torsdag 13. februar 2020

Bønnetur 2                                                          Første del



Etter at den offisielle bønnekonferansen i Jerusalem var over,
kunne dei som ville, vera med på ein fem dagars bønnetur. I år gjekk turen aust til Jordandalen (Rv 1), nordover langs grensa mot Jordan (Rv 90), langs nordaust-kanten av Golan mot Syria, og  vestover til grensa mot Libanon. Så langs kysten av Middelhavet til Sderot på grensa mot Gaza.
Heile tida stoppa me på utvalde stader for å læra om landet, og å be.

For at du som les bloggen min skal få eit inntrykk, legg eg inn nokre bilete eg tok på turen og fortel litt rundt dei.

Kibbutzliv med mange utfordringar

Samling i parken på kibbutzen Almog. Me ser litt i vaktsjefen bakrast til venstre.

Første stogg var ein kibbuts nedst i Jordandalen der Rv.1 delar seg mot Jeriko og Eilat. Kibbutzen vart starta i 1977 av nokre gutar og ei jente som var nett ferdige i militæret. Ein av grunnleggjarane viste rundt og forklarte. Media rundt om i verda fortel og viser bilete av palestinarar med dårlege levevilkår. Ingen fortel om jødiske kibbutzar som lever bak høge gjerde og søv bak stengde portar med væpna vakt heile natta. Meste delen av inntektene kjem frå jordbruk utanfor gjerdet. Der er det alltid vanskeleg å halda vekke tjuvar og dei som utnyttar mørkret for å øydeleggja for  kibbutzen.

Jordandalen, djupaste punktet på kloden



Jordandalen sett frå nord. Dette er lågaste delen av jorda si overflate,
og er enden  på Rift Valley som startar i Mozambique i  Søraust-Afrika.

 
Me fylgde så hovudvegen nordover.  Sjølve dalen er 120 km lang, opp til 15 km brei, og med vakre jordbruksområde der jødane tek hand om jorda. På andre sida av elva, ligg kongeriket Jordan.


Eit stykke oppe i dalen, stogga me ved eit krigsminnesmerke laga av øydelagt militært utstyr frå tidlegare ufredstider.

Bak monumentet ser me opninga av dalen som skil Judea fjelland frå Samaria. På fjella her oppe gav Gud Abraham lovnaden om landet. Her kjøpte han seg jord og bygde eit alter.

Før israelittane kom inn i landet, baud Moses Josva å samla folket her (5. Mos. 27,11 ff).  Josva 8,30 ff fortel at halve folket stod på Ebalfjellet og andre halvdelen på Garisimfjellet då loven vart opplesen. Alle, både jødane og ikkje-jødane som var med dei, vart velsigna der.

Då israelsfolket var ført til Babylon, budde blandingsfolk her, samaritanane. Dei bygde  eit tempel på Garisim. Då jødane kom tilbake, ville dei ikkje ha noko med samaritanane å gjera. Derfor gjekk hovudvegen mellom Jerusalem og Galilea gjennom Jordandalen og ikkje beint nord-over.

Johs. 4 fortel at Jesus gjekk beinvegen. Han stogga i Sykar og vann folket i byen der for si læra. (Johs 4).

Nablus, største byen og maktsenteret til palestinarane, ligg  i denne dalen i dag.


Skifte i landskap og fjellgrunn

Sør-Israel er mykje sand og lys sandstein, men oppover i Jordandalen møter ein murar og bygg av svart stein. Den kjem frå det vulkanske området Golan høyrer til. Me tok vegen langs Syriagrensa på Aust- og Nord-Golan. Her kjem ei av sideelvane til Jordan inn frå Syria, men etter internasjonal avtale vert vatnet fordelt inne i Syria. Nokre stader kan ein sjå gamle og nyare bruer, eller restande av den ottomanske jernbana som gjekk heilt til Jerusalem.

"Tårenes dal"


Under Yom Kippurkrigen i oktober 1993 rulla over tusen moderne russiske tanks inn mot Israel og vart møtt av nokre hundre dårleg utrusta gamle tanks. (Enkelte hevdar at dette er største tanksslaget verda har sett).
Styrkemessig var det på nytt David mot Goliat. Dei fortalde at han som leidde angrepet på Israelsk side med tanksen sin, etter ei tid melde til overkommandoen:  "Eg har ikkje att meir ammunisjon. Kva skal eg gjera?"

Svaret var kontant: "Køyr på! Syrarane veit det ikkje…" 


Snøkledd Hermon bak gamle skyttargraver
Israel vann slaget. Guiden vår, som var fallskjermsoldat den gongen, vart slept ut frå fly. Dei skulle ta forsyningslinene bak den syriske hæren, men vart ved ein feil slepte ned mellom dei to frontane.  Etter 51 timar greidde dei å koma tilbake på israelsk side. I tillegg til dei skadde, bar dei 18 som var drepne i krysselden.


I dag ligg dalen fredeleg. Landskapet er prega av veldrive jordbruk, husdyrhald der steinen ikkje er rydja, og turisme. Med snøkledde Hermon og skisenter i nord ser landet innbydande ut. Her er stiar for turgåarar, og reklamen eg har teke bilete av, er i amerikansk cowboy-stil.

Det var og plakatane på rommet vårt i kibbutzen "Merom Golan" der me overnatta med me held oss i denne delen av landet.  Eg hadde i alle fall ikkje venta å finna plakatar med John Wayne på sin kvite hest og Buck Jones, "The Trail Rider," på rommet vårt! Men kyr spreidd utover såg me mange stader. Nokre kugjetarar til hest og, så kanskje neste generasjons cowboy-filmar kjem frå Israel?

Mellom minne frå mange krig-ar, forsvarsverk som endå har urydda minefelt rundt seg, lever og blomstrar eit samfunn som ikkje berre vil noko, men også er i stand til å nå dei måla dei har sett seg.  Det skjer med Guds hjelp, og ved at mange, jødar og ikkje-jødar, ber til den Gud som har gjeve dette landet til sitt eigedomsfolk, Israel.

Lat oss derfor gjeva Han æra for det som skjer, - også på Golan!
 
 
Oppskrifta for Israel si lukke og framtid
er den same som  for DEG og MEG:
 
"Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din skje på jorda som i himmelen."
 
------------------

Alle bilete i denne serien av innlegg knytt til bønnekonferansen,
har eg sjølv teke og har einerett til. 
 
Det er forbudt å bruka bilete eller tekst frå min blogg
uten skriftleg løyve frå meg.
















































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar