holocaust og ugjerningane dei vart utsette for der, og sjølv etter at engelskmennene gjorde alt dei kunne for å hindra dei overlevande i å nå Jødeland, var der menn og kvinner som satsa livet på ei ny framtid i deira eige og frie land. Dei var villige til å ofra alt for at det skulle verta ein realitet: Israel.

Arnulf Øverland skreiv diktet «En hustavle» (v) i 1929. Meir enn noko anna folk på jorda som eg kjenner til, har jødane gjennomlevd enorme pogromar og overgrep. Men når ugjerningane er over, har dei som var att, starta på nytt og skapt eit blomstrande samfunn på utruleg kort tid.

Med deira eksempel i tankane gjev det mest meining  for meg å lesa tredje verset i Øverlands dikt først, og etterpå vers ein og to. 

Her er diktet slik Øverland skreiv det:

        Det er en lykke i livet
        som ikke vendes til lede:
        Det at du gleder en annen
        det er den eneste glede

        Det er en sorg i verden
        som ingen tårer kan lette:
        Den at det var forsent
        da du skjønte dette

        Ingen kan resten av tiden
        stå ved en grav og klage
        Døgnet har mange timer
        året har mange dage


Kan nokon seia det betre?

.........................................
(i) Jmfr. Jesaia 24, 15.
(ii) Dette er namnet på den hebraiske Bibelen, det som for oss er Det gamle Testamentet.
(iii) Friedrich Gustav Emil Martin Niemöller, (1892 – 1984) var tysk luthersk teolog. Han vart fengsla i 1939, og sat i konsentasjonsleir til krigens slutt.
(iv) Eg har ikkje funne nynorsk omsetjing av dette dikter, så eg har berre omsett nokre sitat frå den engelske teksten.
(v) «Hustavler» var bilete med tekstar, gjerne broderte, som folk frå gammalt av hadde hengjande på veggen. Det var helst bibelord, slik eg kjenner det, men og ordtak og sentrale visdomsord.
Merknad: Uthevinga på siste verset at "En hustavle", er gjort av meg her for å illustrera det eg meinar i teksen over.
 

---------------------- 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 23. juli 2023

Draumen om eit nazistisk paradis

I BBC sine videoar kan ein fylgja utviklinga og planane for oppbygginga av eit nazistisk prestisjesenter på polsk jord. Det skulle verta eit gigantisk senter med mellom anna ein eigen avdeling for Hitler. Til og med hans favorittmøblar og -bilete var tekne med i planane! 

Dødens transportsystem...
 
Auschwitz-omlandet er flatt og fuktig. Frå 1941 vart det arbeidd for fullt med å drenera og planera området dei skulle bruka. Eddy de Wind sleit ei tid i grustaket der massar til vegar og konstruksjonar vart spadde fram. Han skriv: 

«Været snudde, det ble kjøligere. Først var det oppfriskende. Huden gjorde ikke like vondt, musklene kjentes smidigere, og man ble ikke like fort andpusten, sånn som i heten. Men så kom regnet. Klærne ga ingen beskyttelse: en linjakke og en skjorte. Man var våt inn til huden.
Men det var ikke det verste. Etter to dager med regn fantes det ikke lenger noen veier. Ruten til grusfjellet var nå bare en lang rekke innsjøer og gjørmete leirhauger.  ….
(i)


Femten par mannearmer klarte det to hester antakeligvis ikke hadde klart. Men det var fordi de fremdeles var sterke, fordi de fortsatt hadde et overskudd. Hvor mye kom de til å ha igjen om en uke, om en måned, grublet Hans da han lå i sengen sin om kvelden. Han følte seg syk, han hadde dratt av seg den våte skjorten, men feberen fikk han til å skjelve under det ene lakenet han måtte dele med to andre menn.»    


Endå Tyskland den gongen hadde gravemaskiner og lastebilar, var det menneske og muskelkraft dei utnytta for å byggja, steinsetja vegar og drenera.(ii)

Menneske som forbruksvare

Drenering og veg slik me såg det...
I Auschwitz-maskineriet var menneske sett på som forbruksvare. Berre det å driva desse leirane med sine mange avdelingar, krov ei lang rekkje forskjellege arbeidslag. Oppgåvene gjekk frå det daglege matstellet, til «lik-kommandoen»  - dei som transporterte dei døde til krematoria. Det siste leddet i utnyttinga av dei dødsdømde, var oska frå krematoria. Den la grunnlag for leiren sitt jordbruk!

I tillegg kom industrien med IG Farben og andre selskap. Største arbeidsplassen ser ut til å ha vore Monowitz som og vart kalla Buna. Der produserte dei syntetisk gummi, og gass til gasskammera. Der vart laga våpen og ammunisjon, og endå til flydelar i underjordiske bunkersar. Systover med kvinnelege fangar produserte alle SS-soldatane sine uniformer. Veveri blanda inn menneskehåret som var klipt av dei dødsdømde. Det gav mjukare og meir slitesterke tekstilar, sa guiden.

«Canada»

Guiden vår stogga framfor ei brakke kalla «Canada». Ho var oppattkalla etter det landet som den gongen var kjend for sine veldige rikdomar av gull. Haugane av bagasje og alt av verdi som vart samla då fangane kom, hamna der. Særleg jødane hadde mykje verdfullt med seg. Det var pengar og smykke, men og gode klede og sko. Pengar og andre verdiar, inkludert gulltenner, skulle sendast til nasjonalbanken i Berlin, men etter det Eddy de Wind med fleire fortel, stal soldatar og fangar alt dei kunne.

Eit nazistisk industrieventyr

Farben sin produksjon var stor, og med mange kjende merke

Eddy de Wind skriv dette om Auschwitz-industrien: (iii) «…hele Waffen-SS Süd-Ost ble utstyrt med krigsmateriell fra fabrikkene i Auschwitz. Deutsche Ausrüstingswerkstatte, forkortet D.A.W., sto for alt som var av tre, særlig ammunisjonskister. Selve ammunisjonen ble laget på «Auto-Union» og på Buna-Fabrikkene. I Buna ble det også fremstilt syntetisk gummi.

Og her i disse bygningene lå hovedkvarteret til enorme Auschwitz-komplekset, som bestod av mer enn tretti leirer: Auschwitz I – leiren Hans befant seg i – Birkenau, der drapene ble utført, Monowitz med Buna-fabrikkene, samt en rekke mindre leirer med gruve og landbrukskommandoer, til sammen med mer enn 250 000 arbeidere. Her i Kommandantur og Standortverwaltung lå administrasjonen, der arbeidet og materiell ble fordelt.

Her vart leirsjef Rudolf Hess avretta i april 1947
Nei, Auschwitz var mer enn mishandling i stor skala. Med alle sine fabrikker og gruver utgjorde det en viktig del av det øverschlesiske industriområdet, og arbeidskraften var billigere enn noe annet sted i verden. De trengte ingen lønniv, og de spiste neste ingen ting. Og når de var utslitte og ble sendt til gasskammeret, var det fremdeles nok jøder og politiske motstandere i Europa til å opprettholde materiellet».

Også norsk industri profitterte på fangane

IG Farben var den gongen den største innan kjemisk industri i verda. På internett og i andre kjelder, fann eg informasjon eg skulle ynskja var løgn: 

IG Farben støtta Hitler og nazistpartiet heilt frå starten av med store summar. Deira underselskap i Sveits, IG Chemie, hadde sterke band til Norsk Hydro. (vi) Farben hadde aksjar i Hydro, og Hyrdro i Farben / Chemie. (vii)  Farben åtte noko slikt som 25 % av Hydro under krigen. Hydro hadde ein aksjepost Hydro i Farben/Chemie, men det stod ikkje kor stor. 

Utanom turistrutene, gror vegane att
Denne industrien var sentral i produksjon av mellom anna aluminium og kustgjødsel. På grunn av sine band til Hitler og nazistane, fekk dei gode avtalar og tente enorme summar. Norsk Hydro i Noreg støtta den norske nazistiske rørsla, og fekk fordelar av det. (viii) Dette er bakteppet for «tungvatn-aksjonen» i Rjukan. Vestmaktene måtte hindra at Hitler utvikla atomvåpen med norsk hjelp! (ix)

Bordellen i Block 24.

Fleire millionar menneskje vart drepne ved skyting (som på Austfronten), i gasskammera (som i Auschwitz-Birkenau), eller andre stader og på andre måtar.  Det var menneskje «systemet» ikkje «såg seg nytte i». Verdilause eller farlege etter arisk raseideologi.

Men viljen til å utnyta desse menneska til den ariske rasens fordel og vokster, verkar til å vera utan grenser. 

På side 88 i boka har Eddy de Wind denne fotnoten: «Nazistene etablerte bordeller i konsentrasjonsleirene for å få fangene til å samarbeide, jødiske innsatte hadde ikke tilgang. Kvinnelige fanger ble tvunget til prostitusjon. I Auschwitz lå bordellet i Block 24». Ein annan stad skriv han om unge jødiske kvinner som kanskje skulle til bordellen."

Det dei gamla glasa avspeglar i dag...
Kan du tenkja deg noko meir kynisk enn å tvinga unge kvinner til prostitusjon berre for å pressa endå meir forteneste ut av desse ulukkelege arbeidarane?

Det som ein gong var

Det var mellom anna dette eg gjekk og tenkte på der eg vart guida omkring. Eg gjekk på vegar bygde med blodslit. Eg kunne gå tørrskodd der fangar sleit seg til døde for å få fram grus og sand til støyping og steinsetjing.

Fangebriskane, der det ein gong låg ni fangar, står tomme, reinvaska og uten halm. Ingen ser etter blå fjell og lengtar heim. Rutene dei stirde gjennom, har vevkjerringar overteke. No er det dei som fangar og utnyttar sine med-skapningar!

Ingen skreik «Heraus», «Bevegung! Bewegung! Eile!», eller «Sweinhund!» til oss. Ingen mishandla oss med harde støvlar og tunge geværkolbar. No var leirane fylt med guidane sine monotone utleggingar. Av og til eit spørsmål, og elles lyden av skokledde føter over nedslitne golv.

Over alt i Auschwitz - Birkenau, - det synlege, låg ei usynleg uhyggje. Sjølv i refleksen i søledammane me så tankelaust steig over, og i dei grove glasrutene bakom sengekassane, stakk fortida andletet fram.

Usynleg synleg uhyggje....

-----------------------------
(i) Frå Eddy de Winds bok, side 64.
(ii) I Noreg brukte tyskarane på same måten dei russiske krigsfangane til bunkersbygging, vegar, kaianlegg og anna.
(iii) Frå side 91-92 i boka.
(iv) Etter det som finst på internett, betalte Farben Hitler-Tyskland nokre Deutzmark  pr. dag pr. arbeidar. Det var gradert der fagarbeidarar tente mest, ufaglærde menn og kvinner noko mindre, og barnearbeidarar minst. Men dette visste kanskje ikkje Eddy de Wind?
(v) Heretter berre «Farben».
(vi) Heretter berre «Hydro».
(vii) Heretter «Chemie».
(viii) Teke ned frå  https://www.skup.no – files PDFF,  den 09.07.23. Der er ein «Metoderapport: Hydros skjulte fortid» av Knut Gjernes og Gøran Skaalmo. Materialet er basert på artiklar i Dagens Næringsliv i perioden 2004 – 2005. (Denne og andre kjelder er grunnlaget for det eg skriv om Hydro.)
(ix) Etter krigen sat Noreg og att med store verdiar i vegar, jernbane og bygg, produsert gjennom dødsslitet til russiske krigsfangar. Uten Farben / Chemie  i Tyskland / Polen hadde me kanskje ikkje hatt Herøya, Årdal, Høyanger og dei andre industristadane me er stolte av! Eksperimenta i Auschwitz verkar verdlause ut frå biletet me får i mange kjelder, men i Farben-komplekset gjorde også viktig forsking me i dag har nytte og glede av.

----------------------- 

Det er forbode å bruka tekst eller b ilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

søndag 16. juli 2023


Kvar kunne dei sjå åsane frå?
 Fjell og fridom

«Hvor langt er det til de disige, blå fjellene? Hvor bred er sletten som strekker seg ut i det strålende vårlyset? Kanskje en dagsmarsj for frie føtter. En time til hest, i raskt trav. For oss er det lenger, mye lenger, uendelig langt. Fjellene tilhører ikke denne verden, tilhører ikke vår verden. For mellom oss og fjellene løper tråden.» (i)

 Kirsten Brunvoll såg dei: «I klart vær så vi Karpatene reise seg i blålig dis langt borte. De virket kjølige og rene og minte om Norge».(ii)

Det var desse fjella eg såg etter med me gjekk omkring i Auschwitz den dagen, men eg såg dei ikkje. Kanskje fordi det flate området leirane ligg i, har meir skog i dag enn før? Eller kanskje fordi det ikkje var lov å gå opp i høgaste brakkene og sjå om eg kunne sjå dei derifrå? Sjølv frå borga i Krakow, var det ikkje fjell å sjå, berre nokre låge åsar i flatt land.

For dei to representerte dei blå fjella langt der borte den fridomen som piggtråden og mishandlinga i leiren tok frå dei.

Eddy de Winds bok

Dette var mitt "kart" i Auschwitz
Eddy de Wind var ein dokter som saman med kona Friedel vart sende til Auschwitz saman med andre jødar frå Nederland. Han skreiv medan han var der, og fortel om livet og opplevingane sine. Første kapitelet, som eg alt har sitert, har «eg-form». I resten av boka kallar han seg «Hans». Friedel sit eigentlege namn vert derimot brukt gjennom heile boka. 

Under utveljinga på jernbanestasjonen havnar begge mellom dei som får leva, og lesaren får fylgja dei heilt fram til frigjeringa.

Boka minte meg mykje om det Kirsten Brunvoll skreiv. Begge fortel om livet i leirane, om folka dei møtte og om lagnadane deira. Hans si forteljing er sett ut frå livet som ektemann og dokter i Auschwitz-maskineriet, og som hadde kona si i Block 10 der eksperimenta med kvinnene føregjekk. Kristen Brunstad levde som «Nacht und Nebel»-fange og fortel det ho som kvinne opplevde gjennom arbeidet, men og såkalla «vitskapelege eksperiment». 

Begge observerte og skreiv om forskjellege grupper av fangar. Det same galt SS-soldatane, og hierarkiet som var bygd opp under dei.

Her  budde Eddy de Wind
Kvinneavdeling og mannsavdeling

Auschwitz var delt i fleire sektorar med elektrisk piggtråd mellom. Som ny i leiren gjekk Hans (iii) ein kveld saman med ein annan hollendar langs Birkenallee og såg mot Brakke 10. (iv) Brakka heitte «Hygienisches Institut zu bakteriologischen und serologischen Undersuchungen der Waffen-SS Süd-Ost», ei brakke for kvinner brukt til medisinske eksperiment. 


Hans budde i Block 9. Seinare han fekk vera med å bera mat over til kvinneblokkene, slik at han og kona kunne sjå kvarandre ein augneblink. Han skriv ein stad:

Ei dør Hans ofte brukte
«Hans skjønte bare halvveis hva det var som foregikk i Block 10, og hva formålet kunne være. Var ikke massesterilisering et hovedpoeng for tyskerne? Ønsket de ikke å sterilisere alle jøder, polakker, russere og kanskje andre også? Hva annet kunne disse gynekologiske eksperimentene bety enn forsøk på sterilisering? Jødiske kvinner var billige forsøksdyr. Man kunne bare glede seg over deres lidelse, og det var slett ikke farlig om de kreperte eller ei. Med slike tanker returnerte han til Block 9». (v)

Møte med Goebbels

Livet i leiren kunne delast opp i gode og vonde periodar etter den eller dei personane som hadde kommandoen til ei kvar tid. Han skriv at etter ein bra periode overtok Goebbels kommandoen i Block 10:
«Han blandet seg opp i alt og tvang alle kvinnene, uten unntak til å delta i eksperimentene. Han var ingen medisiner, men en kjemiker fra IG Farben-industrien, selskapet som betalte for eksperimentene, og som hadde en økonomisk interesse av nye medisiner».

Goebbels tok Hans i å prata med Friedel i Block 10, noko som resulterte i straffekommando. Men etter ei tid fekk han koma tilbake og berga derfor livet.

Bibelstudentene

Tru og piggtråd
Både de Wind og Kirsten Brunvold skriv om menneskje som er i leiren på grunn av si tru. Eg spurde guiden vår om ho visste kva grupper eller «sekter» der var snakk om. Det ho visste var «Jehovas vitner», men og at der var andre truande som ikkje ville bøya seg for Hitlers politikk. Brunvold skriv svært fint om dei, noko de Wind og gjer.

«En gang hadde det vært 800 av dem i Dachau.(vi) Lagerführeren hadde bedt alle om å komme til appellplassen: «Hvem av dere tror fortsatt på bibelske profetier?» Alle hadde rakt hånden i været. SS-soldatene plukket ut ti menn og skjøt dem på stedet. Så gjentok de det: «Hvem tror fortsatt på…» Nok en gang rakte alle opp hånden, og nok en gang ble ti skutt.

Dette fortsatte en stund, men etter hver runde med denne dødsdansen ble det flere tvilere, færre og færre rakte opp hånden, og til slutt var det bare «omvendte» igjen, men da hadde allerede et par hundre av de beste falt.

De kunne riktignok være utmattende, disse bibelstudentene, for uansett hva man sa, uansett hva som skjedde, hadde de et mer eller mindre relevant bibelord klart. Men de var ærlige, ønsket deg alt godt, og  …..»


------------------------------------------------ 

(i) Starten på Eddy de Winds bok «Endestasjon Auschwitz. Min historie fra innsiden av leiren». Gyldendal Norsk Forlag AS, Oslo 2020.
(ii) Sjå bloggen av 25. juni.
(iii) «Hans» er namnet som Eddy de Wind brukar på seg sjølv etter innleiinga i boka.
(iv) Avrettingsplassen med kransane som eg skreiv om i bloggen 16.07, låg mellom Block 10 og 11. I de E. de Wind si bok, vert eit døme på avretting der om
talt på side144-145.
(v) Dette sitatet er frå side 87 i boka. Eddy de Wind skriv og om eksperiment på greske ungjenter. «Disse ungene ble plassert i et ultra-korbølgefelt, de fikk en plate på magen og en på rumpa, og så ble eggstokkene brent. Jentene fikk grusomme sår av den elektriske strømmen, og de led voldsomt under smertene. Da de frisknet til etter behandlingen, ble de operert for å se hvordan organene, og sa særlig eggstokkene var brent». (Frå side 145 i boka).
(vi) Tekst og fotnote frå de Winds bok side 119: «Dachau, etablert i 1933, var nazistenes første konsentrasjonsleir og ble brukt som modell for de andre. Opprinnelig tiltenkt politiske fanger og derfor lagt til en forlatt ammunisjonsfabrikk i Dachau,16 kilometer nordvest for München».

----------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

søndag 9. juli 2023



Livet desse gamle glasa speglar av i dag....
Auschwitz

Etter opplevinga i Schindlers fabrikk var møtet med Auschwitz mindre god. Me vart møtt av eit inngangsparti i betong og stål. Sikkert laga til i beste meining, men det gav inntrykk av «business» og eit ynskje om å vera moderne og «in». Inngangen hadde ein automat som skulle forsyna busslast etter busslast med vatn, brus eller kaffi, noko som skapte lange køar og mykje frustrasjon. Heldigvis hadde me fått råd om å ta med vatn og vern mot solsteiken dei timane turen varde.

Guida tur inne og ute.

Brakkene i Auschwitz og gatene mellom piggtrådgjerda der fangane hadde levd og lidt, var reelt nok. Visse brakker fekk me koma inn i, men mykje gjekk me berre gatelangs og fekk forklart det som hadde hendt på dei forskjellege stadane.  Her var mange grupper i leiren samstundes. Stundom var det ventetid før me fekk sleppa til. 

Liknande informasjonsplater stod det mange stader.
Verre var det i Birkenau der både avstanden frå parkeringsplassen til inngangen, og det me måtte gå inne i leiren, stilte store krav til dei som var med på omvisinga. Ingen av stadane var tilrettelagde for dei med rørslehemmingar, og det fanst ikkje noko tilbod om hjelp for dei som trong det. Leiren i Birkenau var så flat at dei som trong det, kunne vorte køyrde rundt i eit lite elektrisk køyretøy. Eit slikt køyretøy med leirvakts-logo på, gjekk me forbi under turen.

Særleg eit eldre par i gruppa vår, hadde eg vondt av. Ho hadde store problem med å gå. Han leidde og støtta henne, og saman kjempa dei med å fylgja guiden som tydelegvis hadde eit tidsskjema som ho losa oss gjennom etter. Personleg tenkte eg at desse kom for å sjå staden der nokon av «deira» vart gassa eller pint i hel. Eg kan ikkje tenkja meg at nokon ville slita seg gjennom ein slik tur uten!

Minnesmerk med bronseplater på språka i landa fangane kom frå.
Trudde tyskarane at dei kunne sletta ut spora etter ugjerningane sine?

Husa i Auschwitz var først og fremst murhus. I Birkenau vart det trebrakker som stort sett var grovt og enkelt samansette. Mange av brakkene vart brende då soldatane rømde. Gasskammera hadde dei sprengt, og det var ikkje lov å gå inn mellom ruinane. Litt bortanfor var eitminnesmerke med tekst på det offisielle språket i landa dei drepne hadde koma frå. Der var og ein plass der oska frå dei drepne hadde fått sitt minne. Guiden fortalde etter som ho førde oss omkring i dei to leirane. Eg plaga henne med spørsmål, og fekk svar.

Vinteren 1945 tømde tyskarane leirane og senda fangane ut på ein dødsmarsj som kosta tusen på tusen livet.(i) Det var då, så langt me veit, at sambygdingen min, Oscar Müller, døydde. Ein stad i Auschwitz-litteraturen står at dei dreiv bølingar med husdyr av stad og. Kvar kom så dei ifrå?

Bilete den offisielle «versjonen» ikkje tek med

På mitt spørsmål fortalde guiden at 40 kilometer rundt leirane vart tømt for folk så tyskarane kunne driva jordbruk med fangane som arbeidskraft i dette området. Det var der dei, etter å ha prøvt å bruka oska frå krematoria i betong og i elveførebygging, fann ut at oska eigna seg best til gjødsel! På den måten  produserte dei grønsaker og blomster som kunne seljast i byane omkring.(ii) Og til potetene og grønsakene (kålen?) supperasjonen til fangane var kokt på…

Utanfor Birkenau stod dette skiltet om IG Farben

Det same galt industrien desse leirane var knytte opp til. Guiden nemnde IG Farben (iii), men hadde ikkje tid eller høve (vilje?) til å gå djupare inn på den sida av livet her. 

Det var industrigiganten IG Farben som fann staden som passa perfekt for samarbeidet deira med Hitler. (iv) Ved den gamle polske militærleiren (v) på desse våte slettene, var der alt bygt jernbane. I tillegg var der kol, kalk og rikeleg med vatn i området. Desse fire tinga var avgjerande for utviklinga av syntetisk gummi, noko som Hitler-Tyskland og verda elles trong enorme mengder av. Og Hitler skaffa det femte dei trong: Arbeidskraft. (vi)

Slik kunstnaren opplevde det
Kransnedlegging

På ein av stadane i leiren Auschwitz låg to store kransar. Det var her fangar som skulle avrettast, vart skotne.  I nærleiken stod to pålar der fangar vart opphengde etter bakbunde hender, ein torturmetode nazistane brukte og som skapte uuthaldande liding og øydelagde skulderledd.

Slik såg veggen ut då me var der...
Med me stod der, kom ein prosesjon for å leggja på ein ny krans. Kven dei var, veit eg ikkje, men mange i fylgjet hadde VW-logo på jakkene. Men me måtte vidare, så eg fekk ikkje med meg sjølve kransnedlegginga.

Ville dette vera rette staden for ei minnestund?
Slike seremoniar skal sikkert uttrykkja medkjensle og sorg, samstundes om ein heidrar dei som måtte lata livet her. Det er verdfullt om reell medkjensle og erkjenning er motivet. Vert det gjort som eit resultat av tradisjon eller kutyme, er handlinga meiningslaus og tom i mine auge.

Den industrielle utnyttinga (vii) av fangane og rikdomane fangane med sitt dødsslit skapte, kan ingen kransar og minnetalar betala. Det same gjeld den totale mangelen på empati og respekt for menneskeverd. Alle menneske, uansett rase, kultur eller fysiske og mentale evner, har identisk verdi med «MEG». I Auschwitz-Birkenau-maskineriet rådde kynisk nytteverdi fundamentert på arisk- og nazi-nasjonalistisk tankegang.

Kva med ei minnestund under omvisinga?


Vel tilbake på hotellet diskuterte me dagen. Det me sakna, var ikkje kunnskap eller informasjon. Det var ein plass for sorg, ettertanke og respekt for dei som måtte lida og døy her.
Kvifor ikkje ei minnestund, til dømes ein plass der guiden oppfordra til eit minutts stilla og refleksjon? Kanskje me kunne kjøpt ei rose å leggja ned ved minnesmerket over dei drepne, eller på staden der oska frå krematoria ein gong vart samla?


For oss ville dagen fått eit heilt anna innhald på den måten. Me ville fått viktig kunnskap om det som hende der, samstundes som me hadde fått uttrykt sorg og medkjensle med dei dette djevelske maskineriet utnytta og drap. Det ville truleg gjera Auschwitz-turismen meir verdifull og etterlata seg eit minne for resten av livet.

Tenkte me. Kva trur du?

---------------------------
(i) Oscar Magnusson skriv om den i boka «Jeg vil leve», og som eg har nemnt i ein tidlegare blogg.
(ii) Kirsten Brunvoll skreiv om «vakre dypblå stedmorsblomster» og andre blomster fangane lurde til seg frå gartneria. Ho skriv og om vakre blomster som vaks «på andre siden av piggtråden».
(iii) Namnet lever vidare på fargeblyantar i dag!
(iv) Det er sagt at generalane ikkje likte staden, men bøygde av for industrien sine argument!
(v) Dei første fangane sov i spilltaua til hestane inntil det vart snekra saman «kassar» fangane kunne sova i!
(vi) Leirkommandoen fekk utbetalt ein liten sum pr. arbeidar pr. dag!
(vii) Namnet IG Farben er det store konsernet bak utnyttinga av fangane her, men også andre industritiltak og familieformuar «overlevde» oppgjerdet etter krigen. Etterkomarane deira (og bedriftene) lever ofte under andre namn i dag. 

.......................

Det er forbode å bruka tekst og bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Turen til Polen juni 2023

Kontordetalj frå fortida
Så er eg heime att etter ein tur eg seint vil gløyma. Veret, oppleving av stader eg har høyrt om frå tidlege barneår, og ikkje minst tidspunktet, var heilt topp. Me kom til Krakow då jødane der hadde sin 23. kulturfestival, og med det mykje spennande i det jødiske kvartert i Gamlebyen i Krakow. Me fekk der mykje informasjon om jødisk liv og soge i det landet som meir enn noko anna er knytt til nazistane sitt tragiske folkemord.

Schindlers fabrikk.

Andre dagen i Krakow var avsett til museet i fabrikken der Schindler gav jødar arbeid - og med det liv og von. Det var ei oppleving å få vera der. Både historiske fakta, tinga og miljøet dei vart presenterte i, gav ei oppleving av å gå omkring saman med dei som ein gong fylte romma med liv og aktivitet. Møblane, kontora, det dei produserte med dei autentiske maskinene, vart presentert slik eit museum skal vera. I tillegg kom informasjonen om gettoen nazistane laga i Krakow, og om  menneskje som gjorde sitt for å berga så mange som råd frå umenneskeleg liding og død.

Tanken bak bruken av gettoar
Med førebilete frå gravplassen!

Autentiske delar av gettomuren og informasjon om livet innanfor, gav ei oppleving av korleis det var der den gongen. At muren var laga etter førebilete frå gravstøttene på den jødiske gravplassen, gjorde sterkt inntrykk på meg. Dei står framleis som eit vitnemål i stein og mørtel om nazistane sitt mål om å drepa jødane, men ikkje før dei hadde røva til seg alt av verdi, både deira materielle verdiar og deira arbeidskraft.


Gettoen i Warszawa vart kjend fordi jødar der samarbeidde med den nasjonale motstandsrørsla og gjekk til angrep på tyskarane. Men, som dei i Krakow, enda også desse i «Auschwitz-maskineriet».(i)

Einaste ikkje-jøden i gettoen

Då gettoen i Krakow vart organisert, vart ikkje-jødar flytta utanfor. Men eit apotek som heldt stand. Han som dreiv det, var ein romersk katolsk ikkje-jøde som nekta å flytta. Han vart den einaste ikkje-jøden som levde der. Gjennom han, Tadeusz Pankiewicz,  fekk jødane både medisin og hjelp. Han berga mange, og saman med Oscar Schindler er han inkludert av Holocaustmuseet Yad Vashem i Jerusalem mellom dei «Righteous among the Nations».(ii)

 
Der var fleire andre i Polen som gjorde ein stor innsats for å berga jødar, til dømes med produksjon av falske identifikasjonspapir for jødar på rømmen. Også det dei gjorde var teke med her.
Her kan ingen vera i tvil og bodskapen!

      Illegal polsk presse

Eller denne?
Karikaturane av Hitler og hans kumpanar var kort sagt meisterlege! Trass alvoret teiknaren og landet stod midt oppe i, drog sikkert lesarane på smile bandet!  Då og. 
 
Eg stogga opp framfor døma på den illegale pressa i Polen. I Noreg har det vore mykje snakk om det arbeidet som vart gjort med å spreia illegal informasjon bak nazistane sin rygg, men eg har aldri sett døme på det dei produserte. Her var kopiar og delvis sundrivne eksemplar frå den tida. Særleg illustrasjonane og teikningane bar med seg meining som også me som ikkje kan polsk, forstod.

Anti-jødisk propaganda

Her var mange døme på propagandaen tyskarane brukte, den som forpesta innstillinga til både jødar og andre folk og nasjonar. Her var døme politiske plakatar, reint antisemittiske, anti-russiske og anti-England og -USA.

Eit museum slik eit museum bør vera

Opplevinga Schindlers fabrikk gav meg, er mellom dei beste eg har hatt på noko museum. Ei slik oppleving bør vera idealet museum verda over bør arbeida mot. 


For at du og skal få ein smak av det som møtte oss, har eg teke med desse bileta eg tok der og då.(iii) 


Kanskje det kan inspirera deg til å ta ein tur?

------------------------
(i) Eg føretrekkjer dette ordet fordi opplegget med gettoar og konsentrasjonsleirar var eit enormt maskineri der økonomiske interesser utgjorde ein del av  Hitler og hans medarbeidarar sin plan om å drepa alle som var uynskte i deira auge.
(ii) Dette er eit register over personar som berga mange jødar frå konsentrasjonsleirar og død.
(iii) Alle bileta i dette innlegget er teke av meg. Eg valde dei ut for at DU skal få eit lite inntrykk av det som møtte oss der.


------------------------ 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!

søndag 2. juli 2023

Auschwitz

Når dette blogginnlegget vert lagt ut, har eg nett landa etter å ha vore i Polen og Auschwitz. Borna mine var der for mange år sidan. No inviterte to av dei meg med. Med denne turen i tankane prøvde eg før avreisa å få eit mest mogeleg reelt bilete av området og leirane.

Eg har tidlegare lese bøker eg likte godt, men vart vonbroten over filmversjonen. Det same hende då eg var på Stilestad. Presentasjonen var farga av det «turistane vil ha», men eg sakna reelle og fysiske data om tida, staden og slaget.

Ville eg sitja att med same kjensla i Auschwitz? Med dette i tankane hadde eg prøvt å få eit mest mogeleg reelt bilete av både området og det som møtte desse som vart sende dit av det nazistiske Tyskland.

Framsida på videoen eg brukte tid på
BBC sin Auschwitz-video

Desse to CD-ane frå 2005 var det siste eg arbeidde med før me skulle reisa. Dei gav innføring i landskapet der fangeleirane låg, korleis leirane vart bygde opp, bakgrunnen for dei, og kva som eigentleg føregjekk der. Lite var nytt stoff, men nye vinklingar gav meg data eg ikkje hadde møtt andre stader. Til dømes at IG Faber sitt ynskje om billeg arbeidskraft og nærleik til ressursar som kalk, vatn og kol, var grunnen til at leirane vart bygde på desse fuktige slettene. I tillegg gav industrien sin trong for transport, høve til å laga eit europeisk jernbanenett som kunne transportera dødsdømde jødar og andre direkte dit! (i)

 
CD 1 fortel korleis tyskarane «testa» forskjellege metodar for massedrap av menneske. Det første var skyting og massegraver, noko som vart forlate fordi det vart brukt for mykje ammunisjon, og fordi mange av soldatane fekk psykiske problem etterpå.

Bruk av dynamitt vart stroke av lista både på grunn av merksemda eksplosjonane skapte, og at delar av sundsprengde menneskje vart spreidde over eit stort område.

Ein full nazist som døydde av kolos då han sovna med bilen i gang i sin eigen garasje, opna for ein anna teknikk. Teknikken vart først brukt mot sinnsjuke i Tyskland, men vart etterpå utvikla til mobile «gasskammer» der eksosen vart ført inn i «lasterommet» der fangane var. Problemet med denne metoden var at dødsprosessen tok for lang tid, og at folk omkring kunne høyra skrika frå «Helvetesbussane».(ii)

Den «endelege metoden» vart og oppdaga «tilfeldig»

Dette er ein video alle burde sett!
Tyskarane brukte krystallisert blåsyre til avlusing av tøy i leirane, og ein som hadde ansvar for prosessen, fekk ideen om at metoden kunne brukast på menneskje og. Dermed starta han å testa stoffet på dei fangane som skulle drepast. (iii)

Om nazistane, som Arkimedes i sagnet, ropte «Eureka» (eller «Heureka»), veit eg ikkje, men denne teknikken vart vidareutvikla til Zyklon-B-boksane som Auschwitz er kjend for. Metoden passa «som fot i hose» då Wansee-konferansen vedtok «Die Endlösung» for jødane. Planen var å ta livet av alle, men samstundes å utnytta den arbeidskrafta desse representerte, før dei døydde. Utveljinga skjedde straks fangane gjekk av jernbanevognene. Dei som kunne utnyttast ein periode før dei døydde, vart samla i leirar. Resten vart drepne utan å verta registrerte i tyskarane sitt elles så rigide system.

Behandling av jødar

Som første steg på vegen mot Auschwitz, vart gettoar organiserte i nokre land under leiing av jødiske leiarar. Tyskarane tvinga desse leiarane til å ta avgjerder som betydde liv eller død for deira eige folk. Systemet vart tilpassa landa nazistane la under seg. Norske jødar vart til dømes ikkje samla i gettoar, men opplevde restriksjonar og registrering som førebuing til framtidig deportasjon. 

Som i alle folkegrupper, arbeidde ikkje alle for det som var best for folket sitt. Spesielt vart Mordechari Chaim Rumkowski, leiaren i Lodz-gettoen, nemnt som ein som utnytta makta til sin fordel, og sende dei som motarbeidde han, i døden.

Slovakia hadde 90 000 jødar i 1939 då det vart republikk. Den katolske presten Josef Tiso og statsminister V. Tuka samarbeidde med tyskarane i «organisering» av jødar. Tyskland betalte mellom anna 500 riksmark for kvar jøde dei fekk «overta».

Psykisk tortur, eller banalt narreri?

Noko som forundrar mange, var skiltinga ved inngangane til gasskammera. Store oppslag sa fangane måtte alle kle av seg, for dei skulle bada. Skitne og trøytte etter å vore stua saman i uhygieniske kuvogner, var dette ikkje noko unaturleg ide for mange. 

Rudolf Hess sjølv skreiv, med han venta på dommen i Nyrnberg, at borna kunne skrika når dei vart avkledde på ein framand plass. Men mange roa seg og starta leika med andre born medan dei venta på sin tur til å bada!

Ei av dei overlevande frå Auschwitz fortalde at ved inngangen til «dusjen» var eit skilt ho aldri greidde gløyma. Der stod:   

 «Skund deg, før vatnet vert kaldt!»

 

-----------------
(i) Dette siste syner eit kart i eit undervisningsopplegg frå USA og som eg har fått lov å omsetja om bruka her i landet.
(ii) Ei av dei overlevandesom var med i videoen, brukte dette namnet.
(iii) Andre kjelder fortel  at testinga viste at Zyklon B-gassen fungerte best når det var rundt 37,5 C i rommet! 

------------ 

Det er ikkje lov å brukta bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.