mandag 10. februar 2020


Å vera på bønnekonferanse i Jerusalem,

er arbeid for ei betre framtid

Så er me heime i Noreg etter to spennande veker i Israel. Godt å koma tilbake til oss sjølve og kvila etter mange dagar med intens konsentrasjon. Me kjenner oss rike som har fått lov til å vera saman med messianske jødar og messiastruande ikkje-jødar med eitt mål: Guds vilje med Israel og oppfylling av det profetiske ordet.

IFI er organisasjonen som sender ut bønne-emne kvar fredag til rundt 15.000 forbedarar i heile verda.[i] Konferansen, som har vore kvart år frå rundt 1990, heiter IFCJ, Internasjonal bønnekonferanse i Jerusalem. Det er ei vekes konsentrert bøn, og så 5 dagar der me reiser rundt til utvalde stader som særleg treng støtte og forbøn.

Broskyren for konferansen 2020 jamfører fortid og notid.        

For at du som les dette, skal få eit inntrykk, vil eg ta deg med på aktivitetane den første bønnedagen:

Morgonsesjonen  (9.00 - 10.30 og 11.00 - 13.00) vart innleidd med 1. Peter 2,9: «Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, så de skal forkynna hans stordom, han som har kalla dykk frå mørkret til sitt underfulle ljos[ii]


Me, som er kalla ut frå mørkret og inn i Guds lys, har Gud kalla eit kongeleg presteskap. Det same står om Israel i 2. Mosebok 19, 3-6. Folket Gud hadde fridd ut frå treldomen i Egypt, skulle vera «eit kongerike av prestar og eit heilagt folk». Prestane hadde offertenesta der dei kom fram for Gud på vegne av folket og seg sjølve. Me kan be


Vårt opphald her er både ein bønneskule og ein konferanse:


·         Me ber til VÅR FAR.

·         Me er ein flokk som ber om det same.

·         Me deltek i andre sine bøner med t.d. å seia «Amen».

·         Bønnene skal fokuserast på målet me vil oppnå.

·         Be kort. Gjerne berre 40 sekund til eitt minutt kvar.

·         Bruk Guds Ord som «springbrett».

·         Stopp å be når Anden stoppar.

·         Krafta i bøna avheng ikkje av stemmevolum, men krafta til Han me ber til.

Me må takka: Gjennom åra har IFI opplevt mange bønnesvar. Til dømes er Genesaretsjøen no under ein meter under maksimum. Dette er eit stort takkeemne og resultat av bøn gjennom mange år.


Gjennom mange år laga ein kjend bilet-
kunstnar slike bilete til kvar konferanse.


Bønne-emna denne morgonen var:


§  Tryggleiken for dei omlag 40 statsleiarane som samlast i Jerusalem til Holokaust-minnet.

§  At Gud måtte røra ved statsleiarane og gjeva det rett syn på Israel.

§  For Iran, som er største trusselen, og at Jeremias 49 (v.35-39 [iii]) må oppfyllast.

§  Deltakarane frå forskjellege land bad for sine eigne land og deira tilhøve til Iran (handel, atomavtale m.m.)

§  For hæren til Israel. Sjølv om det er Herren som gjev siger – «ikkje vogner og hestar», er det viktig at IDF er førebudd. Landet må kunna forsvara seg, og Gud har høyrt bønene. «Derfor er Israel tryggaste staden på jord for jødar!»

§  For forsvarssjef, forsvarsminister og statsminister. At dei må vera samstemte og skilja mellom usann og ekte informasjon.

§  For regjeringa etter valet i mars, at dei må ha visdom, kunnskap og evne til å gjera det dei må til ei kvar tid.

§  25% av ungdomen gjer ikkje militærteneste i dag. Be om at alle vert med som stridande eller i andre oppgåver som sybersoldatar, dronespesialistar og anna.

§  At kyrkjene som finst i landet, ikkje må verta for sjølvopptekne, men gå i bøn for landet og autoritetane.

Det var tre måtar det vart bedt på:


ü  Mest for open mikrofon der dei som ville, kom fram og las frå Bibelen og knytte bøn til det. Gjekk desse bort frå det felles bønne-emnet, sa møteleiaren gjerne: «Stopp! Det er ikkje noko gale med bøna di, men ho høyrer ikkje heime i denne samanhengen. Lat oss konsentrera oss om emnet!»

ü  I små grupper, ofte etter kvar i verda deltakarane kom frå.

ü  Fellesbønn der alle bad samtidig (av og til). Med eigne ord la me då emnet fram for Gud.

---------------

På ettermiddagen var der eit minnemøte i samband med grunnleggjaren Eliyahu sin bortgang.

---------------

"Den rette tilstanden for den som ber"

Dette var temaet denne første kvelden. Utgangspunktet var Hebrearbrevet 6,8 om jorda som var unyttig og «forbanninga nær». Me har ein tendens til å døma andre, med forsvara oss sjølve. Gud elskar oss og fiendane våre like mykje. Han vil det beste for alle, og det er at me skal verta frelste. Det er grunnlaget når me ber.

I alt som har hendt med jødane, i den første diaspora til Babylon, og den andre frå år 70 til no, har Gud alltid late ein rest vera att.

Kyrkjeleiarar har gjennom tidene sagt: «Gud er ferdig med jødane». Tyskarane søkte «den endelege løysinga» og fann opp Holokaust for å få rydja jødane ut.  Andre og har prøvt, men den jødiske nasjonen vart fødd på nytt i 1948 og skal aldri meir jagast heimefrå!


Det neste var dei kristne kyrkjene. Det nye testamentet fortel nesten berre om Messias-truande jødar. Men ikkje-jødar overtok leiinga og heiv jødane ut. Den messianske «kroppen» er også fødd på nytt og veks. Det er ting av loven (Toraen) dei tolkar fysisk og andre ting dei tolkar åndeleg. Men samfunnet av dei Messias-truande lever og veks.
Same kunstnaren har og laga dette til talarstolen,
motivet i logoen til IFI

 1. kongebok 8,44-45 fortel at jødane, før dei skulle dra i krig, skulle be. Krig er ikkje alltid løysinga. Før stod dei arabiske statane samla og ville utsletta Israel. No er den arabiske verda så splitta at dei prøver å øydeleggja kvarandre. Det er ikkje på grunn av krig, men på grunn av bøn og Guds svar. Det er derfor viktig at me både fysisk og åndeleg, byggjer på Guds premissar og ikkje fiendane sine.

Matteus 24 fortel om krig og rykte om krig. Slik er vår tid. Israel – fikentreet, blomstrar. 2. krønikebok 20,17 fortel om jødar klare til krig. Men Gud sa: «Men det er ikkje de som skal strida her. De skal berre stilla dykk opp og stå og sjå korleis Herrens frelser dykk.....» Gud gjer ting på sin måte.

Johannes 14,27: «Fred etterlet eg dykk. Min fred gjev eg dykk... Lat ikkje hjarta dykkar uroast, ottast ikkje». Denne freden er viktig når me er i åndeleg krig som forbedarar. Som i Jeremias 51,46 må me ikkje verta motlause og redde. Tida kjem når Gud vil setja alt på sin rette plass.


Som forbedarar har me to realitetar: Guds realitet og vår eigen. Gud veit alt, kan alt og gjer alt i si tid. Han har kalla oss til å leva i hans realitet når me ber. Me kan vera rolege midt i alt det urolege. Gud høyrer bønene våre og svarar slik han ser det er best.


Som siste bibelord den kvelden vart me minte om: «Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud». (Sakarja 4,6).





[i] Du og kan verta med og be over bønne-emna dei sender ut. Gå inn på https://www.ifi.org.il/en/prayer og be om bønnebrevet på norsk eller engelsk.
[ii] Bibelsitata er frå «Bibelen. Den heilage skrifta». Nyn.utg. 1995 frå Norsk Bibel AS.
[iii] Elam er det gamle namnet på Iran. Landet endra i si tid namnet til Iran fordi dei hevda den ariske rasen                                        hadde sitt opphav der!

-------------------- 

Det er forbode å kopiera og bruka bilete eller anna stoff frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar