tirsdag 14. januar 2020


Kristen-fundamentalistisk krigføring?


Mi Bibel-forståing er enkel og banal: Eg trur det som står der og ynskjer å leva etter det. Dermed kan eg heller ikkje vera einig i alt det andre som kallar seg "kristne" seier og gjer.

"Bibelen handlar mykje om drap"....

Enkelte hevdar at "Bibelen handlar mykje om krig og drap" og at Bibelen og Koranen "er mykje av same ulla". i

Det er sant at mange som har vore kalla "kristne" gjennom historia, har vore valdelege og rent ut uskuldig blod. Men deira handlingar står i skarp kontrast til Jesu ord og NT si lære.

Her er mine tankar om emnet

1: Døma frå Bibelen som vert trekte fram, er frå rundt 1000 år før Kristus. Verda den gongen og no, 3000 år seinare, er det er vanskeleg å samanlikna på nokon logisk måte.

Eksempla er ofte tekne frå tida då Abrahams etterkomarar vandra i Sinai-øydemarka i 40 år og deretter underla seg Kanaan. Då handla krigane om statsbygging og politisk makt. Jødane vende tilbake til området Adonai hadde gjeve Abraham, stamfar deira. Dei måtte leggja landet under seg på nytt og ta det i bruk. Krigshandlingane var den gongen politisk motivert. Trass i mykje makt og stor rikdom under til dømes Salomo, bygde jødane aldri opp noko verdsrike som assyrarane og persarane. Dei heldt seg innanfor det relativt avgrensa området Adonai hadde gjeve dei i Midt-Austen. Det er derfor feil når ein samanliknar deira krigar med den islamske krigen for å skapa eit verdsrike under sharia.

Parallelt med politikken og statsoppbygginga, står den åndelege kunnskapen om Adonai, openberra ved Moses (Sinai-pakta), profetane, David og fleire. Denne religionen, jødedomen, var ikkje misjonerande. Det sentrale var pakta Adonai gjorde med Israels-folket. Trua deira på Adonai hadde ikkje som mål å leggja andre nasjonar under seg og verta ein verdsreligion, men at jødane skulle oppfylla Adonai sine bod.

Misjonering for at evangeliet skulle nå "endane av jorda", er derimot Det nye Testamentet sin bodskap. Det er reint pasifistisk. Jesus underviste læresveinane og sende dei som eit evangelisk stafettlag frå Jerusalem til verdens ende, frå pinsedag i Jerusalem til "heidningane" (goyim) si tid var til ende. Dette har ingen ting med statsbygging og politikk å gjera. Her var tanken eit åndeleg byggverk bygde på "apostlane og profetane sin grunnvoll" (Efesarbrevet 2,20).

2: Mellom GT som mange viser til, og starten på NT, er ein "pause" på rundt 400 år. Muhammed skreiv Koranen rundt år 700 e. Kr. Dei andre skriftene til Islam, til dømes livssoga hans, er omlag like gamle. Då hadde tekstane i NT vore samla i 400 år. Men bortsett frå at Muhammed rekna Jesus som ein profet, er det lite å finna frå NT i Islam. Muhammed tok med ein del frå dei 1500 år gamle forteljingane. NT sin grunnbodskap om kjærleik og offer, må dei som trekkjer parallellar mellom Bibelens bodskap og Koranens, oversjå.

3: Muhammeds liv og openberring er todelt 

Ei godt skriven bok til ettertanke....

3.1. I første del av sitt liv, i Mekka-perioden, presenterte han ein ny religion og prøvde å vinna folk for seg og si tru med undervisning og fredeleg sameksistens. I denne perioden var han den religiøse leiaren som arbeidde med ord, openberringar og overteljing. ii

I andre delen, Medina-perioden, er han politikaren som legg område og folkegrupper under Islam med våpen. Aktiviteten er politisk og valdeleg. Dei som ikkje overgav seg frivillig, vart drepne. Dei som overgav seg og fekk leva, vart pålagt skattar og restriksjonar. Mange gjekk også med han fordi dei fekk røva, drepa og valdta. Både han og dei som fylgde han, vart rike og vann slavar for sal eller for personleg bruk. Dette gjekk hardast ut over jødane i Arabia, men også andre "gjenstridige" leid mykje.

Bevisst misbruk av tekstane i koranen?

Me høyrer forsvararar av Islam bruka tekstar frå Mekka-perioden for å visa "det fredselskande islam". Dette trass i at Medina-perioden skreiv og praktiserte Muhammed det motsette. I tillegg byggjer dei delvis på ukorrekte omsetjingar av originaltekstane.iii

Det er i den andre perioden at "Jihad" oppstår slik som me har sett praktisert av valdelege grupper som IS, Boko Haram og andre i vår tid. For den typen muslimar var og er målet å leggja verda under sharia.

Tolkings-messig står utsegnene i Medina-perioden over dei frå Mekka-perioden. Det same gjeld Muhammeds liv som førebilete. Muhammed endra seg frå karavaneføraren som fekk openberringar, til den blodig hærføraren som ikkje viste nåde mot nokon som ikkje tok trua hans. Førebiletet til IS, Boko Haram og liknande terroristar er  Muhammed i Medina-perioden.

Religion eller politikk?

Adonai valde ut Abraham og Israel som nasjon for at bodskapen hans skulle ha eit fysisk utgangspunkt i denne verda. På same måte trong Jesus ein fysisk kropp for å verta fødd som menneske og verta "Det Guds Lam som ber verda si synd" (Johs. 1,29). Dette var nødvendig fysisk, men målet var og er eit åndeleg rike over det jordiske og materielle.

Ingen stad i Jesu og NT si undervisning finn me oppfordring til verdsleg eller politisk makt. Han bad ikkje ein gong læresveinane å byggja tempel eller grunnleggja kyrkjesamfunn. Heile ideen hans var å vinna nye læresveinar gjennom opplæring og gode føredøme. Jesu "kyrkje" er derfor eit åndeleg byggverk der menneskja er åndelege mursteinar (1.Peter 2 mfl.).

Verdslag makt versus åndeleg makt.

NT har eit klårt skilje mellom det religiøse aspektet med åndeleg krig med åndelege våpen, og det politiske aspektet Paulus doserer i Romarbrevet 13 til dømes. Styresmaktene "ber ikkje sverdet for inkje" iv. Me skal derfor bøya oss for dei og lyda dei så lenge dei ikkje går mot det Adonai vil (Apostelgjerningane 5, 29). Statsmakta treng både militære og politi for å verna landet og for å sikra lov og orden. Hjå dei høyrer våpna heime.

Det riket Jesus grunnla, er "ikkje av denne verda" (Joh.18,36). Det er eit åndeleg rike med åndelege våpen og åndeleg strid. Motstandarane til dømes i Midt-Austen, er ikkje dei som ønskjer "å kasta jødane på havet." Dei har Israel utvikla eit godt forsvar mot. Den striden høyrer inn under det verdslege regimet.

Paulus skriv: "For vi har ikkje strid mot kjøt eller blod, men mot makter og herredøme, mot vondskapens åndehær i himmelrømda". v Han brukar her samtida si soldat-utrustning som bilete på åndeleg førebuing til strid, og sluttar av med "Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. Bed for meg og....".

Det nye testamentet si krigføring har berre to våpen: Bøna og vitnemålet (Apostelgjerningane 1,8).

All krig har sitt opphav i den åndelege verda

For "personleg kristne" - eller korleis me titulerer oss, er den åndelege kampen viktigaste oppgåva. Dei sigrar som vert vunne der, viser att i den fysiske verda.

Dei "nominelle kristne", dei som har kristennamnet, men ikkje Jesu Ande, er opphavet til ugjerningar både mot jødar og andre. Dei samla store rikdomar, bygde enorme kyrkjer og dominerte veldige landområde. Ingen ting av det har sitt opphav i Jesu og apostlane si lære. Det berre fortel om menneskeleg makt og ære. På det området finst klåre parallellar mellom "kristne" og muslimar.

Jesu kall og oppgåve til hans etterfylgjarar er noko heilt anna....

---------------- 

i Sidan mange i dag kallar både jødane og muhammedanarane sin guddom "Gud", føretrekkjer eg å kalla Bibelens gud for Adonai (det opphavlege namnet), og Koranen sin for Allah.
ii Meir om dette i Hege Storhaug si bok.
iii Den gongen eg las kristendom grunnfag, viste ein kjenning i Spania meg ein Koran. Det var ei utgåve med arabisk-spansk omsetjing i luksus skinn-innbinding med gullskrift. Eg leitte opp eit sitat eg kjende, og der stod at dei vantruande skulle ein "motarbeida". Det stemte ikkje med det eg hadde lese før. Kjenningen min hjelpte arabiske unggutar med leksene, og me bad ein av dei lesa det som stod på arabisk: "Her står at me skal slå dei i hel", sa han, ærleg som han var! Så stor var skilnaden.
iv "Bibelen og den heilage skrifta", Bibelselskapets forlag, 1978-omsetjinga på nynorsk.
v Same omsetjing, Efesarbrevet kapittel 6.

---------------

 
Det er forbode å kopiera og bruka bilete eller anna stoff frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.


 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar