tirsdag 19. januar 2021

Kommunist + jøde = sant?

Jødane sin gudgjevne «Torah» har eit svært viktig element: Syndebukken. Du kan lesa om han i 3. Mosebok kapittel 16. Dette elementet frå den store soningsdagen (Yom kippur), har forplanta seg i alle kulturar der jødisk-kristen religion har slege rot. 


I perioden denne bloggserien min handlar om, er jødane syndebukkane som har skulda for nær sagt alt gale. Quisling og Hitler var einige om av jødane rådde over den vestlege delen av Europa og Amerika, og var årsaka til at nazistisk politikk vart motarbeidd. Slik kunne dei "forsvara" - i alle fall delvis, angrepet på t.d. Noreg.


I Aust-Europa var det kommunistane som rådde, men jødane kunne brukast som syndebukkar der og. Derfor marsjerte tyske og utvalde norske soldatar saman for å sigra over bolsjevikane. (Den delen av soga skal eg koma tilbake til).

Her heime var syndebukk-propagandaen sterk både i eugenikken og nasjonalpolitikken. I kapittel 16 i «Hva visste Hjemmefronten?», skriv Michelet (2018) om jødar som var  innlagt på sjukehus då aksjonen mot dei kom i oktober 1942: 


Det er ikke fullt klarlagt hvem «sykehusoperasjonen» brukte som grenseloser, men alt tyder på at det i hovedsak var kommunistenes grenseapparat som var i sving. I motsetning til en del andre etablerte eksportsentraler lukket ikke NKP sitt apparat for jøder. NKPs eksportsjef var den tyske kommunisten Hans Holm, som var kommet til Norge som flyktning i 1939, gjennom Nansenhjelpen. (s. 213-214).


Som venta tok "Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?" tak i dette. Dei to siste setningane i ovanståande sitat står på s. 135 i boka deira. Dei starta med at Hans Holm ikkje var NKPs eksportsjef, men han var involvert. Herifrå og ut til s. 145 i boka prøver dei tre å motbevisa det Michelet har funne ut.  Men når eg vel å bruka eit blogginnlegg på dette, er det ikkje deira polemikk som interesserer meg. Derimot finn eg kombinasjonen jøde og kommunist interessant.


Oscar Mendelsohn skriv i soga si om jødar i Noreg. Nokre kom frå Aust-Europa. Den russiske revolusjonen hadde auka presset mot jødane der, og mange rømde. Då Noreg innskrenka (13.juli 1917) retten til utanlandske borgarar å bu i landet, gjekk det ut over jødar som ikkje var nasjonaliserte. Lokale politimeistrar og utleigenemnder skulle frå då av kontrollera og gjeva løyve til utlendingar som ville arbeida og bu i ein kommune.


Boka «Du skal fortelle det til dine barn. Det mosaiske Trossamfund i Oslo 1892-1992», har med meir om det som avisene var fulle av. Antisemittismen florerte. Jødane vart kalla «rasebastardar», «kryptojødar» osv. Og dei som protesterte, fekk sitt:

Ogsaa her hjemme i Norge har vi vore frasesvulmende vindhjerner á la Lenin. Men forrest på bænkerne, naar de holder sine brand- og mordforedrag, ser vi atter de samme: jøder, sorte og krusede orientalere. Og de gjør bestemt indtryk. – De virker som krølhaarede tigre, som endnu ganske visst er i bur, men som bare venter paa at taapen paa talerstolen skal faa vredet burets sprinkler saa langt fra hverandre, at de kan styrte ut og sætte sine klør i samfundets legeme og sine sultne tænder i dets strupe. (Sitat frå eit innlegg forf. dr. Bjarne Eide hadde i «Tidens tegn», nov. 1918).


I 1930 var raseblanding oppe: ... et stort antall kriminelle hadde utenlandske foreldre. Norge var i ferd med å bli en internasjonal søplekasse. 

Kart frå side 30 i "Du skal fortelle dine barn".

I trontaledebatten 1931 vart det sagt: En stor del av disse utlendingene som kommer inn i landet er rasemessig av mindreverdig kvalitet. Dårlig arvestoff som er kommet inn i rasen blir man aldri kvitt. (Overståande sitat er frå «Du skal fortelle det til dine barn. Det mosaiske Trossamfund i Oslo 1892-1992»).


Natta mellom 9. og 10. november 1938 gjekk nazistane hardt og blodig til verks mot jødane i Tyskland. Nansenhjelpa prøve i den tida å få jødar til Noreg. Dei fekk lov å ta inn 20 born i 1938 og 60 i 1939, under store protestar i avisene. Dei garanterte og økonomisk for 200 jødar, men kor mange som kom, veit eg ikkje. Johan Scharffenberg hadde føreslege i 1936 at me skulle ta mot 5000 jødiske flyktningar, men vart ikkje teken alvorleg. Helsedirektør Evang føreslo å ta inn jødiske legar til område med legemangel, men det vart stogga av legeforeninga. Ei ofte repetert grunngjeving for ikkje å ta mot desse jødane, var at dei var kommunistar! (Desse opplysningane om meir finn du i https://no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8der_i_Norge   Teke ned 10.01.21)


På slutten av 1930-åra vedtok justisdepartementet at her til lands at det skulle vera svært vankeleg å få opphald på grunn av raseforfylging i heimlandet. Medan Danmark og Sverige til dømes tok mot jødiske ungdomar til opplæring i landbruket med tanke på seinare arbeid i Palestina, tok Noreg ikkje inn ein einaste. 


Særleg høgresida i norsk politikk hadde stereotypisk oppfatning av jødar som bolsjevikar eller kommunistar. Det er slik eg oppfattar Bjarne Eides ord om Lenin i sitatet over.
Som eit sidesprang i denne samanhengen, har eg lyst å nemna debatten om jødisk rituell slakting (1930): 


I flere av debattinnleggene i Stortinget og i medier hadde argumentene en antisemittisk overtone, hvor det ble gjort klart at jødisk slaktemåte var unorsk, og at jøder ved å følge disse reglene ikke kunne anses som nordmenn.


Blant annet uttalte Bondepartiets Jens Hundseid at «Vi har ingen forpliktelse til å utlevere våre husdyr til jødenes grusomheter, vi har ikke invitert jødene hit til landet, og vi har ingen forpliktelse til å skaffe jødene dyr til deres religiøse orgier». Forbud mot jødisk rituell slakting ble gjort gjeldende fra 1930 og gjorde det vanskelig å leve som religiøs jøde i Norge. (Dette og andre sitat over er frå   https://snl.no/J%C3%B8denes_historie_i_Norge  Teke ned 10.01.21)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar