lørdag 2. januar 2021

Kva var Feldman-saka?

 
Etter det som står i «Jødenes historie i Norge gjennom 300 år. Bind II» av Oskar Mendelsohn, , (XXII. Rettsoppgjøret om jødeforfølgelsene), på internett og andre kjelder, er dette eit samandrag av det som hende:
Rachel  (f. 1891 i Gomel, Russland) og Jakob Feldman (f. 1891 i Kiev, Ukraina) kom til Noreg som flyktningar i 1911. Dei fekk ikkje born sjølve, men adopterte ein gut (slektning). Den 22. oktober 1942 hadde sonen deira, Hermen, reist saman med nokre andre for å rømma til Sverige. Den norske grenselosen Karsten Løvestad, som var med dei, skaut og drap den nazivennlege politimanen Arne Hvam som kontrollerte reisedokument på toget. Herman hoppa av toget i fart, knekte armen mellom anna, vart teken og torturert. Han vart seinare sendt med «Gotenland» til Tyskland/Auschwitz og drepen 20.08.1943.


Saka vart slege stort opp i alle media. Jødane fekk skulda og alle jødiske menn  politiet fekk tak i, vart arresterte fire dagar seinare. 

Ekteparet Feldman var rundt 50 år då dei, etter arrestasjonen av sonen, prøvde å koma over til Sverige. Jakob var disponent i eige firma og tok med det dei kunne av pengar og verdisaker. Grenselosane som skulle føra dei, var Håkon Løvestad og Peder Pedersen. Men turen gjekk ikkje til Sverige. I staden vart dei to drepne (truleg) 27. oktober 1942ii og søkte ned i Skrikerudtjernet i Trøgstad. Kva som eigentleg skjedde, er uvisst, men då lika flaut opp att i mai året etter, viste det seg at dei var bundne og alle verdiar fjerna før kleda var fylte med stein og dei vart nedsøkte for å dekka over ugjerninga.
 

Saka vart først «henlagt til observasjon», men kom opp i 1947. Ho vart handsama både i tingretten og lagmannsretten. Dei to sa dei hadde handla i naudverje, og med sterk støtte frå folk knytte til MILORG, vart dei frikjende i begge instansar. (Sjå m.a. https:// www.klikk.no/side3/historie/jodeforfolgelse-i-norge--feldman--arne-hvam--nazi-politimann-6852956).
Håkon Løvestad var bror til Karsten Løvestad, grenselosen som skaut og drap Arne Hvam på toget frå Oslo 22. oktober. Karsten var arrestert og mishandla på det tidspunktet Håkon Løvestad og Peder Pedersen tok på seg å losa ekteparet Feldman til Sverige. Same natta som politiet arresterte jødiske menn over heile landet, var Rachel og Jakob Feldman i Løvstad og Pettersen si makt på Trøgstad.  Vart dei to drepne på grunn av det som hadde hendt med Karsten Løvestad (bror til Håkon)? Eller var motivet verdiane dei to hadde med seg? Eller …? 


Wikipedia har dette: En jødisk bekjent av Feldmann hadde støtt på grenselosene i Sverige og mente at en av disse benyttet gulluret til Jakob Feldmann. Da den nevnte broren igjen ble avhørt, innrømmet han til slutt at ekteparet som hadde kommet til gården i oktober 1942 faktisk var Feldmanns. Grenselosene ble konfrontert med mistankene i januar 1947. Begge innrømmet forholdet og de ble satt i varetekt 31. januar og 1. februar 1947.
Losene vedsto seg drapene, men argumenterte med at flukttraseen sto i fare for å bli kompromittert til tyskerne og at de hadde handlet i nødverge. Flere mektige Milorg-medlemmer vitnet i grenselosenes favør.[2]
De ble frifunnet for drapene, men dømt for underslag av penger og et gullur paret hadde hatt på seg. Det var uklart om losene drepte paret for vinnings skyld eller for å sikre organisasjonen og flyktningruta. Frifinnelsen henger sammen med usikkerheten omkring dette.
(https://no.wikipedia.org/wiki/Feldmann-saken)


Same data kan ein finna andre stader. Mendelsohn skriv av retten bygde på § 47 om «Nødrett», og begge vert frikjende for drap og for å ha teke ekteparet sine verdiar «i vinnigs hensikt».

Denne kopien finn ein på internett.

På https://www.nrk.no/osloogviken/xl/ekteparet-feldmann-drept-av-grenselos-1.12644202 finn ein bilete og også ein kopi av dokumentet for Statspolitiet til Politimeisteren i Sarpsborg. Særleg interessant er fotnoten «Fortrolig!» Nedst på arket står m.a.: «Etter hva jeg har fått opplyst skal det herske den alminnelige mening i bygda at de omkomne er blitt ranet og ombrakt av en eller flere personer som har skullet vise dem vegen over til Sverige. I den forbindelse blir det nevnt det forhold at de omkomne var bundet». Lenger nede står «at lommene var vrengt». (Det som er understreka her, er understreka med raud blyant i originalen).


Den norske jøden Bernhard Goldberg var marinelege i England under krigen og knytt til Sjøforsvarets Sanitet. Han  rømde frå Ålesund til Shetland i 1941 og er den høgast dekorerte jøden i dei allierte si teneste (St. Olavsmedaljen med eikegrein, Krigsmedaljen, Kong Haakon VIIs minnemedalje og Deltakarmedaljen). Han skreiv ein kronikk i «Dagbladet» 19. 05.1947: «Er vi jøder allikevel av mindre verdi?» Spørsmålet kan utfyllast med eit anna spørsmål: Hadde det vore to «norske nordmenn» (= av nord-arisk rase) som grenselosane hadde drepe, hadde dommarane då kome fram til same resultatet? Hadde sentrale personar i den norske motstandsrørsla også då arbeidt for å få mordarane fri?
Eg berre spør… 


------------------------
i Karsten Løvestad vart skoten 03.09.1942 i skogen på Trandum.
ii Natta før den «antatte» drapsdatoen (natta mellom 26.og 27.10.1942) var det politiet arresterte alle jødiske menn over 15 år.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar