søndag 13. august 2023

Ny start for jødar i England

Oliver Cromwell fekk i 1656 vedteke ein lov som tillet jødar å bu i England att. Trass dette gjekk det om lag 400 år frå utvisinga, til jødar på nytt slo seg til på engelsk jord. 

Etter nesten 400 år spride jødisk kultur på nytt i landet
I 1714 fekk England og Irland den første kongen av tysk slekt (i). Som det hadde kome franske jødar med William Erobraren frå Normandie, kom det no tyske jødar. I Exeter veit ein det var ein italiensk jøde i 1720. Han averterte at han kom frå Padua i Italia, og underviste i hebraisk, italiensk, spansk og portugi-sisk. 14 år seinare kom snusfabrikanten Gabriel Treves, også han sefardisk jøde frå Italia. I tillegg må det ha vore askenasiske jødar frå Aust-Europa og Tyskland  her, for i 1757 søkte jødar om å få leiga (ii) eit område for å gravleggja deira medlemmer som døydde her. 

I 1763 vart det søkt om tomt for å byggja synagoge. Bygget vart innvidd 10. august året etter. Dette er den nest eldste synagogen i England utanfor London. Eit brev i historisk arkiv fortel at under innviinga bar dei Torarullen 10 gonger rundt plattforma midt i synagogen, og dei song nasjonalsongen.
Talet på jødar i byen varierte mykje, og frå 1889 var det slutt på faste samlingar i synagogen i seks år. Men Charles Samuels starta aktiviteten opp att,  og han var leiar til han døydde i 1944. Synagogen var då skadd under blitzkrigen, men er no fullt restaurert.

På internett kan ein lesa at synagogen tilhøyrer den askenasiske retninga, men slik er det ikkje. Både sefardiske og askenasiske retningar har vore leiande i periodar, men i dag er synagogen frittståande og tek imot alle dei forskjellege jødiske retningane.

Broskyre, med måleri av J. White ca 1900, ynskjer deg velkomen
Dei brukar reform-jødiske eller liberal-jødiske liturgiske bøker alt etter kven som leier den enkelte samlinga. Då eg var der, var det nokre eldre kvinner som stod for det som føregjekk. Me brukte då dei liberal-jødiske liturgibøkene.

Ved spesielle anledningar kan samlingane verta organiserte i ortodoks stil. Då er kvinnene sin plass på galleriet, vart det sagt.


Arkitektur og tryggleik

Synagogen ligg nokså gøymt til eit stykke opp frå elva. Bygningen skal vera typisk frå 1700-talet med plass til menn nede og galleri til kvinner oppe. Hovudsalen er utan vindauge av sikkerheitesmessige grunnar, vart det sagt. Men ut mot gata er det glas. Gjennom eit av dei kasta ein mann inn ei heimelaga brannbombe i 2018. Det vart ikkje gjort store skadar på bygningen, men sjølv fekk mannen så store brannskadar at han vart teken med ein gong. Han vart dømt til opphald på psykiatrisk sjukehus og kan ikkje sleppast fri utan retten si godkjenning.

Bygget har vorte restaurert og modernisert med oppvarming m.m. fleire gonger, sist til 250-årsjubileet i 2013.

Familiær krangel til spott og spe

Ein av dei første jødane ein har dokumentasjon på i Exeter, er snusfabrikanten (iii) Gabriel Treves frå Italia. Etter nokre år inviterte han nevøen sin, Joseph Ottolenghe, til England. Joseph var kosher-slaktar, men onkelen hadde invitert han av andre grunnar. Joseph skulle gifta seg med dotter til Gabriel, og var lova å overta forretniga til Gabriel med tida. Problema som oppstod dei i mellom, finst dokumentert i offentlege skriv, og gjev godt innsyn i jødisk liv her rundt 1730.

Overraskinga må ha vore stor då Joseph kom til London og fekk vita at ho han var trulova med, alt var gift! Gabriel hadde prøvt å få den jødiske domstolen til å oppløysa giftarmålet. Han grunngav det med at svigersonen hadde brote sabbaten! Svigersonen hadde kjøpt snus på den einaste dagen i veka det etter jødisk lov var forbode! (Kven som hadde selt snusen den sabbaten, står det ingen ting om.) Men rabbinarane gav ikkje Gabriel medhald. Ekteskapet til dottera var lovleg etter deira syn.

Denne boka har mykje god informasjon...
Gabriel ville så tvinga Joseph til å gifta seg med dottera i kyrkja. Med det kunne dei sleppa unna jødisk lov. Men den framtidige svigersonen nekta. (Kva dottera tenkte, fortel boka ingen ting om, men faren trua med å gjera henne arvelaus!) 

Betre var det ikkje då Joseph konverterte til kristendommen. Onkelen fekk han då fengsla fordi han sa at han ikkje hadde betalt for reisa til England, og for klede, hus og mat. Dermed fekk Josef gratis opphald i det offentlege fengselet i Exeter!

Men ikkje-jødar som støtta den nyomvende, avla eid på at han ikkje var noko bedragar. Han var ærleg og lovlydig! I 1735 var det derfor dei «Gentiles» (iv) som gjorde at Gabriel tapte også denne saka.

Sjølv grunngjev Joseph omvendinga med at han, for å læra seg språket i dette nye landet, las Det nye testamentet. Det han fann der, overtydde han. Biskopen i Exeter konfirmerte han, og «kort tid etter fekk eg det velsigna sakramentet frå Herrens nattverdsmåltid, og eg held fast ved dette.» (v).

Han seier elles i forsvarsskrivet sitt (vi), at det var nok askenasiske jødar i byen til at han kunne leva av yrket som kosherslaktar. Pengemangel var derfor ikkje motiv for overgangen.

Elles var ikkje forretningsdrift hans største interesse, for  han «føretrekte å bruka tida på å lesa og studera». (vii)

Og…?

Kva som skjedde med Gabriel og dottera, mannen hennar og dei andre personane i dette «tablået», veit eg ingen ting om. 

Joseph derimot emigrerte til Sør-Carolina og livberga seg der som lærar og preikar.
-----------------
(i) Georg I frå Brunswick-Lüneberg, Hanover.
(ii) I den perioden hadde ikkje jødar lov å  eiga jord i England, så dei måtte «leiga» ved hjelp av ein ikkje-jøde.
(iii) Me veit at då tobakken vart introdusert i Europa, var det vanleg å «snusa» tobakken gjennom nasa. Derav namnet. I dag vert det skilt mellom den snusen som vert lagt under overleppa, og den som vert «snusa» gjennom nasa. Den siste er i dag mest kjend som «snuff», - det engelske namnet på snus.
(iv) Dette er ordet som vart brukt etter det som står i boka. Våre norske Biblar brukar ordet «hedning».
(v) Frå side 25 i boka om jødane i Exeter, omsett til norsk av meg her.
(vi) «A Vindication» var namnet på det offentlege forsvarsskrivet Joseph Ottolenghe skreiv for å forklara si side av saka.
(vii) Nedst på side 24 i boka eg refererer til.

Merknad: Mykje av dette stoffet er å finna i "THE JEWS OF EXETER. An illustrated history", av Helen Fry, utg. av Helen Fry 2013. ISBN 978 0 85704 198 2
 

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar