søndag 5. april 2020



Lever me i endetida?

Også når sola går ned, vitnar lyset om ein ny morgon

Endetida er eit av fleire namn på tida før jorda me lever på, går til grunne. Ein vand bibellesar veit at me går vonde og vanskelege tider i møte, men den som har funne kvila i Kristus Jesus, veit og at etter denne vonde perioden, ventar ein ny himmel og ei ny jord der synd, sorg og sjukdom ikkje får koma inn.

Det er sagt og skrive mykje om «dei siste dagar» som er eit anna namn på endetida. Til tider møter me menneskje som ser framover med gru. Andre er opptekne med når alt dette skal skje, endå Bibelen seier at ingen veit det. Jesus sa: «Men den dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen (Jesus sjølv), berre Faderen».[1]

Derimot viser evangelia og andre delar av Guds Ord oss ei rekkje teikn me skal sjå etter for å vita når enden nærmar seg. Dette er noko av det eg har lyst å ta fram i bloggen min denne gongen.

 Del 1: «Det gryr av dag».


Eg fekk eit eksemplar av Kjell Furnes si bok: «Det gryr av dag. Guds paktsfolk – Israel og Guds menighet».[2]
Guds ord er evig (Matteus 5, 17-20 og 24,35), og det har alltid noko å læra oss. Etter mange år som Bibel-lesar, er eg stadig på leiting etter noko nytt. Temaet Israel interesserer meg meir enn kanskje noko anna. Det var derfor med spenning eg starta lesinga.

For å seia det kort: Det som skapte mest glede i meg, var kapitelet: «Kristus – den store endetidsprofet»[3]. Her set han Jesus Kristus inn i rekkja av profetar Gud har sendt til vår jord. Dette er ei vinkling som lite vert forkynt. Me er vande å høyra om barnet i krubba, offerlammet på Golgata, øvstepresten og så vidare. Jesu profet-teneste er lite påakta, så for dette skal Furnes ha ros.

Stikkorda hans treffer vår tid godt:
-       Fikentreet. Lukas 21,29 og utover peikar biletleg på Israel som nasjon. Landet vart fødd på nytt i 1948 og er største teiknet på at enden er nær. 

-       Krig og rykte om krig. Matteus 24,7 med fleire indikerer alle væpna konfliktane som finst no. Særleg «rykte om krig» peikar på vår tid. Rett nok var der mange krigar før, men aldri har rykte om krig og konfliktar vorte spreidd på den måten som i dag takka vera medierevolusjonen siste hundreåret. 

-       Svolt. Same bibelverset (Matteus 24,7) viser til ein realitet for mange menneskje i verda opplever på grunn av krig, tørke, flaum og som no med «Lock Down» på grunn av corona-viruset.  

-       Jordskjelv. Same sitatet tek med jordskjelv som me har hatt mange av berre etter tusenårsskiftet. Nokre har gjeve store øydeleggingar oppå jorda. Andre, nede i havet, laga tsunamiar som gjorde like mykje skade.

-       «Som i Noa sine dagar». Dette sitatet frå Matteus 24,37 viser tilbake til ei tid då vondskapen var stor over jorda, og Gud til slutt greip inn med sin dom. Kriminalitet, overgrep, vald i familien er ein fast del i alle nyheitene i dag, og me går i møte dommen for alt dette. Ikkje som ein ny storflaum, men for Guds domstol.

-       «Som i Lots dagar». Dette sitatet frå Lukas 17,28 viser til ei tid då egoisme og syndig tilfredsstilling var drivkrafta både seksuelt og elles.

I denne samanhengen treffer boka godt:  Om det mørknar i denne verda me er ein del av, så går Guds folk ein ny og mykje betre dag i møte. Som Furnes understrekar: «La oss derfor ikke sove som de andre, men la oss våke og være edrue». (1. tess.5,6).[4]


I dag (05.04.2020) er det palmesøndag. Me og landet vårt har opplevt nokre veker som ingen har gjort før. Mange spør: Er dette eit endetida? Eg trur det i alle fall viser at enden er nær. Nett då er det godt å ta mot påskebodskapen:
Gud sende Jesus for å frelsa alle som vil tru på Han. Han leid og døydde for deg som les dette, og meg som brukar tastaturet. På grunn av hans offer, kan me gå ei mørk framtid i møte og vita at bak natta som kjem, ligg ein ny dag, ein ny himmel og ei ny jord og ventar på oss.

Ja!  Det gryr av dag


 
---------------------

Bileta i denne bloggen, er mine eigne.

Ingen har lov å kopiera eller bruka dei eller teksten uten på førehand å ha innhenta skriftleg løyve frå meg.




[1] Mark.13,32
[2]Utgjeve av Sambåndet Forlag som er ein del av Lunde forlag AS, Oslo, 2019 (ISBN 978-82-7752-272-2).
[3] S. 143-146.
[4] Denne delen viser til s. 145-146 i boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar