torsdag 21. januar 2021

To «Holocaust-dagar» - eller tre?

Den 27. januar kvart år feirar verda den internasjonale «Holocaust dagen» til minne om folkemordet i Auschwitz og i dei andre konsentrasjonsleirane. Jødane minnest Holocaust på 20. dag Nisan, ein dag som i vår kalendar varierer frå år til år. Deira kalendar byggjer på månen sin rundgang. Vår på sola sin. Derfor varierer 20. Nisan frå år til år i våre almanakkar. 

 Ordet holocaust kjem frå gresk og betyr brent opp t.d. som eit offer. Jødane sjølve brukar gjerne ordet «HaShoah» som betyr katastrofe. Det greske ordet passar på det som skjedde i Auschwitz der dei drepne vart brende i spesialbygde ovnar. Ordet «Holocaust» er knytt til m.a. 2. Mosebok 29, 42 og føreskrifta om «Brennofferet». 

Drapet på jødar på Austfronten, har eg sett omtalt som «Kulenes holocaust». Det er misvisande i og med at dei døde der vart lagde i anonyme massegraver og ikkje brende. «HaShoah» passar derimot på heile «den endelege løysinga» både i Aust- og Vest-Europa. 

 Fram til krigen i 1940, kom det ein del jødar frå Aust-Europa. Kartet frå boka frå Det Mosaiske Trossamfund sitt hundreårsjubileum i 1992, viser kvar dei norske jødane kom frå. Kartet viser korleis Russland ekspanderte vestover og tvangsflytte jødane i landet til området mellom Svartehavet og Austersjøen. (Sjå i bloggen av 19. januar).

Ved sida her kan du sjå ein av propagandaplakatane (frå «Solkors eller Hakekors», s. IV) som vart brukte for å lokka unge norske menn med i SS. Hitler angreip «jødebolsjevismen», dvs. Sovjetunionen, 22. juni 1941 og la på relativ kort tid heile området der jødane var busette, under seg. Verre enn sjølve kamphandlingane var den systematiske utrydjinga av sivile, - særleg jødar. Den første boka eg lånte om norske soldatar på Austfronten, var Ida Jackson: «Morfar, Hitler og eg».(H. Aschehoug & Co, Oslo 2014) Ei skremmande ærleg bok: 

Eit framsidebilete som fortel noko.

Morfar var frontkjemper i 5. SS Panzer-Divisjon «Wiking» frå 1941 til 1943. Han var med på invasjonen av Sovjet frå dag én, som en del av det håpløse felttoget ved namn «Operasjon Barbossa». Eg forstod raskt at det også betydde at han var frontkjemper på det tidspunkt da den blodigste og mest forferdelige delen av folkemordet fant sted. Han var ikkje bare ideologisk overbevist og ekstrem. Han var en krigsforbryter. 

Morfaren, Per Asbjørn Pedersen Tjøstland, kom heim i 1943, og vart ein viktig mann i det nazistiske propaganda-apparatet i Noreg som redaktør av «Germaneren». Tanken bak bladet var «Drømmen om det storgermanske riket» med røter heilt tilbake til 1859, etter det Øystein Sørensen dokumenterte, fortel Ida Jackson. I motsetning til andre etterkomarar av norsk soldatar ved austfronten, hadde Ida tilgang til det morfaren skreiv etter han kom heim. Om drapet av jødane i Lemberg (I dag Livid i Ukraina), referer ho først morfaren sine ord, og så sin reaksjon:

Lempogromen som en logisk, sunn, naturlig del av frigjøringen sin frå de jødisk-bolskevikske undertrykkerne. Lembergs befolkning hadde lært, og den tar hevn over undertrykkerne. Språkbruken i pogromteksten gjør meg kvalm. For det er tydelig at Pedersen skriver om Lembergs jøder som om de var ikkje-mennesker: Så kom da de unge polsk-ukrainske pikene med gevær på skuldrene og jødebølingen foran seg.

 Per Pedersen beskriver Lembergs jødiske befolkning som noen som holder til i «smutthull» og kan forflyttes som en «bøling». De er som dyr på vei for å bli avlivet. Pedersens jødebøling har ikkje noe kjønn, ingen alder, ingen sosiale markører. Bølingen, som egentlig var mennesker med ansikter og livshistorier, må ha vært panikkslagen, desperat. 

 I dette «jødeholet» - som faren skreiv, trur Ida at dei drap 5000 jødar. Det same skjedde i «jødehol» som Haretz, Zjytomir osv. 


Den andre boka eg fekk i hende, var Bjørn Westlie: "Fars krig". (H. Aschehoug & Co. Oslo 2008). Han skriv om faren, Petter Westlie, som og lova truskap mot Hitler og kjempa ved Austfronten. Denne boka viser den sterke påverkninga som dei ariske teoriane og det sterke arbeidet for å verva norsk, arisk ungdom til hæren av supergermanarar. Dei skulle berga verda frå den kommunist-jødiske fåren. 

Boka gjev og god innsikt i Quislings og dei norske nazistane si sterke støtte til det som hende på Austfronten. Dei norske soldanate vart sett på som heltar og fekk til og med oppleva Quisling på besøk på fronten.

 I kapitlet «Grenseløs brutalitet» (s. 96 og utover) viser forfattaren til det planlagde folkemordet. Folketalet skulle reduserast med 30 000 000 og resten drivast bak Uralfjella og til Sibir. Alle jødar skulle systematisk utryddast, og landet fyllast av «ekte germanarar». Teorien bak var «Politische Geographie» av Friedrich Ratzel som skulle gjeve germanarane "Lebensraum".

Også Petter Westlie var i Lemberg / Livid. I omtalen av krigshandlingane han var med på, går det att at jødane var som dyr og enkelte jødelandsbyar «reine slaktehus». 

Dei "reinska" områda skulle fyllast av mellom andre norske bønder. Forretnings- og NS-mannen Finn Sofus Støren fekk oppretta eit kontor under Direktoratet for Spesialorientering for å oppretta eit eige norsk områda kalla «Bjarmland». Kulturminister Gudbrand Lunde bad konservator Eivind Kválen om å gjera greie for dei norske historiske røtene i Sovjetunionen. Alt dette er i tråd med Hitlers utsagn i «Mein Kampf»: 

- for Tyskland … ligger eneste muligheten for en sunn territorial politikk i å skaffe seg nytt land i selve Europa… Det kan man oppnå, i hovedsak, på bekostning av Russland, og dette betyr at det nye Riket igjen må marsjere i fotsporene til teutoriske riddere fra fortiden, for å oppnå det daglige brød og sæd for den tyske plogen gjennom tyske sverd… Vi fortsetter der vi sluttet for 600 år siden. (Sitat frå «Folkemordets svarte bok», s. 100. Meir frå den boka i neste blogg). 

Den siste boka eg lånte om dette emnet, var Sigurs Sørlie: «Solkors eller hakekors. Nordmenn i Waffen-SS 1941-1945». Ein murstein av ei bok (= 626 sider) som for meg verka fagleg solid. Meir om den i neste blogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar