torsdag 31. desember 2020

Motboka

 
Som reaksjon på Marte Michelets bok «Hva visste Hjemmefronten?», gav Dreyers Forlag Oslo i 2020 ut «Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?» av Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen. Eg fekk den i hendene i jula. Boka startar med «Føreord» av oppdragsgjevaren, Svein Gjerdåker, ansvarleg redaktør i «Dag og Tid». Han skriv at oppdraget, gjeve i 2019, var «å få til ein systematisk gjennomgang av dei mest sentrale påstandane i boka». Tanken var ein lengre artikkelserie i Dag og Tid. På grunn av stoffmengda enda arbeidet opp som bok.

Etterpå kjem «Innleiing» av dei tre forfattarane. Som elles i boka, er referansane mange. Det eg sakna mest, var eit register over personar, organisasjonar og stader som var nemnde i boka. Kanskje slikt ikkje høyrer heime i ein rapport, men det ville gjort det lettare å leita opp og få oversikt over stoff som er behandla fleire stader i dei 305 sidene.


Kva er ein «rapport»? 

«En rapport er en tekst som skal gi saklig informasjon om et saksforhold eller et utført arbeid, og den kan inneholde både faktaopplysninger, analyser og vurderinger som mottakeren har behov for.» (https://ndla.no/nb/).


Så langt eg finn, er innhaldet i samsvar med denne definisjonen. Og som rapportar flest, -  tung å lesa og til tider kjedeleg. Men det skal vera sagt: Dei tre forfattarane – har gjort ein grundig gjennomgang av «dei mest sentrale påstandane til Michelet og om ho har grunnlag for desse kjeldene». (s.16, 1.avsn.). Boka er delt slik: Del 1: Varsla. (s. 19-93).  Del 2: Motstandsrørsla og fluktapparatet. (s. 94-232). Del 3: Fotnotane (s. 233-250). Del 4: Aktørane. (s. 251-284).


På spørsmåla forfattarane har teke opp, finn ein mykje informasjon. Naturleg nok meir enn det som står i Michelet si bok. Først og fremst fordi dei har fylgt «vegen» ho staka opp, men og fordi dei med sin faglege bakgrunn naturleg nok finn meir materiale og samla eit breiare datagrunnlag enn ho greidde som gjekk føre. At Michelet kan / må ha oversett ting og mistolka utsegn, er klårt. Ho er ikkje menneskje utan…

To av rasehygiene-bøknene eg har lese.

Problemet i mine auge er vurderinga av dei data som vert lagd fram. Ordtaket seier «Alt kjem an på auga som ser». Filosofen Kant (1724-1804)  snakka om transcendental idealisme: Ting i seg sjølv er ein storleik. Det tingen er for oss (sett gjennom farga briller), kan vera noko heilt anna!  Ikkje berre på grunn av forskjellege synsvinklar, men fordi inntrykket vårt vert tolka ut frå individuelle interesser, tidlegare erfaringar, utdanning osv. Eit eksempel i boka er Arvid Brodersen. (Del 4/9 s.255-273). Ein nordmann utdanna i Tyskland og som – i alle fall i ein periode av livet – ser ut til å ha hatt eit positivt tilhøve til nazismen. Michelet skriv: «Brodersen lot seg derimot rive med. Både i Norge og i Tyskland fungerte han en periode som talsmann for nazismen». (s. 255) Ein tanke motboka satsar mykje på å mot-bevisa. Men kva er sant? Begge deler? Kanskjet han skifte meining ein eller annan gong i livet?


Eg har prøvt å setja meg inn i norsk eugenikk (sjå bloggen frå 24.10.2019) og den sterke påverknaden dette tankegangen hadde på folket vårt frå 1900 og utover. Inntrykket er skremmande. Med den bakgrunnen er det vanskeleg å godta at alt  som vart gjort under krigen, berre vart motivert av fedrelandskjærleik og idealisme. 

Den delen av boka som eg fann mest interessant, var stoffet om transporten av jødar og andre over til Sverige. Også her er forfattarane i forsvarsposisjon og ser ut til å ha som mål å slå i hel alle argument og spørsmål som kan gjeva noko anna inntrykk enn det etterkrigstida har teikna for og i oss som vaks opp den gongen. Her er det eg mest sakna namneregisteret. Eg fann t.d. Feldman-saka omtalt i samband med Alf. T. Pettersen:: «Spørsmål 3: Hadde Alf T. Pettersen kontakt med grenselosane som drap to jødiske flyktningar?» (S. 169-170), og i "Alf T. Pettersen, avsluttande kommentar" (S. 225-230). I Michelets bok er denne saka nemnt på sidene 192-194, 209, 242, 307, 309, 338 og 343.
-----------
Han kom til meg med avisa nemnt i bloggen «Nisjemedium nr. 2: Dag og Tid», fortalde om oppgjeret med ein nazi-lensmann. Då arbeidet hans vart gjennomgått og vurdert, fann dei fleire tilfelle der folk i bygda hadde vorte melde, men utan at lensmannen hadde gått vidare med saka. Grunnen var at han kjende bygdefolket og meinte at desse vart melde på grunn av misunnelse, hemnlyst eller andre motiv han ikkje kunne godta. Dette vart til hans fordel i rettsoppgjeret. Biletet av han fekk dermed eit nytt penselstrøk. 

Kanskje det var slik med mange at biletet ikkje berre har heil-kvitt eller heil-svart? Me – som menneskje – ber i oss både godt og gale. Det er derfor eg sjølv til dømes så sårt treng ein Frelsar som kan hjelpa meg og «held meg i øyrene» (som dei sa dei gamle). Menneskje - både på rett og feil side under krigen, sleit sikkert med å vita kva dei burde gjera til tider. Ikkje alltid fann dei beste løysingane. Først når me vågar å sjå bak bileta etterkrigstida har skapt for og i oss, kan me oppdaga reelle menneskje.


Me må tåla at det vert stilt spørsmål om kva som eigentleg hende, og godta at deler av soga må omskrivast dersom målet vårt er å koma så nære realitetane som mogeleg.





søndag 13. desember 2020

Kva visste – eller ikkje visste – heimefronten?

Dette spørsmålet ser ut til å vera aktuelt for fleire enn meg. Debatten har toppa seg etter at etterkomarar til dei Michelet skriv om, vil dra forfattaren til doms for boka. Dei har lagt press på forlaget for å få stogga salet, og har hyra ein «stjerneadvokat» til å føra ei eventuell sak for dei. Er det meininga deira å sperra for alle andre meiningar enn dei som har vore «opplese og vedteke» frå 1945 og til no? 

Den sigrande part er det som skriv historia, er det sagt. Heimefronten var den sigrande part etter krigen og fekk sin rettmessige omtale både i media, i skulane og elles. Dei ofra mykje for at me skulle få oppleva eit fritt land. Mange ofra alt. Ingen kan ta frå dei æra for det dei gjorde og heller ikkje takken for det dei ofra for oss alle. For landet og for folket. Men samstundes må det vera lov å stilla spørsmål med ting som vart sagt og gjort både i tida som ligg bak oss, og den me lever i.


Eg har lese boka til Michelet, og lese ho grundig. Mot-boka skrive av «de tre faghistorikerne; Elise Barring Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen» (sitat frå redaktørinnlegg i KS som eg skal koma tilbake), ser eg fram til å få lesa. For tida står eg på venteliste på biblioteket! Det lyt eg eventuelt koma tilbake til. Men det som fanga mi interesse, er omtalen i media. Det synest å gå frå rein fordømming av Michelet si bok, til forsvar. 

Det siste eg har lese, er frå Heimefront-museet som seier dei har gjeve både Michelet og dei tre faghistorikarane som skreiv «mot-boka», fri tilgang til det materiell og dei data museet rår over. Så har dei gjort sitt. Resten er opp til den som les, som prøver å skaffa oversikt over dei data som føreligg, og som i si tid trekkjer konklusjonar. Så får både konklusjonane og eventuelle feiltolkingar stå sin prøve både for samtida og framtida. 

 Og eg, kvar er min plass i dette biletet sidan eg tek det opp i bloggen min? Ikkje er eg faghistorikar og heller ikkje journalist. Du – om du les dette –kan berre seia at «Han ikkje har betre vit!» Kanskje du då er nærare sanninga enn både eg og du tenkjer oss. For eg trur det er sunt at nokon har mot til å gå utanfor det som er sett på som det einaste rette. Det som er «in». 

Denne og liknande plakatar har me sett mange av detten året.
Vaska eg hendene godt nok etter eg hadde handla? Kanskje er tastaturet no fullt av snikande virusittar som vil ha meg til sengs med feber og pusteproblem? Vel, eg prøvde som den pliktoppfyllande borgaren eg er, å gjer mitt i denne nasjonale dugnaden: Handvask- og ein meters-avstand-dugnaden og-så-vidare, veit du. Til beste for oss alle. 

Men kva har handvasking med Marte Michelet og debatten rundt den å gjera? Handvask og det som er opplese og vedteke Folkehelseinstituttet (https://www.fhi.no/publ/2013/handhygiene--handvask-trinn-for-tri/) har gjeve ut denne plakaten for å spara liv. Kunnskapen kan dei takka Ignaz Philipp Semmelweis for. Han var dokter på eit sjukehus i Budapest i ei tid då teiknet på ein god kirurg var at han lukta formalin. Det beviste at han dissekerte døde og dermed visste korleis han best skulle skjera i dei levande!

Semmelweiss fekk ein ide om korleis sjukdomar spreidde seg og sette i gang krav om vask av hendene på avdelinga si! Han fekk både kollegaer og studentar mot seg. Måte på toskeskap! Alle visste at månen og planetane, tussar og troll, hekser og trollmenn – eller jødar, var det som sette sjukdom på folk. Det «visste» dei, og derfor var det både uvitskapeleg og frekt å hevda noko anna. Semmelweiss vart sagt opp, og kalla «Nestbeschmutzer», omsett på godt norsk «Fugl som skit i eige reir!». (https://no.wikipedia.org/wiki/Ignaz_Semmelweis). 

Innlegget seier at kanskje han døydde av mishandling (= mange beinbrot) frå dei som skulle pleia han då han var innlagd for blodforgifting! Andre stader har eg lese at han vart så deprimert av motstanden og tanken på alle barselkvinnene han hadde teke livet med sin dårlege hygiene, at han tok livet sitt.

 Ofra han livet for å berga også oss som lever i denne coronaen? I så fall fylgde han fotspora til ein jøde som døydde 1832 år tidlegare. Om vår kalendar er rett, då. Nok om det. 

Men alle – frå ho Erna i regjeringa, til oss vanlege utover i landet, seier: «Vask hendene!» Det MÅ me om me vil halda oss friske!

fredag 10. april 2020

Kven er dei som vert kalla «Lammets brud» i Johannes’ openberring?


I Johannes si openberring står det om to kvinne-skikkelsar sentralt. Den første er jomfru, og vert kalla «Jesu brud". 1

«Det gryr mot dag» har to kapittel som handlar om henne. Kapitelet «Brud og brudgom møtes» 2 gjer det klart at her meinar forfattaren at det er dei frelste i nytestamentleg tid som utgjer Jesu brud. Han skriv:

«Guds utvelgelse av menigheten – Jesu Kristi brud – fant sted på et for oss ukjent tidspunkt i evigheten….. I det gamle testamentet finner vi rett nok fine forbilder, eller typer, på Kristus og menigheten. …. Men som en konkret, frelseshistorisk begivenhet er utvelgelsen ukjent i Det gamle testamentet». 3
Som kvitveisen stig opp or svart mold, kvit og rein,
slik skal og "Lammets brud" stå i Guds himmel.


I kapitlet «Menighetens tidsperiode» 4 viser han til at «Guds jordiske paktsfolk, Israel, frelseshistorisk ble satt på et sidespor da Gud tok til å samle seg et nytt eiendomsfolk. Ser vi på menigheten i et profetisk perspektiv, er tiden for utvelgelse av denne mellom Jesu kors og Jesu kongetid, mellom korset og kronen». 5 

Kva bibeltekst fundamenterer han dette på? Etter jødisk kalendar – den nærmar seg år 6 000 – reknar han «Lammets brud» eller «menigheten» dei som er fødde og vorte «kristna» i løpet av 1/3 av denne tida. Dei som var fødde og trudde på Israels Gud i dei 4000 åra før Jesus vart fødd, går dei då fortapt?

I kapitlet «Lammets bryllup», 6 kjem forfattaren inn på forholdet mellom dei truande og Jesus. Han siterer Paulus: «Jeg har jo forlovet dere med en mann, for å fremstille en ren jomfru for Kristus». (2. kor. 11,2b).

Går me til det 21 kapitelet i Openberingsboka, finn me det nye Jerusalem «budd som ei brur 7 som er pynta for sin brudgom». (21,2c). Byen er pynta til «Lammets bryllup». I denne byen skal «aldri noko ureint koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet» (21,27).

At Guds sanne «menighet» er innskrivne i livsens bok i himmelen, er klårt. Men – om ikkje dei truande jødane i GT er rekna med, kvifor er vår framtidige heim i himmelen kalla «Det nye Jerusalem»? Eller portane oppattkalla etter dei tolv Israels-ættene? Og bymuren bygt på tolv grunnsteinar med namna til dei tolv apostlane som alle var jødar? (21,10-12). Kvifor denne gammaltestamentlege forankringa når det berre er dei utvalde i NT-perioden som skal koma inn der? Og kvifor vert det understreka at ikkje noko heidensk ureinskap skal koma inn?

For meg ser det heller ut til at me truande av ikkje jødisk bakgrunn vert fletta inn i den jødiske tradisjonen som starta i GT, og som held fram i NT. Apostlane og Jesus sjølv var alle jødar og stod godt planta i den jødiske tradisjonen slik Gud påla dei i GT. 8


Nominelt medlemsskap er ikkje det same som å fylgja i Jesu
Gud lærde blomstrane å opna seg mot sola og lyset.
Me er skapte for å leva i Guds  lys.


I kapitlet «Menighetens tidsperiode» 9 skriv forfattaren: «I ca. 2000 år har budskapet og ordren som disiplene fikk på Oljeberget, gått ut over verden…. En regner i dag med at ca. 2,2 milliarder mennesker hører til Jesu Kristi kirke10 på jord. Daglig blir ca. 65 000 mennesker frelst her i verden».

Desse statistiske dataene byggjer på registrer over nominelle medlemmer i formelt sett kristne kyrkjer. Det store fleirtalet av desse 65 000 vert frelst gjennom eit ytre rituale, barnedåpen. Statistikken fortel ingen ting om desse medlemane sitt gudsforhold, om deira tru og om dei ynskjer å gå i Jesu fotspor.

Ser me på dei territoriale kyrkjene sin store medlemsmasse, er det imponerande. Men kor mange av dei er levande kristne?

Kan omtalen av menigheten i Bibelen si siste bok læra oss noko?


Menigheten i Johannes’ Openberring


Jesus viste seg for Johannes på Patmos for at han skulle skriva til 7 lokale kyrkjer i Vesle-Asia: Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea. Kvar menighet vart symbolisert av ein lysestake, og kvar kyrkja hadde sin engel symbolisert med ei stjerne. «Engel» tyder bodberar, og vert normalt tolka som menigheten sin åndelege leiar.

Ingen av desse menighetene finst i dag. Mange av byane er og berre ruinar. Likevel har me mykje å læra av desse bodskapane. Alle, bortsett frå ein, har eit refsande element. Unnataket er Filadelfia som er svak og skal gå gjennom store prøvingar. Men til alle lyder: «Den som sigrar…». Og siger kan opplevast først når kampen er over. (2. Tim. 4,7-8).

Det er underleg at Jesus valde desse sju menighetene. Dei fleste var nokså ukjende. Ofte vert dette forklart med at Jesus har gjeve oss eksempel me skal læra av. Ein måte å tolka bodskapane på, er at kyrkjene representerer forskjellege epokar. Nikolaittane var ei rørsle på 100-talet. Dei er nemnde til Efesos og Pergamon, men ikkje seinare.
Som plantane er forskjellege frå kvarandre, slik har og dei forskjellege
flokkane av kristne sine særdrag.

Etter denne tolkingsmåten, representerer Laodikea menigheten i endetida, dvs. «vår tid». Denne menigheten var lunka i si gudsdyrking, rik i eigne auge, men fattig i Guds auge. Jesus stod utanfor, banka på og ville inn. Eit interessant punkt i bodskapen er og uttrykket: «om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg». (3,20). Det verka her som om Jesus har gjeve opp det sjølve menigheten, og derfor søkjer einskild-individa for å dela sitt måltid (nattverden) med den som opnar.

Etter dette finn me ikkje menigheten nemnt før i avslutningsformuleringane: (22,16):

«Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane».
Sitatet fører tanken tilbake til dei to første kapitla. «Den som sigrar…». Guds plan og ynskje er at hans folk skal ha siger over verda. Som Johannes skriv:

«For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som sigrar over verda, er vår tru…. Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?....
Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin…. Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet». (1. Johs. 5,4 – 12 i utdrag).

----------------------------------
1 Både på nynorsk og bokmål kan ein skriva både «brud» og «brur». Eg har valt å bruka «brud» sidan det vert brukt i «Det gryr av dag». Der eg siterer brå nynorsk-Bibelen, førekjem ordet «brur».
2 S. 88-91.
3 S. 89, tredje avsnitt.
4 S. 86-87.
5 S. 86, 1. avsnitt.
6 S.96-98.
7
8 Omskjeringa, reisa til Jerusalem i høgtidene, gå i synagogen på sabbaten, osv.
9 S. 86-87.
10 Her brukar forfattaren ordet «kirke», men i resten av boka «menigheten». Er dette ein indikasjon på eit skilje mellom «sanne kristne» og «nominelle kristne»?



Bileta her er mine eigne.
For å kunne bruka dei eller andre delar av denne bloggen, trengst skriftleg lov på førehand.

Lever me i endetida?                                  


Nokre menneskje les profetiane som horoskop. Dei jaktar etter lys og lukkeleg framtid utan for store personlege offer og innsats.

I motsetning til det horoskop-forfattarane serverer lesarane, viser Bibelen oss ei mørk framtid med store krav til den som vil sigra til slutt. Først, når endetida si mørke natt er over, skal Guds evige lys skina over Guds folk på ei ny jord og under ein ny himmel.

Også i det bibelske landskapet er det spennande….

Viktigare enn å kjenna teikna på endetida, er  å ha klårt for seg realitetane i verda, og Guds plan med oss. Ester vart dronning «nett for ei tid som denne» (Ester 4,14c). Du og eg lever akkurat no fordi Gud har ein plan med oss.

Med utgangspunkt i boka: «Det gryr mot dag», vil eg gå inn på ting i endetida som både forundrar og uroar. Eg gjer ikkje dette for å kritisera eller snakka ned ei elles god bok og ein trufast Herrens tenar.  Målet mitt er å kasta lys over emne som kan og bør sjåast frå fleire synsvinklar.

Eg inviterer derfor lesarane med å ei vandring i endetida.

Del 2: Guds paktsfolk – Israel og Guds menighet


Etter å ha lese gjennom boka til Furnes, gjekk eg tilbake til undertittelen «Guds paktsfolk – Israel og Guds menighet». Meinte forfattaren  med denne formuleringa at det er eit motsetningsforhold mellom Israel og menigheten? 1 Eller var det eit supersesjonistisk bibelsyn som ligg bak? Erstatningsteologisk kan det – etter innhaldet i boka, ikkje vera.


Israel – kven er det?


Med Israel meinar boka Abrahams etterkomarar: jødane.  Ei folkegruppe med genetiske, etniske og kulturelle fellestrekk. Desse gav Gud ein evig rett til landet, og gav dei spesielle lovnader. Deira rolle i denne verda er unik. Dei fekk til og med påbod om eit eige fysisk teikn på at dei var Guds utvalde folk: omskjeringa.

Gud trong Abraham og hans ætt for å føra fram den guddommelege frelses-planen som skulle nå «til endane av jorda». Det er eit mål utan etniske og geografiske grenser, men som trong ei jordisk forankring og eit menneskeleg opphav for å verta gjennomført.

Det er bakgrunnen for at Bibelen 2 ført og fremst er ei jødisk bok, skriven omtrent berre av jødar. «Nasarearen si sekt» var i starten jødar og slike som hadde gått over til jødedommen. Først i Apostelgjerningane 10 kjem folk utanfor denne gruppa, aktivt med. 
Guds menighet spirer der ingen skulle tru...

To kapittel har titlane: «I. Fra Abraham til Kristus» og «II. Frå pinsedagen til staten Israels opprettelse». Godt og sant både som historiske data og bibelske sanningar. Her møter me dei lange linjene fram til 1948 og opprettinga av staten Israel.

Her er og eit kapittel om «Erstatnings-teologiens villfarelse». 3 Godt skrive og gjev innsyn i eitt av den kristne kyrkja sine mange og sørgjelege feilsteg.

Menigheten, kven er det?


Kapitelet «Guds hemmelighet – menigheten» 4 presenterer mange bibelske sanningar, men skaper samstundes forvirring. Her står: «Det er viktig å ha med at det i Skriften er omtalt tre klasser mennesker: «Vær uten anstøt for jøder og for grekere (hedninger) og for Guds menighet". (1.»Kor.10,32)» 5

Apostelen nemner her to etniske grupper: jødar og grekarar. Den siste vert normalt rekna som representant for «ikkje-jødane»- «goyim» - som er det hebraiske ordet våre Biblar omset med heidningar. 6

Den tredje, «Guds menighet» er derimot eit utval av menneskje – jødar og ikkje-jødar – utvalde på grunn av si tru på Jesus Kristus. Etnisk sett er «Guds menighet» ei herleg blanding med felles kjenneteikn: Trua på Jesus som verda sin frelsar, og lydigheit mot hans Ord.

Til romarane skriv Paulus: «For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er eit Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar». 7 (Rom. 1,16). Her og let han dei to etniske gruppene representera alle menneskje på jorda. Men berre ein del av desse opplever Guds kraft til frelse. Det var dei som trur! Ikkje-truande  jødar, grekarar og kven som helst elles, står dermed utanfor Guds frelse og Guds menighet.


Kva er det så i undertittelen som er feil?


Me lærde på skulen i reknetimane at me alltid skulle kontrollera kva «nemningar» det stod i oppgåva me fekk. Skulle me finna fram til eit svar i «liter», så måtte alle mål omgjerast til liter. Først når det var gjort, kunne me rekna oss fram til rette svaret.

Her er eit svakt punkt i denne elles så gode boka: Israel som etnisk og genetisk storleik, høyrer ikkje til same kategori som «menigheten». Det gjer «reknestykket» feil.

Sant nok fekk alle jødane loven (Toraen) på Sinai. Guds pakt vart gjort med heile folket. Men som i alle andre folkeslag, delte ikkje alle jødane trua.



Kvifor vart jødane jaga frå landet sitt? Fordi babylonarane var dei for sterke? Vart Jerusalem øydelagt fordi dei romerske hærane var for mektige? Absolutt ikkje. Det var oppfyllinga av vilkåra i pakta Gud gjorde med Israel.
Naturen lærer oss at når me plantar det som er godt og
vakkert, får me noko å gle oss over.

Stefanus peika i sin forsvarstale (Ap. 7,19-43) på at jødane gjekk sine eigne vegar og dyrka framande gudar. Derfor vart dei førde til Babylon. Derfor vart Jerusalem øydelagd i år 70. På den måten er Bibelen ei tydeleg konsekvens-etisk lærebok: Det du sår, skal du hausta. 8


Var «menigheten» ein ukjent tanke i GT?


I den gamle Bibel-ordboka til Gimnes 9 finn me ordet «menighet» brukt 32 gonger i GT. Så langt eg kan finna, viser ordet til dei som fylgde Loven og forskriftene.

Grunnlaget for menigheten i GT var trua og tilliten til Guds Ord. Som til dømes då påskelammet vart slakta før utgangen av Egypt. Trua og lydigheita deira gjorde at døds-engelen gjekk forbi dei. Det same er grunnlaget for menigheten i NT. Utan at me trur og innrettar oss etter det Gud seier, er der inga frelse.

Den jødiske offertenesta peika fram mot Jesu død som «Guds lam». Menigheten i GT såg framover med tru og venta på Guds lovnad oppfylt. Ved det vart dei frelste. Me vert frelste ved å sjå bakover mot same oppfyllinga av det me trur på.

Største skilnaden på dei gamaltestamentlege truande og oss, er at Gud har gjeve oss den historiske kunnskapen, noko dei lengta etter. Men for oss som for dei: Utan tru står me alle utanfor samfunnet med Gud.. (Hebr.11,6).

-----------------------------------------
1 I nynorsk-Biblane vert det brukt «kyrkje» og «kyrkelyd» for bokmålsordet «menighet». Den nynorske varianten, «menigheit» er lite brukt og kling rart. Normalt vert forma «kyrkje» knytt til «Den norske kyrkja» medan frikyrkjene brukar bokmålsordet «menighet» i sin forkynnelse. Eg har her valt å bruka «menighet», noko som er naturleg i og med at det er det ordet som vert brukt i «Det gryr av dag». Berre i sitata frå Bibelen vil ein finna ordet «kirke/kyrkje».
2 Eg brukar GT for det gamle testamentet, og NT for det nye.
3 S. 50-52.
4 S.39-40.
5 S. 39, siste avsnitt med overgang til s. 40.
6 Det kan og verta brukt om ikkje-praktiserande jødar. Russiske jødar i Israel som sel og et grisekjøt, vart av ein religiøs leiar kalla «heidningar/goyim». Same tanken dukka opp då Tel Aviv ynskte sabbatsopne butikkar og offentleg transport på sabbaten.
7 Bibelsitata eg brukar her, er frå «Den heilage skrifta, Bibelen. Det gamle og det nye testamentet», oms. 1978, Det norske bibelselskaps forlag.
8 Gal. 6,7b.
9 Eg brukar «Gimnes: Bibel-ordbok inneholdende omkring 70 000 alfabetisk ordnede henvisninger til den hellige skrift», 20. opplag, publisert i Oslo 1969.


Bileta er mine eigne.
For å kunne kopiera eller bruka noko i denne bloggen, trengst det skriftleg lov frå meg på førehand.



søndag 5. april 2020



Lever me i endetida?

Også når sola går ned, vitnar lyset om ein ny morgon

Endetida er eit av fleire namn på tida før jorda me lever på, går til grunne. Ein vand bibellesar veit at me går vonde og vanskelege tider i møte, men den som har funne kvila i Kristus Jesus, veit og at etter denne vonde perioden, ventar ein ny himmel og ei ny jord der synd, sorg og sjukdom ikkje får koma inn.

Det er sagt og skrive mykje om «dei siste dagar» som er eit anna namn på endetida. Til tider møter me menneskje som ser framover med gru. Andre er opptekne med når alt dette skal skje, endå Bibelen seier at ingen veit det. Jesus sa: «Men den dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen (Jesus sjølv), berre Faderen».[1]

Derimot viser evangelia og andre delar av Guds Ord oss ei rekkje teikn me skal sjå etter for å vita når enden nærmar seg. Dette er noko av det eg har lyst å ta fram i bloggen min denne gongen.

 Del 1: «Det gryr av dag».


Eg fekk eit eksemplar av Kjell Furnes si bok: «Det gryr av dag. Guds paktsfolk – Israel og Guds menighet».[2]
Guds ord er evig (Matteus 5, 17-20 og 24,35), og det har alltid noko å læra oss. Etter mange år som Bibel-lesar, er eg stadig på leiting etter noko nytt. Temaet Israel interesserer meg meir enn kanskje noko anna. Det var derfor med spenning eg starta lesinga.

For å seia det kort: Det som skapte mest glede i meg, var kapitelet: «Kristus – den store endetidsprofet»[3]. Her set han Jesus Kristus inn i rekkja av profetar Gud har sendt til vår jord. Dette er ei vinkling som lite vert forkynt. Me er vande å høyra om barnet i krubba, offerlammet på Golgata, øvstepresten og så vidare. Jesu profet-teneste er lite påakta, så for dette skal Furnes ha ros.

Stikkorda hans treffer vår tid godt:
-       Fikentreet. Lukas 21,29 og utover peikar biletleg på Israel som nasjon. Landet vart fødd på nytt i 1948 og er største teiknet på at enden er nær. 

-       Krig og rykte om krig. Matteus 24,7 med fleire indikerer alle væpna konfliktane som finst no. Særleg «rykte om krig» peikar på vår tid. Rett nok var der mange krigar før, men aldri har rykte om krig og konfliktar vorte spreidd på den måten som i dag takka vera medierevolusjonen siste hundreåret. 

-       Svolt. Same bibelverset (Matteus 24,7) viser til ein realitet for mange menneskje i verda opplever på grunn av krig, tørke, flaum og som no med «Lock Down» på grunn av corona-viruset.  

-       Jordskjelv. Same sitatet tek med jordskjelv som me har hatt mange av berre etter tusenårsskiftet. Nokre har gjeve store øydeleggingar oppå jorda. Andre, nede i havet, laga tsunamiar som gjorde like mykje skade.

-       «Som i Noa sine dagar». Dette sitatet frå Matteus 24,37 viser tilbake til ei tid då vondskapen var stor over jorda, og Gud til slutt greip inn med sin dom. Kriminalitet, overgrep, vald i familien er ein fast del i alle nyheitene i dag, og me går i møte dommen for alt dette. Ikkje som ein ny storflaum, men for Guds domstol.

-       «Som i Lots dagar». Dette sitatet frå Lukas 17,28 viser til ei tid då egoisme og syndig tilfredsstilling var drivkrafta både seksuelt og elles.

I denne samanhengen treffer boka godt:  Om det mørknar i denne verda me er ein del av, så går Guds folk ein ny og mykje betre dag i møte. Som Furnes understrekar: «La oss derfor ikke sove som de andre, men la oss våke og være edrue». (1. tess.5,6).[4]


I dag (05.04.2020) er det palmesøndag. Me og landet vårt har opplevt nokre veker som ingen har gjort før. Mange spør: Er dette eit endetida? Eg trur det i alle fall viser at enden er nær. Nett då er det godt å ta mot påskebodskapen:
Gud sende Jesus for å frelsa alle som vil tru på Han. Han leid og døydde for deg som les dette, og meg som brukar tastaturet. På grunn av hans offer, kan me gå ei mørk framtid i møte og vita at bak natta som kjem, ligg ein ny dag, ein ny himmel og ei ny jord og ventar på oss.

Ja!  Det gryr av dag


 
---------------------

Bileta i denne bloggen, er mine eigne.

Ingen har lov å kopiera eller bruka dei eller teksten uten på førehand å ha innhenta skriftleg løyve frå meg.




[1] Mark.13,32
[2]Utgjeve av Sambåndet Forlag som er ein del av Lunde forlag AS, Oslo, 2019 (ISBN 978-82-7752-272-2).
[3] S. 143-146.
[4] Denne delen viser til s. 145-146 i boka.

torsdag 13. februar 2020

Bønnetur 2                                                          Første del



Etter at den offisielle bønnekonferansen i Jerusalem var over,
kunne dei som ville, vera med på ein fem dagars bønnetur. I år gjekk turen aust til Jordandalen (Rv 1), nordover langs grensa mot Jordan (Rv 90), langs nordaust-kanten av Golan mot Syria, og  vestover til grensa mot Libanon. Så langs kysten av Middelhavet til Sderot på grensa mot Gaza.
Heile tida stoppa me på utvalde stader for å læra om landet, og å be.

For at du som les bloggen min skal få eit inntrykk, legg eg inn nokre bilete eg tok på turen og fortel litt rundt dei.

Kibbutzliv med mange utfordringar

Samling i parken på kibbutzen Almog. Me ser litt i vaktsjefen bakrast til venstre.

Første stogg var ein kibbuts nedst i Jordandalen der Rv.1 delar seg mot Jeriko og Eilat. Kibbutzen vart starta i 1977 av nokre gutar og ei jente som var nett ferdige i militæret. Ein av grunnleggjarane viste rundt og forklarte. Media rundt om i verda fortel og viser bilete av palestinarar med dårlege levevilkår. Ingen fortel om jødiske kibbutzar som lever bak høge gjerde og søv bak stengde portar med væpna vakt heile natta. Meste delen av inntektene kjem frå jordbruk utanfor gjerdet. Der er det alltid vanskeleg å halda vekke tjuvar og dei som utnyttar mørkret for å øydeleggja for  kibbutzen.

Jordandalen, djupaste punktet på kloden



Jordandalen sett frå nord. Dette er lågaste delen av jorda si overflate,
og er enden  på Rift Valley som startar i Mozambique i  Søraust-Afrika.

 
Me fylgde så hovudvegen nordover.  Sjølve dalen er 120 km lang, opp til 15 km brei, og med vakre jordbruksområde der jødane tek hand om jorda. På andre sida av elva, ligg kongeriket Jordan.


Eit stykke oppe i dalen, stogga me ved eit krigsminnesmerke laga av øydelagt militært utstyr frå tidlegare ufredstider.

Bak monumentet ser me opninga av dalen som skil Judea fjelland frå Samaria. På fjella her oppe gav Gud Abraham lovnaden om landet. Her kjøpte han seg jord og bygde eit alter.

Før israelittane kom inn i landet, baud Moses Josva å samla folket her (5. Mos. 27,11 ff).  Josva 8,30 ff fortel at halve folket stod på Ebalfjellet og andre halvdelen på Garisimfjellet då loven vart opplesen. Alle, både jødane og ikkje-jødane som var med dei, vart velsigna der.

Då israelsfolket var ført til Babylon, budde blandingsfolk her, samaritanane. Dei bygde  eit tempel på Garisim. Då jødane kom tilbake, ville dei ikkje ha noko med samaritanane å gjera. Derfor gjekk hovudvegen mellom Jerusalem og Galilea gjennom Jordandalen og ikkje beint nord-over.

Johs. 4 fortel at Jesus gjekk beinvegen. Han stogga i Sykar og vann folket i byen der for si læra. (Johs 4).

Nablus, største byen og maktsenteret til palestinarane, ligg  i denne dalen i dag.


Skifte i landskap og fjellgrunn

Sør-Israel er mykje sand og lys sandstein, men oppover i Jordandalen møter ein murar og bygg av svart stein. Den kjem frå det vulkanske området Golan høyrer til. Me tok vegen langs Syriagrensa på Aust- og Nord-Golan. Her kjem ei av sideelvane til Jordan inn frå Syria, men etter internasjonal avtale vert vatnet fordelt inne i Syria. Nokre stader kan ein sjå gamle og nyare bruer, eller restande av den ottomanske jernbana som gjekk heilt til Jerusalem.

"Tårenes dal"


Under Yom Kippurkrigen i oktober 1993 rulla over tusen moderne russiske tanks inn mot Israel og vart møtt av nokre hundre dårleg utrusta gamle tanks. (Enkelte hevdar at dette er største tanksslaget verda har sett).
Styrkemessig var det på nytt David mot Goliat. Dei fortalde at han som leidde angrepet på Israelsk side med tanksen sin, etter ei tid melde til overkommandoen:  "Eg har ikkje att meir ammunisjon. Kva skal eg gjera?"

Svaret var kontant: "Køyr på! Syrarane veit det ikkje…" 


Snøkledd Hermon bak gamle skyttargraver
Israel vann slaget. Guiden vår, som var fallskjermsoldat den gongen, vart slept ut frå fly. Dei skulle ta forsyningslinene bak den syriske hæren, men vart ved ein feil slepte ned mellom dei to frontane.  Etter 51 timar greidde dei å koma tilbake på israelsk side. I tillegg til dei skadde, bar dei 18 som var drepne i krysselden.


I dag ligg dalen fredeleg. Landskapet er prega av veldrive jordbruk, husdyrhald der steinen ikkje er rydja, og turisme. Med snøkledde Hermon og skisenter i nord ser landet innbydande ut. Her er stiar for turgåarar, og reklamen eg har teke bilete av, er i amerikansk cowboy-stil.

Det var og plakatane på rommet vårt i kibbutzen "Merom Golan" der me overnatta med me held oss i denne delen av landet.  Eg hadde i alle fall ikkje venta å finna plakatar med John Wayne på sin kvite hest og Buck Jones, "The Trail Rider," på rommet vårt! Men kyr spreidd utover såg me mange stader. Nokre kugjetarar til hest og, så kanskje neste generasjons cowboy-filmar kjem frå Israel?

Mellom minne frå mange krig-ar, forsvarsverk som endå har urydda minefelt rundt seg, lever og blomstrar eit samfunn som ikkje berre vil noko, men også er i stand til å nå dei måla dei har sett seg.  Det skjer med Guds hjelp, og ved at mange, jødar og ikkje-jødar, ber til den Gud som har gjeve dette landet til sitt eigedomsfolk, Israel.

Lat oss derfor gjeva Han æra for det som skjer, - også på Golan!
 
 
Oppskrifta for Israel si lukke og framtid
er den same som  for DEG og MEG:
 
"Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din skje på jorda som i himmelen."
 
------------------

Alle bilete i denne serien av innlegg knytt til bønnekonferansen,
har eg sjølv teke og har einerett til. 
 
Det er forbudt å bruka bilete eller tekst frå min blogg
uten skriftleg løyve frå meg.
















































onsdag 12. februar 2020





Bønnetur 2                                                           Tredje del


Med bønn frå nord til sør


Det var naturleg at me starta siste del av turen frå Golan langs grensa mot Libanon der Iran og Hamas stadig førebur seg på krig og stadig lovar å drepa alle jødar.

Ti meter nedanfor der eg tok biletet til høgre, skimtar du  Israel sitt grense-gjerde. På andre sida av dalen ligg leiren der FN har sitt senter for overvaking av grensa. Til leiren, vart det sagt, er laga god veg for at dei skal kunna evakuera soldatane fort i tilfelle krig.

På toppen ser me Hamas sitt senter med overvakingsutstyr som ser langt inn i Israel. Dei har og sement-fabrikk som lagar sement for eventuelle tunellar under grensa og inn i Israel.


Meggidosletta eller Harmageddonsletta låg grøderik og vakker framfor oss.

Bibelens tristaste profeti?


Dette vesle Jødelandet, skjæringspunktet mellom Afrika, Asia og Europa, har vore i fokus fleire tusen år. Etter det profetiske ordet skal sletta verta sentrum for eit enormt slag. Me som les og trur profetordet, ser at eit avgjerande slag i endetida skal utspela seg på Meggidosletta, eller Harmageddonsletta som norske Biblar og brukar. (Johs. opb. 6,16 og Sakarja 12,11). Her har vore mange slag før, og ei av dei mest kjende gamle borgene ligg med utsyn over dalen. Meggido var ein israelsk by rundt tusen år før Jesu fødsel. Borga på åsen har ein spesiell inngang som nokre daterer til Salamo si tid, og andre til Akab eller Jeroboam II. Og som elles i landet, føregår her stadige utgravingar.

Eit teikn på himmelen frå himmelen?

Israel har alltid minst to jagarfly i lufta for å kontrollera grensene. Me var derfor vane med å ha fly over oss. Men med me stod og såg ut over Meggidosletta, kom eit fly og laga ein fisk på heimmelen over oss. Visste dei at me var der, eller var det tilfeldig? I alle fall er mange, både autoritetar og andre israelarar, glade for at nokon ber for dei. For oss eit teikn på at det er rett det me gjorde!

Eit museum og eit klasserom


Marinemuseet i Haifa gav oss informasjon om den illegale immigrasjonen til Israel, ikkje minst nett etter siste verdenskrig. Ei trist soge med tanke på den engelske blokaden. Tusenvis av jødar på rømmen frå drap og overgrep i Europa, vart avviste og plassert i leirar forskjellege stader.

Her var soga om heimvending (alyah) i stor skala. Alyah er framleis det store bønnemnet for IFI.  Det er det også for organisasjonen Ebeneser som har stått bak båten "Exodus" som tok hundrevis av jødar til Israel frå Svartehavsområdet, og som gjev hjelp til alyah av jødar frå mange andre stader i verda.

 Museet hadde mykje å læra oss. Her var informasjon om ulukka med "Patria" som kosta 267 immigrantar livet og 172 skadde. Diverre hadde me ikkje mykje tid til å sjå oss rundt, men her var det råd å sjå både overflatefartøy og den gamle ubåten. Spennande hadde det vore å fått tid til å setja seg inn i soga om nordmannen Martin Siem som gjennom stråselskapet "Starboat" hjelpte Israel å få fem små og moderne krigsskip under Yom-kippurkrigen i 1973.

Etter dette drog me til Jaffa, hamna der mange av immigrantane kom inn. Under bønnestunda hadde me med utsyn over hamna og Middel-havet. Ved sida låg huset (veggen til venstre) der soldatane frå Napoleons hær vart teke hand om. Mange av soldatane greidde ikkje klimaet og sjukdomane som fanst her. Dette skulle vera ein vesentleg grunn til at Napoleon gav opp felttoget og vende heim.

Slik ber familiane om å få gutane sine heim...

Siste etappe

Siste bønnestadane denne gongen var nær grensa til Gaza. Me stogga ved minnesmerket over dei falne i krigane som har vore der. Det var sabbat den dagen. Familiane til dei to drepne soldatane som palestinarane i Gaza ikkje vil utlevera, var på sin faste plass for å minna verda om uretten dei lir.

Ved godt mot, trass stadige angrep


Sderot er landsbyen nærast grensa. Han er ofte angrepen med rakettar, ballongar og anna. Derfor har innbyggjarane her meir traumer enn elles i Israel. Trass dette var byen prega av nybygging og liv. Folketalet går opp, sa dei, mellom anna fordi soldatar som er ferdige med militærtenesta, vel å busetja seg her.

Me hadde bønnestunda i parken. Ei lita jente kom og såg på oss. Elles var alt så stilt som det kan vera i ein levande småby.

------------------

Vil du vera med å be for Israel og for at jødane skal venda heim slik profetiane seier?
 
Ta kontakt med  https://www.ifi.org.il   
Dei sender deg bønnebrev kvar fredag, - også norsk.

---------------------

Det er ikkje lov å bruka korkje bilete eller tekst
frå bloggen min uten å ha fått skriftleg løyve på førehand.








Bønnetur 2                                                           Andre del

 

Golan 

Eit klimatisk mini-Europa

Typisk slettelandskap på Golan


På veg inn til ein plass me skulle be. Det gule skiltet
fortel om gamle miner i jorda langs vegen.

Medan det sørlege Israel er sand og sandstein, dukkar mørk, vulkansk stein opp når ein nærmar seg Golan. Her er vulkantoppar både på Golan og inne i grannelanda. Jorda er oversådd med stein, noko som gjer jordbruket meir komplisert. Åkrar vert rydda med store maskiner og steinen samla i steingardar eller køyrt vekk. Klimaet er nokså likt  i Vest-Europa og ideelt for fruktdyrking. På rommet i kibbutzen, var velkomsgåva  to eple som var "oppfunne" i Golan!  
Golanske eple


Område som ikkje er åkrar, vert nytta til kvegland.  Tidlegare forsvarsverk og kontrollpostar er enno omringa av gamle minefelt. Dei utgjer ein stadig fare, ikkje minst for fotturistar som prøver å ta snarvegar utanfor oppmerkte stiar.

Me hadde mykje regn til glede for israelarane som stadig ber om regn. Aust for Golan kjem ei viktig sideelv til Jordan inn frå Syria. Vatnet der brukar no syrarane, slik at ein vesentleg del av det som skulle fylla Jordan, ikkje når fram.

Utsyn mot hola der guden Pan vart dyrka. Elles er her spor etter stader der både greske og
romersk katolske har hatt sine heilage stader. No er berre eit lite nonnekloster att.

Me var og bad to andre stader som Jordanelva får vatn frå. Det eine,  Cesarea Filippi. Aleksander den store la også dette landet under seg. I den tida vart dette om-rådet senter for gresk gudedyrking. Både i hola i fjellet som denne greina av Jordan flyt ut frå, og elles i området, er det  restar av greske tempel. Særleg  skal Pan ha vorte dyrka her.

Så langt nord inntok Josva landet. Her, omringa av minne om gresk avguds-dyrking, spurde Jesus  lære-sveinane:
- "Kven seier folk at Menneskesonen er?"
Peter svara: "Du er den levande Guds Son."
Jesus svara: "Eg seier deg at du er Peter, og på dette berget vil eg bygja mi kyrkje".

Langt nord i Golan ligg restane av den største borga i Israel. Nimrods-borga ligg høgt og var alt frå 1200-talet viktig for den som skulle ha makta her oppe, enten det var arabarar eller korsfarar. Også i den osmanske epoken, utgjorde borga ein viktig del av forsvaret, ikkje minst for å verna karavanevegane som batt riket saman. Særleg vegen mot Damaskus. Borga vart øydelagt av eit stort jordskjelv.

I deler av borga kan ein sjå inn-skrifter skrivne på steinar som er kledde med leir. Dette er minne om tida mamelukken Baybars rådde over borga omkring 1260. Ved sida av ser du emblemet hans. Både det og ei rekke innskrifter har pryda ein del av borga.

Nord for oss denne tida låg Hermon og lokka skituriastar. Men snøen der oppe var eitt av takke-emna me hadde på turen ved sida av det stadige regnet. Sjølv om bortimot 100 % av vatnet i kloakken i Tel Aviv no vert attvunne, og israelsk teknikk kan vinna ut vatn frå lufta i øydemarka, så er landet heilt avhengig av vatnet Gud sender ned frå himmelen. Naturen treng det for si stadige fornying, og Daudehavet treng det for ikkje å verta eit månelandskap med store hol der jordskorpa kollapsar.


Gud brukar den han vil. Han brukte den heidne kongen Kyros. Han kan og bruka Trump! 
I den tida me var i Israel, kom Trump med sin fredsplan. Den vart eit viktig bønne-emne. Først og fremst at Gud må la sin vilje skje, og at alt som ikkje er i samsvar med Hans plan, må verta stogga. Som ein del av dette vitja me Trump Hights, kibbutzen som er grunnlagt til minne om at Trump støtta Israel si annektering av Golan som høyrde til patriarken Dans landområde.

Kibuttzen er nokså nyleg grunnlagt, men gjerdet og porten var på plass for å sikra livet og framtida til dei som har kome her for å byggja ei ny framtid her oppe.

-----------------------

Det er ikkje lov å bruka korkje bilete eller tekst
frå bloggen min uten å ha fått skriftleg løyve på førehand.


tirsdag 11. februar 2020

Bønnetur 1.

Mazada.

 Eit minne frå fortida for vår samtid


Den veka bønnekonferansen held til i Jerusalem, er det vanleg å ta ein dagstur til ein spesiell stad for å be. Denne gongen gjekk turen til Mazada som i dag er ein av Israels nasjonalparkar på UNESCO si verdsarv-liste.

Sjølve Mazada er eit fjellplatå ikkje så langt frå der dei fann Daudehavs-rullane. Oppe på platået var det eit lite samfunn. Herodes den store bygde seg vinterpalass der rundt 30 år f. Kr. Han hadde då god utsikt over Daudehavet og dalen. På kanten, der han bygde palasset, kjem friske vindar opp. Etter Herodes sin død, vart platået omgjort til eit viktig romersk fort.

Dette fortet tok jødane (selotane) i opprøret før år 70 e. Kr. Då Jerusalem var tapt og øydelagt, samla opprørarane seg i denne borga. Sisterner og gode lagerrom gjorde at dei kunne leva her i årevis og gjera hard motstand mot romarhæren som kom etter dei.
Taubana opnar Mazada for turistane

Soga seier der var 960 menneske på Mazada då romarhæren gjekk til angrep med 8000 soldatar. Dei brukte vesentleg slavar til å byggja ein rampe så dei kunne nå opp og angripa sjølve forsvarsverket på kanten av platået. Først i 73 e. Kr. greidde soldatane å nå opp og bryta gjennom muren.

Inne i borga fann dei to kvinner og fem born i live. Dei hadde gøymt seg i ei av sisternene. Resten hadde teke kollektivt sjølvmord for ikkje å falla i romarane sine hender.
Utsyn mot Judea fjell-land


 

 

Kva hadde så bønnekonferansen her å gjera?


For oss var det ikkje berre ei innføring i Israelsk soge, men aktiv bønn for Israel og for det israelske forsvaret. Hit kjem framleis unge soldatar frå hæren og avlegg lovnad om aldri å falla levande i fiendane sine hender.


Kvifor?


I krigane som jødane har hatt etter engelskmennene reiste frå landet, har krigsfangane vorte så mishandla av fienden at døden for eiga hand var mykje betre. (i)

Her budde opprørarane romarane sleit så hardt for å knekkja

Soldatane er til vanleg mellom 17 og 21 år, ofte rett frå skulebenken. For dei er både soldatlivet og det vedvarande fåren for krig, hardt psykisk og fysisk. Både palestinarane som bur i det gamle Jødeland, og nabostatane, seier skriftleg og muntleg at deira endelege mål er å drepa alle jødar. (ii) Mange av dei som var med på konferansen, hadde born eller barneborn som i militæret.

Samtalane våre med Gud den dagen, var både takk for at Gud oppfyller sitt ord mot jødane og Israel, og bønn og forbønn for dei som skal forsvara landet. Enkelt-soldatar og forsvarsleiing, men og utvikling av våpen og etterretning for at jødane skal kunna leva trygt i sitt gamle heimland.

-------------------
(i) I nyare tid har det vore nokre tilfelle av normal fangeutveksling slik internasjonale reglar tilseier. Dette gjer at ikkje alle soldatane kjem til Mazada for å avleggja eid lenger. Men er det vanleg rutine i mange avdelingar enno.
(ii) Oslo-avtalen var det berre Israel som prøvde å oppfylla. Framleis betalar Nores store pengesummar som går til belønning/lønn til terroristar som har drepe eller skadd jødar. I tillegg har Noreg finansiert lærebøker som glorifiserer hat og vald mot jødar i dei palestinske skulane.