mandag 24. februar 2014

I det Herrens år....

Anno domini

Dette gamle uttrykket kom i tankane mine, nyttårsnatta. Me hadde bytt ut det gamle året med eit nytt . Kalendaren  frå i fjor  vart teken ned, og ein ny kom opp. Med nytt årstal, og med 12 månader som ein ukjend landeveg framfor oss. Nokre av oss hadde feira med fargesprakande rakettar og høglydte smell. Andre med roleg ettertanke over levt liv, og med voner og bøner for dagar og tid som står att å leva.

Anno domini”,  eller ”Anno Domini Nostri Jesu Christi[i]” som det heiter i heile sin lengde, er opphavet til at gamle forfattarar tidfeste forteljingane sine med ”I det Herrens år…”  Wikipedia[ii],  - FyFy som referanseverk i faglitteratur og studentarbeid, men ”alltid for hånden” på nettet, fortel om munken Sionysius Exiguus  som i 525 føreslo å tidfesta hendingar og tidsbolkar etter Jesu Kristi fødsel.  Alle forstår me at å rekna seg vel 500 år tilbake til år 0, var ei vanskeleg oppgåve. ”År 0”, vart heller ikkje oppfunne før 600 år seinare.   Normal talrekkje for dei, som for hjå urfolk i dag, startar alltid frå 1. Guaraniane si talrekkje går frå 1 til 5, og etter det er det  ”ei hand og ein, ei hand og to, osv”.  Ei talrekkje lang nok for deira kultur i si tid.

Som så mykje anna med opphav i vår euro-amerikanske soge, har denne utrekninga vorte innført som retningsgjevande verda over. Tanken bak, - det å finna eit system der ein kunne hengja opp hendingar og tidsskifte som klede på ei snor, hadde andre funne ut lenge før den gode munken.
Sionysius Exiguus  si tidfesting vart først brukt ved pavehoffet i Roma,  og innført eit par hundre år etter at den gode munken hadde kome under torva.  Kanskje fleire enn eg ser i dette konturane av motsetningstilhøvet mellom kristne og jødar. For jødane byggjer tidsrekninga si frå skapinga. Dermed stod David Ben-Gurion i  5708 i Tel Aviv og forkynte ein fri og sjølvstendig jødisk stat ved namnet Israel. For oss skjedde det 14. mai i det Herrens år 1948. Motivet den gode munken i 525 hadde, var å finna rette datoen for å feira påske. Dette trass i at jødane hadde den opphavlege utrekninga, og hadde fylgt den frå utgangen av Egypt.
Nokre vener av meg har kalendar med 4 tidsrekningar på same kalendarblada,  og kvar har forskjellege datoar for nyttår. Det hindiske året startar i april ein gong. Det muslimske etter nymånen i månaden ”muharram”, osv.   Kinesarane skal i år feira nyttår 31. januar. Med det er ”Den svarta vass-slangen sitt år” over.

Som sagt,  den euro-amerikanske tidsrekninga har vorte dominerande verda over, trass i andre sine utrekningar. ”Me,”  - les ”euro-amerikanarar,” har også her greitt å innføra våre idear og vår måte å organisera tida på, som rettesnor for dei i andre kulturar. ”Den kvite rase” fornektar seg ikkje.
FN og andre internasjonale fora,  fungerer etter Anno Domini- systemet. Ikkje berre det. Ein ser at den gamle trongen for å distansera seg frå vår kultur sine jødiske røter, lever framleis. Ikkje berre har jødane eit anna utgangspunkt for tidsrekninga si. Deira urgamle veke starta med dag 1. og sluttar med sabbaten og kviledag for folk og dyr. Ein tankegang som vitnar om Guds skapargjerning i ”opphavet” (Genesis 1,1.) Denne delen av tidsrekninga byggjar på  ein ISO-standar innført i 1973.  Med det vart søndagen 7. dag i veka og etter Bibelen: Kviledagen. Dermed gjekk  vår ”kristne” reknemåte  seg endå eit steg lenger vekk frå sitt ”jødiske” opphav.

Fyrverkeri med opphav i Aust-Asia, står sentralt kvart nyttår og vert presentert på TV-skjermane frå alle kantar av verda. Folk gjev seg sjølv og andre lovnader som dei kjem til å bryta like sikkert som at den kulørte vekepressa snart vil ”fø” oss med alle slags oppskrifter på korleis me skal verta kvitt dei ekstra kaloriane den gode maten desse vekene har plussa på oss.

Eg har i alle år sagt at nyttårslovnader, det heldt eg meg unna. I år derimot fekk eg ikkje or tankane  ”I det Herrens år…” og ”Anno Domini nostri Jesu Christi”, og fann ut at eg ville prøva å få liv i bloggen min att.

Skulle nokon lesa det eg skriv og meina at det har gått for lenge sidan eg publiserte noko, så kan eg berre seia meg lei for det. Men sist eg skulle leggja ut noko, fekk eg så mykje problem med fontar og bilete, at eg miste motet!

Publish or Perish[iii]-tanken” er totalt fråværande i denne bloggen. Eg skriv for min eigen del. Kall det gjerne ”terapi” – eller kva du vil. Namnet skjemmer ingen. Men hugs:  Du les på eige ansvar…..  
 

Det er forbudt å lasta ned, kopiera eller bruka tekst og/eller bilete uten skriftleg godkjenning frå forfattaren (Inge Bjørnevoll) på førehand.


[i] ”Anno Domini Nostri Jesu Christi” kan fritt omsetjast med ”Vår Herre Jesu Kristi år”
[ii] http://no.wikipedia.org/wiki/Kristifødsel
[iii] ”Publish or Perish”, eit slagord i vitskaplege krinsar som byggjer på at den som ikkje kan publisera og på den måten vekkja interesse for seg og sine arbeid, har inga framtid som forskar.