søndag 13. desember 2020

Kva visste – eller ikkje visste – heimefronten?

Dette spørsmålet ser ut til å vera aktuelt for fleire enn meg. Debatten har toppa seg etter at etterkomarar til dei Michelet skriv om, vil dra forfattaren til doms for boka. Dei har lagt press på forlaget for å få stogga salet, og har hyra ein «stjerneadvokat» til å føra ei eventuell sak for dei. Er det meininga deira å sperra for alle andre meiningar enn dei som har vore «opplese og vedteke» frå 1945 og til no? 

Den sigrande part er det som skriv historia, er det sagt. Heimefronten var den sigrande part etter krigen og fekk sin rettmessige omtale både i media, i skulane og elles. Dei ofra mykje for at me skulle få oppleva eit fritt land. Mange ofra alt. Ingen kan ta frå dei æra for det dei gjorde og heller ikkje takken for det dei ofra for oss alle. For landet og for folket. Men samstundes må det vera lov å stilla spørsmål med ting som vart sagt og gjort både i tida som ligg bak oss, og den me lever i.


Eg har lese boka til Michelet, og lese ho grundig. Mot-boka skrive av «de tre faghistorikerne; Elise Barring Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen» (sitat frå redaktørinnlegg i KS som eg skal koma tilbake), ser eg fram til å få lesa. For tida står eg på venteliste på biblioteket! Det lyt eg eventuelt koma tilbake til. Men det som fanga mi interesse, er omtalen i media. Det synest å gå frå rein fordømming av Michelet si bok, til forsvar. 

Det siste eg har lese, er frå Heimefront-museet som seier dei har gjeve både Michelet og dei tre faghistorikarane som skreiv «mot-boka», fri tilgang til det materiell og dei data museet rår over. Så har dei gjort sitt. Resten er opp til den som les, som prøver å skaffa oversikt over dei data som føreligg, og som i si tid trekkjer konklusjonar. Så får både konklusjonane og eventuelle feiltolkingar stå sin prøve både for samtida og framtida. 

 Og eg, kvar er min plass i dette biletet sidan eg tek det opp i bloggen min? Ikkje er eg faghistorikar og heller ikkje journalist. Du – om du les dette –kan berre seia at «Han ikkje har betre vit!» Kanskje du då er nærare sanninga enn både eg og du tenkjer oss. For eg trur det er sunt at nokon har mot til å gå utanfor det som er sett på som det einaste rette. Det som er «in». 

Denne og liknande plakatar har me sett mange av detten året.
Vaska eg hendene godt nok etter eg hadde handla? Kanskje er tastaturet no fullt av snikande virusittar som vil ha meg til sengs med feber og pusteproblem? Vel, eg prøvde som den pliktoppfyllande borgaren eg er, å gjer mitt i denne nasjonale dugnaden: Handvask- og ein meters-avstand-dugnaden og-så-vidare, veit du. Til beste for oss alle. 

Men kva har handvasking med Marte Michelet og debatten rundt den å gjera? Handvask og det som er opplese og vedteke Folkehelseinstituttet (https://www.fhi.no/publ/2013/handhygiene--handvask-trinn-for-tri/) har gjeve ut denne plakaten for å spara liv. Kunnskapen kan dei takka Ignaz Philipp Semmelweis for. Han var dokter på eit sjukehus i Budapest i ei tid då teiknet på ein god kirurg var at han lukta formalin. Det beviste at han dissekerte døde og dermed visste korleis han best skulle skjera i dei levande!

Semmelweiss fekk ein ide om korleis sjukdomar spreidde seg og sette i gang krav om vask av hendene på avdelinga si! Han fekk både kollegaer og studentar mot seg. Måte på toskeskap! Alle visste at månen og planetane, tussar og troll, hekser og trollmenn – eller jødar, var det som sette sjukdom på folk. Det «visste» dei, og derfor var det både uvitskapeleg og frekt å hevda noko anna. Semmelweiss vart sagt opp, og kalla «Nestbeschmutzer», omsett på godt norsk «Fugl som skit i eige reir!». (https://no.wikipedia.org/wiki/Ignaz_Semmelweis). 

Innlegget seier at kanskje han døydde av mishandling (= mange beinbrot) frå dei som skulle pleia han då han var innlagd for blodforgifting! Andre stader har eg lese at han vart så deprimert av motstanden og tanken på alle barselkvinnene han hadde teke livet med sin dårlege hygiene, at han tok livet sitt.

 Ofra han livet for å berga også oss som lever i denne coronaen? I så fall fylgde han fotspora til ein jøde som døydde 1832 år tidlegare. Om vår kalendar er rett, då. Nok om det. 

Men alle – frå ho Erna i regjeringa, til oss vanlege utover i landet, seier: «Vask hendene!» Det MÅ me om me vil halda oss friske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar