søndag 6. august 2023

Minne frå tida under Roma
Romersk koloni og dansk vikingsrike

Romerske soldatar kom og la Sør-England under Roma. Rundt «Isca Dumnoniorum», bygde dei det som i dag vert kalla «den romerske bymuren i Exeter». Dei hadde leiren sin her på «Stranda ved Dumnonii». Framleis i dag har byen namn etter elva som engelskmennene kallar Ex, og som er stor nok til at båtar kan sigla opp hit frå Kanalen.

Danske vikingar kom same vegen, og slaget ved Pinhoe – her eg i dag sit og skriv, stod mellom danske vikingar og lokale innbyggjarar i Devon og Somerset. Danskane fekk så godt fotfeste i Exeter at framleis er her eit hus med namnet «Gildehall» i gamlebyen. 

Til og med jødane si soge i dette landet, har tilknytning til vikingar. Er ikkje det rart? Det får vera emnet mitt i dag…

Normanniske jødar på engelsk jord?
Frå Exmouth kom både romarane og vikingane innover

Same året som vår Harald Sigurdsson fall i slaget ved Stamford Bridge, (i) Yorkshire, kom ein etterkomar av Gange-Rolf (ii) for å ta makta i England. Til vanleg vart han kalla Villiam Erobraren, eller William I. Vonde tunger kalla han derimot «Villiam Bastarden», sidan han var eit uekte barn til jarlen av Normandie.

Det eg vil hugsa han for her, er at han tok med seg jødar til England. Kongen gav dei både inngang i riket, og oppgåver å arbeida på.
I byen Exeter veit ein at det var ei jødisk forsamling i 1181. Då laga dei sin eigen gravplass. Truleg hadde dei og synagoge på det tidspunktet. 

Gravplassen er til vanleg stengt
Som alle jødane i England, vart dei i Exeter og rekna som «kongens eigedom». Det gav dei eit visst vern mot fiendar, inkludert geistlege autoritetar, men påla dei samstundes å betala store summar når kongen trong pengar til krig og anna. Dei hadde ikkje lov å eiga jord, og einaste lovlege aktiviteten deira var utlån av pengar.

Tilhøvet mellom jødar og kristne i Exeter ser og ut til å ha fungert bra lenge. Gamle dokument viser at jødar her fekk lov å avleggja eid med handa på Torarullen, medan dei kristne la handa på Bibelen. Dei fekk og ha sin eigen «Beth Din-domstol» som tok seg av jødiske spørsmål.

Men det var jødar som hadde jord. Det var eigedomar dei overtok frå lånarar som ikkje greidde å betala skulda si.


Kongen med Løvehjarta

Henrik II, Hertug av Normandie, skulle arva den engelske kruna, men døydde medan faren framleis levde. Dermed fekk broren, Rikard Løvehjarta, plassen. Då han overtok, hadde det vore drap av jødar fleire stader i England. Den verste var massakren i York i 1190 då alle jødane der – om lag 150, vart drepne. Samstundes vart og dokumentasjon på utlån og eigedomar øydelagt, noko som førde til eit stort økonomisk tap for kongen.

Richard var ein ivrig krigar slik tilnamnet indikerer. Han drog på korstog til Jerusalem då det kristne riket der hadde gått under. Han dreiv krig på andre sidan av Kanalen, og England måtte betala løysepengar då han vart fanga av Prins Leopold av Austerrike. Den tyngste økonomiske børa fall naturleg nok på jødane. 

For å sikra dokumentasjonen på det jødane dreiv med, innførde kongen derfor eit system med «arker» som vart plassert rundt om i landet. Desse «arkene», eller «skattkistene» om du vil, skulle ta vare på alle dokument knytte til jødiske forretnings-aktivitetar. Kvar kiste hadde tre låsar, og det vart oppnemnt to jødar og to kristne som hadde personleg ansvar for arka. Ho kunne berre opnast når alle fire var til stades, og ingen ting kunne fjernast. Dermed fekk kongen – og dei som  dag studerer gamle dokument, - all den dokumentasjonen dei kunne ynskja seg.

Elva Ex i dag, litt overfor "Isca Dumnoniorum"


Til dømes når ein jøde døydde – eller gjekk over til kristendommen, gjekk eigedomen og skuldbreva hans over til kongen. Av renteinntektene skulle kongen ha ein tredjedel.

Tunge åk og dårleg inntening

Henrik III kom til makta i 1216. Han hadde økonomiske problem heilt frå starten. I 1231 gav han bror sin Exeter og borga her i byen, men han beheld jødane som sin eigedom. Ti år etterpå, kalla han inn til eit «Jødisk parlament» og påla jødane å betala 20 000 mark innan eitt år. Summen var enorm, og då det straks etter kom nye skattar, greidde ikkje jødane å skaffa det han krov frå dei.

Då han i 1251 ikkje kunne pressa meir pengar ut av jødane, selde han alle jødane i heile landet til bror sin, Jarlen av Cornwall. Prisen var 5 000 mark!

No gjekk det nedover både med inntektene og velværet til dei engelske jødane. I 1284 vedtok erkebiskopen av Canterbury at alle synagogane i London skulle øydeleggjast. Synoden av Exeter vedtok liknande «vern» mot jødane «sin vondskap»

Frå før av hadde jødane i England vore pålagde å ha to kvite tøystykke sydd på yttertøyet. Dei skulle minna om lovtavlene i Mosebøkene. No kom endå strengare pålegg, mellom anna at dei måtte betala skatt til kyrkja.

Den 9. i månaden Av (iii)

På denne datoen, eller 18. juli 1290 på den engelske kalendaren, vart alle jødar utviste frå England. Dei fekk tida fram til Allehelgensdag til å forlata landet.

Rundt 16 500 jødar forlet England då. Dei hadde berre lov å ta med seg «lausøyre», - det vil seia det dei kunne frakta med på reisa. Dei fleste rømde til Frankrike (iv). Nokre til Flandern. 

Alle «arkene» med jødiske dokument vart no opna. Verdiane, det vil seia uteståande krav, eigedomar og alt anna, tilfall kongen.
350 år seinare fekk jødar først lov å koma tilbake.

--------------
(i) 1066.
(ii) Det seier Snorre. Lyg han,  så lyg eg!
(iii) Sjå det eg skreiv om i forrige blogg.
(iv) Frankrike utviste jødane i 1306.

-----------------------------------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar