torsdag 31. desember 2020

Motboka

 
Som reaksjon på Marte Michelets bok «Hva visste Hjemmefronten?», gav Dreyers Forlag Oslo i 2020 ut «Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?» av Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen. Eg fekk den i hendene i jula. Boka startar med «Føreord» av oppdragsgjevaren, Svein Gjerdåker, ansvarleg redaktør i «Dag og Tid». Han skriv at oppdraget, gjeve i 2019, var «å få til ein systematisk gjennomgang av dei mest sentrale påstandane i boka». Tanken var ein lengre artikkelserie i Dag og Tid. På grunn av stoffmengda enda arbeidet opp som bok.

Etterpå kjem «Innleiing» av dei tre forfattarane. Som elles i boka, er referansane mange. Det eg sakna mest, var eit register over personar, organisasjonar og stader som var nemnde i boka. Kanskje slikt ikkje høyrer heime i ein rapport, men det ville gjort det lettare å leita opp og få oversikt over stoff som er behandla fleire stader i dei 305 sidene.


Kva er ein «rapport»? 

«En rapport er en tekst som skal gi saklig informasjon om et saksforhold eller et utført arbeid, og den kan inneholde både faktaopplysninger, analyser og vurderinger som mottakeren har behov for.» (https://ndla.no/nb/).


Så langt eg finn, er innhaldet i samsvar med denne definisjonen. Og som rapportar flest, -  tung å lesa og til tider kjedeleg. Men det skal vera sagt: Dei tre forfattarane – har gjort ein grundig gjennomgang av «dei mest sentrale påstandane til Michelet og om ho har grunnlag for desse kjeldene». (s.16, 1.avsn.). Boka er delt slik: Del 1: Varsla. (s. 19-93).  Del 2: Motstandsrørsla og fluktapparatet. (s. 94-232). Del 3: Fotnotane (s. 233-250). Del 4: Aktørane. (s. 251-284).


På spørsmåla forfattarane har teke opp, finn ein mykje informasjon. Naturleg nok meir enn det som står i Michelet si bok. Først og fremst fordi dei har fylgt «vegen» ho staka opp, men og fordi dei med sin faglege bakgrunn naturleg nok finn meir materiale og samla eit breiare datagrunnlag enn ho greidde som gjekk føre. At Michelet kan / må ha oversett ting og mistolka utsegn, er klårt. Ho er ikkje menneskje utan…

To av rasehygiene-bøknene eg har lese.

Problemet i mine auge er vurderinga av dei data som vert lagd fram. Ordtaket seier «Alt kjem an på auga som ser». Filosofen Kant (1724-1804)  snakka om transcendental idealisme: Ting i seg sjølv er ein storleik. Det tingen er for oss (sett gjennom farga briller), kan vera noko heilt anna!  Ikkje berre på grunn av forskjellege synsvinklar, men fordi inntrykket vårt vert tolka ut frå individuelle interesser, tidlegare erfaringar, utdanning osv. Eit eksempel i boka er Arvid Brodersen. (Del 4/9 s.255-273). Ein nordmann utdanna i Tyskland og som – i alle fall i ein periode av livet – ser ut til å ha hatt eit positivt tilhøve til nazismen. Michelet skriv: «Brodersen lot seg derimot rive med. Både i Norge og i Tyskland fungerte han en periode som talsmann for nazismen». (s. 255) Ein tanke motboka satsar mykje på å mot-bevisa. Men kva er sant? Begge deler? Kanskjet han skifte meining ein eller annan gong i livet?


Eg har prøvt å setja meg inn i norsk eugenikk (sjå bloggen frå 24.10.2019) og den sterke påverknaden dette tankegangen hadde på folket vårt frå 1900 og utover. Inntrykket er skremmande. Med den bakgrunnen er det vanskeleg å godta at alt  som vart gjort under krigen, berre vart motivert av fedrelandskjærleik og idealisme. 

Den delen av boka som eg fann mest interessant, var stoffet om transporten av jødar og andre over til Sverige. Også her er forfattarane i forsvarsposisjon og ser ut til å ha som mål å slå i hel alle argument og spørsmål som kan gjeva noko anna inntrykk enn det etterkrigstida har teikna for og i oss som vaks opp den gongen. Her er det eg mest sakna namneregisteret. Eg fann t.d. Feldman-saka omtalt i samband med Alf. T. Pettersen:: «Spørsmål 3: Hadde Alf T. Pettersen kontakt med grenselosane som drap to jødiske flyktningar?» (S. 169-170), og i "Alf T. Pettersen, avsluttande kommentar" (S. 225-230). I Michelets bok er denne saka nemnt på sidene 192-194, 209, 242, 307, 309, 338 og 343.
-----------
Han kom til meg med avisa nemnt i bloggen «Nisjemedium nr. 2: Dag og Tid», fortalde om oppgjeret med ein nazi-lensmann. Då arbeidet hans vart gjennomgått og vurdert, fann dei fleire tilfelle der folk i bygda hadde vorte melde, men utan at lensmannen hadde gått vidare med saka. Grunnen var at han kjende bygdefolket og meinte at desse vart melde på grunn av misunnelse, hemnlyst eller andre motiv han ikkje kunne godta. Dette vart til hans fordel i rettsoppgjeret. Biletet av han fekk dermed eit nytt penselstrøk. 

Kanskje det var slik med mange at biletet ikkje berre har heil-kvitt eller heil-svart? Me – som menneskje – ber i oss både godt og gale. Det er derfor eg sjølv til dømes så sårt treng ein Frelsar som kan hjelpa meg og «held meg i øyrene» (som dei sa dei gamle). Menneskje - både på rett og feil side under krigen, sleit sikkert med å vita kva dei burde gjera til tider. Ikkje alltid fann dei beste løysingane. Først når me vågar å sjå bak bileta etterkrigstida har skapt for og i oss, kan me oppdaga reelle menneskje.


Me må tåla at det vert stilt spørsmål om kva som eigentleg hende, og godta at deler av soga må omskrivast dersom målet vårt er å koma så nære realitetane som mogeleg.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar