tirsdag 21. januar 2020


På bønnekonferanse i Jerusalem                         Del 1


Så har kona og eg kome til Israel. Grei tur. Slo oss til på Bet Norvegia, huset Faye Hansen i si tid kjøpte i Jerusalem. Neste dag kom eit ektepar me vart kjende med for nokre år sidan.  Det var sabbat, men museet «Venner av Israel» var ope. Etter det vart me inviterte på den gamle ottomanske jernbanestasjonen til middag. Han var i bruk til 1989, men er no plass for underhaldning og restaurantar.
Bet Norvegia - Det norske huset

Dette er trivelege folk. Ho er chilensk katolikk som kom for å besøkja ei jødisk venninne i Jerusalem, men vart så fasinert av landet at ho vart verande. Då skulle ho jobba i kibbutz. Han er nordamerikansk jøde. Dei treftest i kibbutzen, gifte seg og slo seg ned ikkje langt frå Beersheba sør i Negev. Ho hjelper no born med spesielle utfordringar. Han er leiar for hønseri som produserer egg til klekking. Dei har 500 000 høns i produksjon. Broylerfarmen ved sida av produserer 1 000 000 kyllingar kvar 3,5 månad. Industri må me vel kalla det? Kjempe triveleg å treffast etter 4,5 år.

Neste dag gjekk me tur opp til Jaffa-gata. Det småregna. Det var 7 varmegrader, men med vinden kjendest det som 4. Reint som heime. Heldigvis hadde me litt pengar frå før. Me har skifta bank. Korta var sperra for Asia, noko me ikkje visste. Alle år me har butt i utlandet, hadde me ikkje slikt problem.

Jerusalem budde seg på storfin vitjing til 75-års minne-markeringa for frigjeringa av Auschwitz. Sperringar langs gatene der King David Hotel og andre ligg på rekkje og rad. Men elles var byen like fredeleg og smilande som før.

Neste dag striregna det. Me ordna sperringa på korta på internett og gjekk for å ta ut pengar så me kunne betala for overnattinga på Bet Norvegia. Deretter drosje til Scopus der me vart innlosjerte på Dan Hotel Jerusalem, eit kosjer-hotell med 550 rom. Me fekk rom i 4. etasje med fin utsikt nedover mot byen.

 Den årlege bønnekonferansen til "Intercessros for Israel"

Bønnekonferansen 2020 starta 20.januar. Innskriving og start deretter middag kl. 18.00. Første møtet kl. 1930: Me mintest då Elyahu B. H. som døydde i juni 1919. Han var ein av grunnleggjarane av IFI (= Intercessors for Israel). Hans plass var tom, men me fekk ei helsing han skreiv i mai, kort før han døydde.

I samband med gravferda var det laga eit minnefond. Pengane frå det vert brukt til å finansiera konferansen for ungdom som vil delta. Nytt av året var og 30 % rabatt for alle under 30 år. Dette er gjort for å få ei fornying i flokken. 

Då møtet starta, var det derfor fleire yngre menneskje enn før. Omlag 10 % var på konferansen for første gong. Men dei fleste var eldre og gjerne kjende frå tidlegare. Nokre hadde vore med heilt frå 1990 eller før.
Dan Hotel Jerusalem er kosjerhotellet der bønnekonferansane plar ha sine aktivitetar

Spesiell helsing til denne konferansen


Elyahu helsa deltakarane med Efesarbrevet 6,10-12: «Ver sterke i Herren og i Hans veldige kraft. Tak Guds fulle rustning på dykk, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot maktene, mot verdsens herskarar i dette mørket, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.»

Han skreiv: «Endå det er mange demoniske krefter på jorda i denne tid, er der ein svært gammal ein som står over demonane, og har vorte kalla «Han som rår over denne verda». Bibelen kallar demonane «verdsens herskarar i dette mørkret.» Denne demoniske makta møter me i antisemittismen, gjerne forkledd som anti-israelsk politikk og ofte vert sett på som politisk korrekt. Ho er ikkje komen der endå, men vil snart stå fram som rein antisemittisme. Kven ville ha trudd for 74 år sidan då andre verdskrig slutta og over 6 000 000  jødar – menn, kvinner og born – var drepne, at denne demoniske herskaren skulle stå fram på nytt med slik kraft og styrke?

Dette er eit av dei tydelegaste teikna på at me lever i endetida. «Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå landet åt fiendane deira og openberrar heilagdomen min på dei for augo på mange folk, då skal dei kjenna at eg er Herren deira Gud. For eg har bortført dei til folka, men skal atter samla dei til landet deira, og eg let ikkje nokon av dei vera att. Eg vil ikkje løyna åsynet mitt for dei, for eg vil renna ut Anden min over Israels hus, seier Herren.» (Esekeiel 39, 27-29).

Her ser me at Gud vil samla jødane i deira eige land, og «ikkje lata nokon vera att». Korleis kan dette skje?

Jeremia 16,16 seier: «Sjå eg sender bod etter mange fiskarar, seier Herren, og dei skal fiska dei. Sidan sender eg bod etter mange jegerar, og dei skal jaga dei vekk frå kvart fjell og kvar haug og frå bergskortene».

Dessverre har ikkje fleirtalet av jødane som enno bur i eksil, lært leksene soga har vist dei. Dei avviser openlyst med hjarte og sinn det faktum at Gud har kalla dei heim til Israel for å frelsa dei – både fysisk og åndeleg.

Me har sett før at jødar som forstod tida, reiste gjennom Europa og bad jødane der reisa heim. Og me veit kva som skjedde: Dei vart møtte med motvilje, kasting av tomatar og endå til stein. Tyske jødar sa: «Me har vore her i tusen år. Me har hatt gode tider og dårlege tider. Vanskane me opplever no, vil gå over.» Og me veit korleis dei enda – i røyken frå ovnane i Auschwitz.

Nokre av oss er fysisk kalla til å «vera fiskarar av det jødiske folket i eksil». Nokre av oss er kalla til å vera fiskarar med våre bønner og også kamp mot fienden gjennom våre forbøner slik Herren leier oss. Me veit ikkje kva spesiell situasjon Israel vil stå over i januar 2020, men me veit at me står i ein kamp for å få det jødiske folket heim slik det alt har teke til å skje.

Siste statistikken over Israel, er 6 554 500 innbyggjarar (2017). Me veit at over 2 000 000 er førstegenerasjons «olim» (= jødar som har vendt heim). Ein reknar med der er mellom 14 500 000  til 20 400 000 jødar i verda, så der er endå mykje arbeid framfor oss.

Måten eg forstår at Han «ikkje lata nokon vera att,» er at dei alt er komne heim, - eller at dei vil gå til grunne på ein eller annan grufull måte gjennom det som vert kalla «antisemittisme».

                                                                                                                  Elyahu B. H.

Første kveldsmøtet

På opningsmøtet talte Chuck K., den andre av dei to grunnleggjarane. Han påpeika at denne veka me no er inne i, er heilt spesiell for Jerusalem. Jesus sende læresveinane med evangeliet frå Jerusalem «til endane av jorda». No ser me oppfyllinga av dette på tre måtar denne veka:

1. Det kjem leiarar frå 40 nasjonar til 75-årsminnet for frigjeringa av Auschwitz. Dette er største samlinga av statsleiarar som har vore i Jerusalem nokon gong.

2. Den kristne Ambassaden samlar denne veka 100 pastorar frå heile verda. Ein av deltakarane der er ein pastor frå Hawaii.

3. Bønnekonferansen «vår» med over 100 deltakarar, har til dømes ein pastor frå Filipinane. Rekna frå Jerusalem, kjem desse bokstaveleg talt frå «endane av jorda»!

Chuc las Ester 4,1-14. Der opplevde dei den gongen det same som me i dag: Menneskje med eit einaste mål: Å utsletta Guds folk. Aldri har så mange ting frå profetiane vorte oppfylte som i vår tid. Tida er profetisk, og største teiknet er Israel som vart fødd på nytt i 1948. Jødar frå 150 nasjonar har kome heim og bur her no. Aldri har så mange kome som i 1919.

Gud søkte i Esekiel (22,30) ein mann som kunne stå i gapet der muren ikkje var ferdig. Han fann ingen. No kallar han oss. Han gjer det for sitt eige namns skuld, - for at hans namn skal verta herleggjort slik me ber i Fadervår. «Far vår du som er i himmelen. Herleggjer namnet ditt...»

Pågåande og intensiv bøn

Jesus sjølv gav oss døme med kvinna og den urettferdige dommaren. Og han undrast om han skulle finna trua på jorda når han kom tilbake. Det vil seia om Jesus skal finna nokon som er like uredde og pågåande i bøn som denne kvinna. Vanleg bøn kan vera om so mangt, men forbøn er vedvarande, trufast bøn over eit spesielt tema. Det byggjer på trua om at Gud svarar når Han vil, og på den måten Han vil.

Her brukte Chuck døme på familien Ten Boom i Nederland. Dei begynte å be på 1800 talet om at Israel måtte koma tilbake til landet sitt. Dei hadde bedt om dette i 100 år då tyskarane tok dei. Berre ein av familien, Corrie, overlevde. Ho var den einaste som fekk sjå bønnesvaret! Slik er Gud. Målet vårt er derfor ikkje at me skal sjå bønnesvaret, men at Guds vilje skal skje.

Forbøn er også liding og sjølvdisiplin. Som Jesus bad: «Ikkje som eg vil, berre som du vil», må og vår bøn vera. Målet var «Herleggjer namnet ditt, Far!» Og Guds svar er: «Eg har herleggjort det, og eg skal atter herleggjera det!» (Joh.14,28).

Han minte og om 1. Korintarbrev 1,26-31 og kven Gud kallar. Det er derfor ikkje våre eksamenar i teologi eller noko anna det kjem an på, men at Kristus – som person i oss, har vorte vår visdom, vår rettferd, vår helsing og utløysing.

Med denne påminninga i tankane gjekk me så til ro.
Utsikt frå vindauga vårt  på Scopushøgda. Litt bortanfor oss ligg universitetet i Jerusalem
----------------------- 

(Eg sit og skriv dette mellom sesjonane og har ikkje høve til å kontrollera det eg skriv slik eg plar gjera heime. Meinar likevel det kan vera interessant for lesarane med det "er heilt ferskt".)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar