søndag 30. juli 2023

Polsk skilt frå andre verdenskrig
Ein trist dag

Eg sit i Søraust-England og skriv dette innlegget til deg i dag. Det er den 27.07.23 på min kalendar, eller «Tisha B’av» - «den niande dagen i månaden Av», på den jødiske kalendaren. Ein tradisjonell sørgje- og fastedag, spesielt viktig for ortodokse jødar. 

Det verste av alt som har hendt på denne dagen, er øydelegginga av templa i Jerusalem: - det Salomo bygde i år 586 f. Kr., og det som stod på Jesu tid, i år 70 e. Kr. Jødane gjorde eit nytt opprør 60 år etter at det siste tempelet var øydelagt. Dei siste av desse vart drepne på denne datoen i år 133. På same datoen vart jødane utviste frå Spania i 1492, osv.

Etter det eg las i Jerusalem Post i dag tidleg, er det mange ikkje-religiøse jødar og som fastar i dag. Dei fastar for folket og landet som no er så splitta at enkelte samanliknar det med delinga etter Salomos død for vel 2 951 år sidan. Den gongen vart motsetninga mellom den nye regenten på Davids kongsstol, og folket, til ulukke for dei alle. Likskapane er skremmande:

«Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret: «Kva for del har vi i David? Vi har ingen lut i Isai-sonen. Heim til telta dine, Israel! Syt no, David, for ditt eige hus!» (1.Kong 12:16). 

Den gongen snudde ti stammar ryggen til han som hadde arva kongedømmet i samsvar den pakta heile folket hadde gjort med Davids hus (2.Sam, 5,1-3). Dei laga seg eit nytt rike etter «sine eigne premissar», og Samaria vart deira hovudstad.

I dag er Netanyahu statsminister i ei lovleg valt regjering med eit demokratisk valt fleirtal bak seg. Dei som tapte valet, gjer opprør. I staden for å sjå fram mot neste val der dei sjølve kan få fleirtal, ser det ut til at dei berre vil godta eit landet styrt slik dei meinar det er best.

Som den gongen for omlag 3000 år sidan, har ei deling av landet vore nemnt av nokre av desse «opprørarane».



Ikkje Samaria, men Tel Aviv ny hovudstad?

Den som føl med i israelsk politikk og samfunnsliv, ser det store skilje det politisk og kulturelt er mellom Jerusalem og Tel Aviv. Tel Aviv er venstresida og dei «moderne» israelarane sitt sentrum. Høgresida og dei ortodokse er derimot mest knytte til Jerusalem.

Dei som snakkar om ei deling av dagens Israel, ser ei «naturleg» deling av landet om lag som den gongen: Jerusalem (Judea) og områda sørover mot Negev for seg, og kyststripa sør for Tel Aviv og nordover (i lag med det Samaria og Galilea m.m.) som «Det nye Israel».

Som ikkje-jøde, men ein som trur på Herren (= Adonai) som min og «Israels Gud» (i), finn eg ikkje noko teikn i Bibelen på at landet skal delast på nytt. Det som derimot kan henda, er ein situasjon som den i 1948 då Ben Gurion stod fram og proklamerte Israels nye fødsel. 

Dei som skulle forsvara dette nyfødde landet, var ei samling av delvis bitre fiendar. Verst var vel tilhøvet  mellom Hagannah og Irgun, men dei tradisjonelle religiøse leiarane, var heller ikkje nådige! Dei ynskte heller å leva under England eller «vennlege arabarar», enn i eit fritt Israel! Det skulle ikkje skje før Messias kom, sa dei.

Og løysinga?
Som så mange gonger før, vart mobilisering mot felles fiendar utanfrå det som tvinga folk til å samarbeida. Slik var det i Israel i 1948, og slik er eg redd det må verta no og.

Vil Iran, med sine terrorist-greiner i Libanon, Gaza, Jenin og andre stader, vera dei som bergar Israel frå deling og undergang?

Ting å angra på

Eg har mangt eg angrar på. Det er ting eg burde ha sagt, men let vera, og ting eg ikkje skulle ha uttalt meg om. Kanskje det eg no skriv om Israels politiske situasjon, og burde vore usagt? 

Ein av dei ting som gjorde mest inntrykk på meg i Schindlers fabrikk-museum, var ein granittrull som sakte dreia rundt sin eigen akse. På den var det hogge inn ting forskjellege menneskje hadde sagt eller skrive under dei vonde åra under andre verdenskrig.

«Eg kunne ha hjelpt, men eg gjorde det ikkje», var bodskapen i fleire av tekstane. Dette er ikkje noko nytt. Den gamle Forkynnaren i Tanakh (ii) seier det slik: «Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt. Ingen ting er nytt under sola.» (Fork 1:9).

Martin Niemöller (iii) skreiv diktet «Først kom de…» om det å angra. Som eit refreng kjem «Men jeg var ikke….», og så nemner han kommunistane, fagforeiningsleiarane, sosialistane og jødane som nazistande fengsla ein etter hin, uten at han protesterte. Då nazistane vende seg mot dei i kyrkja som ikkje ville fylgde deira politikk, vart han sjølv teken: Då var det ingen att som kunne protestera! (iv)

Livet må gå vidare

Soga til jødane er spesiell. Sjølv etter Holocaust og ugjerningane dei vart utsette for der, og sjølv etter at engelskmennene gjorde alt dei kunne for å hindra dei overlevande i å nå Jødeland, var der menn og kvinner som satsa livet på ei ny framtid i deira eige og frie land. Dei var villige til å ofra alt for at det skulle verta ein realitet: Israel.

Arnulf Øverland skreiv diktet «En hustavle» (v) i 1929. Meir enn noko anna folk på jorda som eg kjenner til, har jødane gjennomlevd enorme pogromar og overgrep. Men når ugjerningane er over, har dei som var att, starta på nytt og skapt eit blomstrande samfunn på utruleg kort tid.

Med deira eksempel i tankane gjev det mest meining  for meg å lesa tredje verset i Øverlands dikt først, og etterpå vers ein og to. 

Her er diktet slik Øverland skreiv det:

        Det er en lykke i livet
        som ikke vendes til lede:
        Det at du gleder en annen
        det er den eneste glede

        Det er en sorg i verden
        som ingen tårer kan lette:
        Den at det var forsent
        da du skjønte dette

        Ingen kan resten av tiden
        stå ved en grav og klage
        Døgnet har mange timer
        året har mange dage


Kan nokon seia det betre?

.........................................
(i) Jmfr. Jesaia 24, 15.
(ii) Dette er namnet på den hebraiske Bibelen, det som for oss er Det gamle Testamentet.
(iii) Friedrich Gustav Emil Martin Niemöller, (1892 – 1984) var tysk luthersk teolog. Han vart fengsla i 1939, og sat i konsentasjonsleir til krigens slutt.
(iv) Eg har ikkje funne nynorsk omsetjing av dette dikter, så eg har berre omsett nokre sitat frå den engelske teksten.
(v) «Hustavler» var bilete med tekstar, gjerne broderte, som folk frå gammalt av hadde hengjande på veggen. Det var helst bibelord, slik eg kjenner det, men og ordtak og sentrale visdomsord.
Merknad: Uthevinga på siste verset at "En hustavle", er gjort av meg her for å illustrera det eg meinar i teksen over.
 

---------------------- 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar