søndag 2. juli 2023

Auschwitz

Når dette blogginnlegget vert lagt ut, har eg nett landa etter å ha vore i Polen og Auschwitz. Borna mine var der for mange år sidan. No inviterte to av dei meg med. Med denne turen i tankane prøvde eg før avreisa å få eit mest mogeleg reelt bilete av området og leirane.

Eg har tidlegare lese bøker eg likte godt, men vart vonbroten over filmversjonen. Det same hende då eg var på Stilestad. Presentasjonen var farga av det «turistane vil ha», men eg sakna reelle og fysiske data om tida, staden og slaget.

Ville eg sitja att med same kjensla i Auschwitz? Med dette i tankane hadde eg prøvt å få eit mest mogeleg reelt bilete av både området og det som møtte desse som vart sende dit av det nazistiske Tyskland.

Framsida på videoen eg brukte tid på
BBC sin Auschwitz-video

Desse to CD-ane frå 2005 var det siste eg arbeidde med før me skulle reisa. Dei gav innføring i landskapet der fangeleirane låg, korleis leirane vart bygde opp, bakgrunnen for dei, og kva som eigentleg føregjekk der. Lite var nytt stoff, men nye vinklingar gav meg data eg ikkje hadde møtt andre stader. Til dømes at IG Faber sitt ynskje om billeg arbeidskraft og nærleik til ressursar som kalk, vatn og kol, var grunnen til at leirane vart bygde på desse fuktige slettene. I tillegg gav industrien sin trong for transport, høve til å laga eit europeisk jernbanenett som kunne transportera dødsdømde jødar og andre direkte dit! (i)

 
CD 1 fortel korleis tyskarane «testa» forskjellege metodar for massedrap av menneske. Det første var skyting og massegraver, noko som vart forlate fordi det vart brukt for mykje ammunisjon, og fordi mange av soldatane fekk psykiske problem etterpå.

Bruk av dynamitt vart stroke av lista både på grunn av merksemda eksplosjonane skapte, og at delar av sundsprengde menneskje vart spreidde over eit stort område.

Ein full nazist som døydde av kolos då han sovna med bilen i gang i sin eigen garasje, opna for ein anna teknikk. Teknikken vart først brukt mot sinnsjuke i Tyskland, men vart etterpå utvikla til mobile «gasskammer» der eksosen vart ført inn i «lasterommet» der fangane var. Problemet med denne metoden var at dødsprosessen tok for lang tid, og at folk omkring kunne høyra skrika frå «Helvetesbussane».(ii)

Den «endelege metoden» vart og oppdaga «tilfeldig»

Dette er ein video alle burde sett!
Tyskarane brukte krystallisert blåsyre til avlusing av tøy i leirane, og ein som hadde ansvar for prosessen, fekk ideen om at metoden kunne brukast på menneskje og. Dermed starta han å testa stoffet på dei fangane som skulle drepast. (iii)

Om nazistane, som Arkimedes i sagnet, ropte «Eureka» (eller «Heureka»), veit eg ikkje, men denne teknikken vart vidareutvikla til Zyklon-B-boksane som Auschwitz er kjend for. Metoden passa «som fot i hose» då Wansee-konferansen vedtok «Die Endlösung» for jødane. Planen var å ta livet av alle, men samstundes å utnytta den arbeidskrafta desse representerte, før dei døydde. Utveljinga skjedde straks fangane gjekk av jernbanevognene. Dei som kunne utnyttast ein periode før dei døydde, vart samla i leirar. Resten vart drepne utan å verta registrerte i tyskarane sitt elles så rigide system.

Behandling av jødar

Som første steg på vegen mot Auschwitz, vart gettoar organiserte i nokre land under leiing av jødiske leiarar. Tyskarane tvinga desse leiarane til å ta avgjerder som betydde liv eller død for deira eige folk. Systemet vart tilpassa landa nazistane la under seg. Norske jødar vart til dømes ikkje samla i gettoar, men opplevde restriksjonar og registrering som førebuing til framtidig deportasjon. 

Som i alle folkegrupper, arbeidde ikkje alle for det som var best for folket sitt. Spesielt vart Mordechari Chaim Rumkowski, leiaren i Lodz-gettoen, nemnt som ein som utnytta makta til sin fordel, og sende dei som motarbeidde han, i døden.

Slovakia hadde 90 000 jødar i 1939 då det vart republikk. Den katolske presten Josef Tiso og statsminister V. Tuka samarbeidde med tyskarane i «organisering» av jødar. Tyskland betalte mellom anna 500 riksmark for kvar jøde dei fekk «overta».

Psykisk tortur, eller banalt narreri?

Noko som forundrar mange, var skiltinga ved inngangane til gasskammera. Store oppslag sa fangane måtte alle kle av seg, for dei skulle bada. Skitne og trøytte etter å vore stua saman i uhygieniske kuvogner, var dette ikkje noko unaturleg ide for mange. 

Rudolf Hess sjølv skreiv, med han venta på dommen i Nyrnberg, at borna kunne skrika når dei vart avkledde på ein framand plass. Men mange roa seg og starta leika med andre born medan dei venta på sin tur til å bada!

Ei av dei overlevande frå Auschwitz fortalde at ved inngangen til «dusjen» var eit skilt ho aldri greidde gløyma. Der stod:   

 «Skund deg, før vatnet vert kaldt!»

 

-----------------
(i) Dette siste syner eit kart i eit undervisningsopplegg frå USA og som eg har fått lov å omsetja om bruka her i landet.
(ii) Ei av dei overlevandesom var med i videoen, brukte dette namnet.
(iii) Andre kjelder fortel  at testinga viste at Zyklon B-gassen fungerte best når det var rundt 37,5 C i rommet! 

------------ 

Det er ikkje lov å brukta bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar