lørdag 11. januar 2020


Kva er ein "kristen"?

 
I første bloggen min dette året var eg inne på den kristne tradisjonen med jødehat og antisemittisme. Dermed dukkar eit spørsmål fram: Kven er eigentleg "kristen"?

# 1. Formell og generell klassifisering


Substantivet "kristen" (m) indikerer ein person som står i ein kristen-religiøs samanheng, enten ved eit formelt medlemskap i ei kristen kyrkje, eller som innbyggjar i eit land som høyrer med i blokka av land der fleirtalet er formelt kristne.  Ofte vert ordet brukt for å visa til dømes kristen i motsetning til muslim, hindu eller buddhist.  Begrepet fungerer i statistisk materiale, men er eigentleg utan dei konnotasjonane som uttrykket "kristen/kristne" hadde opphavleg.[i]

I land som har territoriale kyrkjer, til dømes dei katolske eller den lutherske, vert innbyggjarane kalla "kristne" utan krav til tru eller liv. Fleirtalet er døypte og tillagde kyrkja som spedborn. Frå vogge til grav vert dei inkluderte i dei rituala som kyrkja tilbyr, som oftast utan spørsmål om liv og lære.

Adjektivet, "kristen/kristne", indikerer den same formelle eigenskapen i kristen-religiøs samanheng. Dette er definisjonen eg legg til grunn i blogg 1 dette året.

# 2. Uformelle klassifiseringar



Dette er  beste boka om kristen jødeforfylging som eg har lese!
Det finst eit utalt uformelle måtar å klassifisera "kristne" på, alt etter samanhengen. Normalt får ordet eit forklarande tillegg for å skilja ut enkelte individ eller grupper i den store massen av "kristne". Mange av oss ynskje å distansera oss det generelle begrepet. For meg har ordet så mange negative konnotasjonar at eg ynskjer å byta det ut i mitt personlege vokabular.

Europeiske kristne  har til tider vore svært blodige og ukristelege. "Los conquistadores" brukte utspekulerte måtar å drepa gjenstridige "heidningar" [ii] for å skremma andre til å overgjeva seg og verta døypte. Heime i Europa skar "kristne" opp magen på jødar som ikkje ville - eller fekk høve til å overgjeva seg, for å finna verdisaker "jødesvina" hadde svalt før mobben greip dei. For å ta to døme.

"Jeg er en kristen og vil det være", syng me på bedehusa våre.  Ein fin song med god tekst, - berre me har den rette definisjon av "kristen." Det kan ikkje vera dei ukristelege "kristne" som la under seg Amerika, Afrika og Asia (eller Noreg) med sverd og tortur. Heller ikkje dei som "slakta jødar" i hundre- og tusenvis[iii].

Den gode Joseph Grytzell[iv] hadde eit heilt anna innhald i ordet "kristen." Hans "kristne" brukar ikkje sverd og jordiske våpen, men "Åndens våpen mot synd og savn".

Mange gøymer seg bak "eg visste ikkje", "slik er ikkje me", eller at "det som hende så langt tilbake, gjeld ikkje oss". Slike utsegn kan du bruka om du vil lura deg sjølv og andre som ikkje vil - eller vågar - å sjå dei historiske realitetane i auga. Realitetane -  i alle fall for dei som har vorte forfylgde og mishandla i Guds og Jesu namn, gløymer det aldri. Det skulle berre mangla!

Her kan du lesa om overgrepa som norske
 frivillige SS-soldatar deltok i under
utrydjinga av jødar i Aust-Europa.
Preludiet til holokaust... 

# 2.1. "Personleg kristen", "avgjort krisen", "aktiv kristen" osv.


Slike uttrykk vert ofte brukt om og av menneskje som har gjort eit bevisst val om "å fylgja Kristus". Oftast vil desse ha diverse krav til liv og lære i samsvar med dei normer som gruppa/kyrkjesamfunnet deira og Bibelen lærer. Det er og vanleg at den som vil koma inn under desse definisjonane, må fylgja meir eller mindre definerte reglar for til dømes klesdrakt og oppførsel[v]. Ofte vil desse gruppene kalla alle som ikkje har teke eit personleg standpunkt og lever etter det, for "namne-kristne" eller "formelle kristne".

Tilhøvet mellom # 1 og # 2.1. vert til tider samanlikna med biletet Jesus brukar i Matteus 7,13-14. Den formelle klassifiseringa "kristen" er den breie vegen der fleirtalet går mot fortapinga. På den smale vegen til livet går dei "få" som føl Kristus til det evige livet.

# 2.2. Kristenfundamentalist


Fundamentalistisk kristendom er omtalt på internett. Wikipedia seier det er "ei evangelisk kristen rørsle som oppstod i USA rundt 1900"[vi]. Ut frå innhaldet deira er "klassisk protestantisme" kokt ned til 5 sentrale punkt i Det nye testamentet si undervisning. Desse punkta er så banale at dei fleste som kallar seg "personlege kristne"  (#2.1.) truleg vil godta dei alle.

Tidlegare fiskeriminister og FRP-politikar Per Sandberg kalla den amerikanske politikaren Al Gore ein "bløffmakar og kristenfundamentalist." [vii]Pave Francis kopla islamsk fundamentalisme med kristen fundamentalisme i eit innlegg for å visa at "islam er ein fredens religion".[viii] Han sa og at "Alle religioner har disse smågruppene (les: ..av fundamentalistar)." Begge eksempla viser at desse to rekna "kristen fundamentalisme" som noko negativt. Ingen av dei definerer begrepet, men eg er redd det må vera slike som meg?

# 2.3. Høgreekstrem kristen


Sosialistisk venstrepartis leiar Audun Lysbakken sa i ein debatt i 2012 at "Islamister er like marginale som de høyreekstreme i det kristne miljøet".[ix] Eg hugsar utsegna vart referert i media, men fekk ikkje tak i kva han la til grunn for utsegna.

Forstår eg "høgre-ekstrem" Islam feil? For meg er høgreekstrem islam dei som vil føra inn Jihad i heile verda. Framgangsmåten deira, enten det er å skjera halsen over på "vantruande" i Midtausten eller ropar "Allahu Akbar" når dei drep uskuldige menneskje med sin terror elles i verda, er kjend frå media. Kvar finst parallellen til dette i vår tids kristne landskap?

Eg trur Bibelen er Guds Ord og at bak det er ein levande og allmektig Gud som har gjeve oss sin bodskap til lærdom og kunnskap. Eg trur og på "åndeleg krigføring" slik NT gjev oss opplæring i det. Det skjer ikkje med sverd eller kuler og krut!

Om Gud vil, skal kona og eg reisa til Israel i slutten av denne månaden for å praktisera kristen og bibelsk krigføring. Men det skal eg koma tilbake til om eg får tid og høve.....



[i] Uttrykket kjem frå Apostelgjerningane 11,26. Samanhengen i kapittel 11 og 13, viser oss kvalitative konnotasjonar som gjorde at dei vart "Kristus-etterfylgjarar" som er den vanlege forståinga av namnet.
[ii] Indianarane prøvde å forsvara seg så godt dei kunne mot inntrengjarane, slik gode nordmenn under 2. verdskrig gjorde mot den tyske okkupasjonsmakta!
[iii] Les me det som norske frivillige skriv om starten av 2. verdskrig i Aust-Europa, finn me massemord av jødar. Det var "bølingar" som "breker", "rauter" og "kvekker" desse "heltane" saman med SS hadde føre seg. Ikkje menneskje som gret eller skreik i dødsangst og smerte. (Frå "Morfar, Hitler og jeg", s. 85 i 2. opplag, 2014).
[iv] Han skreiv songen "Jeg er en kristen og vil det være" i 1892.
[v] I tidlegare tider vart det praktisert formell "menighetstukt." I dag er det ofte spørsmål om å sosiale reaksjonar og det å verta "godteken" i fellesskapet.
[vi] https://nn.wikipedia.org/wiki/Fundamentalistisk_kristendom (Jan.2020.) Notat: "Artikkelen treng referansar for verifikasjon", står der.
[vii] Dagbladet, 31.12.2007.
[viii] Hege Storhaug: "Islam. Den 11. landeplage," 7. opplag 2015, s.102.
[ix] Same bok, same side.
 
--------------------------------
Det er forbode å kopiera og bruka bilete eller anna stoff frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.
 

 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar