søndag 9. juli 2023



Livet desse gamle glasa speglar av i dag....
Auschwitz

Etter opplevinga i Schindlers fabrikk var møtet med Auschwitz mindre god. Me vart møtt av eit inngangsparti i betong og stål. Sikkert laga til i beste meining, men det gav inntrykk av «business» og eit ynskje om å vera moderne og «in». Inngangen hadde ein automat som skulle forsyna busslast etter busslast med vatn, brus eller kaffi, noko som skapte lange køar og mykje frustrasjon. Heldigvis hadde me fått råd om å ta med vatn og vern mot solsteiken dei timane turen varde.

Guida tur inne og ute.

Brakkene i Auschwitz og gatene mellom piggtrådgjerda der fangane hadde levd og lidt, var reelt nok. Visse brakker fekk me koma inn i, men mykje gjekk me berre gatelangs og fekk forklart det som hadde hendt på dei forskjellege stadane.  Her var mange grupper i leiren samstundes. Stundom var det ventetid før me fekk sleppa til. 

Liknande informasjonsplater stod det mange stader.
Verre var det i Birkenau der både avstanden frå parkeringsplassen til inngangen, og det me måtte gå inne i leiren, stilte store krav til dei som var med på omvisinga. Ingen av stadane var tilrettelagde for dei med rørslehemmingar, og det fanst ikkje noko tilbod om hjelp for dei som trong det. Leiren i Birkenau var så flat at dei som trong det, kunne vorte køyrde rundt i eit lite elektrisk køyretøy. Eit slikt køyretøy med leirvakts-logo på, gjekk me forbi under turen.

Særleg eit eldre par i gruppa vår, hadde eg vondt av. Ho hadde store problem med å gå. Han leidde og støtta henne, og saman kjempa dei med å fylgja guiden som tydelegvis hadde eit tidsskjema som ho losa oss gjennom etter. Personleg tenkte eg at desse kom for å sjå staden der nokon av «deira» vart gassa eller pint i hel. Eg kan ikkje tenkja meg at nokon ville slita seg gjennom ein slik tur uten!

Minnesmerk med bronseplater på språka i landa fangane kom frå.
Trudde tyskarane at dei kunne sletta ut spora etter ugjerningane sine?

Husa i Auschwitz var først og fremst murhus. I Birkenau vart det trebrakker som stort sett var grovt og enkelt samansette. Mange av brakkene vart brende då soldatane rømde. Gasskammera hadde dei sprengt, og det var ikkje lov å gå inn mellom ruinane. Litt bortanfor var eitminnesmerke med tekst på det offisielle språket i landa dei drepne hadde koma frå. Der var og ein plass der oska frå dei drepne hadde fått sitt minne. Guiden fortalde etter som ho førde oss omkring i dei to leirane. Eg plaga henne med spørsmål, og fekk svar.

Vinteren 1945 tømde tyskarane leirane og senda fangane ut på ein dødsmarsj som kosta tusen på tusen livet.(i) Det var då, så langt me veit, at sambygdingen min, Oscar Müller, døydde. Ein stad i Auschwitz-litteraturen står at dei dreiv bølingar med husdyr av stad og. Kvar kom så dei ifrå?

Bilete den offisielle «versjonen» ikkje tek med

På mitt spørsmål fortalde guiden at 40 kilometer rundt leirane vart tømt for folk så tyskarane kunne driva jordbruk med fangane som arbeidskraft i dette området. Det var der dei, etter å ha prøvt å bruka oska frå krematoria i betong og i elveførebygging, fann ut at oska eigna seg best til gjødsel! På den måten  produserte dei grønsaker og blomster som kunne seljast i byane omkring.(ii) Og til potetene og grønsakene (kålen?) supperasjonen til fangane var kokt på…

Utanfor Birkenau stod dette skiltet om IG Farben

Det same galt industrien desse leirane var knytte opp til. Guiden nemnde IG Farben (iii), men hadde ikkje tid eller høve (vilje?) til å gå djupare inn på den sida av livet her. 

Det var industrigiganten IG Farben som fann staden som passa perfekt for samarbeidet deira med Hitler. (iv) Ved den gamle polske militærleiren (v) på desse våte slettene, var der alt bygt jernbane. I tillegg var der kol, kalk og rikeleg med vatn i området. Desse fire tinga var avgjerande for utviklinga av syntetisk gummi, noko som Hitler-Tyskland og verda elles trong enorme mengder av. Og Hitler skaffa det femte dei trong: Arbeidskraft. (vi)

Slik kunstnaren opplevde det
Kransnedlegging

På ein av stadane i leiren Auschwitz låg to store kransar. Det var her fangar som skulle avrettast, vart skotne.  I nærleiken stod to pålar der fangar vart opphengde etter bakbunde hender, ein torturmetode nazistane brukte og som skapte uuthaldande liding og øydelagde skulderledd.

Slik såg veggen ut då me var der...
Med me stod der, kom ein prosesjon for å leggja på ein ny krans. Kven dei var, veit eg ikkje, men mange i fylgjet hadde VW-logo på jakkene. Men me måtte vidare, så eg fekk ikkje med meg sjølve kransnedlegginga.

Ville dette vera rette staden for ei minnestund?
Slike seremoniar skal sikkert uttrykkja medkjensle og sorg, samstundes om ein heidrar dei som måtte lata livet her. Det er verdfullt om reell medkjensle og erkjenning er motivet. Vert det gjort som eit resultat av tradisjon eller kutyme, er handlinga meiningslaus og tom i mine auge.

Den industrielle utnyttinga (vii) av fangane og rikdomane fangane med sitt dødsslit skapte, kan ingen kransar og minnetalar betala. Det same gjeld den totale mangelen på empati og respekt for menneskeverd. Alle menneske, uansett rase, kultur eller fysiske og mentale evner, har identisk verdi med «MEG». I Auschwitz-Birkenau-maskineriet rådde kynisk nytteverdi fundamentert på arisk- og nazi-nasjonalistisk tankegang.

Kva med ei minnestund under omvisinga?


Vel tilbake på hotellet diskuterte me dagen. Det me sakna, var ikkje kunnskap eller informasjon. Det var ein plass for sorg, ettertanke og respekt for dei som måtte lida og døy her.
Kvifor ikkje ei minnestund, til dømes ein plass der guiden oppfordra til eit minutts stilla og refleksjon? Kanskje me kunne kjøpt ei rose å leggja ned ved minnesmerket over dei drepne, eller på staden der oska frå krematoria ein gong vart samla?


For oss ville dagen fått eit heilt anna innhald på den måten. Me ville fått viktig kunnskap om det som hende der, samstundes som me hadde fått uttrykt sorg og medkjensle med dei dette djevelske maskineriet utnytta og drap. Det ville truleg gjera Auschwitz-turismen meir verdifull og etterlata seg eit minne for resten av livet.

Tenkte me. Kva trur du?

---------------------------
(i) Oscar Magnusson skriv om den i boka «Jeg vil leve», og som eg har nemnt i ein tidlegare blogg.
(ii) Kirsten Brunvoll skreiv om «vakre dypblå stedmorsblomster» og andre blomster fangane lurde til seg frå gartneria. Ho skriv og om vakre blomster som vaks «på andre siden av piggtråden».
(iii) Namnet lever vidare på fargeblyantar i dag!
(iv) Det er sagt at generalane ikkje likte staden, men bøygde av for industrien sine argument!
(v) Dei første fangane sov i spilltaua til hestane inntil det vart snekra saman «kassar» fangane kunne sova i!
(vi) Leirkommandoen fekk utbetalt ein liten sum pr. arbeidar pr. dag!
(vii) Namnet IG Farben er det store konsernet bak utnyttinga av fangane her, men også andre industritiltak og familieformuar «overlevde» oppgjerdet etter krigen. Etterkomarane deira (og bedriftene) lever ofte under andre namn i dag. 

.......................

Det er forbode å bruka tekst og bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar