fredag 10. april 2020

Lever me i endetida?                                  


Nokre menneskje les profetiane som horoskop. Dei jaktar etter lys og lukkeleg framtid utan for store personlege offer og innsats.

I motsetning til det horoskop-forfattarane serverer lesarane, viser Bibelen oss ei mørk framtid med store krav til den som vil sigra til slutt. Først, når endetida si mørke natt er over, skal Guds evige lys skina over Guds folk på ei ny jord og under ein ny himmel.

Også i det bibelske landskapet er det spennande….

Viktigare enn å kjenna teikna på endetida, er  å ha klårt for seg realitetane i verda, og Guds plan med oss. Ester vart dronning «nett for ei tid som denne» (Ester 4,14c). Du og eg lever akkurat no fordi Gud har ein plan med oss.

Med utgangspunkt i boka: «Det gryr mot dag», vil eg gå inn på ting i endetida som både forundrar og uroar. Eg gjer ikkje dette for å kritisera eller snakka ned ei elles god bok og ein trufast Herrens tenar.  Målet mitt er å kasta lys over emne som kan og bør sjåast frå fleire synsvinklar.

Eg inviterer derfor lesarane med å ei vandring i endetida.

Del 2: Guds paktsfolk – Israel og Guds menighet


Etter å ha lese gjennom boka til Furnes, gjekk eg tilbake til undertittelen «Guds paktsfolk – Israel og Guds menighet». Meinte forfattaren  med denne formuleringa at det er eit motsetningsforhold mellom Israel og menigheten? 1 Eller var det eit supersesjonistisk bibelsyn som ligg bak? Erstatningsteologisk kan det – etter innhaldet i boka, ikkje vera.


Israel – kven er det?


Med Israel meinar boka Abrahams etterkomarar: jødane.  Ei folkegruppe med genetiske, etniske og kulturelle fellestrekk. Desse gav Gud ein evig rett til landet, og gav dei spesielle lovnader. Deira rolle i denne verda er unik. Dei fekk til og med påbod om eit eige fysisk teikn på at dei var Guds utvalde folk: omskjeringa.

Gud trong Abraham og hans ætt for å føra fram den guddommelege frelses-planen som skulle nå «til endane av jorda». Det er eit mål utan etniske og geografiske grenser, men som trong ei jordisk forankring og eit menneskeleg opphav for å verta gjennomført.

Det er bakgrunnen for at Bibelen 2 ført og fremst er ei jødisk bok, skriven omtrent berre av jødar. «Nasarearen si sekt» var i starten jødar og slike som hadde gått over til jødedommen. Først i Apostelgjerningane 10 kjem folk utanfor denne gruppa, aktivt med. 
Guds menighet spirer der ingen skulle tru...

To kapittel har titlane: «I. Fra Abraham til Kristus» og «II. Frå pinsedagen til staten Israels opprettelse». Godt og sant både som historiske data og bibelske sanningar. Her møter me dei lange linjene fram til 1948 og opprettinga av staten Israel.

Her er og eit kapittel om «Erstatnings-teologiens villfarelse». 3 Godt skrive og gjev innsyn i eitt av den kristne kyrkja sine mange og sørgjelege feilsteg.

Menigheten, kven er det?


Kapitelet «Guds hemmelighet – menigheten» 4 presenterer mange bibelske sanningar, men skaper samstundes forvirring. Her står: «Det er viktig å ha med at det i Skriften er omtalt tre klasser mennesker: «Vær uten anstøt for jøder og for grekere (hedninger) og for Guds menighet". (1.»Kor.10,32)» 5

Apostelen nemner her to etniske grupper: jødar og grekarar. Den siste vert normalt rekna som representant for «ikkje-jødane»- «goyim» - som er det hebraiske ordet våre Biblar omset med heidningar. 6

Den tredje, «Guds menighet» er derimot eit utval av menneskje – jødar og ikkje-jødar – utvalde på grunn av si tru på Jesus Kristus. Etnisk sett er «Guds menighet» ei herleg blanding med felles kjenneteikn: Trua på Jesus som verda sin frelsar, og lydigheit mot hans Ord.

Til romarane skriv Paulus: «For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er eit Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar». 7 (Rom. 1,16). Her og let han dei to etniske gruppene representera alle menneskje på jorda. Men berre ein del av desse opplever Guds kraft til frelse. Det var dei som trur! Ikkje-truande  jødar, grekarar og kven som helst elles, står dermed utanfor Guds frelse og Guds menighet.


Kva er det så i undertittelen som er feil?


Me lærde på skulen i reknetimane at me alltid skulle kontrollera kva «nemningar» det stod i oppgåva me fekk. Skulle me finna fram til eit svar i «liter», så måtte alle mål omgjerast til liter. Først når det var gjort, kunne me rekna oss fram til rette svaret.

Her er eit svakt punkt i denne elles så gode boka: Israel som etnisk og genetisk storleik, høyrer ikkje til same kategori som «menigheten». Det gjer «reknestykket» feil.

Sant nok fekk alle jødane loven (Toraen) på Sinai. Guds pakt vart gjort med heile folket. Men som i alle andre folkeslag, delte ikkje alle jødane trua.



Kvifor vart jødane jaga frå landet sitt? Fordi babylonarane var dei for sterke? Vart Jerusalem øydelagt fordi dei romerske hærane var for mektige? Absolutt ikkje. Det var oppfyllinga av vilkåra i pakta Gud gjorde med Israel.
Naturen lærer oss at når me plantar det som er godt og
vakkert, får me noko å gle oss over.

Stefanus peika i sin forsvarstale (Ap. 7,19-43) på at jødane gjekk sine eigne vegar og dyrka framande gudar. Derfor vart dei førde til Babylon. Derfor vart Jerusalem øydelagd i år 70. På den måten er Bibelen ei tydeleg konsekvens-etisk lærebok: Det du sår, skal du hausta. 8


Var «menigheten» ein ukjent tanke i GT?


I den gamle Bibel-ordboka til Gimnes 9 finn me ordet «menighet» brukt 32 gonger i GT. Så langt eg kan finna, viser ordet til dei som fylgde Loven og forskriftene.

Grunnlaget for menigheten i GT var trua og tilliten til Guds Ord. Som til dømes då påskelammet vart slakta før utgangen av Egypt. Trua og lydigheita deira gjorde at døds-engelen gjekk forbi dei. Det same er grunnlaget for menigheten i NT. Utan at me trur og innrettar oss etter det Gud seier, er der inga frelse.

Den jødiske offertenesta peika fram mot Jesu død som «Guds lam». Menigheten i GT såg framover med tru og venta på Guds lovnad oppfylt. Ved det vart dei frelste. Me vert frelste ved å sjå bakover mot same oppfyllinga av det me trur på.

Største skilnaden på dei gamaltestamentlege truande og oss, er at Gud har gjeve oss den historiske kunnskapen, noko dei lengta etter. Men for oss som for dei: Utan tru står me alle utanfor samfunnet med Gud.. (Hebr.11,6).

-----------------------------------------
1 I nynorsk-Biblane vert det brukt «kyrkje» og «kyrkelyd» for bokmålsordet «menighet». Den nynorske varianten, «menigheit» er lite brukt og kling rart. Normalt vert forma «kyrkje» knytt til «Den norske kyrkja» medan frikyrkjene brukar bokmålsordet «menighet» i sin forkynnelse. Eg har her valt å bruka «menighet», noko som er naturleg i og med at det er det ordet som vert brukt i «Det gryr av dag». Berre i sitata frå Bibelen vil ein finna ordet «kirke/kyrkje».
2 Eg brukar GT for det gamle testamentet, og NT for det nye.
3 S. 50-52.
4 S.39-40.
5 S. 39, siste avsnitt med overgang til s. 40.
6 Det kan og verta brukt om ikkje-praktiserande jødar. Russiske jødar i Israel som sel og et grisekjøt, vart av ein religiøs leiar kalla «heidningar/goyim». Same tanken dukka opp då Tel Aviv ynskte sabbatsopne butikkar og offentleg transport på sabbaten.
7 Bibelsitata eg brukar her, er frå «Den heilage skrifta, Bibelen. Det gamle og det nye testamentet», oms. 1978, Det norske bibelselskaps forlag.
8 Gal. 6,7b.
9 Eg brukar «Gimnes: Bibel-ordbok inneholdende omkring 70 000 alfabetisk ordnede henvisninger til den hellige skrift», 20. opplag, publisert i Oslo 1969.


Bileta er mine eigne.
For å kunne kopiera eller bruka noko i denne bloggen, trengst det skriftleg lov frå meg på førehand.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar